5 Skatteplikt for yting i ungdomsprogram
Regjeringa innfører frå hausten 2025 forsøk med ungdomsprogram og ny statleg yting til deltakarar i programmet. Forsøket følgjer opp framlegg i Meld. St. 33 (2023–2024) En forsterket arbeidslinje – flere i jobb og færre på trygd, og skal forsterke og vidareutvikle innsatsen for at fleire unge skal få ei stabil tilknyting til arbeidslivet. Arbeids- og inkluderingsdepartementet sende 21. mars 2025 eit framlegg om dette på høyring.
Forsøket skal undersøkje om eit fulltidsprogram med strenge aktivitetskrav og ei alternativ inntektssikring til arbeidsavklaringspengar utan medisinske inngangsvilkår, vil bidra til at fleire unge oppnår ei stabil tilknyting til arbeidslivet. Forsøket vil heimlast som arbeidsmarknadstiltak i medhald av arbeidsmarkedsloven § 12 tredje ledd og § 13 fjerde ledd.
Programmet kan tildelast personar som har fylt 18 år, og som enno ikkje har fylt 29 år. Det kan som hovudregel vare i inntil 52 veker. Programmet vil for det fyrste kunne innebere deltaking i arbeidsmarknadstiltak. Det kan vidare inkludere eigenaktivitetar som jobbsøking, utarbeiding av CV og andre arbeidsretta aktivitetar. Individuell rettleiing og oppfølging frå Arbeids- og velferdsetaten vil òg vere sentrale element.
Deltakarar i ungdomsprogrammet skal få ei livsopphaldsyting, utan at det må vurderast om dei har nedsett arbeidsevne eller ikkje. Årleg yting for deltakarar som har fylt 25 år, vil utgjere 2,041 gonger grunnbeløpet i folketrygda (G). Årleg yting for personar under 25 år vil utgjere to tredjedelar av 2,041 G, altså omlag 1,36 G.
Departementet gjer framlegg om at ytinga til deltakarar i ungdomsprogrammet skal skattleggjast som løn og reknast som pensjonsgivande inntekt. Når ytinga er skattepliktig, vil den òg vere rapporteringspliktig etter skatteforvaltningsloven § 7-2 fyrste ledd bokstav b, og trekkpliktig etter skattebetalingsloven § 5-6 fyrste ledd bokstav b.
Departementet syner til framlegg til endring av skatteloven §§ 5-42 bokstav a, 6-32 fyrste ledd bokstav a, 12-2 fyrste ledd bokstav c og folketrygdloven § 23-3 andre ledd nr. 2 bokstav b.