Prop. 67 L (2024–2025)

Endringar i bioteknologiloven (vilkår for preimplantasjonsdiagnostikk og forbod mot genetisk testing av barn utanfor helsetenesta)

Til innholdsfortegnelse

6 Økonomiske og administrative konsekvensar

Forslaget om å opne for preimplantasjonsdiagnostikk i nokre særlege tilfelle ved alvorleg arveleg dominant sjukdom er ei snever utviding som ikkje vil vere aktuell for særleg mange par. Helsedirektoratet reknar med at ein eventuell auke i talet på par som får behandling på grunn av denne endringa, vil vere på inntil 5 par i året.

I tillegg vil klargjeringa av at det kan leggjast vekt på kva belastning behandlinga av sjukdommen inneber, når det blir vurdert om det skal tilbydast preimplantasjonsdiagnostikk, innebere ein auke i talet på par som får tilbod om preimplantasjonsdiagnostikk. Helsedirektoratet anslår ein auke på om lag 60 par i året.

Desse aukane i behandlingsvolum inneber etter alt å dømme auka kostnader på anslagsvis 7 mill. kroner per år. Om lag 30 prosent av kostnadene vil komme som statlege utgifter i form av aktivitetsbasert finansiering til spesialisthelsetenesta (statsbudsjettet kapittel 732, post 76). Om lag 70 prosent av utgiftene må dekkjast av basisløyvingane til dei regionale helseføretaka (statsbudsjettet kapittel 732, post 72–75). Para sine utgifter til assistert befruktning vil komme i tillegg.

Resten av dei foreslåtte endringane i reglane for preimplantasjonsdiagnostikk vil ikkje innebere ein auke av betydning i behandlingsvolumet.

Forslaget om forbod mot genetiske undersøkingar av barn utanfor helsetenesta og forbod mot sal av visse genetiske undersøkingar til barn vil ikkje føre til auka kostnader av betydning.

Det er ingen økonomiske eller administrative konsekvensar for kommunane og fylkeskommunane.

Til forsiden