Prop. 145 LS (2024–2025)

Endringar i skatte- og avgiftslovgivinga

Til innhaldsliste

6 Oppheving av skattefritak for Biblioteksentralen SA

Skatteloven § 2-30 fyrste ledd bokstav g listar opp fleire offentlege verksemder som er heilt fritekne frå skatteplikt. Ein av desse er «Andelslaget Biblioteksentralen», jf. § 2-30 fyrste ledd bokstav g nr. 2. Biblioteksentralen er eit samvirkeføretak som vart etablert i 1952 for å utvikle og drive fellestenester for bibliotek. Føretaket har i dag kommunar, fylkeskommunar, KS og Norsk Bibliotekforening som medlemar.

Biblioteksentralen fekk skattefritak i 1958. I forarbeida til lovendringa (Ot.prp. nr. 28. (1958) side 2) framheva Finansdepartementet at:

«sentralen bare leverer til biblioteker og boksamlinger som har offentlig støtte og at det ikke ut fra hensynet til det private ervervsliv synes å kunne reises innvendinger mot en fritagelse».

Komiteen på Stortinget delte seg i eit mindretal og eit fleirtal, sjå Innst. O. II. (1958) side 1. Mindretalet peikte på at dei fann det prinsipielt urett å stille Biblioteksentralen i ei skattemessig, og dermed òg konkurransemessig, gunstigare stilling enn dei private verksemdene som han konkurrerte med. Fleirtalet slutta seg til departementet sitt framlegg, mellom anna med tilvising til at det handla om ein institusjon med «et avgrenset virkefelt og offentlig betont karakter». Fleirtalet peikte òg på at ein ikkje kunne sjå bort frå at det var eit visst konkurranseforhold til stades mellom Biblioteksentralen og private bokbindarar og bokhandlarar. Fleirtalet uttalte at det likevel var «lite rimelig at Oslo kommune skal ha skatt av innskottsbeløpene og av det mulige overskott av virksomheten i et slikt felles offentlig tiltak». Fleirtalet synte vidare til at Biblioteksentralen var ein institusjon som betente offentlege bibliotek. Dersom Biblioteksentralen skulle betale skatt, ville det i røynda berre handle om ein «ompostering av offentlige midler».

Biblioteksentralen kontakta Finansdepartementet hausten 2024 og bad om at skattefritaket vert oppheva, då føresetnadene for fritaket ikkje lenger er til stades. Biblioteksentralen synte til at sjølv om dei i samsvar med vedtektene ikkje har økonomisk vinst som føremål, er dei i dag ein marknadsaktør som genererer inntekter gjennom sal av produkt og tenester i ein konkurranseutsett marknad.

Departementet gjer framlegg om at skattefritaket for Biblioteksentralen i skatteloven § 2-30 fyrste ledd bokstav g nr. 2 vert oppheva. Verksemda til Biblioteksentralen har endra seg betydeleg sidan 1958 og til i dag. Den opphavlege grunngjevinga for skattefritaket etter skatteloven § 2-30 gjer seg ikkje lenger gjeldande.

Ved en overgang til skatteplikt må Biblioteksentralen fastsetje skattemessige inngangsverdiar på eigedelane sine. Etter gjeldande praksis skal inngangsverdiane fastsetjast slik at verdiar som er skapte eller tapte i det skattefrie regimet, vert skjerma ved overgangen til skatteplikt. I tråd med dette meiner departementet at marknadsverdien på overgangstidspunktet kan nyttast som utgangspunkt for fastsetjinga av inngangsverdiane på eigedelane til Biblioteksentralen.

Biblioteksentralen er eit samvirkeføretak. Samvirkeføretak er formuesskattepliktige. Ei oppheving av skattefritaket vil òg medføre plikt til å svare formuesskatt for selskapet etter dei vanlege reglane. Dette vil innebere at det vert svara formuesskatt til Staten, men ikkje til kommune og fylkeskommune, jf. skatteloven § 2-36 andre ledd. Ved formuesfastsetjinga må eigedelane til Biblioteksentralen verdsetjast etter dei reglane som gjeld for dei aktuelle eigedelane.

Departementet tek ikkje stilling til om Biblioteksentralen kan verte friteken frå skatt etter skatteloven § 2-32. Skatteloven § 2-32 fritek «selskap eller innretning som ikke har erverv til formål», for formues- og inntektsskatt. Det er Skatteetaten, og i siste instans domstolane, som avgjer om eit selskap er omfatta av denne føresegna.

Departementet legg til grunn at endringa ikkje vil innebere nemneverdige provenyverknader.

Departementet syner til framlegg om endring i skatteloven § 2-30 fyrste ledd bokstav g nr. 2. Departementet foreslår at endringa tek til å gjelde frå 1. juli 2025. Biblioteksentralen vert då skattepliktig frå same tidspunkt.

Til forsida