Prop. 145 LS (2024–2025)

Endringar i skatte- og avgiftslovgivinga

Til innhaldsliste

7 Refusjon av CO2-avgift på drivstoff kjøpt frå Forsvarets tankanlegg

For 2025 er den generelle CO2-avgiftssatsen 3,79 kroner per liter drivstoff. For ikkje-kvotepliktig innanriks luftfart og ikkje-kommersielle privatflygingar er det ein særleg sats på 3,58 kroner. Kvotepliktig innanriks luftfart har ein redusert sats på 1,77 kroner per liter. Mineralolje til fly i utanriksfart er friteke for avgift. Dei ulike avgiftssatsane vert gjennomførte ved at verksemder som er registrerte hos Skatteetaten, kan selje mineralolje med redusert sats/utan avgift. Dersom det ikkje er klart kva drivstoffet skal brukast til, må det reknast generell sats.

På enkelte flyplassar er det Forsvaret som eig og driv tankanlegget for flydrivstoff. Forsvaret kjøper inn drivstoff til eige bruk, men vidaresel òg delar av drivstoffet til kommersielle flygingar. Forsvaret er ikkje registrert for særavgifter hos Skatteetaten og har heller ikkje rett til fritak/redusert sats for eige bruk. Drivstoffet må difor kjøpast og seljast med den høge satsen på 3,58 kroner per liter, sjølv om sluttbrukaren kan ha rett til fritak/redusert sats.

For innanriks kvotepliktig luftfart og utanriks luftfart er det dyrare å tanke frå Forsvarets tankanlegg enn frå andre. Dette kan påverke konkurransen mellom flyplassene og medføre auka klimagassutslepp ved at det ikkje vert tanka på næraste flyplass.

Departementet foreslår ei ordning med refusjon av CO2-avgift for mineralolje som er kjøpt frå Forsvarets tankanlegg dersom brukaren har rett til fritak eller redusert sats. Ordninga vil verte nærare regulert i særavgiftsforskrifta, fastsett i medhold av særavgiftsloven og Stortinget sitt vedtak om CO2-avgift på mineralske produkt. Framlegget har vore på høyring. Høyringsinstansane er positive til framlegget. Enkelte merknader er knytte til tekniske forhold ved ordninga. Departementet vil sjå nærare på desse ved fastsetjing av forskriftsføresegner. Nokre høyringsinstansar meiner at ordninga må gjelde for kjøp som allereie er gjennomført. I tråd med hovudregelen om at regelendringar skal verka framover i tid, legg departementet til grunn at ordninga skal gjelde for kjøp etter 1. juli 2025.

Framlegget gjev eit provenytap på 8 mill. kroner påløpt og 6 mill. kroner bokført i 2025. Heilårsverknaden av framlegget er eit provenytap på 15 mill. kroner.

Til forsida