Prop. 87 S (2024–2025)

Utbygging og finansiering av Bypakke Kristiansund i Møre og Romsdal

Til innhaldsliste

4 Trafikkgrunnlag

Framtidig trafikk gjennom dei planlagde bomstasjonane for Bypakke Kristiansund er rekna ut ved bruk av Regional transportmodell og empiriske data. Det totale talet på passeringar gjennom dei planlagde bomstasjonane er rekna til om lag 27 000 køyretøy i døgnet i prognoseåret 2030. Delen i takstgruppe 2 (tunge køyretøy) er rekna til om lag 6 pst. Modellkøyringane viser at innføring av bompengeinnkrevjing med det takstnivået som det er gjort framlegg om, vil redusere trafikken på rv. 70 med om lag 20 pst. samanlikna med ein situasjon utan bompengar.

Når innkrevjinga startar i bypakka i 2026, er trafikken gjennom dei to bomstasjonane rekna til om lag 26 000 køyretøy i døgnet.

Det er rekna at om lag 20 pst. av passeringane gjennom bomstasjonane får fritak på grunn av ordninga med timesregel.

Det er lagt til grunn ein trafikkvekst på 0,9 pst. i året i perioden fram til 2030 og ein årleg trafikkvekst på 0,3 pst. etter 2030. I desse prognosane er det teke omsyn til fylkesprognosar utarbeidde for Møre og Romsdal i samband med Nasjonal transportplan 2025–2036 og effekten av utbygging av rv. 70 Vikansvingen–Kontrollplassen som er det største tiltaket i bypakka.

Den eksterne konsulenten vurderer Statens vegvesen sine rekningar av trafikkgrunnlaget i bomstasjonane som rimelege. Konsulenten reknar med ein litt høgare trafikk i opningsåret enn Statens vegvesen, noko som kjem av at konsulenten vurderer avvisinga av trafikken ved innføring av bompengar som lågare enn det Statens vegvesen har lagt til grunn. Samstundes reknar konsulenten ein noko lågare trafikkvekst etter 2030 enn Statens vegvesen, slik at skilnaden mellom konsulenten og Statens vegvesen sine tal blir jamna ut.