Prop. 145 LS (2024–2025)

Endringar i skatte- og avgiftslovgivinga

Til innhaldsliste

2 Reduksjon i elavgifta

I januar i år varsla regjeringa tiltak for å redusere nettleiga. Regjeringa presenterte ein reduksjon av meirverdiavgiftssatsen på nettleige til 15 pst. som eit tiltak for å oppnå dette. Regjeringa ynskjer å kompensere hushald og bedrifter for auka kostnadar som følgje av naudsynte investeringar i straumnettet. Dette føremålet kan ein òg oppnå ved å redusere elavgifta. Nettselskapa er avgiftspliktige for elavgifta, men lempar denne over på nettkundane gjennom nettleiga.

Reduksjonar i elavgifta skil seg frå reduksjonar i meirverdiavgifta ved at det òg vil kome næringsdrivande til gode. Meirverdiavgiftspliktige næringsdrivande kan frådragsføre meirverdiavgift på innkjøpa sine. Difor betyr ikkje meirverdiavgift på nettleiga noko for dei.

I tillegg treff reduksjonar i elavgifta meir enn 80 pst. av folkesetnaden i Nord-Noreg, medan reduksjon av meirverdiavgifta ikkje treff nokon av hushalda i Nord-Noreg. Dette kjem av at Nord-Noreg er friteken frå meirverdiavgift på nettleige.

Elavgifta er i praksis ei vridande fiskal særavgift. Å redusere elavgifta støttar opp under målet om eit meir vekstvennleg skatte- og avgiftssystem. Selektive reduksjonar i satsane for meirverdiavgift vil derimot gjere skatte- og avgiftssystemet meir vridande og aukar kompleksiteten i meirverdiavgiftssystemet. Dette inneber òg administrative bører både for næringslivet og for skattemyndigheitene.

Regjeringa gjer difor framlegg om å redusere elavgifta med 4,4 øre per kWh i alle månader frå 1. juli 2025. Det gjer at rekninga for nettleige vert redusert med 5,5 øre per kWh (inkludert meirverdiavgift) for hushalda. Framlegget er anslått å ha same verknad på hushalda si rekning for nettleige som å redusere meirverdiavgifta på nettleige frå 25 pst. til 15 pst. Framlegget er anslått å gje eit provenytap på om lag 3,1 mrd. kroner i heilårsverknad, med bokført verknad på om lag 725 mill. kroner i 2025 ved iverksetjing frå 1. juli. Til samanlikning er provenytapet frå å redusere meirverdiavgiftssatsen på nettleige til 15 pst. om lag 2 mrd. kroner årleg.

For ytterlegare å redusere avgiftene på nettleige tar regjeringa sikte på å avvikle Enova-avgifta frå 1. januar 2026 og vil vurdere ytterlegare reduksjonar i elavgifta i neste stortingsperiode. Ved å avvikle Enova-avgifta vil òg hushalda og næringslivet i Nord-Troms og Finnmark få ei avgiftslette. Det vil dessutan innebere ei forenkling for nettselskapa. Å avvikle Enova-avgifta har ikkje betydning for løyvingane eller styringsmodellen til Enova, som vil bli oppretthaldt, men vil berre vere ei endring av finansieringa.

Departementet syner til framlegg om endring av vedtak om elavgift § 1 fyrste ledd.

Til forsida