8 Fylkeskommunal garanti
Møre og Romsdal fylkeskommune vedtok 10. juni 2024 å stille garanti ved sjølvskuldnarkausjon for eit maksimalt låneopptak på 1 527 mill. kr. Garantibeløpet inkluderer eit tillegg på 10 pst. av til ein kvar tid gjeldande hovudstol til å dekkje eventuelle komande renter og omkostingar.
Den fylkeskommunale garantien må godkjennast av Kommunal- og distriktsdepartementet.
Som ein følgje av porteføljestyring av bypakka kan ikkje utlegga til garantisten dekkjast gjennom ein auke i gjennomsnittstaksten ut over den fastsette gjennomsnittstaksten og/eller forlenging av innkrevjingsperioden.