Prop. 122 L (2024–2025)

Endringar i krisesenterlova (tydeleggjering av det kommunale ansvaret og grunnlag for behandling av personopplysningar m.m.)

Til innhaldsliste

2 Bakgrunnen for lovforslaget

2.1 Krisesentertilbodet og behovet for styrking

Krisesentera spring ut av kvinnerørsla som på 1970-talet retta merksemda mot kvinnemishandling og mangel på offentlege løysningar for kvinner utsette for vald i heimen. Krisesentera byrja å etablere seg i Noreg på slutten av 1970-talet og utover 1980-åra. Dei vaks fram som lågterskel private tilbod basert på kvinnefellesskap, rundt prinsippet om at valdsutsette kvinner treng eit trygt husvære og støtte frå andre kvinner. Den første statlege finansieringsordninga for krisesentera kom i 1982.

Frå 2010 vart krisesentertilbodet gjort til eit kommunalt ansvar, regulert i krisesenterlova, som tok til å gjelde 1. januar 2010. Føremålet med lova er å sikre eit godt og heilskapleg krisesentertilbod til kvinner, menn og barn som er utsette for vald eller truslar om vald i nære relasjonar. Lovfestinga gjorde det tydeleg at det er eit offentleg ansvar å sørgje for at personar som er utsette for vald i nære relasjonar, får vern, hjelp og oppfølging. Finansieringa vart då lagt til kommuneramma. Krisesenterlova har bidratt til at tilbodet har utvikla seg til å bli eit meir fagleg, systematisk og profesjonalisert hjelpetiltak for kvinner, menn og barn utsette for vald.

Kommunane står fritt til å velje korleis tilbodet skal organiserast, og dei fleste krisesentera er eigde eller drifta av fleire kommunar i samarbeid. I 2023 var halvparten av dei 43 krisesentera organiserte som kommunal verksemd, ni senter som interkommunale selskap (IKS), seks som stiftingar og sju som frivillige organisasjonar, som kommunar kjøper krisesentertenester av.

Krisesentertilbodet i Noreg er godt, men dei seinare åra er det gjennom Krisesenterstatistikk til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir), Riksrevisjonen sin forvaltningsrevisjon av innsatsen til styresmaktene mot vald i nære relasjonar, merknadar frå internasjonale organisasjonar, forsking og innspel frå feltet, avdekt svakheiter i tilbodet. Det er peikt på at krisesentertilbodet er dårleg tilpassa einskilde grupper. Dette omfattar mellom anna den samiske befolkninga, valdsutsette menn og barna deira, personar med rusmiddelproblem eller alvorlege psykiske lidingar, og personar med funksjonsnedsetjing. Vidare er det avdekt svakheiter i den heilskaplege oppfølginga av brukarane i tenesteapparatet, særleg i reetableringsfasen. Det er òg peikt på at samtykke som grunnlag for å behandle personopplysningar, ikkje blir vurdert som eit eigna grunnlag på krisesenterområdet. Departementet viser til utfyllande gjennomgang av kunnskapsgrunnlaget under punkt 2.2.

For å møte desse utfordringane, har det vorte sette i verk ulike tiltak. Tilskotsordninga Tilskot til tiltak mot vald og overgrep vart i 2020 utvida slik at kommunar kan søkje om utviklingsmidlar for å styrkje krisesentertilbodet til særleg utsette grupper valdsutsette. Tilskotsordninga har bidratt til å finansiere tiltak for å leggje krisesentertilbodet til rette for den samiske befolkninga og for valdsutsette med rusmiddelproblem og psykiske helseutfordringar. Vidare gir departementet årlege føringar for kva statsforvaltarane skal leggje særleg vekt på i sitt tilsyn, med mål om at tilsynet blir meir målretta. Aktuelle tema har vore tilbodet til valdsutsette med rusmiddelproblem, psykiske lidingar eller funksjonsnedsetjingar, oppfølging i reetableringsfasen, tilbodet til menn og barna deira, og oppfølging i reetableringsfasen.

Nyare kunnskap om krisesentertilbodet viser at desse tiltaka i mindre grad enn ønskjeleg har bidratt til å betre tilbodet, sjå punkt 2.2, og at reint pedagogiske og økonomiske verkemidlar i seg sjølv ikkje har vore tilstrekkeleg. På denne bakgrunn har departementet kome til at det òg er behov for å gjere nokre rettslege grep for å få tydelegare fram kva som ligg i ansvaret til kommunane etter krisesenterlova. Det er eit mål at dette vil bidra til å avklare ansvarstilhøvet mellom kommunane og krisesentera. Når lova blir tydelegare, blir det enklare for statsforvaltaren å vurdere nivået på tenesta og føre målretta tilsyn.

Når det er sagt, vil nok ikkje rettslege grep åleine vere tilstrekkelege for å vidareutvikle krisesentertilbodet. Vald i nære relasjonar er eit stort samfunnsproblem, med store kostnadar for den einskilde og samfunnet. Krisesentertilbodet er eit sentralt hjelpetilbod og ei viktig førebyggjande kommunal teneste. Det er viktig å leggje til rette for at kommunane har eit aktivt eigarskap til krisesentertilbodet, og støtte opp under kommunane i deira faglege utvikling av tilbodet.

2.2 Utfordringar som er avdekte i krisesentertilbodet

Boks 2.1 Brukarane av krisesentertilbodet i 2023

Bufdir publiserer årleg Tall og statistikk fra krisesentrene i norske kommuner (Krisesenterstatistikken). Føremålet med statistikken er å bidra til kunnskap om innhaldet i krisesentertilbodet, og om brukarane av tilbodet, til bruk for nasjonale styresmakter og kommunar i vidareutvikling av tilbodet, og til forsking og kunnskapsutvikling på området.

  • Det var 2 193 vaksne bebuarar på krisesentera i 2023 og 62 prosent av dei hadde innvandrarbakgrunn. Nærmare 90 prosent av bebuarane var kvinner.

  • Det budde 1 544 barn på krisesenter i 2023. Opphalda deira varte i gjennomsnitt i 28 døgn og gjennomsnittsalderen var 7 år. 61 prosent av barna hadde innvandrarbakgrunn og 11 prosent hadde ei funksjonsnedsetjing. 14 prosent av barna hadde opphelde seg på eit krisesenter tidlegare.

  • 3 060 kvinner, 285 menn og 324 barn brukte dagtilbodet. I tillegg vart det registrert 7 268 einesamtalar på telefon. Ein tredel av einesamtalane vart gjennomførte på telefon på grunn av lang reiseavstand til nærmaste krisesenter.

  • Dei vanlegaste formene for vald for dei som tok kontakt med eit krisesenter var psykisk vald, fysisk vald og truslar, og dei fleste var utsette for fleire typar vald. I tillegg hadde ein del opplevd negativ sosial kontroll, økonomisk vald, materiell vald, seksuell vald, digital vald og æresrelatert vald.

  • 3 av 4 vaksne bebuarar og vel 8 av 10 dagbrukarar oppgav at valdsutøvar var anten noverande eller tidlegare ektefelle, sambuar eller kjærast.

  • 9 av 10 brukarar hadde vore utsette for vald av ein mann. 65 prosent av dei mannlege bebuarane hadde vore utsette for vald av ei kvinne.

Velferdsforskingsinstituttet NOVA evaluerte i 2014 implementeringa av krisesenterlova i kommunane. Rapporten Krisesentertilbudet i kommunene. Evaluering av kommunenes implementering av krisesenterloven av Bakketeig et al. (NOVA rapport 19/14), konkluderte med at kommunane var i ferd med å oppfylle den lovfesta plikta til å sikre eit krisesentertilbod av god kvalitet for valdsutsette. Samstundes vart det peikt på at krisesentertilbodet var dårleg tilpassa valdsutsette menn og barna deira, personar med rusmiddelproblem eller alvorlege psykiske lidingar, og personar med funksjonsnedsetjing. Evalueringa viste vidare svakheiter i den heilskaplege oppfølginga av brukarane gjennom samordning av tiltak mellom krisesentertilbodet og andre delar av tenesteapparatet, og at krisesentera opplevde ansvarstilhøva i reetableringsfasen som uavklarte. Evalueringa viste òg til at det er behov for ein auka innsats for å sikre at alle kommunane tek sitt lovpålagde ansvar.

Nordlandsforskning og Likestillingssenteret KUN gav i 2019 ut ei kunnskapsoversikt om krisesentertilbodet, sjå Kommunenes krisesentertilbud – En kunnskapsoversikt av Bliksvær et al. (NF rapport nr.: 13/2019). Rapporten bekreftar mykje av det evalueringa til NOVA avdekte når det gjeld tilbodet til menn og barna deira, utsette med funksjonsnedsetjing og utsette med rusmiddelproblem eller psykiske lidingar. Det er vidare i rapporten trekt fram at seksuelle minoritetar og samiske utsette heller ikkje får eit godt nok tilbod. Det er òg peikt på at barn på krisesenter ofte får avbrot i barnehage- eller skulegang, og at sentera i for liten grad er tilpassa eldre barn.

I NOU 2020: 17 Varslede drap? gjekk Partnardrapsutvalet gjennom saker om drap der gjerningspersonen var dåverande eller tidlegare partnar, og gav tilrådingar om kva som kan bidra til å førebyggje slike drap i framtida. Utvalet såg at dei offera som hadde vore på krisesenter hadde fått relativt god oppfølging. Utvalet peiker likevel på manglande kommunikasjon og varsling til politiet og barnevernet, manglande oppfølging etter utflytting frå senteret, manglande bruk av tolk, manglande oppfølging av barn og manglande journalføring og dokumentasjon.

I 2022 publiserte NORCE og NKVTS rapporten Krisesenter – kommunenes arbeid og oppfølging i reetableringsfasen av Jahnsen et al. (Rapport nr. 20-2022, NORCE Helse og samfunn). Rapporten konkluderer med at kommunane som har den mest aktive tilnærminga til krisesentertilbodet er vertskommunane der samarbeidet med andre kommunar har blitt forankra på eit overordna administrativt nivå. Rapporten viser at det ofte er ein ubalanse mellom utgiftene og engasjementet til vertskommunane og til samarbeidskommunane. Rapporten skildrar vidare hjelpa til både vaksne og barn i reetableringsfasen som til tider fragmentert, avgrensa og uoversiktleg. Det kjem vidare fram av rapporten at hjelpeapparatet er avhengig av at krisesentera er pådrivarar i reetableringsarbeidet.

GREVIO, overvakingskomitéen for Europarådets konvensjon av 11. mai 2011 nr. 22 om forebygging og bekjempelse av vold mot kvinner og vold i nære relasjoner CETS 210 (Istanbul-konvensjonen), evaluerte i 2022 Noreg si oppfølging av konvensjonen (GREVIO/Inf(2022)30). Dei peiker på ei ujamn geografisk dekning, særleg i distrikta. Dei trekkjer fram at særleg samiske kvinner kan ha vanskar med å få eit tilbod. GREVIO peiker òg på manglar i tilbodet til kvinner med rusmiddelproblem, psykiske lidingar eller funksjonsnedsetjingar.

Riksrevisjonen publiserte i 2022 ei undersøking av innsatsen til styresmaktene mot vald i nære relasjonar, jf. Dokument 3:8 (2021−2022). Riksrevisjonen konkluderer med at det er variasjonar i korleis kommunane følgjer opp krisesenterlova. Fleire kommunar oppfyller ikkje krava i forskrift 7. mars 2017 nr. 282 om fysisk sikkerheit i krisesentertilbodet (sikkerheitsforskrifta) § 4, som regulerer plikta til å gjennomføre individuelle sikkerheitstiltak. Vidare blir det peikt på at samarbeidet med ulike tenestetilbod i kommunane er utilstrekkeleg fordi fleire krisesenter ikkje har skriftlege samarbeidsavtalar med andre kommunale tenester. Riksrevisjonen merkar seg at det er lang avstand til krisesentera i delar av landet, slik at det for einskilde valdsutsette er utfordrande å nytte seg av tilbodet. I tillegg peiker Riksrevisjonen på at nokre krisesenter er lavt bemanna, og at nokre manglar døgnbemanning.

CEDAW,FNs komité for FNs konvensjon om avskaffelse av alle former for diskriminering av kvinner (KDK), observerte i 2023 variasjon i korleis kommunane følgjer opp krisesenterlova, noko dei meiner hindrar eit likeverdig tilbod for valdsutsette over heile landet (CEDAW/C/NOR/CO/10). Komitéen tilrådde i sine konkluderande merknadar til Noreg sin tiande rapport til komitéen styresmaktene til å løyve nok ressursar til krisesentertilbodet, samt å reetablere det samiske krisesentertilbodet i Finnmark.

2.3 Konsultasjon med Sametinget

I forkant av den alminnelege høyringa 14. juni 2024, vart det avklart at det var behov for konsultasjonar med Sametinget i samband med arbeidet med å greie ut forslag til endringar i krisesenterlova. Departementet har på denne bakgrunn konsultert med Sametinget undervegs om lovforslaget i denne proposisjonen, og det har vore fleire møte om saka. Sametinget har fått seg førelagt utkast til lovproposisjon, og fått høve til å uttale seg om lovforslaget. Konsultasjonane har vore prega av godt samarbeid og konstruktiv dialog mellom Sametinget og departementet.

Sametinget har vore særleg opptatt av språkrettar i krisesentertilbodet. Sametinget har mellom anna peikt på at kommunar innanfor språkforvaltningsområdet som vel å ha eit krisesentertilbod utanfor språkforvaltningsområdet, bør sikre språkrettane til deira innbyggjarar. Sametinget meiner at lov 12. juni 1987 nr. 56 om Sametinget og andre samiske rettsforhold (sameloven) § 3-5 om utvida rett til bruk av samisk i helse- og omsorgsinstitusjonar, òg burde gjelde krisesentertilbodet. Sametinget har òg understreka språkrettar til samiske barn, jf. sameloven § 3-8 om rett til opplæring i samisk, og FNs konvensjon om barnets rettigheter (BK) artikkel 30 om rettar til språklege minoritetar. Sametinget har peikt på at det finst mange barn, særleg før skulealderen, som berre snakkar samisk. Vidare har Sametinget peikte på utfordringar med at mange i samiske område har lang reiseveg til krisesentera. Sametinget har oppfordra departementet til å sjå på ulike formar for samarbeid mellom kommunale tenester for å sikre beredskap dersom nokon som treng å kome seg til krisesenter, ikkje har tilgang til transport.

Sametinget og departementet er i all hovudsak samde om innhaldet i lovforslaget.

2.4 Oppmodingsvedtak

Stortinget har dei seinare år fatta fleire oppmodingsvedtak som gjeld krisesentertilbodet. I proposisjonen blir følgjande oppmodingsvedtak følgt opp:

Vedtak nr. 1124 fatta 3. juni 2021 i samband med behandlinga av eit representantforslag om ei førebyggings- og behandlingsreform på rusfeltet, jf. Dok. 8:119 S (2020–2021) og Innst. 578 S (2020–2021), som lyder:

«Stortinget ber regjeringen sikre at òg personer i aktiv rus har tilgang til et krisesentertilbud med ansatte som har tverrfaglig kompetanse på rus og vold, enten i tilknytning til eksisterende krisesentre eller som selvstendig tilbud.»

Vedtak nr. 592 fatta 30 mai 2022 i samband med behandlinga av eit representantforslag styrkt, likeverdig, heilårsope og døgnbemanna krisesentertilbod over heile landet, jf. Dok. 8:135 S (2021–2022), jf. Innst. 339 S (2021–2022), som lyder:

«Stortinget ber regjeringen se til at krisesentertilbudet til den samiske urbefolkningen bedres, og orientere Stortinget på egnet vis.»

Vedtak nr. 782 fatta 7. juni 2023 i samband med behandlinga av eit representantforslag om krisesentertilbodet for kvinner i aktiv rus, jf. Dok. 8:168 S (2022–2023) og Innst. 474 S (2022–2023), som lyder:

«Stortinget ber regjeringen fremme forslag om endringer i krisesenterlova, der kommunens ansvar for krisesentertilbudet til utsatte grupper tydeliggjøres.»

Vidare er følgjande oppmodingsvedtak omtalt:

Vedtak nr. 783 fatta 7. juni 2023 i samband med behandlinga av eit representantforslag om krisesentertilbodet for kvinner i aktiv rus, jf. Dok. 8:168 S (2022–2023) og Innst. 474 S (2022–2023), som lyder:

«Stortinget ber regjeringen oppdatere veilederen til krisesenterlova slik at den tydeligere omhandler krisesentertilbudet til utsatte grupper. Dette arbeidet forutsettes igangsatt straks endringer i krisesenterlova er vedtatt.»

Vedtak nr. 615 fatta 7. mai 2024 i samband med behandlinga av opptrappingsplan mot vald og overgrep mot barn og vald i nære relasjonar, jf. Prop. 36 S (2023–2024) og Innst. 259 S (2023–2024), som lyder:

«Stortinget ber regjeringen i forbindelse med revidert nasjonalbudsjett for 2024 utrede og fremme forslag til tilstrekkelige lovhjemler som sikrer at kostnader knyttet til reiser til og fra krisesenter blir dekket.»

Departementet viser til omtale og oppfølging av oppmodingsvedtaka under punkt 7, 9 og 10.

2.5 Høyringa

Barne- og departementet sende 14. juni 2024 forslag til endringar i krisesenterlova på offentleg høyring, med høyringsfrist 16. september 2024. Høyringsnotatet vart sendt til følgjande høyringsinstansar:

  • Departementa

  • Høgsterett

  • Lagmannsrettane

  • Tingrettane

  • Arbeids- og velferdsdirektoratet

  • Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet – Bufdir

  • Barneombodet

  • Diskrimineringsnemnda

  • Domstoladministrasjonen

  • Folkehelseinstituttet

  • Foreldreutvalet for barnehagar

  • Foreldreutvalet for grunnopplæringa

  • Helsedirektoratet

  • Integrerings- og mangfaldsdirektoratet – IMDi

  • Kompetansesenter for rusfeltet Bergen

  • Kompetansesenter for rusfeltet midt

  • Kompetansesenter for rusfeltet nord

  • Kompetansesenter for rusfeltet Oslo

  • Kompetansesenter for rusfeltet Stavanger

  • Kompetansesenter for rusfeltet sør

  • Kompetansesenter for rusfeltet øst

  • Konfliktrådet Agder

  • Konfliktrådet Finnmark

  • Konfliktrådet Innlandet

  • Konfliktrådet Møre og Romsdal

  • Konfliktrådet Nordland

  • Konfliktrådet Oslo

  • Konfliktrådet Sør-Vest

  • Konfliktrådet Sør-Øst

  • Konfliktrådet Troms

  • Konfliktrådet Trøndelag

  • Konfliktrådet Vest

  • Konfliktrådet Øst

  • Kontoret for valdsoffererstatning

  • Kriminalomsorgsdirektoratet

  • Likestillings- og diskrimineringsombodet – LDO

  • Nasjonal kompetansetjeneste for barn og unge med funksjonsnedsettelser – NKBUF

  • Nasjonalt samisk kompetansesenter – NASAK

  • Politidirektoratet

  • Politidistrikta

  • Regionale ressurssentre om vold, traumatisk stress og selvmordsforebygging, Midt

  • Regionale ressurssentre om vold, traumatisk stress og selvmordsforebygging, Nord

  • Regionale ressurssentre om vold, traumatisk stress og selvmordsforebygging, Sør

  • Regionale ressurssentre om vold, traumatisk stress og selvmordsforebygging, Vest

  • Regionale ressurssentre om vold, traumatisk stress og selvmordsforebygging, Øst

  • Regionsentrene for barn og unges psykiske helse – Region Midt-Norge

  • Regionsentrene for barn og unges psykiske helse – Region Nord

  • Regionsentrene for barn og unges psykiske helse – Region Vest

  • Regionsentrene for barn og unges psykiske helse – Region Øst og Sør

  • Regjeringsadvokaten

  • Riksadvokatembetet

  • Sekretariatet for konfliktråda

  • Statens barnehus Bergen

  • Statens barnehus Kristiansand

  • Statens barnehus Oslo

  • Statens barnehus Sandefjord

  • Statens barnehus Stavanger

  • Statens barnehus Tromsø

  • Statens barnehus Ålesund

  • Statens helsetilsyn

  • Statens sivilrettsforvaltning

  • Statsforvaltarane

  • Støttesenter for kriminalitetsutsette

  • Sysselmeisteren på Svalbard

  • Utdanningsdirektoratet

  • Utlendingsdirektoratet

  • Noregs institusjon for menneskerettar – NIM

  • Sametinget

  • Fylkeskommunane

  • Kommunane

  • Alta krisesenter

  • Drammen krisesenter

  • Gjøvik krisesenter

  • Glåmdal interkommunale krisesenter

  • Gudbrandsdal krisesenter

  • Hallingdal og Valdres familie- og krisesenter

  • Hamar interkommunale krisesenter

  • Harstad krisesenter

  • Helgeland krisesenter

  • Indre Østfold krisesenter

  • Kongsberg krisesenter

  • Krise- og incestsenteret i Follo

  • Krise- og incestsenteret i Fredrikstad

  • Krisesenter for Bergen og omegn

  • Krisesenter for Sunnmøre

  • Krisesenter Halden

  • Krisesenter Vest

  • Krisesenteret Asker, Bærum og Lier

  • Krisesenteret for Molde og omegn

  • Krisesenteret for Orkdal og omegn

  • Krisesenteret for Tromsø og omegn

  • Krisesenteret i Midt-Troms

  • Krisesenteret i Moss

  • Krisesenteret i Rana

  • Krisesenteret i Salten

  • Krisesenteret i Stavanger

  • Krisesenteret i Telemark

  • Krisesenteret Vesterålen

  • Krisesenteret i Vestfold

  • Narvik og omegn krisesenter

  • Norasenteret

  • Nord-Trøndelag krisesenter

  • Nordmøre krisesenter

  • Oslo krisesenter og kompetansesenter

  • Ringerike krise- og kompetansesenter

  • Romerike krisesenter

  • Sarpsborg krisesenter

  • Stiftelsen Sørlandet krisesenter

  • Stiftinga Krisesenteret i Sogn og Fjordane

  • Sør-Helgeland krisesenter

  • Trondheim krisesenter

  • Vest-Finnmark krisesenter

  • Østre Agder krisesenter

  • Dei regionale helseføretaka

  • Overgrepsmottaka

  • Samisk nasjonal kompetansetjeneste – psykisk helsevern og rus – SANKS

  • Actis – Rusfeltets samarbeidsorgan

  • Advokatforeningen

  • Alternativ til Vold

  • Amnesty Norge

  • Antirasistisk senter

  • Arbeidsforskningsinstituttet AFI

  • Barn av rusmisbrukere – BAR

  • By- og regionforskningsinstituttet NIBR

  • Den norske kirke – Kirkerådet

  • DIXI ressurssenter mot voldtekt

  • Forandringsfabrikken

  • Forskningsstiftelsen Fafo

  • Foreningen 2 Foreldre

  • FRI – Foreningen for kjønns- og seksualitetsmangfold

  • Funksjonshemmedes fellesorganisasjon – FFO

  • Gáldu – kompetansesenter for urfolks rettigheter

  • Gatejuristen i Bergen

  • Gatejuristen i Kristiansand

  • Gatejuristen i Oslo

  • Gatejuristen i Stavanger

  • Gatejuristen i Tromsø

  • Gatejuristen i Trondheim

  • Hjelpekilden Norge

  • Hvite Ørn Norge

  • Islamic Cultural Centre Norway

  • Islamsk Råd Norge

  • Jordmorforeningen

  • Juridisk rådgivning for kvinner – JURK

  • Juristforbundet

  • Jussbuss

  • Jussformidlingen i Bergen

  • Kirkens SOS

  • Krisesentersekretariatet

  • KS – Kommunesektorens organisasjon

  • Kvinnefronten

  • Kvinnegruppa Ottar

  • Kyrkjelege fellesråd

  • Landsforeningen for barnevernsbarn

  • Landsforeningen mot seksuelle overgrep

  • Landsforeningen We Shall Overcome

  • Legeforeningen

  • Likestilling, Integrering, Mangfold – LIM

  • Likestillingssenteret

  • Likestillingssenteret KUN

  • Mannsforum

  • Mental Helse Norge

  • Mental Helse Ungdom

  • MiRA-Senteret

  • Muslimsk Dialognettverk

  • Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress – NKVTS

  • Nok. Agder

  • Nok. Bergen

  • Nok. Drammen

  • Nok. Elverum

  • Nok. Gjøvik

  • Nok. Hamar

  • Nok. Møre og Romsdal

  • Nok. Nordland

  • Nok. Norge

  • Nok. Oslo

  • Nok. Sogn og Fjordane

  • Nok. Sør-Vest

  • Nok. Trondheim

  • Nok. Trøndelag

  • Nordlandsforskning

  • Norges Kristne Råd

  • Norges Kvinne- og familieforbund

  • Norges kvinnelobby

  • Norsk organisasjon for asylsøkere – NOAS

  • Norsk psykologforening

  • Norsk sykepleierforbund

  • Norske kvinnelige juristers forening – NKL

  • Norske Kvinners Sanitetsforening

  • Nasjonalt utviklingssenter for barn og unge – NUBU

  • Organisasjonen mot offentlig diskriminering

  • Pensjonistforbundet

  • Redd Barna

  • Reform – ressurssenter for menn

  • Rehabilitation International Norge

  • Rettspolitisk forening

  • Rusfeltets hovedorganisasjon

  • Røde Kors

  • Rådet for psykisk helse

  • Samarbeidsforumet av funksjonshemmedes organisasjoner – SAFO

  • Samarbeidsrådet for tros- og livssynssamfunn

  • Sámi NissonForum – SNF

  • Senior Norge

  • Senter for likestilling

  • Senteret for seksuelt misbrukte menn

  • Sex og politikk

  • Skeiv ungdom

  • Skeiv Verden

  • SMISO Telemark

  • SMISO Troms

  • SMISO Vestfold

  • Stine Sofies Stiftelse

  • Ungdom og fritid

  • Unge funksjonshemmede

  • Utsatt mann

  • Velferdsforskningsinstituttet NOVA

  • Voksne for Barn

Følgjande høyringsinstansar har hatt realitetsmerknadar:

  • Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet – Bufdir

  • Barneombodet

  • Helsedirektoratet

  • Integrerings- og mangfaldsdirektoratet – IMDi

  • Likestillings- og diskrimineringsombodet – LDO

  • Nasjonalt samisk kompetansesenter – NASAK

  • Oslo politidistrikt

  • Politidirektoratet

  • Regionale ressurssentre om vold, traumatisk stress og selvmordsforebygging Midt

  • Regionale ressurssentre om vold, traumatisk stress og selvmordsforebygging Nord

  • Regionale ressurssentre om vold, traumatisk stress og selvmordsforebygging Øst, Midt og Sør

  • Statsforvaltaren i Innlandet

  • Sør-Øst politidistrikt

  • Noregs institusjon for menneskerettar – NIM

  • Akershus fylkeskommune

  • Alta kommune

  • Arendal kommune

  • Bergen kommune

  • Bergen kommune – Kommunalt råd for personer med funksjonsnedsettelse

  • Brønnøy kommune

  • Horten kommune – Råd for personer med funksjonsnedsettelse

  • Hurdal kommune

  • Indre Østfold kommune

  • Lillestrøm kommune

  • Lørenskog kommune

  • Nesodden kommune

  • Oslo kommune

  • Oslo kommune – Thereses hus

  • Oslo kommune – Utvalget for kjønns- og seksualitetsmangfold

  • Rælingen kommune

  • Stjørdal kommune

  • Sykkylven kommune

  • Tromsø kommune

  • Trondheim kommune

  • Trygg voksenvern Mosseregionen

  • Ålesund kommune

  • Alta krisesenter

  • Gjøvik krisesenter IKS

  • Helgeland krisesenter

  • Kongsberg krisesenter

  • Krise- og incestsenter i Follo

  • Krise- og incestsenter i Fredrikstad

  • Krisesenter Vest

  • Krisesenteret Asker, Bærum og Lier

  • Krisesenteret for Molde og omegn IKS

  • Krisesenteret for Sunnmøre

  • Krisesenteret i Midt-Troms

  • Krisesenteret i Moss

  • Krisesenteret i Rana

  • Krisesenteret i Salten

  • Krisesenteret i Telemark

  • Krisesenteret i Vestfold

  • Norasenteret IKS

  • Nordmøre krisesenter IKS

  • Nord-Trøndelag krisesenter

  • Oslo krisesenter

  • Romerike krisesenter IKS

  • Stiftelsen Sørlandet krisesenter

  • Stiftinga Krisesenteret i Sogn og Fjordane

  • Actis – rusfeltets samarbeidsorgan

  • Aldri alene

  • Alternativ til Vold

  • Caritas Norge

  • Den norske kirke, Kirkerådet

  • Felles innspill fra 14 organisasjoner

  • FRI – Foreningen for kjønns- og seksualitetsmangfold og PKI – Pasientorganisasjonen for Kjønnsinkongruens

  • Funksjonshemmedes fellesorganisasjon – FFO

  • Helsesykepleierne i Norsk Sykepleierforbund

  • Hjelp meg stoppe volden

  • Huset Bergen AS

  • Juridisk rådgivning for kvinner – JURK

  • KS – Kommunesektorens organisasjon

  • Krisesentersekretariatet

  • Likestillingssenteret

  • Likestillingssenteret KUN

  • Mannsforum

  • Mental Helse Ungdom

  • MiRA-Senteret

  • Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress – NKVTS

  • Norges kvinnnelobby

  • Norges Røde Kors

  • Norsk Kvinnesaksforening

  • Norske Kvinners Sanitetsforening

  • Pro Senteret

  • Pårørendesenteret i Oslo – PIO

  • Redd Barna

  • Reform – ressurssenter for menn

  • Rettspolitisk forening

  • Rusfeltets hovedorganisasjon

  • Rødt Leirfjord

  • Rådet for psykisk helse

  • Samfunnsbedriftene

  • Stiftelsen Kvinneuniversitetet i Norden

  • Stine Sofies Stiftelse

Følgjande høyringsinstansar uttalte at dei ikkje hadde merknadar:

  • Arbeids- og velferdsdirektoratet

  • Domstoladministrasjon

  • Forsvarsdepartementet

  • Klima- og miljødepartementet

Følgjande høyringsinstansar svara at dei ikkje ville gi høyringssvar:

  • Borgarting lagmannsrett

  • Diskrimineringsnemnda

  • Høgsterett

Departementet går ikkje nærmare inn på innspel frå høyringsinstansane som ikkje omhandlar, eller som ligg på sida av, forslaga til endringar i krisesenterlova.

Til forsida