6 Styrkje arbeidet til styresmaktene og samordninga mellom dei
6.1 Innleiing
God førebygging krev felles situasjonsforståing, risikovurdering, informasjonsdeling og samordning. Å førebyggje desinformasjon og annan informasjonspåverknad er utfordrande fordi det er vanskeleg å oppdage og skilje frå legitime ytringar, og fordi det kan skje over lang tid og har potensial til å ramme svært breitt.
Det er mange offentlege aktørar som jobbar for å styrkje motstandskrafta mot desinformasjon på ulike måtar. I totalberedskapsmeldinga gjorde regjeringa greie for korleis styresmaktene jobbar for å styrkje totalberedskapen, tydeleggjere roller og ansvar og samordne innsatsen mot påverknadsoperasjonar. 109
Det er ein styrke at mange ulike miljø jobbar mot eit felles mål med ulike utgangspunkt, innfallsvinklar og verkemiddel. Ei samansett utfordring krev samansette løysingar. Det føreset likevel ei klar ansvarsfordeling og at dei ulike miljøa deler kunnskap og samarbeider der det er formålstenleg.
Ansvarsprinsippet i offentleg forvaltning inneber at det å handtere desinformasjon og påverknad først og fremst er noko kvar enkelt verksemd og ramma sektor har ansvar for. Enkelte departement og etatar har likevel særlege ansvarsområde som er sentrale i arbeidet mot desinformasjon og påverknad.
Kommunane og fylkeskommunane har det lokale ansvaret for å vareta tryggleiken til befolkninga og førebyggje uønskte hendingar. 110 Beredskapsplikta til kommunane går fram av sivilvernlova. Vidare har kommunane og fylkeskommunane sentrale oppgåver innanfor samfunnstryggleik og beredskap. Desse oppgåvene inkluderer val, samferdsle, næringsutvikling, transportberedskap og vidaregåande opplæring. Sjølv om kommunar og fylkeskommunar ikkje har konkrete ansvarsoppgåver knytte til påverknad og spreiing av desinformasjon, speler dei ei viktig rolle når det gjeld å leggje til rette for god informasjon til innbyggjarane sine og sørgje for god beredskap.
I tillegg til offentlege verksemder er det svært mange aktørar i næringslivet og frivillig sektor som anten direkte eller indirekte bidreg til å styrkje motstandskrafta mot desinformasjon. Private verksemder kan til dømes både vere mottakarar av desinformasjon og bli misbrukte i spreiing av desinformasjon. Samtidig kan dei ha viktige roller som arbeidsgivarar eller som eigarar eller drivarar av plattformer der desinformasjon blir spreidd. Næringslivet kan bidra til motstandskraft gjennom mellom anna informasjonsdeling, utvikling av eigne algoritmar, etiske retningslinjer, ansvarleg marknadsføring og kompetanseutvikling. Både næringslivet og frivillig sektor kan bidra til å byggje tillit i samfunnet og spreie påliteleg informasjon.
Dette kapittelet beskriv utfordringane og presenterer tiltak for å styrkje og samordne det førebyggjande arbeidet og forslag til korleis styresmaktene kan bidra til eit ope og opplyst offentleg ordskifte på andre måtar.
Ansvar for desinformasjon og påverknad hos utvalde styresmakter
Justis- og beredskapsdepartementet har eit særskilt ansvar for å følgje opp og koordinere arbeidet mot samansette truslar (inkludert desinformasjon), og eit overordna ansvar for førebyggjande nasjonal tryggleik etter tryggingslova, på sivil side. Vidare har Justis- og beredskapsdepartementet ansvar for generell koordinering av tiltak mot påverknadsoperasjonar på sivil side og fagleg ansvar for samordning og krisehandtering i situasjonar der det er nødvendig.
Kultur- og likestillingsdepartementet har ansvar for å styrkje motstandskrafta mot desinformasjon. Det inneber eit ansvar for å styrkje det førebyggjande arbeidet og medverke til betre samordning av aktørar som bidreg til motstandskrafta på ulike vis. Ansvaret er avgrensa mot mandatet til EOS-tenestene når det gjeld ulovlege handlingar.
Kommunal- og distriktsdepartementet har det nasjonale ansvaret for gjennomføringa av val i Noreg. Dette inneber òg eit overordna ansvar for å koordinere tryggingstiltak ved val, inkludert tiltak mot valpåverknad.
Forsvarsdepartementet har ansvaret for utforming og iverksetjing av norsk tryggings- og forsvarspolitikk, også knytt til informasjonstruslar, i fred, krise og krig. Forsvarsdepartementet koordinerer strategisk kommunikasjon i sektoren og internasjonalt forsvarssamarbeid på området.
Utanriksdepartementet har ansvar for diplomatiske, utanrikspolitiske og tryggingspolitiske aspekt ved desinformasjon og påverknadsoperasjonar. Utanriksstasjonane sikrar og fremjar norske interesser i utlandet og rapporterer om forhold i dei enkelte vertslanda og regionane som kan påverke desse interessene.
Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet har ansvar for den statlege digitaliseringspolitikken, inkludert oppfølginga av digitaliseringsstrategien Fremtidens digitale Norge og digital utanforskap, for den statlege kommunikasjonspolitikken og for å fremje openheit og transparens i forvaltninga. Departementet har òg ansvar for fleire EU-rettsakter på digitaliseringsområdet, mellom anna KI-forordninga og DSA.
Barne- og familiedepartementet har ansvaret for å koordinere politikken for ein trygg digital oppvekst.
Kunnskapsdepartementet har ansvar for barnehagen og grunnopplæringa, der rammeplanen og læreplanverket fremjar mellom anna demokratiske verdiar, kritisk tenking og kjeldekritikk. Departementet har òg ansvar for forsking og høgare utdanning, som bidreg til at samfunnet har tilgang til oppdatert kunnskap av høg kvalitet og at forskingsetiske prinsipp blir tekne vare på.
Forsvaret skal forsvare Noreg og allierte, militære styrkar og operasjonar mot informasjonstruslar i fred, krise og krig. Forsvaret bidreg til det nasjonale avgjerdsgrunnlaget og koordinerer strategisk kommunikasjon med NATO, allierte og partnarar.
Politiets tryggingsteneste (PST) er den nasjonale innanlandske etterretnings- og tryggingstenesta. Dei skal førebyggje og etterforske alvorleg kriminalitet mot den nasjonale tryggleiken. Som ledd i dette skal dei identifisere, vurdere og handtere truslar knytte til framande statars verkemiddelbruk i Noreg. PST skal varsle om truslar mot tryggleiken i riket og levere avgjerdsstøtte om forhold i Noreg som kan true Noregs suverenitet, territoriale integritet, demokratiske styreform og andre nasjonale tryggingsinteresser.
Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) har ansvar for å kommunisere risiko- og kriseinformasjon og eigenberedskapsråd til befolkninga.
Nasjonalt tryggingsorgan (NSM) skal, innanfor rammene av tryggingslova og hovudinstruksen, gi informasjon, råd og rettleiing om førebyggjande tryggingsarbeid og krav til tiltak. Dette omfattar òg å gi informasjon og rettleiing om påverknadsoperasjonar mot verksemder som er underlagde tryggingslova. Nasjonalt tryggingsorgan er dessutan det nasjonale fagmiljøet for digital tryggleik og skal førebyggje cyberangrep.
Etterretningstenesta har ansvar for utanlandsetterretning og skal oppdage og varsle styresmaktene om informasjonstruslar mot nasjonal tryggleik frå framande statar og ikkje-statlege aktørar eller representantane deira.
Medietilsynet er det statlege tilsyns- og forvaltningsorganet på medieområdet. Medietilsynet skal leggje til rette for eit mangfald av redaktørstyrte journalistiske medium over heile landet og bidra til at befolkninga har ei kritisk medieforståing. Medietilsynet vil få eit forsterka mandat knytt til å styrkje motstandskrafta mot desinformasjon.
6.2 Utfordringar
6.2.1 Behov for å styrkje den førebyggjande innsatsen
Det finst ikkje noko enkelttiltak som åleine kan styrkje motstandskrafta mot desinformasjon. Mange aktørar innanfor ulike fagområde har verkemiddel som kan forsterke kvarandre og saman verke førebyggjande. Det er behov for å styrkje denne førebyggjande innsatsen og leggje til rette for ei felles situasjons- og risikoforståing knytt til bruk av desinformasjon mot Noreg og norske interesser.
6.2.2 Behov for at informasjon blir delt mellom relevante offentlege aktørar og næringslivet
Forsvarskommisjonen peikte på eit behov for ei betre felles situasjonsforståing og for å setje styresmaktene betre i stand til å omsetje trussel- og risikovurderingar til konkret politikk. 111
Totalberedskapskommisjonen peikte på behovet for at informasjon blir delt på tvers av sektorar og lokalt, regionalt og nasjonalt nivå. Det kan vere generell informasjon om framande statars intensjonar i Noreg, informasjon om metodar for spreiing av desinformasjon og informasjon om konkrete hendingar som det er grunn til å setje spørsmålsteikn ved. 112
Samansett verkemiddelbruk treffer på tvers av samfunnet, og det er nødvendig å leggje til rette for god informasjonsdeling, samordning og situasjonsforståing på tvers av sektorar, på alle forvaltningsnivå og med næringslivet.
Justis- og beredskapsdepartementet følgjer opp og koordinerer arbeidet regjeringa gjer mot samansette truslar, i nært samarbeid med Utanriksdepartementet og Forsvarsdepartementet. Det er òg etablert tverrdepartementale arenaer for koordinering som har til formål å auke situasjons- og trusselforståinga, mellom anna når det gjeld desinformasjon.
Utviklinga i trusselbiletet tilseier likevel at det er behov for at fleire sektorar og forvaltningsnivå har ei meir aktiv tilnærming til problemstillinga og har kanalar for å dele informasjon og erfaringar.
For å sikre ei betre felles situasjonsforståing kan det til dømes vere behov for meir informasjonsutveksling også mellom sivile aktørar og EOS-tenestene. Medan EOS-tenestene har svært god innsikt i ulike former for informasjonstruslar mot Noreg, kan sivile aktørar ha verdifull djupnekunnskap på sine felt, til dømes om korleis informasjon spreier seg i sosiale medium.
Internasjonalt samarbeid med nærståande land og multilaterale organ er òg nødvendig for å hauste erfaringar frå andre land og internasjonale organisasjonar.
6.3 Verkemiddel
Fleire av verkemidla styresmaktene har for å styrkje motstandskrafta mot desinformasjon, er omtalte i dei førre kapitla. Dei inkluderer verkemiddel for å sikre den offentlege samtalen, eit mangfald av redaktørstyrte medium, kjeldekritikk i skulen og kraftfull oppfølging av sosiale medium. Nedanfor omtaler vi verkemiddel som er meir direkte retta mot utfordringar knytte til desinformasjon.
6.3.1 Etterretnings- og tryggingstenestene
Politiets tryggingsteneste, Etterretningstenesta og Nasjonalt tryggingsorgan (EOS-tenestene) har mandat som på ulike måtar bidreg til motstandskrafta mot desinformasjon, mellom anna gjennom avgjerdsstøtte til styresmaktene og dei årlege trussel- og risikovurderingane, som bidreg til auka situasjonsforståing i befolkninga. Politiets tryggingsteneste skal mellom anna identifisere, vurdere og handtere truslar knytte til påverknadsoperasjonar frå framande statar. Frå og med 2024 har det vore straffbart å bidra i påverknadsoperasjonar på vegner av utanlandsk etterretning der dette kan skade store samfunnsinteresser. Politiets tryggingsteneste har òg høve til å lagre, systematisere og analysere ope tilgjengeleg informasjon til etterretningsformål. Politiets tryggingsteneste kan dermed utarbeide analysar og vurderingar for å gi avgjerdsstøtte i situasjonar der påverknadsoperasjonar kan true Noregs suverenitet, territoriale integritet, demokratiske styreform og andre nasjonale tryggingsinteresser.
Politiets tryggingsteneste, resten av politiet, Etterretningstenesta og Nasjonalt tryggingsorgan samarbeider for å styrkje den nasjonale evna til å oppdage og forstå samansette truslar, vurdere sårbarheiter og sikre god avgjerdsstøtte til styresmaktene, i mellom anna Nasjonalt etterretnings- og tryggingssenter mot samansette truslar (NESS).
6.3.2 Eigenberedskapsråda
I ei krise kan feil- og desinformasjon lett spreie seg. Det kan skje ved at krisa i seg sjølv skaper forvirring og misforståingar, men òg ved at nokon til dømes ønskjer å destabilisere samfunnet. Derfor er det viktig å vere nøye med å sjekke kjeldene ein får informasjon frå, og å tenkje over kva slags informasjon ein deler vidare. Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap reviderte eigenberedskapsråda i 2024, mellom anna etter dialog med Medietilsynet. No inkluderer eigenberedskapsråda òg råd om kjeldekritikk og korleis ein kan identifisere desinformasjon.
6.3.3 Særleg innsats mot uønskt påverknad av val
I forkant av dei siste stortings- og sametingsvala og kommunestyre- og fylkestingsvala har regjeringa sett ned ei arbeidsgruppe som har jobba med å styrkje motstandskrafta mot uønskt valpåverknad. Kommunal- og distriktsdepartementet har leidd gruppa, som har bestått av representantar frå relevante departement og verksemder, mellom anna etterretnings- og tryggingstenestene og Valdirektoratet. Sidan 2019 har gruppa førebudd ein tiltaksplan til kvart val med ulike tiltak som skal betre evna til å stå imot forsøk på påverknad.
Tiltaka har vore retta mot ulike målgrupper, som parti og kandidatar, styresmakter, media og befolkninga generelt. Det er til dømes gjennomført informasjonskampanjar om falske nyheiter og desinformasjon, det er gjennomført forskingsprosjekt om uønskt utanlandsk valpåverknad, og det er laga brosjyrar til kandidatar om personleg tryggleik. I tillegg har gruppa hatt ein viktig effekt som nettverk mellom aktørar som har ei rolle i val, noko som har bidrege til betre samordning av innsatsen.
Kommunal- og distriktsdepartementet sette i juni 2024 ned ei hurtigarbeidande ekspertgruppe som skulle sjå på kva generativ kunstig intelligens har å seie for sikre og demokratiske val. Arbeidsgruppa samanfatta erfaringar frå val som var gjennomførte i andre land i 2024, og la fram ein rapport i februar 2025. 113
I rapporten understrekar ekspertgruppa at det norske samfunnet har gode føresetnader for å stå imot demokratiske truslar, og at det er viktig å byggje vidare på og forsterke desse føresetnadene. Samtidig peiker dei på at informasjonslandskapet har endra seg som følgje av algoritmestyrte system, og at KI hovudsakleg bidreg til å forsterke truslar som allereie finst. Ekspertgruppa har lagt fram fleire tilrådingar som skal bidra til å redusere risikoen for at KI får negativ innverknad på val og demokrati. Tilrådingane rettar seg mot ulike sektorar, og den tidlegare omtalte tverrdepartementale arbeidsgruppa vil vere sentral i arbeidet med å følgje opp rapporten frå ekspertgruppa.
6.3.4 Hybridnettverket
I 2024 oppretta regjeringa eit hybridnettverk med representantar frå alle departementa. Målet med nettverket er å styrkje samordninga og kunnskapen om samansette verkemiddel og truslar, inkludert desinformasjon, i departementa og forvaltninga elles.
6.3.5 Internasjonale sanksjonar
Noreg har slutta opp om EUs sanksjonar mot Russland med enkelte nasjonale tilpassingar. Noreg har slutta opp om at personar og aktørar som er involverte i propaganda, skal førast på sanksjonslister. Desse personane og aktørane blir dermed underlagde økonomiske frystiltak, som mellom anna inneber at det er forbode å stille pengar og andre middel til rådvelde for dei. Personane blir òg underlagde reiserestriksjonar.
Døme på internasjonale initiativ og samarbeid
Spreiing av desinformasjon er eit internasjonalt problem. Internasjonalt samarbeid med nærståande land og internasjonale organisasjonar er nødvendig for å hauste erfaringar frå deira innsats mot desinformasjon og påverknadsarbeid.
NATO
NATO har dei siste åra, i samarbeid med allierte og partnarar, utvikla verktøy som skal gjere det lettare å forstå, analysere og handtere informasjonstruslar, der desinformasjon er eitt aspekt. NATO er jamleg utsett for informasjonskampanjar som prøver å manipulere oppfatninga av forsvarsalliansen og kva som er rolla til NATO, og å undergrave den offentlege tilliten til og samhaldet i alliansen.
NATO har òg utvikla kapasitetar til å kartleggje og analysere slike aktivitetar for å etablere ei god situasjonsforståing som støttar opp under handteringa av informasjonstruslar. Rettleiande for arbeidet er NATOs strategi for strategisk kommunikasjon 2025–2027, som er utvikla i samråd med allierte, og NATO’s Approach to Counter Information Threats. 114
Allierte speler ei viktig rolle i å støtte opp om den strategiske kommunikasjonen til alliansen. Det gjer dei mellom anna ved å samordne bodskapane sine om saker som er viktige for alliansen – som støtte til Ukraina – og ved å bruke ambassadenettverka sine i partnarlanda til NATO.
Det er òg oppretta eit uformelt nettverk for strategisk kommunikasjon på embetsnivå, NATO Rapid Response Group, der alle allierte kan dele informasjon om aktuelle informasjonstruslar og bestepraksis for å handtere desse, og der dei kan koordinere tiltak og eventuelle reaksjonar. Noreg deltek aktivt i gruppa. I tillegg finst det eit uformelt Senior Communicators Network på embetsnivå, som omfattar fleire norske departement, og som møtest jamleg for å diskutere strategisk kommunikasjon i alliansen.
Noreg deltek i tillegg i NATO sitt kompetansesenter for strategisk kommunikasjon i Riga. 115 Senteret spesialiserer seg mellom anna på analysar av desinformasjonskampanjar og -aktørar, påverknadsoperasjonar og utfordringar knytte til kunstig intelligens. Senteret skal bidra til å styrkje kapasitetar for strategisk kommunikasjon i NATO, i medlemslanda og i partnarland. Regjeringa har allereie vedteke å sende ein norsk sekondert til senteret. Det vil styrkje Noregs erfaringsutveksling med eit leiande, internasjonalt fagmiljø på feltet og på denne måten bidra til nasjonal kapasitetsbygging.
EU
EU har arbeidd aktivt mot desinformasjon gjennom fleire år, og la fram sin første handlingsplan mot hybride truslar – der desinformasjon er éin faktor – i 2016.
EUvsDisinfo 116 er ei eining som avslører utanlandsk desinformasjon og påviser faktafeil, og som fører ein database over funna sine. Eininga fokuserer særleg, men ikkje berre, på russisk og kinesisk desinformasjon. Arbeidet til EUvsDisinfo er offentleg tilgjengeleg, og databasen er lett å søkje i.
I 2023 vedtok EU ein tiltakspakke mot desinformasjon, den såkalla FIMI-verktøykassa. 117 Det er ei samling av moglege mottiltak som medlemslanda – og til ein viss grad EU-institusjonane – kan ta i bruk mot utanlandske informasjons- og påverknadsoperasjonar. I hovudsak er det medlemsstatane som har ansvaret for å setje inn slike tiltak, medan EU tilbyr støtte og samordning. Eitt døme på mottiltak er attribusjon – det vil seie at ein stat offentleg peiker ut kven som står bak ein operasjon. Gjennom FIMI-verktøykassa kan statar som vel å attribuere, få koordinerte solidaritetserklæringar frå EU for å forsterke effekten av tiltaket.
Å verne om demokratiet og dei felles verdiane våre er ei av sju overordna prioriteringar for den noverande Kommisjonen. I løpet av den inneverande mandatperioden vil Kommisjonen opprette eit «demokratiskjold» ( Democracy Shield ) som skal motverke utanlandsk informasjonsmanipulasjon og påverknad.
EU-samarbeidet om desinformasjon har så langt vore overvegande politisk og mellomstatleg, ikkje institusjonelt. Derfor har det vore forholdsvis lett for Noreg å slutte seg til europeiske initiativ frå sak til sak når det har vore ønskjeleg. Det vil vise seg om EU går i retning av meir forpliktande fellesløysingar i denne perioden. Det plar vere utgangspunktet til Kommisjonen når dei fremjar forslag.
UNESCO
UNESCO er FNs særorganisasjon for media og kommunikasjon, utdanning og vitskap. Dei har hovudansvar for å verne om ytringsfridom, motarbeide desinformasjon og sikre tilgang til faktabasert informasjon. UNESCOs innsats innanfor kommunikasjon og informasjon støttar sentrale aktørar i å sikre grunnleggjande menneskerettar – både på nettet og elles – mellom anna ved å fokusere på ytringsfridom og tryggleik for journalistar, medieutvikling og media i krisesituasjonar, medie- og informasjonskunnskap, digitale ferdigheiter, universell tilgang til informasjon, digital inkludering, digitale retningslinjer og digital transformasjon.
UNESCO arbeider med å utvikle rolla si i kampen mot desinformasjon, feilinformasjon og hatprat. Dei legg særleg vekt på korleis dei kan fremje og verne om ytringsfridom og sikre tilgang til faktabasert informasjon på ein meir effektiv måte.
OECD Hub on Information Integrity
OECD Hub on Information Integrity er ein del av OECDs breiare initiativ for å styrkje demokratiet og sikre at folk har tilgang til påliteleg og mangfaldig informasjon. Noreg var eit av dei første OECD-landa som støtta utviklinga av huben, som blei lansert i 2022. Huben fungerer som ei læringsplattform der medlemslanda kan utveksle data og bestepraksis. Gjennom initiativet deler landa informasjon om tiltak og strategiar. OECD gjennomfører analysar av offentlege styringstiltak og publiserer rapportar som gir innsikt i korleis ein kan forbetre informasjonsintegriteten. OECD gir medlemslanda tilgang til ressursar og verktøy som hjelper dei med å handtere globale informasjonsutfordringar. OECD utviklar òg rettleiingar og tilrådingar for å støtte implementeringa av politikk som fremjar informasjonsintegritet.
Open Government Partnership
Open Government Partnership (OGP) er eit internasjonalt samarbeid som Noreg var med på å etablere i 2010. Opphavleg deltok åtte land, og i dag har OGP rundt sytti medlemsland. OGP byggjer på prinsippet om at den beste måten å skape ei open, velfungerande og brukarvennleg forvaltning på er gjennom eit tett samarbeid mellom offentleg sektor og sivilsamfunnet. Gjennom OGP forpliktar Noreg seg til å gjere forvaltninga meir open ved å utarbeide handlingsplanar og rapportere om framdrifta. Den norske deltakinga i OGP blir koordinert av Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet, som la fram Noregs femte handlingsplan for OGP i 2024.
Freedom Online Coalition
Freedom Online Coalition (FOC) er ein mellomstatleg koalisjon som arbeider for å fremje eit ope og fritt internett med respekt for menneskerettane, særleg ytringsfridom, forsamlings- og foreiningsfridom og personvern. FOC har no 42 medlemsland. Medlemslanda møtest uformelt i ulike forum for å dele informasjon, utvikle felles strategiar og koordinere innsats for å fremje eit ope og fritt internett i tråd med menneskerettane. Nokre døme er koordinering under forhandlingane om Global Digital Compact i 2024, Internet Governance Forum (IGF) i Oslo i 2025 og World Summit on the Information Society (WSIS+20) i 2025.
6.4 Tiltak
6.4.1 Utvide mandatet til Medietilsynet
Regjeringa vil utvide mandatet til Medietilsynet for å styrkje motstandskrafta mot desinformasjon. Medietilsynet bidreg i dag i innsatsen for å nå samfunnsmåla om ytringsfridom, rettstryggleik og eit levande demokrati. Dei prioriterte arbeidsområda er å leggje til rette for eit sterkt mediemangfald og kritisk medieforståing i befolkninga.
Medietilsynet er godt eigna til å vurdere konsekvensane av desinformasjon opp mot konsekvensane av eventuelle mottiltak, både fordi dei har høg kompetanse i ytringsfridomsspørsmål, og fordi dei har ansvaret for å sikre mediemangfaldet.
Medietilsynet vil få rolla som kompetent styresmakt etter DSA, med ansvar for føresegner som handlar om innhald og ytringar, jf. omtale i kap. 3 Ansvarleggjere sosiale medium . Ein viktig del av oppgåva er å analysere og dokumentere kor godt sosiale medium og andre innhaldsplattformer etterlever regelverket, og sørgje for at eventuelle regelbrot blir følgde opp, i samarbeid med Kommisjonen og andre tilsynsorgan i EU.
I 2024 fekk Medietilsynet i oppdrag frå Kultur- og likestillingsdepartementet å greie ut ein metodikk for å vurdere korleis internettplattformene påverkar den offentlege samtalen i Noreg. Formålet er å skaffe eit kunnskapsgrunnlag om omfanget og spreiinga av desinformasjon på plattformene og korleis plattformene modererer dette innhaldet.
Medietilsynet vil i første omgang greie ut ein metodikk for å analysere korleis algoritmane på plattformene påverkar rekkjevidda til redaksjonelt innhald og feil- eller desinformasjon, og i kva grad plattformene handhevar eigne brukarvilkår for feil- og desinformasjon og inautentisk åtferd.
Gjennom eit utvida mandat og auka ressursar vil Medietilsynet bli rusta til å følgje opp dette oppdraget og andre oppgåver knytte til å styrkje motstandskrafta mot desinformasjon. Ansvaret vil innebere produksjon, innhenting og formidling av kunnskap om spreiinga av desinformasjon og dei samfunnsmessige effektane, med vekt på sosiale medium. Mandatet må sjåast i samanheng med arbeidet Medietilsynet alt gjer for mediemangfald og ytringsfridom.
Dei andre kapitla gjer nærmare greie for fleire av dei nye oppgåvene regjeringa foreslår for Medietilsynet.
6.4.2 Etablere ein ny rådsstruktur for beredskapsplanlegging og tilstandsvurderingar
I totalberedskapsmeldinga 118 har regjeringa varsla at det skal etablerast ein ny rådsstruktur for beredskapsplanlegging og tilstandsvurderingar på departementsnivå. Dette er eit viktig grep for å motverke samansette truslar, inkludert desinformasjon. Systematisk rapportering om tilstand og sårbarheiter frå ulike sektorar vil gi eit betre og meir heilskapleg grunnlag for ei styrkt situasjonsforståing i regjeringa. Den nye rådsstrukturen vil òg leggje til rette for meir heilskaplege innspel til Justis- og beredskapsdepartementets rolle som leiardepartement og koordinerande departement innanfor førebygging og handtering av samansette truslar.
6.4.3 Gjere den tverrdepartementale arbeidsgruppa for motstandskraft mot uønskt valpåverknad til ei permanent gruppe
Erfaringane med ei tverrdepartemental arbeidsgruppe mot uønskt valpåverknad har vore gode.
Regjeringa ønskjer å vidareføre gruppa som ei fast arbeidsgruppe, slik at ho ikkje må opprettast på nytt før kvart val. Det bidreg til at arbeidet med tryggleik i val og med å byggje motstandskraft mot uønskt påverknad blir koordinert og samordna på tvers av sektorane. Ved at arbeidet i gruppa skjer løpande, er det òg mogleg å jobbe meir langsiktig enn innretninga på arbeidet har opna for tidlegare.
6.4.4 Styrkje det offentlege ordskiftet
Både Ytringsfridomskommisjonen, Totalberedskapskommisjonen og Forsvarskommisjonen peikte på at det viktigaste tiltaket mot samansette truslar, påverknadsoperasjonar og desinformasjon er eit motstandsdyktig samfunn. Tillit og eit ope og opplyst offentleg ordskifte er sentralt for å sikre det.
Ytringsfridomskommisjonen konkluderte med at det offentlege ordskiftet og ytringsfridommen har gode kår i Noreg i dag. I ein slik situasjon, og med dagens tryggingspolitiske bakteppe, er det viktigaste styresmaktene kan gjere, å følgje med på utviklinga og halde fram med å støtte og styrkje det som fungerer godt i dag.
For å ramme inn denne innsatsen, som må skje på tvers av alle sektorar, vil regjeringa leggje fram ein strategi for eit ope og opplyst offentleg ordskifte.
6.4.5 Oppdatere statens kommunikasjonspolitikk
Statens kommunikasjonspolitikk skal mellom anna sikre at staten når ut til heile befolkninga med korrekt og relevant informasjon om rettar, plikter og moglegheiter – på ein effektiv måte. Kommunikasjonspolitikken omhandlar ikkje desinformasjon direkte, men både mål, føresetnader og verkemiddel er viktige for å sikre at staten evnar å nå ut med rettidig informasjon.
Den noverande politikken blei fastsett i 2009, og det er behov for å vurdere endringar for å tilpasse politikken til dagens befolkning og mediebilete.
6.4.6 Auke kunnskapen i befolkninga om kva trussel desinformasjon utgjer i Noreg
Politiets tryggingsteneste, Etterretningstenesta og Nasjonalt tryggingsorgan har mykje informasjon og kunnskap om konkrete tilfelle av spreiing av desinformasjon og kva trussel dette kan utgjere i samfunnet.
Dei tre tenestene kjem kvart år med sine ugraderte risiko- og trusselvurderingar. Risiko- og trusselvurderingane utgjer eit viktig grunnlag for ei felles situasjonsforståing hos styresmaktene, det private næringslivet og befolkninga. Gjennom auka deling av dette grunnlaget kan offentlegheita bli meir opplyst om kva trussel desinformasjon utgjer. Betre situasjonsforståing kan bidra til eit meir motstandsdyktig samfunn der folk er betre i stand til å kjenne igjen desinformasjon og andre forsøk på påverknad.
Styresmaktene må kommunisere tydeleg kva truslar vi står overfor, og slik skape større medvit i alle delar av samfunnet.
6.4.7 Fremje openheit i forvaltninga
Ei open og transparent forvaltning er eit viktig verktøy for å førebyggje og motverke spreiing av konspirasjonsteoriar og desinformasjon. Når styresmaktene kommuniserer tydeleg om avgjerdsprosessane sine, kan det bidra til å redusere uvisse og mistillit som gir grobotn for feilinformasjon og spekulasjonar.
Noreg ønskjer å vere ein pådrivar og ta ei leiande rolle for å fremje openheit i forvaltninga. For å lykkast med dette – og oppnå truverd og legitimitet – arbeider regjeringa kontinuerleg med å identifisere og møte utfordringar knytte til openheit.
Sidan 2010 har Noreg vore ein aktiv deltakar i det internasjonale samarbeidet Open Government Partnership (OGP). Gjennom OGP forpliktar Noreg seg til å styrkje arbeidet med openheit i forvaltninga gjennom eit omfattande samarbeid mellom forvaltninga og sivilsamfunnet. Det norske engasjementet i OGP reflekterer regjeringa sin ambisjon om å fremje openheit som eit grunnleggjande prinsipp i norsk forvaltning. Noreg deltek òg aktivt i OECDs arbeidsgruppe for openheit i forvaltninga.
På oppdrag frå Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet er det gjennomført eit innsiktsarbeid om openheit i norsk forvaltning. Arbeidet har teke utgangspunkt i innspel frå forvaltninga, forskingsmiljø, sivilsamfunn og andre sentrale aktørar på området. Målet er å få betre innsikt i dagens situasjon, peike på utfordringar og kunnskapshol og gi anbefalingar for regjeringa sitt vidare arbeid innanfor rammene av Open Government Partnership (OGP).
Arbeidet utgjer eit utgangspunkt for vidare diskusjon om regjeringa sin innsats for å styrke openheit i norsk forvaltning, og anbefalingane vil bli vurderte i arbeidet med Noregs deltaking i Open Government Partnership og i utviklinga av nye handlingsplanar.
6.4.8 Sikre nasjonale tryggingsinteresser knytte til informasjonsmiljøet
Bruk av til dømes desinformasjon og anna villeiande misbruk av informasjon er ein sentral del av trusselbiletet i dag. Slik undergravande aktivitet bidreg til å destabilisere liberale demokrati og den regelbaserte verdsordenen og dei grunnleggjande tryggingsinteressene som fridommen og velstanden vår byggjer på. Dei nasjonale tryggingsinteressene våre knytte til informasjonsmiljøet må – innanfor rammene av demokratiske verdiar, folkeretten og rettane til individet – vernast mot systematisk undergraving og angrep.
Strategisk kommunikasjon inneber samordning av mål og middel for å verne om og fremje nasjonale grunnleggjande tryggingsinteresser. Regjeringa vil styrkje rammeverket for meir samordna kommunikasjon for å sikre nasjonale tryggingsinteresser knytte til informasjonsmiljøet.
6.4.9 Setje i gang arbeid for ein meir heilskapleg innsats for handtering av desinformasjon og andre informasjonstruslar
Totalberedskapskommisjonen tilrådde å etablere ein nasjonal funksjon for overvaking og analyse av forsøk på påverknadsoperasjonar utan kopling til etterretnings- og tryggingstenestene. Regjeringa reknar det ikkje som formålstenleg å opprette ein ny etat for å motverke desinformasjon, men ser at det er behov for ein meir heilskapleg innsats for å handtere desinformasjon og andre informasjonstruslar.
Ein slik innsats må vareta interessene til både befolkninga, næringslivet og offentlege styresmakter på tvers av sektorar og bidra til styrkt motstandskraft, betre situasjonsforståing, evaluering og internasjonalt samarbeid. Det inkluderer ein betre systematikk for å fange opp urovekkjande utvikling, sjå enkelthendingar som del av ein større kampanje, og sørgje for at denne informasjonen blir delt med andre relevante aktørar og med befolkninga.
Innretninga på ein slik innsats må vurderast nøye opp mot ytringsfridommen og andre rettar. Formålet kan ikkje vere å avgrense lovlege ytringar, men kan inkludere tiltak for å opplyse befolkninga om koordinerte forsøk på informasjonspåverknad som hindrar den frie meiningsdanninga.
Regjeringa vil setje i gang eit tverrsektorielt arbeid som sikrar ein heilskapleg innsats som balanserer dei tryggingspolitiske interessene og vern av individuelle rettar.
6.4.10 Arrangere Internet Governance Forum i Norge
Internett er i dag ein av dei viktigaste infrastrukturane i verda. Det utgjer ein grunnleggjande ressurs for den frie informasjonsflyten i samfunnet. Ytringsfridom og kamp mot desinformasjon må i dag derfor sikrast gjennom ei forsvarleg forvaltning av internett. FN-møtet Internet Governance Forum (IGF) er den største arenaen i verda for brei og inkluderande dialog mellom alle involverte partar om forvaltning av internett og global digital utvikling. Noreg skal som vertsland og arrangør for IGF 2025 bidra til å verne om den eksisterande modellen for forvaltning av ressursane og strukturen i det globale internettet.
Noreg vil òg bidra til at denne multistakeholder -forvaltningsmodellen blir ført vidare i framtida. Modellen byggjer på at forvaltninga skjer i ein fellesskap der styresmakter, næringsliv, sivilsamfunn, akademia og tekniske miljø legg rammene saman. Det er eit mål å sikre eit berekraftig globalt internett med rett balanse mellom openheit, tryggleik, robustheit og fridom. Det krev at liberale demokrati bidreg aktivt i arbeidet i IGF.
IGF 2025 blir det største FN-møtet som nokon gong er gjennomført i Noreg, med 4000–5000 fysiske deltakarar per dag og om lag like mange deltakarar via digitale plattformer.
6.4.11 Styrkje norsk representasjon i internasjonalt samarbeid
Det finst ei rekkje ulike regionale og internasjonale initiativ for å samordne og dele erfaringar med og kunnskap om spreiing av desinformasjon og korleis land kan styrkje motstandskrafta si. Sjølv om ulike land har ulike utgangspunkt og kulturar for å møte denne typen utfordringar, har det stor verdi å dele erfaringar og kunnskap og finne fram til felles løysingar.
Regjeringa ser at slike initiativ blir viktigare og viktigare, og vil derfor styrkje den norske deltakinga i relevante internasjonale forum og initiativ. Regjeringa vil mellom anna auke støtta til samarbeid med internasjonale organisasjonar som Europarådet for å avdekkje og motverke hatefulle ytringar på nettet og forsterke samarbeidet med OECD for å fremje god styringspolitikk på alle nivå, også når det gjeld informasjonsintegritet.
Regjeringa vil òg støtte aktivt opp om NATOs arbeid for å motverke og handtere informasjonstruslar, og søkje dialog og samarbeid med EU om relevante tiltak og initiativ på dette området.
Regjeringa vil
- utvide mandatet til Medietilsynet for å styrkje motstandskrafta mot desinformasjon
- etablere ein ny rådsstruktur for beredskapsplanlegging og tilstandsvurderingar
- vidareføre den tverrdepartementale arbeidsgruppa for motstandskraft mot uønskt valpåverknad og gjere ho til ei permanent gruppe
- vurdere tilrådingane frå ekspertgruppa som har sett på kva kunstig intelligens har å seie for val
- leggje fram ein strategi for eit ope og opplyst offentleg ordskifte
- auke kunnskapen i befolkninga om kva trussel desinformasjon utgjer i Noreg
- oppdatere statens kommunikasjonspolitikk
- styrkje arbeidet med openheit i forvaltninga nasjonalt, i samarbeid med sivilsamfunnet, næringslivet og akademia
- vere ein pådrivar for openheit internasjonalt, gjennom aktiv deltaking i forum som Open Government Partnership og OECD
- sikre nasjonale tryggingsinteresser knytte til informasjonsmiljøet
- setje i gang arbeid for ein meir heilskapleg innsats for handtering av desinformasjon og andre informasjonstruslar
- arrangere Internet Governance Forum i Noreg i 2025
- styrkje norsk representasjon i relevante internasjonale forum for å dele erfaringar og kunnskap
- støtte aktivt opp om NATOs arbeid mot desinformasjon og informasjonstruslar
- søkje dialog og samarbeid med EU om relevante tiltak og initiativ mot desinformasjon