9 Samferdselsdepartementet si vurdering
Møre og Romsdal fylkeskommune og Kristiansund kommune har vedteke ei bompengepakke som er sett saman av ei rekkje transport- og bymiljøtiltak. Bypakka vil bidra til ei miljøvenleg og framtidsretta utvikling av transporttilbodet i Kristiansund, gjennom betra tryggleik og framkome for alle trafikantgrupper.
Det er lokalpolitisk semje om føreslått opplegg for utbygging og finansiering av Bypakke Kristiansund, og Møre og Romsdal fylkeskommune har vedteke å stille garanti for bompengelånet. Det er lagt til grunn ein innkrevingsperiode på 15 år. Samferdselsdepartementet tilrår derfor at Stortinget sluttar seg til det føreslåtte opplegget for utbygging og delvis finanisiering av Bypakke Kristiansund, jf. forslag til romartalsvedtak.
Både Bypakke Kristiansund og prosjektet rv. 70 Vikansvingen–Kontrollplassen har vore gjennom ekstern kvalitetssikring etter statens prosjektmodell (KS2). KS2-prosessen har ikkje avdekt vesentlege feil eller manglar i det faglege grunnlaget, korkje for det store prosjektet eller for bypakka som heilskap. Den eksterne konsulenten tilrår noko høgare kostnader for prosjektet rv. 70 Vikansvingen–Kontrollplassen og for nokre andre tiltak i bypakka enn det Statens vegvesen opphavleg føreslo. Samferdselsdepartementet viser til at Statens vegvesen er samd i kostnadsvurderingane som den eksterne konsulenten har gjort gjennom KS2-analysen og legg derfor den eksterne konsulenten si tilråding for kostnader til grunn for det vidare arbeidet med bypakka. På denne bakgrunnen føreslår Samferdselsdepartementet ei kostnadsramme for det store prosjektet rv. 70 Vikansvingen–Kontrollplassen på 1 427 mill. 2025-kr, jf. forslag til romartalsvedtak. Styringsramma blir sett til 1 226 mill. kr. Som grunnlag for seinare prisomrekning blir prisnivået i 2023 nytta som referanse.
Kostnadene for aktuelle prosjekt og tiltak innanfor Bypakke Kristiansund, slik bypakka er vedteken lokalt, er etter KS2 rekna til om lag 2,2 mrd. 2025-kr. Rv. 70 Vikansvingen–Kontrollplassen blir fullfinansiert med bompengar. Finansieringa av Bypakke Kristiansund er i tillegg til innkrevjing av bompengar basert på statlege midlar til nokre mindre investeringstiltak og fylkeskommunale midlar. I tillegg kjem meirverdiavgifta som staten refunderer for prosjekta og tiltaka i bypakka. Kravet om lokal eigendel på minst 20 pst. for investeringar på fylkeskommunale eller kommunale prosjekt er oppfylt for Bypakke Kristiansund.
Det blir lagt opp til aktiv porteføljestyring av bypakka, og det er balanse mellom inntekter og kostnader i porteføljen som blir lagt fram. Etter Samferdselsdepartementet si vurdering er opplegget for styring av Bypakke Kristiansund i samsvar med gjeldande føringar og retningslinjer for porteføljestyrte bypakker.
Departementet understrekar at prosjekta i porteføljestyrte bypakker skal gjennomførast innanfor rammene av fastsett gjennomsnittstakst, fylkeskommunal lånegaranti og innkrevjingstid på inntil 15 år.