1 Hovudinnhaldet i proposisjonen
Barne- og familiedepartementet legg med dette fram forslag til endringar i lov 19. juni 2009 nr. 44 om kommunale krisesentertilbod (krisesenterlova). Føremålet er å leggje til rette for eit krisesentertilbod der kvinner, menn og barn utsette for vald i nære relasjonar får eit heilskapleg tilbod som er tilpassa behova og livssituasjonen deira.
Departementet føreslår at det blir tydeleggjort i lova at kommunen har plikt til å sørgje for likeverdige alternative krisesentertilbod for brukarar som ikkje kan nytte det vanlege butilbodet ved krisesenteret. For å gi eit betre krisesentertilbod til samiske kvinner, menn og barn, føreslår departementet å lovfeste at dei særskilde rettane til den samiske befolkninga skal varetakast i krisesentertilbodet. Departementet føreslår vidare at det i lova blir tydeleggjort at oppfølginga i reetableringsfasen skal skje i samarbeid med andre deler av tenesteapparatet. I tillegg føreslår departementet ei ny føresegn om tilgangen til å behandle personopplysningar i krisesentertilbodet, og ei ny føresegn om oppslag mot Folkeregisteret og tilgang til teiepliktige opplysningar. Forslaga til endringar av krisesenterlova går fram av punkt 9 til 12 i proposisjonen.
Punkt 5 til 8 i proposisjonen er ein meldingsdel som skildrar einskilde tiltak for å støtte opp under kommunane si faglege og organisatoriske utvikling av krisesentertilbodet. Vald i nære relasjonar er eit stort samfunnsproblem, med betydelege kostnadar for dei som er utsette og for samfunnet. Krisesentertilbodet er eit av dei viktigaste vernetilboda for dei som er utsette for vald i nære relasjonar. Det er viktig å leggje til rette for ei god utvikling av krisesentertilbodet framover, noko som krev at kommunane har eit aktivt eigarskap til den faglege utviklinga og styrkinga av krisesentertilbodet. Meldingsdelen drøfter krisesentertilbodet som ei sentral førebyggjande kommunal teneste, og understrekar behovet for god leiing og styring frå kommunen si side, gjennomføring av internkontroll og oppfølging gjennom tilsyn. Utfordringar med den geografiske tilgjengelegheita til krisesentertilbodet blir òg drøfta. Det blir peikt på at det er behov for fleksible løysingar i kommunane for å sikre at tilbodet er tilgjengeleg for målgruppa i heile landet.