Prop. 87 S (2024–2025)

Utbygging og finansiering av Bypakke Kristiansund i Møre og Romsdal

Til innhaldsliste

2 Bakgrunn og omtale av aktuelle prosjekt og tiltak

Hovudtilkomst med bil og buss til Kristiansund by skjer via rv. 70. Trafikkbiletet på strekninga er prega av kødanningar i begge retningar. Næringstrafikken har i stor grad Kristiansund by som start- eller sluttpunkt. Tungbiltrafikken er i den samanhengen ei ekstra byrde for bymiljøet. Ei rekkje bustader langs rv. 70 er utsette for støy og luftforureining. Vegnettet for dei som går og syklar i Kristiansund er ikkje tilstrekkeleg samanhengande og trafikksikkert. Transportsystemet er lite tilrettelagt for kollektivtransport, som blir nytta av ein relativt liten del av innbyggjarane i Kristiansund.

Føremålet med Bypakke Kristiansund er å sørgje for eit påliteleg og effektivt transportsystem for alle transportformer. Bypakka skal òg medverke til ei attraktiv og berekraftig byutvikling der fleire skal sykle, gå og reise kollektivt.

Rv. 70 Vikansvingen–Kontrollplassen er det største prosjektet i Bypakke Kristiansund og er føresett 100 pst. finansiert med bompengar, jf. Meld. St. 14 (2023–2024) Nasjonal transportplan 2025–2036. Det er lagt opp til anleggsstart for prosjektet i 2027.

Det er gjennomført ekstern kvalitetssikring (KS2) av styringsgrunnlag og kostnadsoverslag for prosjektet rv. 70 Vikansvingen–Kontrollplassen i tillegg til KS2 av finansieringsgrunnlag og underliggjande føresetnader for finansieringsgrunnlaget av heile bypakka. I den samanheng har den eksterne konsulenten òg gjort ei overordna vurdering av kostnadene for dei andre aktuelle prosjekta i bypakka.

Den eksterne konsulenten vurderer trafikkgrunnlaget i bomstasjonane som rimeleg estimert og finansieringsopplegget for Bypakke Kristiansund som robust. Det er vidare liten skilnad mellom vurderingane frå konsulenten og Statens vegvesen når det gjeld kostnader for tiltaka i bypakka. For prosjektet rv. 70 Vikansvingen–Kontrollplassen foreslo Statens vegvesen opphavleg ei styringsramme på 1 065 mill. 2023-kr og ei kostnadsramme på 1 225 mill. 2023-kr. Ekstern kvalitetssikrar har tilrådd ei styringsramme på 1 144 mill. 2023-kr og ei kostnadsramme på 1 332 mill. 2023-kr. Skilnaden mellom den eksterne konsulenten og Statens vegvesen sine tilrådingar til styrings- og kostnadsramme gjeld i hovudsak uvisse knytt til modnaden i prosjektet og nyare referanseprisar. Statens vegvesen ser at etaten har vurdert uvissa knytt til desse forholda noko for lågt og føreslår at styrings- og kostnadsramma blir fastsett i tråd med forslaget frå konsulenten på 1 144 mill. 2023-kr og 1 332 mill. 2023-kr. Rekna om til 2025-prisnivå blir styringsramma 1 226 mill. kr og kostnadsramma 1 427 mill. kr. I Nasjonal transportplan 2025–2036 er prosjektet omtalt med ein kostnad på 1 100 mill. 2024-kr. Dette svarar til om lag 1 126 mill. 2025-kr. Styringsramma ligg med det 100 mill. 2025-kr over kostnaden som vart lagt til grunn for Nasjonal transportplan 2025–2036.

For dei andre prosjekta har konsulenten rekna kostnadene til 855 mill. 2023-kr, som er om lag 12 mill. 2023-kr høgare enn det Statens vegvesen har rekna. Årsaka til skilnaden i rekninga mellom konsulenten og Statens vegvesen er i hovudsak dyrare fylling i sjø og større usikkerheit i mengder. Statens vegvesen er samd i vurderingane frå konsulenten og tilrår at dette blir lagt til grunn i det vidare arbeidet med bypakka.

Beløpa i denne proposisjonen blir presentert i 2025-kr. Tala som vart nytta, både i den lokalpolitiske handsaminga av bompengesaka og KS2, var i 2023-prisnivå. Ved omrekning frå 2023-kr til 2024-kr er Statistisk sentralbyrå sin byggekostnadsindeks for veganlegg nytta. Denne kan òg nyttast ved prisjusteringa av takstane fram til bompengeinnkrevjinga startar. Ved omrekning frå 2024-kr til 2025-kr er det nytta ein førebels indeks på 4,5 pst. Endelege indeksar frå Statistisk sentralbyrå vil bli nytta ved prisomrekning til prisnivået i det aktuelle året, etter kvart som desse ligg føre. Som grunnlag for seinare prisomrekning blir prisnivået i 2023 nytta som referanse.

Bypakke Kristiansund er sett saman av veg-, gang-, sykkel- og kollektivtiltak innanfor ei økonomisk ramme på om lag 2,0 mrd. 2023-kr. Rekna om til 2025-prisnivå utgjer den økonomiske ramma om lag 2,2 mrd. kr.

Hovudelementa i bypakka er fem tiltak på riksveg som skal leggje til rette for betre framkome, fem tiltak på fylkeskommunalt vegnett som skal leggje betre til rette for kollektivreisande og elleve tiltak på kommunalt vegnett som inneheld utbetringstiltak for mjuke trafikantar. Midlar til planlegging er føresett dekte innanfor ramma til dei enkelte prosjekta i bypakka. Ei samla framstilling av prosjektporteføljen går fram av tabell 2.1.

Tabell 2.1 Oversikt over prosjektporteføljen for Bypakke Kristiansund

Prioritet

Tiltak

Vegeigar

Estimert kostnad etter KS2 i mill. 2023-kr

Estimert kostnad etter KS2 i mill. 2025-kr

1

Rundkøyring/undergang rv. 70

Trollsvingen/Røsslyngveien og kollektivfelt Goma–Atlanten1

Stat

168

180

2

Rv. 70 Vikansvingen–Kontrollplassen1

Stat

1 144

1 226

3

Busstopp i Langveien («Bedehuset»).

Fylke

2

2

4

Opprusting av haldeplassar og ramper på strekninga Melvika–flyplassen.

Fylke

15

16

5

Opprusting av haldeplassar og ramper i Nergata/Omagata.

Fylke

8

9

6

Seivikveien: Oppgradering busstoppa i Byskogen

Fylke

2

2

7

Sanntidsskilt/investeringstiltak som aukar kollektivtransporten sin attraktivitet.2

Fylke

20

21

8

Utbetring av dei trafikale tilhøva ved sjukehuset

Kommune

3

3

9

Utbetring skuleveg Røsslyngveien

Kommune

11

12

10

Rv. 70 Rensvik undergang–Rensvikkrysset (eks. rv. 70 Rensvikholmen gangbru)1

Stat

418

448

11

Rv. 70 Rensvikholmen gang- og sykkelbru1

Stat

118

126

12

Rv. 70 Persløkka gang- og sykkelbru1

Stat

36

39

13

Kombinert parkeringsplass

Atlanten/Folkeparken/Røsslyngveien

Kommune

5

5

14

Utbetring Godhaugveien ved Frei ungdomsskule

Kommune

7

7

15

Utbetring av sykkeltrase Freiveien

Kommune

11

12

16

Tilrettelegging for gåande og syklistar ved trafikkmaskin Goma

Kommune

7

7

17

Forlenge gang-/sykkelveg frå kyrkja til H. Brinchm. vei

Kommune

3

3

18

Samband Campus–Normoria

Kommune

9

10

19

Enkle strakstiltak, trafikktryggleik2

Kommune

5

5

20

Betre busshaldeplassar2

Kommune

4

4

21

Sykkeltiltak på sambandet Holmfjæra–Atlanten

Kommune

3

3

Sum prioriterte prosjekt

1 999

2 141

Kjøp av innkrevjingsutstyr og etablering av bomstasjonar

8

8

Administrasjon av bypakka

10

11

Sum totalt

2 017

2 160

1 Inkludert kostnader til reguleringplanlegging som allereie er finansiert

2 Ikkje vist i figur 2.1.

Kjelde: Statens vegvesen

Prosjekta i porteføljen til Bypakke Kristiansund er nærare omtalt under. Dei fleste prosjekta går fram av figur 2.1. Det er lagt opp til anleggsstart på dei høgst prioriterte prosjekta i løpet av 2026/2027.

Figur 2.1 Oversiktskart over Bypakke Kristiansund

Figur 2.1 Oversiktskart over Bypakke Kristiansund

Kjelde: Statens vegvesen

Tiltak på riksveg

Rundkøyring/undergang rv. 70 Trollsvingen/Røsslyngveien og kollektivfelt Goma–Atlanten

Tiltaket vil gi auka trafikktryggleik for gåande og syklande, spesielt gjennom å leggje til rette for trygg skuleveg til nye Folkeparken skule på Goma. Tiltaket vil òg gi betre trafikkavvikling, spesielt for kollektivtransporten. Tiltaket blir dekt av gjeldande reguleringsplan for Atlanten–Røsslyngveien, som vart vedteken i 2011, og reguleringsplan i samband med ny Goma skule frå 2023.

Rv. 70 Vikansvingen–Kontrollplassen

Tiltaket skal bidra til å fremje miljøvenleg transport gjennom å frigjere vegkapasitet til buss og å leggje til rette for gåande og syklistar. I tillegg vil prosjektet gi betre framkomst, redusert reisetid og betre trafikktryggleik. Det blir lagt opp til anleggsstart for prosjektet i 2027. Tiltaket omfattar 1,4 km firefelts veg med kollektiv- og sambruksfelt og 1,4 km sykkelveg med fortau. For å utnytte kapasitetsauken på strekninga vil to av felta på ny firefelts veg bli nytta til kollektiv- og sambruksfelt. Gang- og sykkelløysinga med sykkelveg og fortau inneheld totalt fire planfrie kryssingar av rv. 70, med tre gang- og sykkelbruer langs traseen og undergang for gåande og syklistar i tilknyting til nye busstopp ved både Vikansvingen og Kontrollplassen. Reguleringsplan for prosjektet vart vedteken av bystyret i Kristiansund 27. august 2020. Etter motsegn frå statsforvaltaren i Møre og Romsdal i februar 2021 vart det valde alternativet «veg i dagen» godkjent av Kommunal- og distriktsdepartementet i januar 2022.

Rv. 70 Rensvik undergang–Rensvikkrysset

Tiltaka ny undergang ved Rensvik og nytt Rensvikkryss ligg etter ferdigstilling fullt og heilt på eksisterande vegar. Samla bidrar desse tiltaka til eit meir trafikksikkert og samanhengande gang- og sykkelvegnett i Rensvikområdet. Reguleringsplan for undergang ved Rensvik og Rensvikkrysset vart vedteken høvesvis i 2014 og 2019.

Rv. 70 Rensvikholmen gang- og sykkelbru

Tiltaket vil bidra til et meir trafikksikkert og samanhengande gang- og sykkelvegnett mellom Rensvikområdet og sentrumsnære område og arbeidsplassar.

Reguleringsplanen for tiltaket vart vedteken av bystyret i Kristiansund kommune i 2019, som den nordre delen av reguleringsplanen for rv. 70 Rensvikkrysset–Rensvikholmen.

Rv. 70 Persløkka gang- og sykkelbru

Tiltaket vil bidra til eit meir trafikksikkert og kvalitetsmessig betre gang- og sykkelvegnett mellom Dale-området og sentrumsnære område og arbeidsplassar. Reguleringsplan for prosjektet vart vedteken i 2020, som ein del av reguleringsplanen for rv. 70 Vikansvingen–Kontrollplassen.

Tiltak på kommunal veg

Byutviklings- og kollektivtiltak på dei kommunale vegane i bypakka består av mange mindre tiltak med stor effekt på Kirklandet, Gomalandet, Nordlandet og nordre del av Freiøya. Enkle trafikktryggleikstiltak retta mot gåande og syklande er døme på dette.

Tiltaka er primært retta mot mjuke trafikantar, anten som trafikktryggleiks-, sykkel- eller kollektivtiltak. Mellom anna gjeld dette utbetring av trafikale tilhøve ved sjukehuset, samanhengande gang-/sykkelveg i sentrum i samband med nytt Campus og nytt kulturhus, og fleire andre mindre gang-/sykkelvegtiltak spreidd rundt innanfor det geografiske området til bypakka. Tiltaka vil samla sett leggje betre til rette for gåande, syklande og kollektivreisande.

Det er i samråd med Kristiansund kommune lagt på eit generelt påslag for uvisse på 30 pst. på rekna kostnad på alle dei kommunale tiltaka i bypakka. Dette er gjort for å ta omsyn til uvisse knytt til plannivå for prosjekta.

Kristiansund kommune hadde i sitt prinsippvedtak eit ønskje om å utgreie om gratis sundbåt mellom Kirklandet, Innlandet, Nordlandet, Melvikan og Gomalandet kunne inngå i bypakka, og i tillegg utviding av parkeringshus/-plassar ved Sundbåtkaiene. Dette har Statens vegvesen gitt tilbakemelding om at ikkje kan finansierast som ein del av bypakka, og dette vart derfor teke ut av det vidare arbeidet med porteføljen. Sundbåt er inkludert i trafikkberekningane som er gjort i samband med utgreiinga.

Tiltak på fylkeskommunal veg

Dei fylkeskommunale investeringstiltaka skal bidra til å leggje betre til rette for dei som reiser kollektivt ved at fleire haldeplassar og ramper får universell utforming gjennom ei opprusting av ei rekkje busstopp på fylkesvegnettet.

Desse tiltaka har spesielt stor effekt på Kirklandet og Nordlandet, men har òg stor effekt på det samla fylkeskommunale vegnettet i Kristiansund. Investeringstiltaka omfattar å setje opp skilt som opplyser om avgangstider og eventuelle forseinkingar på buss, og andre investeringstiltak som bidreg til å leggje betre til rette for kollektivreisande. Kostnadsestimata for tiltaka på fylkeskommunal veg er baserte på erfaringstal. Det er lagt til grunn at tiltaka kan setjast i gang utan utarbeiding av reguleringsplan.

Andre tiltak og kostnader

I porteføljen er det sett av midlar til Statens vegvesen si planlegging og etablering av bomstasjonar og bompengeselskapet sine kostnader til kjøp av innkrevjingsutstyr. Vidare er det sett av midlar til administrasjon av bypakka som skal dekkje direkte kostnader til arbeidet med porteføljestyring.

Marginalliste til prosjektporteføljen

Viss det innanfor rammene av bypakka blir mogleg å gjennomføre fleire prosjekt enn dei prioriterte tiltaka i tabell 2.1, er det lagt til grunn at tiltak frå marginallista kan gjennomførast, jf. vedtakspunkt 4 i dei lokalpolitiske vedtaka.