6 Bompengeopplegg
Det er planlagt å etablere to bomstasjonar på rv. 70; ein ved Nordsundbrua og ein ved Omsundbrua, jf. figur 2.1. Plassering av bomstasjonane er avklart i samarbeid med lokale styresmakter og bompengeselskapet, der fleire alternative løysingar har vore vurderte. Det valde bompengeopplegget fungerer som ein bomring inne i byområdet utan moglegheiter for omkøyring. Det er lagt vekt på at dei som betalar bompengar, får del i den samla nytten av pakken. Det er òg lagt vekt på å unngå at mange får nytte utan at dei er med på å betale. I bypakker gjeld det indirekte nytteprinsippet. Bypakker inneheld fleire prosjekt som har innverknad på heile transportinfrastrukturen i byområdet, og som til saman bidreg til auka framkome. Bruk av bompengar til kollektiv-, gang- og sykkeltiltak i Bypakke Kristiansund bidreg til å avlaste vegnettet, og kjem bilistane indirekte til gode gjennom auka framkome.
Bompengeopplegget har tovegs innkrevjing. To bomstasjonar inneber høg innkrevjingsgrad med låge utgifter til investeringar og drift av bompengeinnkrevjinga. Det er ikkje andre pågåande bompengeprosjekt som inneber ytterlegare bompengebelastning i området. Mindre justeringar i plasseringane av bomstasjonane kan skje viss det av tekniske eller andre årsaker viser seg nødvendig. Eventuelle endringar skal ikkje påverke trafikk eller inntekter i bypakka.
Takst- og rabattsystem
Desse takstgruppene gjeld i alle bompengeanlegg i Noreg:
-
Takstgruppe 1: Køyretøy med tillaten totalvekt til og med 3500 kg.
-
Takstgruppe 2: Køyretøy med tillaten totalvekt frå og med 3501 kg.
I samsvar med dei lokalpolitiske vedtaka er det lagt til grunn ein gjennomsnittstakst på 17 kr i 2023-prisnivå. Rekna om til 2025-prisnivå, er dette om lag 18 kr. Dette er førebels rekna å gi desse grunntakstane:
-
Takstgruppe 1: 34 kr
-
Takstgruppe 2: 68 kr
Det er lagt til grunn dette takst- og rabattsystemet:
-
Køyretøy i takstgruppe 1 får 20 pst. brikkerabatt.
-
Nullutsleppskøyretøy i takstgruppe 1 betalar 70 pst. av ordinær takst.
-
Køyretøy i takstgruppe 2 får ikkje brikkerabatt.
-
Nullutsleppskøyretøy og gasskøyretøy i takstgruppe 2 får fritak.
-
Køyretøy registrerte i køyretøygruppe M1 (bubilar etc.) får takst som takstgruppe 1.
-
Elektrisk driven varebil i takstgruppe 1 (N1) betalar 70 pst. av ordinær takst.
Det blir lagt opp til ein felles timesregel som omfattar begge bomstasjonane og eit passeringstak på 60 passeringar i månaden. Begge ordningane gjeld både takstgruppe 1 og 2. Alle rabattar, med unntak av timesregelordninga, føreset bruk av elektronisk brikke og gyldig brukaravtale. Takst-, rabatt- og fritaksordningar skal følgje dei til ein kvar tid gjeldande takstretningslinjer.
Andre føresetnader
I tråd med gjeldande retningsliner for bompengeprosjekt er det lagt til grunn ei lånerente på 5,5 pst. dei ti første åra med låneopptak, og deretter 6,5 pst. Innskotsrenta er sett til 1,5 pst. dei første ti åra, deretter 2,5 pst. Det er lagt til grunn ein årleg pris- og takstauke på 2,0 pst. I dei lokalpolitiske vedtaka er det lagt til grunn at bompengeselskapet Vegamot AS får fullmakt til å prisjustere gjennomsnittstaksten i innkrevjingsperioden i samsvar med konsumprisindeksen til Statistisk sentralbyrå og å auke takstane slik at fastsett gjennomsnittstakst blir oppnådd, utan ytterlegare lokalpolitisk handsaming.
Med desse føresetnadene er innkrevjingsperioden rekna til om lag tolv år. Lokale styresmakter har likevel lagt til grunn innkrevjing av bompengar i inntil 15 år i sine vedtak, noko som er standard innkrevjingstid i bompengeprosjekt. Dette inneber at innkrevjinga kan bli avslutta tidlegare viss tiltaka i prosjektporteføljen er gjennomførte, eller halde fram i inntil 15 år for å få gjennomført ønskte prosjekt i prosjektporteføljen eller marginallista viss lokale styresmakter ønskjer det.
I finansieringsanalysen er brutto bompengeinntekter rekna til om lag 2 104 mill. kr. Av dette er 1 736 mill. kr føresett nytta til å dekkje delar av investeringskostnadene, om lag 238 mill. kr til å dekke finansieringskostnader og om lag 130 mill. kr til innkrevjingskostnader og kostnader til drift av bompengeselskapet.
Statens vegvesens kostnader til etablering av dei to bomstasjonane er rekna til 4 mill. kr. I tillegg kjem bompengeselskapet sine kostnader til innkjøp av innkrevjingsutstyr, rekna til om lag 4 mill. kr. Totalt blir kostnadene til innkjøp og etablering av bomstasjonane om lag 8 mill. kr. Det er vidare rekna at bompengeselskapet sine årlege innkrevjings- og driftskostnader blir 11 mill. kr. Desse kostnadene inkluderer òg kostnaden for å fjerne og setje vegen i stand etter at innkrevjinga er avslutta.