Forslag
til lov om dokumentasjon og arkiv (arkivlova)
Kapittel 1. Innleiande føresegner
§ 1 Formålet med lova
Lova skal medverke til ei forsvarleg og etterretteleg offentleg forvaltning ved at
-
dokumentasjonen i offentlege organ skal bli forvalta som arkiv
-
dokumentasjonen skal vere tilgjengeleg, for å kunne føre kontroll med forvaltninga, styrkje rettstryggleiken og fremje ein open og opplyst offentleg samtale.
Lova skal leggje til rette for at arkiva kan tene som kulturarv, kjelde til historisk kunnskap og grunnlag for forsking, og at allmenta kan ta arkiva i bruk.
Lova skal òg leggje til rette for bevaring og tilgjengeleggjering av privatarkiv med rettsleg, historisk, kulturell eller vitskapleg verdi.
§ 2 Definisjonar
I lova her gjeld følgjande definisjonar:
-
arkiv: dokumentasjon som skal takast vare på i eit avgrensa tidsrom eller for ettertida
-
avlevere: overføre arkiv til langtidsbevaring i ein bevaringsinstitusjon, med den følgja at råderetten går over til bevaringsinstitusjonen
-
bevaringsinstitusjon: institusjon eller organisatorisk eining som tek imot og har ansvar for å langtidsbevare arkiva og gjere dei tilgjengelege for bruk
-
deponere: overføre arkiv mellombels til ein bevaringsinstitusjon, der organ held fram med å ha råderetten over arkiva sine og arkiveigarar held fram med å ha eigedomsretten til privatarkiva sine
-
dokumentasjon: dokument som nemnt i offentleglova § 4 første ledd og annan informasjon, som organet sjølv har lagra i informasjonssystema sine og som gjeld sakshandsaminga, oppgåveløysinga eller andre vesentlege tilhøve ved verksemda
-
informasjonssystem: eit system for å organisere og handtere informasjon
-
kassere: å gjere til inkjes dokumentasjon slik at han ikkje lenger finst
-
organ: verksemder som lova gjeld for, utanom rettssubjekt som berre er omfatta av kapittel 3
-
privatarkiv: arkiv som er skapt av andre enn eit organ.
§ 3 Verkeområde
Lova gjeld for
-
staten, fylkeskommunane og kommunane
-
andre rettssubjekt i saker der dei gjer enkeltvedtak eller utferdar forskrift.
Lova gjeld ikkje for Stortinget, Riksrevisjonen, Sivilombodet og andre organ for Stortinget.
Departementet kan gi forskrift om at lova skal gjelde heilt eller delvis for sjølvstendige rettssubjekt som er omfatta av offentleglova § 2 første ledd første punktum bokstav c eller d som ikkje hovudsakleg driv næring i direkte konkurranse med og på same vilkår som private.
Kapittel 3 gjeld for dei som eig eller forvaltar privatarkiv.
Lova gjeld i Noreg, medrekna på Svalbard og Jan Mayen. Kongen kan gi forskrift om at lova også skal gjelde på dei norske bilanda i Antarktis.
§ 4 Nasjonalarkivet
Nasjonalarkivet er den nasjonale arkivstyresmakta og bevaringsinstitusjon for statlege arkiv. Samisk arkiv og Norsk helsearkiv er òg delar av Nasjonalarkivet.
Nasjonalarkivet skal rettleie organ om pliktene deira etter lova her.
Når Nasjonalarkivet ber om det, skal organa uhindra av teieplikt gi opplysningar som gjeld oppfyllinga av plikter etter lova her.
Nasjonalarkivet kan uhindra av teieplikt hente inn opplysningar frå Folkeregisteret som er naudsynte for å løyse oppgåver etter lova her.
Nasjonalarkivet kan krevje at personar som skal tilsetjast der, legg fram ordinær politiattest.
Kapittel 2. Forvaltninga av dokumentasjon og arkiv
§ 5 Arkivplikta
Organa skal forvalte dokumentasjon som blir til som ledd i verksemda, som arkiv. Dokumentasjonen skal sikrast slik at informasjonen ikkje går tapt, og forvaltast slik at
-
opphavet til informasjonen alltid er kjent
-
det går fram i kva samanheng informasjonen er skapt og inngår i
-
informasjonen ikkje blir endra
-
informasjonen er tilgjengeleg på ein måte som ikkje avgrensar framtidig nytte.
Departementet kan gi forskrift om kva organa skal ta omsyn til når dei skal avgjere kva dei skal forvalte som arkiv etter første ledd.
§ 6 Forskrift om forvaltninga av dokumentasjon og arkiv
Departementet kan gi forskrift om kva som skal inngå i arkivplikta etter § 5 første ledd. Dette kan omfatte:
-
føring av journal og anna registrering av metadata
-
retting av feil opplysningar i arkiv og vilkåra for dette
-
handsaming av naudsynte personopplysningar, også personopplysningar som er nemnde i personvernforordninga artikkel 9, og krava til slik handsaming
-
ansvar for pliktene etter lova her knytt til dokumentasjon som blir til når organ samarbeider om å løyse oppgåver i eit felles system
-
krav til informasjonssystem
-
krav til skildringar av informasjonssystem
-
vedlikehald av digitale arkiv
-
fysisk sikring av arkiv
-
konvertering av analoge arkiv til digitalt format
-
overføring av arkiv mellom organ i samband med oppgåveoverføring eller endringar i den administrative inndelinga av Noreg.
§ 7 Dokumentasjon av lovpålagde oppgåver som er løyste på vegner av organet
Eit organ som inngår avtale om at eit rettssubjekt som ikkje er omfatta av lova, skal løyse lovpålagde oppgåver på deira vegner, har plikt til å ta imot dokumentasjon som gjeld oppgåveløysinga. Organet skal, så langt det er mogleg, forvalte denne dokumentasjonen som arkiv.
§ 8 Dokumentasjonsplan og internkontroll
Eit organ skal ha ein oppdatert dokumentasjonsplan som viser korleis organet har organisert arbeidet med å etterleve pliktene etter lova her.
Planen skal
-
vere utforma slik at han kan tene som ein reiskap i internkontrollen
-
gi oversyn over kva slags dokumentasjon som blir til som ledd i verksemda
-
gi oversyn over kva dokumentasjon organet forvaltar som arkiv
-
gjere greie for korleis dokumentasjon etter bokstav b og c blir lagra.
Departementet kan gi forskrift om innhaldet i dokumentasjonsplanen, internkontroll med dokumentasjons- og arkivforvaltninga og offentleggjering av informasjon frå dokumentasjonsplanen.
§ 9 Unntak for særskilde organ
Departementet kan gi forskrift om unntak frå føresegnene gitt i eller i medhald av §§ 5, 6, 8, 14 og 15 for
-
offentlege utval som er oppretta ved lov eller kongeleg resolusjon
-
organ som er omfatta av lova her etter § 3 første ledd bokstav b.
§ 10 Forbod mot å overdra eigedomsrett eller råderett over arkiv
Eit organ kan ikkje overdra eigedomsretten til eller råderetten over arkiv som er omfatta av lova her. Dette gjeld ikkje overføring til eit anna organ som ledd i overføring av oppgåver og ansvar eller ved endringar i den administrative inndelinga av Noreg.
Private kan berre få eigedomsrett til arkiv skapt av organa nemnde i § 3 første ledd ved overføring av oppgåver og ansvar.
§ 11 Vilkår for utførsle og lagring av arkiv utanfor Noreg
Det er forbode å føre ut av landet dokumentasjon i arkiv som er lagra på fysiske medium.
Forbodet gjeld ikkje
-
for arkivfagleg forsvarleg mellombels bruk til forvaltningsformål eller rettslege formål
-
for arkivfagleg forsvarleg mediekonvertering, konservering eller sikring innanfor EØS-området i avgrensa tidsrom
-
i andre særlege tilfelle når Nasjonalarkivet gir løyve.
Departementet kan gi forskrift om kva vilkår som skal gjelde ved lagring av digitale arkiv utanfor Noreg.
§ 12 Dokumentasjon som skal takast vare på for ettertida
Dokumentasjon med stor kulturell eller vitskapleg verdi og viktig dokumentasjon om rettslege tilhøve eller om forvaltninga si verksemd skal takast vare på og gjerast tilgjengeleg for ettertida.
Departementet kan gi forskrift om overordna prinsipp, metodar og kriterium som skal leggjast til grunn for Nasjonalarkivet sine vurderingar om kva som skal takast vare på etter første ledd. Nasjonalarkivet kan gi forskrift om kva dokumentasjon som skal takast vare på.
Dokumentasjon som skal takast vare på, skal avleverast eller overførast til langtidsbevaring i tråd med § 14.
§ 13 Kassasjon av dokumentasjon som ikkje skal takast vare på
Eit organ kan berre kassere dokumentasjon som
-
ikkje skal takast vare på i medhald av forskrift gitt av Nasjonalarkivet med heimel i § 12 andre ledd, eller
-
det er gitt løyve frå Nasjonalarkivet til å kassere.
Føresegner i andre lover om plikt til å slette opplysningar gir berre grunnlag for kassasjon når det er klart fastsett eller føresett at opplysningane ikkje skal finnast i arkiva for ettertida. Plikta til å slette opplysningar skal elles oppfyllast på andre måtar enn ved kassasjon.
Nasjonalarkivet kan gjere vedtak om kassasjon av enkeltopplysningar i særlege høve. Departementet kan gi forskrift om slik kassasjon.
§ 14 Avlevering, overføring og deponering av arkiv til langtidsbevaring
Statlege organ skal avlevere arkiva sine til Nasjonalarkivet.
Fylkeskommunar og kommunar skal ha ordningar for langtidsbevaring av arkiva sine. Fylkeskommunar og kommunar held fram med å ha råderetten over arkiva etter overføring til ein bevaringsinstitusjon. Bevaringsinstitusjonane skal følgje arkivlova når dei løyser oppgåver i samband med langtidsbevaringa.
Nasjonalarkivet kan fastsetje i enkelttilfelle at fylkeskommunale eller kommunale arkiv skal overførast til Nasjonalarkivet eller ein annan bevaringsinstitusjon dersom det må til for å sikre arkivet, eller dersom det er andre særlege grunnar til det.
Nasjonalarkivet fastset i enkelttilfelle kvar følgande arkiv skal avleverast:
-
arkiv med opphav i både statleg og kommunal sektor
-
arkiva til organ omfatta av § 3 første ledd bokstav b
-
arkiva til andre organ som er omfatta av lova, om dette ikkje følgjer av anna lov.
Når eit arkiv blir avlevert til Nasjonalarkivet, skal berre dokumentasjonen som skal takast vare på for ettertida, følgje med. Når arkivet har blitt avlevert, får Nasjonalarkivet råderetten over det, om ikkje noko anna er avtalt. Det avleverande organet skal dekkje kostnadene for avleveringa.
Nasjonalarkivet kan samtykke til at eit organ som skal avlevere arkiva sine til Nasjonalarkivet, i staden kan avlevere dei til andre bevaringsinstitusjonar, eller at arkiva blir verande hos organet sjølv. Det skal då setjast krav til langtidsbevaringa. Nasjonalarkivet kan når som helst trekkje samtykket attende.
Eit organ kan avtale å deponere eit arkiv for teknisk sikring hos bevaringsinstitusjonen før avleveringa.
§ 15 Forskrift om avlevering mv.
Departementet kan gi forskrift om
-
tidspunktet for avleveringa av arkiv
-
kva for opplysningar som skal følgje arkivet ved avleveringa
-
korleis avleveringa til Nasjonalarkivet skal skje
-
krav til kva for format arkiva til statlege organ skal avleverast i
-
Nasjonalarkivet sitt høve til å inngå avtaler med eit organ om forvaltninga av og råderetten over avleverte og deponerte arkiv
-
krav til handsaminga av personopplysningar
-
refusjon av kostnader Nasjonalarkivet har, når dei gjer oppgåver som etter lova her eller forskrift med heimel i lova skal løysast av andre organ.
§ 16 Tilgjengeleggjering av arkiv som er avleverte eller overførte til langtidsbevaring
Arkiv som er avleverte til Nasjonalarkivet eller overførte til fylkeskommunale eller kommunale bevaringsinstitusjonar, og arkiva som er nemnde i § 14 sjette ledd, skal vere offentleg tilgjengelege dersom ikkje anna lovgiving eller rettane til tredjepersonar er til hinder for det.
Alle bevaringsinstitusjonar skal leggje til rette for bruk av arkiva.
Departementet kan gi forskrift om tilgjengeleggjering av arkiv og om at bevaringsinstitusjonane kan krevje betaling for tenester som ligg utanfor innsynsretten etter offentleglova, forvaltningsloven eller anna lov.
§ 17 Teieplikt og innsynsrett hos Nasjonalarkivet
Når råderetten over eit arkiv har gått over til Nasjonalarkivet etter § 14, gjeld teieplikta etter forvaltningsloven dersom det ikkje er fastsett i eller i medhald av lov at ei anna teieplikt skal gjelde. Dersom organet som har avlevert arkivet, var omfatta av ei mindre omfattande teieplikt enn det som gjeld etter forvaltningsloven, skal Nasjonalarkivet ha same høve til å gi innsyn.
Retten til partsinnsyn, retten til innsyn etter offentleglova og andre særskilde lovfesta innsynsrettar gjeld òg etter at råderetten over eit arkiv går over til Nasjonalarkivet.
Kapittel 3. Privatarkiv
§ 18 Ansvar for oversyn, rettleiing og samordning knytt til privatarkiv
Nasjonalarkivet skal
-
halde oversyn over privatarkiv som er vurderte å ha verdi for ettertida
-
føre eit register for privatarkiv som er tekne vare på i offentlege og private bevaringsinstitusjonar
-
rettleie bevaringsinstitusjonar om arbeid med privatarkiv
-
samordne og medverke til det faglege utviklingsarbeidet med privatarkiv.
Statlege, fylkeskommunale og kommunale bevaringsinstitusjonar og bevaringsinstitusjonar med offentleg tilskot som tek vare på privatarkiv, skal gi Nasjonalarkivet dei opplysningane som må til for å kunne halde oversyn og føre register etter første ledd bokstav a og b.
§ 19 Avtaler om privatarkiv som skal takast vare på
Statlege, fylkeskommunale og kommunale bevaringsinstitusjonar skal forvalte privatarkiv etter § 16 når ein arkiveigar har inngått avtale med dei om avlevering eller deponering. Arkiveigaren kan likevel fastsetje avgrensingar på sakleg grunnlag i tilgangen til privatarkivet i opp til 100 år.
Når eit privatarkiv er avlevert, går eigedomsretten over til bevaringsinstitusjonen.
Når eit privatarkiv er deponert, kan den som har deponert arkivet krevje å få det attende. Eigedomsretten til eit deponert privatarkiv går likevel over til bevaringsinstitusjonen når det har gått 100 år frå deponeringa, om det ikkje er avtalt eit tidlegare tidspunkt for overføring av eigedomsretten.
§ 20 Særskilt bevaringsverdig privatarkiv
Nasjonalarkivet kan fastsetje at eit privatarkiv er særskilt bevaringsverdig.
Arkiveigaren eller bevaringsinstitusjonen som forvaltar det særskilt bevaringsverdige privatarkivet, skal melde frå til Nasjonalarkivet dersom:
-
arkivet skiftar eigar eller blir overført til andre
-
det er planar om å føre arkivet eller delar av det ut av landet
-
arkivet står i fare for å gå tapt.
Særskilt bevaringsverdige privatarkiv skal ikkje delast opp, førast ut av landet, skadast eller kasserast utan at Nasjonalarkivet har samtykt til det. Som vilkår for samtykke kan Nasjonalarkivet krevje å få kopiere arkivet, medrekna metadata og annan kontekstinformasjon, vederlagsfritt. Det same gjeld dersom nokon som har deponert eit særskilt bevaringsverdig privatarkiv, krev å få det attende. Dersom det er fastsett avgrensingar i samsvar med § 19 første ledd, gjeld dette òg for kopien.
Kapittel 4. Handheving og straff
§ 21 Tilsyn
Nasjonalarkivet fører tilsyn med at organa rettar seg etter føresegnene i §§ 5 til 15 og forskrifter gitt med heimel i desse føresegnene. Når tilsynet krev det, har Nasjonalarkivet rett til innsyn i dokumentasjon uavhengig av teieplikt.
Nasjonalarkivet fører tilsyn med at fylkeskommunane og kommunane rettar seg etter føresegnene i kommuneloven § 25-1. Tilsynet med fylkeskommunar og kommunar skal førast i samsvar med kommuneloven kapittel 30. Nasjonalarkivet fører også tilsyn med bevaringsinstitusjonar som løyser oppgåver i samband med langtidsbevaring på vegner av fylkeskommunar eller kommunar.
§ 22 Pålegg om retting og tvangsmulkt
Nasjonalarkivet kan gi eit organ pålegg om å rette på tilhøve som er i strid med §§ 5 til 15 eller forskrift gitt med heimel i desse føresegnene.
Dersom dokumentasjon har gått tapt som følgje av brot på føresegner nemnde i første ledd, kan Nasjonalarkivet påleggje organet å rekonstruere dokumentasjonen. Rekonstruksjonen skal vere eigna til å kompensere for skaden ved tapet, og kostnadene med rekonstruksjonen skal stå i eit rimeleg høve til den informasjonsverdien dokumentasjonen har.
Dersom eit organ ikkje rettar seg etter eit pålegg som er gitt på grunn av alvorlege brot på føresegnene nemnde i første ledd, kan Nasjonalarkivet påleggje organet tvangsmulkt til det har retta seg etter pålegget. Forvaltningsloven § 51 gjeld tilsvarande.
Første til tredje ledd gjeld ikkje overfor domstolane og forliksråda.
§ 23 Straff
Den som forsettleg eller grovt aktlaust handlar i strid med § 5 første ledd, § 10 første ledd, § 11 første ledd, § 12 første ledd, § 13 første ledd, § 14 første ledd eller § 14 andre ledd tredje punktum, eller i strid med føresegner i forskrift gitt med heimel i § 6 bokstav a, b, e, f, g eller h eller § 11 andre ledd, kan straffast med bot.
Kapittel 5. Sluttføresegner
§ 24 Iverksetjing og overgangsreglar
Lova gjeld frå den tida Kongen fastset. Kongen kan setje i verk dei ulike føresegnene til ulik tid.
Frå den tida lova tek til å gjelde, blir lov 4. desember 1992 nr. 126 om arkiv oppheva. Forskrifter gitt med heimel i lov 4. desember 1992 nr. 126 om arkiv gjeld òg etter at lova her tek til å gjelde.
§ 25 Endringar i andre lover
Frå den tida lova tek til å gjelde, blir desse endringane gjorde i andre lover:
-
1. I lov 2. juli 1999 nr. 61 om spesialisthelsetjenesten m.m. blir følgjande endringar gjorde:
§ 3-2 a første ledd skal lyde:
Virksomheter i spesialisthelsetjenesten som omfattes av bevarings-, kassasjons- og avleveringsbestemmelsene i arkivlova kapittel 2, skal avlevere sitt pasientjournalarkiv til Norsk helsearkiv, jf. arkivlova § 4 første ledd.
§ 3-2 a fjerde ledd skal lyde:
Bevaring, kassasjon og avlevering etter første og andre ledd skal skje i samsvar med bestemmelser gitt i eller i medhold av arkivlova §§ 12 til 15 og helseregisterloven § 12.
-
2. I lov 2. juli 1999 nr. 64 om helsepersonell m.v. blir følgjande endringar gjorde:
§ 43 første ledd skal lyde:
Etter krav fra den journalopplysningene gjelder, eller av eget tiltak, skal helsepersonell som nevnt i § 39 slette opplysninger eller utsagn i journalen, dersom dette er ubetenkelig ut fra allmenne hensyn, ikke strider mot bestemmelsene gitt i eller i medhold av arkivlova § 6 bokstav b, § 13 eller § 20 og:
-
1. opplysningene er feilaktige eller misvisende og føles belastende for den de gjelder, eller
-
2. opplysningene åpenbart ikke er nødvendige for å gi pasienten helsehjelp.
§ 43 tredje ledd skal lyde:
Avslag på krav om sletting kan påklages til statsforvalteren. Dersom statsforvalteren mener at sletting kan være i strid med bestemmelsene gitt i eller i medhold av arkivlova § 6 bokstav b, § 13 eller § 20, skal det innhentes uttalelse fra Nasjonalarkivet.
-
3. I lov 7. juli 2000 nr. 68 om avgift til forskning og utvikling i fiskeri- og havbruksnæringen skal § 3 fjerde ledd lyde:
Arkivlova kapittel 1, 2 og 4 gjelder for selskapet.
-
4. I lov 19. desember 2003 nr. 30 om Innovasjon Norge skal § 6 femte ledd lyde:
Selskapet regnes som et organ etter arkivlova § 2 bokstav h.
-
5. I lov 15. juni 2001 nr. 93 om helseforetak m.m. skal § 5 fjerde ledd lyde:
Foretakene regnes som organer etter arkivlova § 2 bokstav h.
-
6. I lov 29. juni 2007 nr. 44 om Folketrygdfondet skal § 6 tredje ledd lyde:
Folketrygdfondet regnes som et organ etter arkivlova § 2 bokstav h.
-
7. I lov 14. desember 2007 nr. 116 om studentsamskipnader skal § 11 lyde:
§ 11 Forholdet til annen lovgivning
Forvaltningsloven, arkivlova og språklova gjelder ikke for studentsamskipnadene.
-
8. I lov 15. mai 2008 nr. 35 om utlendingers adgang til riket og deres opphold her skal § 100 b fjerde ledd lyde:
Bestemmelsene om kassasjon og retting gitt i og i medhold av arkivlova § 6 bokstav b og § 13er ikke til hinder for sletting etter tredje ledd.
-
9. I lov 20. juni 2008 nr. 44 om medisinsk og helsefaglig forskning skal § 38 første ledd tredje punktum lyde:
Hvis opplysninger ikke deretter skal oppbevares i henhold til arkivlova eller annen lovgivning, skal de anonymiseres eller slettes.
-
10. I lov 6. mars 2009 nr. 12 om Statens finansfond skal § 8 andre ledd lyde:
Statens finansfond regnes som et organ etter arkivlova § 2 bokstav h.
-
11. I lov 28. mai 2010 nr. 16 om behandling av opplysninger i politiet og påtalemyndigheten blir følgjande endringar gjorde:
§ 50 første ledd andre punktum skal lyde:
Opplysningene skal slettes eller sperres, med mindre de skal oppbevares i henhold til arkivlova eller annen lovgivning.
§ 69 første ledd nr. 16 skal lyde:
-
16. når og hvordan retting, sperring og sletting skal gjennomføres, jf. §§ 50 og 51, herunder om at sletting av opplysninger i politiets registre kan skje når fare for liv og helse eller tungtveiende personvernhensyn tilsier det, jf. arkivlova § 13 annet ledd.
-
12. I lov 20. juni 2014 nr. 43 om helseregistre og behandling av helseopplysninger blir følgjande endringar gjorde:
§ 12 tredje ledd skal lyde:
Nasjonalarkivet er dataansvarlig for opplysningene i Helsearkivregisteret, jf. arkivlova § 4 første ledd.
§ 25 andre ledd første punktum skal lyde:
Datatilsynet kan, etter at Nasjonalarkivet er hørt, treffe vedtak om at retten til sletting etter første ledd går foran reglene gitt i eller i medhold av arkivlova § 6 bokstav b, § 13 første ledd og § 20.
-
13. I lov 22. juni 2018 nr. 83 om kommuner og fylkeskommuner skal § 3-2 tredje ledd første andre og punktum lyde:
Kommunen og fylkeskommunen skal uten ugrunnet opphold sende vedtak om kommunale eller fylkeskommunale våpen og flagg til Nasjonalarkivet. Nasjonalarkivet skal publisere mottatte våpen og flagg uten ugrunnet opphold.
-
14. I lov 22. mai 2015 nr. 33 om Norges institusjon for menneskerettigheter skal § 11 andre ledd første punktum lyde:
Arkivlova kapittel 1 og 2, med unntak av § 4 andre og tredje ledd, gjelder for institusjonens virksomhet.
-
15. I lov 4. desember 2020 nr. 136 om informasjonstilgang m.m. for den uavhengige kommisjonen som skal gjennomgå og evaluere myndighetenes håndtering av covid-19-pandemien i Norge (Koronakommisjonen) blir følgjande endringar gjorde:
§ 3 andre ledd andre punktum skal lyde:
Det samme gjelder etter at materialet har blitt avlevert til en bevaringsinstitusjon.
§ 6 første ledd andre punktum skal lyde:
Materiale som omfattes av arkivplikta, skal avleveres til en bevaringsinstitusjon.
-
16. I lov 18. juni 2021 nr. 115 om Stortingets ombudsnemnd for Forsvaret skal § 14 tredje ledd første punktum lyde:
Arkivlova kapittel 1 og 2 gjelder for Ombudsnemndas virksomhet, med unntak av § 4 andre og tredje ledd.
-
17. I lov 18. juni 2021 nr. 121 om Stortingets ombud for kontroll med forvaltningen skal § 26 sjette ledd lyde:
Arkivlova kapittel 1 og 2 gjelder for Sivilombudets virksomhet, med unntak av § 4 andre og tredje ledd. Tilhørende forskrifter gjelder så langt de passer. Ved avlevering av ombudets arkiv til Nasjonalarkivet etter arkivlova § 14, gjelder bestemmelsene i loven her om taushetsplikt og innsynsrett også for Nasjonalarkivet. Nasjonalarkivet skal innhente samtykke fra ombudet før det gis innsyn i dokumenter som inngår i slike arkiver.
-
18. I lov 20. desember 2022 nr. 97 om informasjonstilgang m.m. for Ekstremismekommisjonen blir følgjande endringar gjorde:
§ 4 andre ledd andre punktum skal lyde:
Det samme gjelder etter at materialet er avlevert til en bevaringsinstitusjon for de som er ansatt i eller som utfører arbeid eller tjeneste for bevaringsinstitusjonen.
§ 5 tredje ledd andre punktum skal lyde:
Bevaringsinstitusjonen er behandlingsansvarlig for materiale som avleveres dit.
§ 7 andre punktum skal lyde:
Det samme gjelder for klager på avgjørelser etter offentleglova som gjelder kommisjonens arkiv etter at arkivet er avlevert til en bevaringsinstitusjon.
§ 8 første ledd andre punktum skal lyde:
Materiale som omfattes av arkivplikta og som skal bevares etter reglene i arkivlova med forskrifter, skal avleveres til en bevaringsinstitusjon.
-
19. I lov 20. desember 2022 nr. 118 om informasjonstilgang m.m. for Koronautvalget, og endringer i voldserstatningsloven blir følgjande endringar gjorde:
§ 3 andre ledd andre punktum skal lyde:
Det samme gjelder etter at materialet har blitt avlevert til en bevaringsinstitusjon.
§ 4 tredje ledd andre punktum skal lyde:
Bevaringsinstitusjonen er behandlingsansvarlig for materiale som avleveres til dem.
§ 6 første ledd skal lyde:
Når Koronautvalget har avsluttet sitt arbeid, skal det gjennomføres arkivavgrensing av utvalgets dokumentmateriale. Materiale som omfattes av arkivplikta, og som skal bevares etter reglene i arkivlova med forskrifter, skal avleveres til en bevaringsinstitusjon.
§ 7 andre punktum skal lyde:
Det samme gjelder for klager på avgjørelser etter offentleglova som gjelder utvalgets arkiv etter at arkivet er avlevert til en bevaringsinstitusjon.
20. I lov 13. desember 2024 nr. 77 om Riksrevisjonen skal § 7-5 første ledd lyde:
Arkivlova kapittel 1 og 2 gjelder for Riksrevisjonens virksomhet. Forskrifter gitt med hjemmel i arkivlova kapittel 2 gjelder så langt Stortinget ikke har fastsatt annet.