Prop. 122 L (2024–2025)

Endringar i krisesenterlova (tydeleggjering av det kommunale ansvaret og grunnlag for behandling av personopplysningar m.m.)

Til innhaldsliste

4 Omtale av andre tilhøve i høyringa

4.1 Innleiing

I høyringsnotatet vart det òg vurdert og føreslått ei føresegn om at det ikkje kan krevjast eigendelar for nokon del av tenesta, og ein heimel til å gi forskrift om fysisk utforming av lokale. Vidare vart andre aktuelle problemstillingar på krisesenterområdet drøfta, men utan forslag til løysingar, og høyringsinstansane vart bedne om å kome med innspel. Dette omfatta følgjande problemstillingar:

  • Om det i lova bør opnast for eit felles krisesentertilbod for kvinner og menn.

  • Kva for rolle krisesentera skal ha når det gjeld å vurdere om barn skal ha samvær med den andre forelderen mens det er på krisesenter, og korleis dette kan regulerast.

  • Om det er behov for særskilde løysingar for kjæledyra til valdsutsette.

  • Korleis det i praksis kan leggjast betre til rette for at barn som har barnehageplass og som oppheld seg på krisesenter, faktisk får gå i barnehage.

  • Om det er behov for å fastsetje meir detaljerte krav til kompetanse hos tilsette i krisesentera i forskrift, og kva for kompetanse det i så tilfelle er behov for.

  • Om formuleringa i krisesenterlova § 3 første ledd om at kommunen «så langt råd er» skal leggje til rette for å imøtekome dei individuelle behova til brukarane, bør opphevast for å gjere kommunen si plikt til å leggje til rette tydelegare.

  • Om det bør innførast ei refusjonsordning for reiseutgifter til og frå krisesentera, og korleis ei slik ordning eventuelt bør innrettast.

4.2 Høyringsinstansane sitt syn

Departementet har fått mange innspel frå høyringsinstansane til problemstillingane omtalt ovanfor. Innspela sprikar og er ikkje eintydige med omsyn til kva for løysingar som er å føretrekke. Høyringa viser at det for fleire av problemstillingane er behov for ytterlegare utgreiingar, og dei blir difor ikkje følgde opp i denne proposisjonen. Når det gjeld spørsmålet om formuleringa «så langt råd er» i krisesenterlova § 3 første ledd, bør opphevast, har departementet på bakgrunn av høyringa kome til at formuleringa bør behaldast. Vidare blir forslaga til ei føresegn om at det ikkje kan krevjast eigendelar for nokon del av tenesta, og ein heimel til å gi forskrift om fysisk utforming av lokale, ikkje følgde opp. Nedanfor følgjer ein nærmare gjennomgang og grunngjeving. Spørsmålet om å dekkje reise til og frå krisesentera blir omtalt under punkt 7.3.

4.3 Departementet sine vurderingar

4.3.1 Felles krisesentertilbod for kvinner og menn

Departementet har fått mange innspel frå høyringsinstansane til spørsmålet om det bør opnast for eit felles krisesentertilbod for kvinner og menn. Meiningane er delte og i stor grad basert på praksis og erfaring ved dei einskilde krisesentera. Sidan det er store skilnader mellom korleis krisesentera er organisert, er det dermed òg store skilnader i kva for erfaringar høyringsinstansane har gjort seg, og kva dei legg vekt på.

NOVA har evaluert forsøket med felles krisesentertilbod for kvinner og menn ved Romerike krisesenter. Rapporten Evaluering av forsøket med et integrert krisesenter ved Romerike krisesenter av Bakketeig og Dullum (NOVA Rapport 11/2024), vart publisert i januar 2025, det vil seie etter at høyringa vart avslutta. Evalueringa konkluderer med at forsøket har ført til at tilbodet til barn som kjem med far er betydeleg betra, at tilbodet til menn er styrkt, men at biletet for kvinner er meir komplekst. Forskarane har ikkje kunna dokumentere om einskilde kvinner ikkje oppsøkjer senteret fordi det bur menn der. Dei stilte òg spørsmål ved at einskilde kvinner vart plassert i det som tidlegare var mannsavdelinga som før forsøket ikkje var rekna som god nok for menn.

Etter departementet si vurdering, finst det per no for lite forskingsbasert kunnskap om moglege konsekvensar av eit felles tilbod for kvinner og menn, samstundes som den erfaringsbaserte kunnskapen til krisesentera er sprikande. Før det kan vurderast om kravet i krisesenterlova om kjønnsdelte butilbod eventuelt bør endrast, er det difor behov for ytterlegare utgreiingar. I den samanheng vil det òg vere nødvendig å vurdere og greie ut andre tiltak for å styrkje tilbodet til menn, til transpersonar og ikkje-binære, og til barn som kjem med desse brukarane. Spørsmålet om eit eventuelt felles krisesentertilbod til kvinner og menn blir difor ikkje følgt opp i denne proposisjonen.

4.3.2 Samvær for barn når forelder er på krisesenter

Spørsmålet om samvær med antatt valdsutøvar for barn som er på krisesenter med valdsutsett forelder, reiser særskilde problemstillingar. Departementet bad i høyringsnotatet om innspel til kva for rolle krisesentera skal ha i samband med vurderingar av samvær. Høyringsinstansane vart òg bedne om å uttale seg om korleis dette kan og bør regulerast. Høyringa viste at dette er eit vanskeleg tema både for den valdsutsette forelderen, og for krisesentera. Det er behov for ytterlegare utgreiing av problemstillinga og av eventuelle tiltak. Problemstillinga blir difor ikkje følgt opp i denne proposisjonen.

4.3.3 Omsynet til valdsutsette med kjæledyr

Departementet bad i høyringsnotatet om høyringsinstansane sitt syn på om det er behov for særskilde løysingar for kjæledyra til valdsutsette. Høyringa bekreftar at valdsutsette som har kjæledyr ofte vegrar seg for å flytte frå dyret. Dette gjeld ikkje minst barn. Det er difor brei einigheit om at det er behov for løysingar for valdsutsette som har kjæledyr. Det er likevel ulike meningar om kva for løysingar som vil vere mest hensiktsmessige, og høyringa viser at det er behov for ytterlegare utgreiingar, òg av administrative og økonomiske konsekvensar. Problemstillinga blir difor ikkje følgt opp i denne proposisjonen.

4.3.4 Leggje til rette for at barn kan gå i barnehage

Departementet bad i høyringsnotatet om innspel frå høyringsinstansane til korleis det kan leggjast betre til rette for at barn som går i barnehage og som oppheld seg på krisesenter, faktisk får gå i barnehage.

Høyringa viser at det er behov for å leggje betre til rette for at barn på krisesenter skal kunne gå i barnehage mens dei oppheld seg på krisesenter, men at dette er avhengig av at det er praktisk mogleg og trygt. Det blir vist til at gode risikovurderingar må liggje i botn, slik at barnet og den valdsutsette forelderen ikkje blir utsette for risiko i samband med levering eller henting i barnehage. Videre blir det peikt på at det ikkje alltid vil vere til barnets beste å vere i barnehage, til dømes der det er lang reiseveg, eller dersom barnet må venne seg til ein ny barnehage i nærleiken av krisesenteret. Løysingar på krisesenteret kan i slike tilfelle vere meir hensiktsmessig. Høyringa viser at det er behov for ytterlegare utgreiingar, òg av administrative og økonomiske konsekvensar. Problemstillinga blir difor ikkje følgt opp i denne proposisjonen.

4.3.5 Krav til kompetanse

Krisesenterlova gir heimel til å gi forskrift om krav til kompetanse til tilsette ved krisesentera, og departementet bad i høyringsnotatet om høyringsinstansane sitt syn på behovet for ei slik forskrift.

Høyringsinstansane er delte i synet på om det bør utarbeidast ei forskrift med krav til kompetanse, og kva for krav til kompetanse det i så tilfelle bør stillast. Nokre høyringsinstansar peiker òg på at det underliggande problemet er behovet for kvalifiserte tilsette, og ei forskriftsfesting av krav til kompetanse vil ikkje løyse dette. Høyringa viser at det er behov for å sjå nærmare på problemstillinga, og departementet vil ikkje no greie ut ei forskrift om krav til kompetanse.

4.3.6 Kravet til tilpassing

Det er eit spørsmål om formuleringa «så langt råd er» i krisesenterlova § 3 første ledd, i praksis blir nytta til å nedprioritere individuell tilpassing til valdsutsette med alvorleg tilleggsproblematikk. Departementet bad i høyringsnotatet om innspel frå høyringsinstansane til om kommunane sin tilgang til å vurdere ei individuell tilpassing «så langt råd er», bør opphevast. Høyringa viser at høyringsinstansane er delte.

Det følgjer av forarbeida til krisesenterlova, Ot.prp. nr. 96 (2008–2009), og merknadane til krisesenterlova § 3, punkt 12, side 78, at formuleringa om individuell tilrettelegging «så langt råd er», inneber at kommunen har høve til å vurdere krava til individuell tilpassing i kvart einskilde tilfelle, for å kome kvar einskild brukar sitt behov i møte. Formuleringa inneber ikkje ein tilgang til ikkje å leggje til rette. I formuleringa ligg såleis ei erkjenning av at ei fullstendig tilrettelegging for kvar einskilde brukar i praksis vil vere svært vanskeleg, og i einskilde tilfelle ikkje mogleg. Slik sett er det ikkje formuleringa i lova som er hovudårsaka til manglande tilrettelegging for einskilde grupper. Etter departementet si vurdering er formuleringa slik ho no står, ei tydeleggjering av at det er ei grense for kva som er praktisk mogleg, samstundes som tilretteleggingsplikta ligg fast. Departementet går difor ikkje vidare med dette spørsmålet.

4.3.7 Eigendeler i krisesentertilbodet

Departementet føreslo i høyringsnotatet ei ny føresegn i krisesenterlova § 2 om at det ikkje kan krevjast eigendel for nokon del av tenesta. Departementet viste til at krisesentertilbodet er eit lågterskeltilbod, og at det følgjer av lova at tilbodet skal vere gratis. Departementet viste vidare til at det følgjer av forarbeida at det ikkje kan krevjast eigendel for tenesta, med unntak av eventuelle utgifter til mat til kostpris. I praksis har spørsmålet om eigendel knytt til utgifter til mat til kostpris, skapt noko uvisse rundt gratisprinsippet, og kor langt det rekk.

Departementet viser til at det er grunnleggjande at krisesentertilbodet skal vere eit lågterskeltilbod. Dersom eigendelar til utgifter til mat til kostpris gjer at einskilde valdsutsette av økonomiske grunnar ikkje søkjer vern på krisesenteret, vil tilbodet ikkje lenger vere eit reelt lågterskeltilbod. Sjølv om det er tilgang til å ta eigendel til utgifter til mat til kostpris, må kommunane difor vurdere om eigendelar i praksis vil innbere ei hindring for at valdsutsette oppsøkjer hjelp. Føringane etter gjeldande rett varetar etter departementet si vurdering det kommunale sjølvstyret på dette punkt, og forslaget om ei ny føresegn om at det ikkje kan krevjast eigendel for nokon del av tenesta, blir difor ikkje følgt opp vidare.

4.3.8 Heimel til å gi forskrift om fysisk utforming av lokale

Departementet føreslo i høyringsnotatet at gjeldande forskriftsheimel i krisesenterlova § 2 sjette ledd blir utvida til å gi forskrift om fysisk utforming av lokale. Departementet har etter høyringa kome til at forslaget ikkje blir følgt opp vidare. Dette må sjåast i samanheng med at kommunane står fritt til å vurdere korleis krisesentertilbodet skal organiserast. Staten kan og bør stille krav til kva for tenester kommunane skal levere, og kva for kvalitet dei skal ha, men ikkje styre kommunane på innsatsfaktorar eller andre detaljkrav. Ein eventuell heimel til å gi forskrift om krav til fysisk utforming av lokale frå statleg hald blir vurdert å vere unødvendig detaljstyring.

Til forsida