Prop. 145 LS (2024–2025)

Endringar i skatte- og avgiftslovgivinga

Til innhaldsliste

3 Ny delingsordning for fornybar kraft tilpassa næringsområde

Stortinget vedtok i juni 2023 tre oppmodingsvedtak (nr. 765, 768 og 924) som ber regjeringa gjere framlegg om tiltak for å leggje til rette for deling av fornybar kraft mellom eigedommar og i næringsområde. Deling av kraft inneber at overskot frå eigen kraftproduksjon kan delast med andre abonnentar utan at krafta vert ilagt elavgift og nettleige.

Føremålet med delingsordninga er å gje insentiv til å etablere ny fornybar kraftproduksjon i tilknyting til næringsområde, fyrst og fremst i form av solcelleanlegg på tak av næringsbygg. I Prop. 1 S (2024–2025) for Energidepartementet vart det varsla at Energidepartementet og Finansdepartementet tek sikte på å innføre ei slik ordning så raskt som mogleg med heimel i energiloven, særavgiftsloven og Stortinget sitt vedtak om avgift på elektrisk kraft.

Det vart 1. oktober 2023 innført ei delingsordning for fornybar kraft som delast innanfor same eigedom. Ordninga har vorte vesentleg mindre brukt enn opphavleg lagt til grunn. I 2024 vart det berre delt 247 919 kWh gjennom delingsordninga, tilsvarande det årlege straumforbruket til 16 gjennomsnittlege hushald. Den samla verdien av fritaket for elavgift utgjorde 38 025 kroner.

3.1 Høyringa

Energidepartementet og Finansdepartementet sende 9. desember 2024 eit framlegg på høyring med høyringsfrist 3. februar 2025. Framlegget i høyringa avgrensar delingsordninga etter produksjonskapasitet og areal. Den elektriske krafta må vere produsert av fornybare energikjelder i eitt eller fleire produksjonsanlegg som åleine eller til saman ikkje er større enn 5 MW (AC) per næringsområde (typisk solceller). Vidare må den elektriske krafta vere produsert av og levert til abonnentar innanfor same næringsområde. Med «same næringsområde» er det etter framlegget i høyringa meint eit geografisk avgrensa areal der næringsverksemd er samlokalisert. I høyringsnotatet vart det varsla at Energidepartementet og Finansdepartementet tek sikte på å setje i verk endringane frå 1. juli 2025 og at framlegget krev endring i Stortingets vedtak om avgift på elektrisk kraft.

3.2 Høyringsfråsegner

Departementa har motteke til saman 79 høyringsfråsegner. Fleire høyringsinstansar er positive til framlegget. Dette gjeld mellom anna Akershus fylkeskommune, Coop Norge SA, Eigersund Næring og Hamn KF, Elhub AS, Kraftfylka, KRNCoaching AS, NBBL, Nettselskapet AS, Norsk Industri, Oslo kommune, Rogaland fylkeskommune, Statnett SF, Statsbygg, Østfold fylkeskommune og Å Energi.

Fleire høyringsinstansar (mellom anna Elvia AS, Glitre Nett AS, Lede AS, Samfunnsbedriftene Energi og Tensio AS) støttar ikkje framlegget i sin heilskap og peiker på andre alternativ for å gje støtte til deling av fornybar kraft i næringsområde. Elvia AS og Tensio AS meiner at direkte støtte er betre enn indirekte støtte i form av fritak for avgift.

Fleire høyringsinstansar (mellom anna Bane NOR SF, E C Dahls Eiendom AS (ECDE), Elvia AS, Fornybar Norge, Forus Næringspark AS, Grønn Byggallianse og Norsk Eiendom, Lede AS, Lnett AS, NHO Byggenæringen, Norges vassdrags- og energidirektorat (NVE), Reguleringsmyndigheita for energi (RME), Skattedirektoratet, Solcellespesialisten, Tensio AS, Zero og Hovedorganisasjonen Virke) framhevar at vilkåret om «samanhengande næringsområde» kan vere utfordrande å praktisere og føre til tvil om kven som kan delta i ordninga. Fleire av instansane tek til orde for at ordninga kan bli administrativt krevjande med risiko for ulik behandling. Ei tilfeldig og lite presis avgrensing kan gje mindre utbreiing av lokal energiproduksjon og gjere det vanskeleg for aktørar å planleggje investeringar. Fleire høyringsinstansar uttrykkjer bekymringar om administrasjonskostnadar og behov for klare avgrensingar for å unngå forskjellsbehandling.

Samfunnsbedriftene Energi tilrår at framlegget ikkje tek til å gjelde før juli 2026, slik at nettselskapa får betre tid til å tilpasse seg og forberede naudsynte investeringar.

Fleire høyringsinstansar (Akershus fylkeskommune, Eigersund Næring og Hamn KF, Elhub AS, Elvia AS, Enova, Fornybar Norge, Lede AS, Lnett AS, Norsk Hydro ASA, Rogaland fylkeskommune, Skattedirektoratet og Trondheim kommune) tilrår at det vert utarbeidd ein rettleiar om vilkåra i forskriftsføresegnene. Fleire av desse høyringsinstansane framhevar at ein rettleiar bør vere på plass før ordninga tek til å gjelde.

Skattedirektoratet peikar på at den geografiske avgrensinga av ordninga kan by på utfordringar, særleg i skiljet mellom «samanhengande næringsområde» og generelle næringsbygningar i byar. Skattedirektoratet peikar òg på at det er tale om ei støtteordning som for elavgifta sin del må meldast til EFTA sitt sovervakingsorgan (ESA) etter gruppeunntaksforordninga art. 44. For å kunne nytte gruppeunntak må støttemottakarar kunne avgrensast etter objektive og transparente vilkår.

Einskilde høyringsinstansar (mellom anna Akershus fylkeskommune, Bane NOR SF, BKK AS, Distriktsenergi, ECDE, Eigersund Næring og Havn KF, Fornybar Norge, Forus Næringspark AS, Glitre Nett AS, Hafslund, Hovedorganisasjonen Virke, Kraftfylka, Møre og Romsdal fylkeskommune, Nettselskapet AS, Norges Bondelag, Norsk Gartnerforbund, OBOS BBL, Rogaland fylkeskommune, SINTEF Energi, Solcellespesialisten AS, Trondheim kommune, Trøndelag fylkeskommune, Una’s AS, Verran Energisamfunn, ZERO og Æge Energy AS) gjer framlegg om utvidingar av ordninga. Fleire meiner at framlegget bør inkludere by- og sentrumsområde, jernbaneareal, offentlege bygg, landbrukseigedomar, deponi, grustak, samt parkeringsplassar mv. Det vert òg gjort framlegg om å inkludere infrastruktur som areal langs jernbanen og interne vegar, område langs vegar, ladestasjonar, vegstasjonar og veikroer. Det er òg motteke framlegg om å inkludere batteri og andre lagringsløysingar i delingsordninga.

Høyringsinstansane har delte meiningar om grensa for produksjonsanlegg på 5 MW (AC). Nokre instansar (Bane NOR SF, ECDE, Elvia AS, Energimester AS, Fornybar Norge, Grønn Byggallianse og Norsk Eiendom, NHO Elektro, NHO Byggenæringen, Norsk Gartnerforbund, Oslo kommune, Solcellespesialisten AS og Una’s AS) støttar grensa. Andre høyringsinstansar (mellom anna Coop Norge SA, Eidsiva Vekst, Enova, Haugaland Næringspark AS, Nettselskapet AS, NITO, Næringsforum i Fjellregionen, OBOS BBL, Raufoss Industripark, Treklyngen Industripark AS, Verran Energisamfunn, ZERO, Æge Energy AS og fleire kommunar og fylkeskommunar) meiner grensa bør aukast eller fjernast. Fleire peiker på at grensa kan vere avhengig av lokale forhold og behov.

Fleire høyringsinstansar (mellom anna Bodø kommune, Bodø Energi AS, Lede AS, NVE og RME) framhevar at framlegget til delingsordning kan ha omfordelingsverknader. Kundar som mottar delt kraft, vil få redusert nettleige, og denne reduksjonen må dekkast av andre kundar. Fleire høyringsinstansar (Distriktsenergi, Elvia AS, Fornybar Norge, Lnett AS, SINTEF Energi og Tensio AS) meiner at delingsordninga må avgrensast til kundar med effekttariffar. Nokre av desse peiker på at det vil vere større omfordelingsverknader enn antyda i høyringsframlegget ettersom dei melder om at det er fleire næringskundar med årsforbruk under 100 000 kWh enn antatt tidlegare.

NVE og RME har to hovudinnvendingar til framlegget: (i) At avgrensinga «sammanhengande næringsområde» er uklar og lite eigna som avgrensing i delingsordninga, og (ii) at økonomisk støtte gjennom fritak for nettleige er ein lite transparent måte å støtte næring på.

NVE og RME ser at det er behov for fleire presiseringar og avklaringar før «samanhengande næringsområde» eventuelt kan fungere som ei geografisk avgrensing.

3.3 Vurderingar og framlegg

Målet med delingsordninga er å stimulere til ny fornybar kraftproduksjon, utan større naturinngrep og med minst mogleg negativ verknad på kraftsystemet. Ordninga kan utløyse investeringar i nye produksjonsanlegg, og samtidig hjelpe næringsverksemder med å få ned energikostnadene sine gjennom å investere i eigen produksjon.

Eit fritak for elavgift kjem i utgangspunktet dei som bruker elektrisk kraft til gode. For at ordninga skal utløyse meir produksjon må utbyggar syte for at han får delar av støtta gjennom avtalar med forbrukarar. Ein direkte støtte til ny fornybar kraft kan difor være eit meir effektivt verkemiddel. Regjeringa legg likevel vekt på å fremme ny fornybar kraftproduksjon og følgjer opp oppmodingsvedtaka frå Stortinget. Departementet gjer framlegg om å innføre fritaket for delingsordninga tilpassa næringsområde gjennom ei endring i stortingsvedtaket om avgift på elektrisk kraft. I lys av høyringa er det behov for å vurdere om avgrensinga av ordninga til samanhengande næringsområde bør tydeleggjerast eller om avgrensinga bør skje på anna måte. Det vil verte utarbeid endelege forskriftsføresegner og ein tek sikte på å setje i verk endringa så raskt som mogleg.

Departementet syner til framlegg om endring i stortingsvedtaket romartal I § 2 fyrste ledd om avgift på elektrisk kraft. Framlegget inneber at gjeldande delingsordning vert vidareført i vedtaket bokstav f, men med endra ordlyd utan materiell betyding. Ny delingsordning vert foreslått i vedtaket ny bokstav g. Endringa tek til å gjelde frå den tid departementet avgjer.

Framlegget gjev eit anslått provenytap på 15 mill. kroner påløpt og 8 mill. kroner bokført i 2025. Budsjetteknisk er det lagt til grunn iverksetjing 1. juli 2025. Helårsverknaden av framlegget er eit provenytap på 30 mill. kroner.

Til forsida