Prop. 67 L (2024–2025)

Endringar i bioteknologiloven (vilkår for preimplantasjonsdiagnostikk og forbod mot genetisk testing av barn utanfor helsetenesta)

Til innholdsfortegnelse

3 Grunnlova og menneskerettslege forpliktingar

Menneskerettane er tufta på prinsippet om at mennesket er ukrenkeleg, og på kravet om respekt for det ibuande menneskeverdet og den personlege integriteten til den enkelte. Menneskerettane set grenser for korleis menneske kan bli behandla. Dette gjeld òg innanfor bioteknologi og medisinsk behandling.

Omgrepet menneskerettar er ikkje eintydig, men det er einigheit om at det omfattar eit sett av fundamentale rettar som er viktige for fridom og livsutfalding for menneske, og som derfor utgjer grunnleggjande krav alle individ må kunne stille til myndigheitene sine.

Menneskerettane er nedfelte i ulike dokument. Dei menneskerettslege krava som følgjer av internasjonale konvensjonar, traktatar, pakter og tilleggsprotokollar, står i ei særstilling og er rekna som rettsleg bindande. Det går fram av Grunnlova § 92 at dei statlege styresmaktene skal respektere og tryggje menneskerettane slik dei er fastsette i Grunnlova og traktater om menneskerettar som er bindande for Noreg. Grunnlova § 102 om at alle har rett til respekt for privatlivet sitt, er særleg relevant ved genetisk informasjon og andre helseopplysningar. Føresegna slår blant anna fast at dei statlege styresmaktene skal sikre eit vern om den personlege integriteten.

Rettane til barn er varetekne i Grunnlova, og barn har behov for eit særskilt vern. Etter Grunnlova § 104 andre ledd skal kva som er best for barnet, vere eit grunnleggjande omsyn ved handlingar og avgjerder som vedkjem barn. Regelen har sin parallell i barnekonvensjonen artikkel 3 nr. 1. I tråd med Dokument 16 (2011-2012) Rapport til Stortingets presidentskap fra Menneskerettighetsutvalget om menneskerettigheter i Grunnloven valde ein å formulere § 104 andre ledd etter mønster av barnekonvensjonen artikkel 3 nr. 1 for å kunne trekkje vekslar på internasjonal tolkingspraksis. Det betyr at ein òg må sjå hen til praksis som er relevant for barnekonvensjonen artikkel 3 nr. 1, ved tolkinga av Grunnlova § 104 andre ledd. I NOU 2020: 14 Ny barnelov – Til barnets beste side 60 skriv barnelovutvalet dette om føresegna:

«Grunnloven § 104 er ment å ha politisk betydning ved at «den lovgivende og den utøvende makt vil se hen til [den] når det treffes beslutninger», og en symbolsk betydning ved at «barn synliggjøres i den norske konstitusjonen». I tillegg vil bestemmelsen ha rettslig betydning, i første omgang ved å «fungere som et tolkningsmoment ved fortolkningen av annen lovgivning», men det kan «også benyttes som en skranke for lovgiver».

Omsynet til barnets beste er ikkje nødvendigvis det einaste omsynet som betyr noko i ei vurdering. I Rt-2015-93 legg Høgsterett til grunn, under tilvising til generell kommentar nr. 14 frå Barnekomiteen, at omsynet til barnet ikkje er det einaste, og heller ikkje alltid det avgjerande. Ved avveginga mot andre interesser skal likevel omsynet til barnets beste ha stor vekt. Det er ikkje berre eitt av fleire moment i ei heilskapsvurdering. Barnets interesser skal danne utgangspunktet, løftast fram og stå i framgrunnen.

Grunnlova § 104 tredje ledd slår fast at barn har rett til vern om sin personlege integritet. Føresegna er meint å synleggjere barns sårbarheit og særlege behov for vern. I forarbeida er det lagt til grunn at uttrykket «rett til vern» peikar på at statlege myndigheiter har plikt til å sørgje for eit regelverk og for handheving av eit regelverk som på best mogleg måte kan verne barnet frå utnytting, vald og mishandling. Privatpersonar vil ikkje vere pliktsubjekt etter denne formuleringa. Dersom private skal bli pålagde ei plikt til å verne om barns personlege integritet, bør dette skje gjennom ordinær lovgiving. Grunnlovsformuleringa kan likevel nyttast som eit tolkingsmoment ved tolkinga av anna lovgiving, også lovgiving der pliktsubjektet er ein privatperson.

Retten til vern om den personlege integriteten er ei formulering som gir barnet ein individuell rett. Menneskerettsutvalet legg i forarbeida vekt på at barn er særleg sårbare, og at dei i større utstrekning enn myndige personar treng hjelp frå myndigheitene til å verne sin personlege integritet.

Den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK), konvensjonen om menneskerettar og biomedisin (biomedisinkonvensjonen) og FNs konvensjon om rettane til barnet (barnekonvensjonen) representerer relevante menneskerettskonvensjonar på bioteknologiområdet som Noreg er rettsleg forplikta av.

Generelt gir menneskerettskonvensjonane landa stort handlingsrom i utforminga av eigen politikk innanfor etisk utfordrande felt.

Den europeiske menneskerettskonvensjonen er gjord gjeldande som norsk lov og går fram av menneskerettsloven.

Prinsippet om retten til respekt for privatliv og familieliv går fram av EMK artikkel 8. Prinsippet har betydning blant anna for informasjon og samtykke, behandling av helseopplysningar og andre personopplysningar og kunnskap om identitet. Retten til å få vite om opphavet sitt er til dømes eit relevant spørsmål under artikkel 8.

Tilsynsorgana for konvensjonane, og då først og fremst Den europeiske menneskerettsdomstolen (EMD), har presisert det nærmare innhaldet i retten til privatliv.

Vern mot vilkårlege og ulovlege inngrep i privat- og familielivet går vidare fram av FNs konvensjon om sivile og politiske rettar artikkel 17.

Som nemnt over har FNs konvensjon om rettane til barnet (barnekonvensjonen) reglar om barns særlege rettar, blant anna rett til ikkje-diskriminering, til familieliv, sosial tryggleik og ein tilfredsstillande levestandard, rett til helsetenester og til vern mot vald, overgrep og utnytting. Artikkel 3 fastset at omsynet til barnets beste skal vere eit grunnleggjande prinsipp ved alle handlingar som vedkjem barn, anten dei blir utførte av offentlege myndigheiter eller av private organisasjonar.

Til forsiden