2 Styrkje den kritiske medieforståinga i befolkninga
2.1 Innleiing
Informasjonssamfunnet i dag stiller nye krav til mediebrukarane. Det har blitt vanskelegare å vite kva kjelder og informasjon som er til å stole på, og risikoen for å bli eksponert for desinformasjon er aukande. Berre det siste året har den raske utviklinga av generativ kunstig intelligens skapt heilt nye utfordringar.
Eit ope og opplyst offentleg ordskifte er ein føresetnad for eit velfungerande demokrati. Skal folk kunne delta med innsikt i samfunnsdebatten, må dei ha tilgang til og bruke uavhengige og pålitelege informasjonskjelder.
For å kunne navigere i den store informasjonsflaumen og vurdere sjølve kva som er påliteleg informasjon, må folk vere kritiske til informasjonen og medvitne om kva kjelder dei vel. Dette krev kritisk medieforståing.
Dette kapittelet beskriv utfordringane og presenterer verkemiddel og tiltak regjeringa meiner er nødvendige for å styrkje den kritiske medieforståinga i befolkninga i møte med eit meir komplekst medielandskap.
Kva er kritisk medieforståing? 11
Kritisk medieforståing handlar om kunnskapar og ferdigheiter som er nødvendige for å orientere seg og delta aktivt og trygt i eit stadig meir komplekst medielandskap. Ei kritisk tilnærming gjer det enklare å vurdere kor truverdige informasjonskjelder er, utfordre ekstreme påstandar og sjå forskjell på kommersielt og redaksjonelt innhald – for å nemne noko.
Å utøve kritisk medieforståing inneber å ta informerte val når det gjeld kva medieinnhald ein konsumerer, lagar eller deler, å forstå korleis ulike typar innhaldsprodusentar opererer, og å vere i stand til å evaluere ulike former for innhald. Å ha god kritisk medieforståing betyr å ha eit medvite forhold til at det står ein avsendar bak alle bodskapar, og å kunne vurdere dei ulike informasjonskjeldene opp mot kvarandre.
Definisjonen av kritisk medieforståing har tradisjonelt vore knytt til medieinnhald. Bruk av kunstig intelligens i algoritmar og utbreiinga av generativ kunstig intelligens aukar behovet for også å forstå korleis teknologi og systemdesign verkar. Å styrkje den kritiske medieforståinga i befolkninga krev ei kombinert forståing av både innhald og design.
2.2 Utfordringar
2.2.1 Informasjonsoverflod og teknologisk utvikling
Demokratiseringa av informasjons- og ytringsmoglegheiter via internett og sosiale medium har vore utan sidestykke i historia. 12 Det digitale samfunnet blir stadig meir prega av informasjonsoverflod, og i denne overfloda er det ikkje tilgangen på informasjon som er utfordringa, men det å forstå og navigere i informasjonsflaumen.
Informasjon som tidlegare nådde befolkninga frå nyheitsmedium og styresmakter, blir no oftare publisert via globale medieplattformer, der både avsendarane og premissane for spreiing kan vere ukjende. Det har blitt vanskelegare å skilje mellom ekte og falskt, noko som igjen kan skape uvisse og avmakt hos publikum og leie til ein generell mistillit der folk behandlar truverdige og tvilsame kjelder med den same skepsisen. 13
Det krev mykje av den enkelte å heile tida skulle forhalde seg kritisk til den digitale informasjonsflaumen. Sjølv om mange meiner dei kan avsløre falskt innhald på nett, 14 kan befolkninga likevel bli påverka av det samla inntrykket av ei sak eller ein debatt. Det kan til dømes gi eit feilaktig inntrykk av folkeopinionen dersom enkelte blir eksponerte for ei overvekt av innlegg eller kommentarar frå éi side av ei sak. Bilete eller videoar skapte av kunstig intelligens kan vekkje ein kjenslemessig respons sjølv om mottakaren forstår at innhaldet ikkje er ekte.
Folk bruker sosiale medium og søkjemotorar for å finne fram til relevant innhald på internett. Sjølv om dette er verdifulle hjelpemiddel, er dei ikkje nøytrale formidlarar av innhald. Dei sosiale media og søkjemotorane er bygde opp på ein måte som gjer at dei kan forsterke og avgrense innhald som kan påverke meiningsdanning. Tilrådingsalgoritmane i sosiale medium avgjer kva slags innhald brukarane får sjå, noko som igjen dannar grunnlag for den frie meiningsdanninga til kvar enkelt. Følgjeleg har sosiale medium stor makt til å påverke brukarane.
2.2.2 Sosiale medium som nyheitskjelde
Meir enn kvar fjerde nordmann oppgir at sosiale medium er ei av dei viktigaste nyheitskjeldene deira. 15 Barn og unge får i endå større grad enn vaksne med seg nyheiter gjennom sosiale medium. 16
Sosiale medium kan bidra til at fleire blir eksponerte for nyheiter som dei elles ikkje ville ha oppsøkt. Det er i hovudsak positivt. Samtidig er det utfordringar knytte til bruk av sosiale medium som nyheitskjelde.
Redaktørstyrte medium har ein redaktør som står ansvarleg for alt innhaldet som blir publisert, og eit felles sett med etiske retningslinjer og journalistiske standardar som ligg til grunn for arbeidet. Dette gjer redaktørstyrte medium til truverdige nyheits- og informasjonskjelder.
Sosiale medium er kjenneteikna av at brukarane kan leggje ut innlegg i sanntid, og at ingen har redaktøransvar. Dette er tenester som er skapte for å dele og spreie informasjon på ein enkel måte. Dermed kan òg feil- og desinformasjon spreie seg raskt. Medietilsynets undersøking av den kritiske medieforståinga i den norske befolkninga viser at befolkninga meiner redaktørstyrte medium er meir truverdige informasjonskjelder enn sosiale medium, men det er forskjellar mellom ulike grupper i befolkninga. 17
Generelt stoler dei med høgare utdanning og dei som bruker redaktørstyrte medium, meir på redaktørstyrte medium enn andre gjer. Yngre aldersgrupper stoler meir på innhald i sosiale medium enn det eldre aldersgrupper gjer.
Tilrådingsalgoritmane medfører at ein kan bli eksponert for ei overvekt av innhald frå ein gitt ståstad, og dermed risikerer ein å ikkje få med seg ulike syn på eller nyansar i ei sak eller på eit saksfelt. Algoritmane favoriserer òg innhald som vekkjer sterke reaksjonar. Dermed blir polariserande innhald meir synleg. Det kan òg vere vanskeleg å skilje mellom innhald frå truverdige kjelder og innhald frå upålitelege kjelder når alt blir presentert i den same innhaldsstraumen. Dei siste åra har plattformene dessutan nedprioritert nyheiter og politisk innhald, 18 noko som kan resultere i ei tilfeldig nyheitseksponering. Vidare indikerer forsking at det å bruke sosiale medium for å få med seg nyheiter kan føre til svakare læring om politiske og offentlege saker. 19 I ein slik kontekst er det ei utfordring dersom folk erstattar redaktørstyrte medium med sosiale medium som nyheitskjelde.
2.2.3 Utsette grupper i samfunnet
Nokre grupper i samfunnet er meir utsette for fordommar enn andre. Hat og hets som blir spreidd særleg på internett og i sosiale medium, kan inkludere desinformasjon eller bli brukt som eit middel i ein påverknadsoperasjon der nokon ønskjer å skape uro og splitting.
Regjeringa har lagt fram fleire handlingsplanar med tiltak for å førebyggje mot hat og hets. Regjeringa har lagt fram ein overordna handlingsplan mot rasisme og diskriminering 2024–2027, ein handlingsplan mot antisemittisme 2025–2030, ein handlingsplan mot muslimfiendskap 2025–2030, ein handlingsplan mot hets og diskriminering av samar 2025–2030 og ein handlingsplan for kjønns- og seksualitetsmangfald 2023–2026.
2.2.4 Ulikskapar i digitale ferdigheiter mellom aldersgrupper og kjønn
Medietilsynet gjennomførte i 2024 si tredje undersøking av kritisk medieforståing i den norske befolkninga. 20 Undersøkinga viser at det er samanhengar mellom alder, digitale ferdigheiter og kritisk medieforståing. Eldre oppgir i større grad enn yngre at dei synest det er vanskeleg å til dømes sjekke kven som er avsendar av ei nettside, vurdere om innhald er sponsa eller ikkje, varsle avsendaren om innhald som kan bryte med retningslinjer, eller melde ulovleg innhald til rette instans.
Eldre oppgir vidare at dei synest det er vanskeleg å skilje ulike typar avsendarar og innhald frå kvarandre i sosiale medium, og har større utfordringar med å identifisere innhald som er laga ved hjelp av kunstig intelligens (KI). Å meistre dette er viktig for å kunne ha ei kritisk tilnærming til digitalt innhald, slik at ein kan gjere gode vurderingar og ta informerte val.
Ungdom mellom 16 og 24 år scorar høgt på digital brukarkompetanse. Samtidig finst det faktorar som gjer dei sårbare. Dei unge er mellom anna meir positive enn dei eldre til sosiale medium og rolla deira i samfunnet. Dei meiner til dømes i større grad enn eldre aldersgrupper at sosiale medium gir dei nyttig innsikt for å halde seg oppdaterte på nyheiter. Dette kan vere problematisk fordi sosiale medium ikkje kvalitetssikrar innhaldet i same grad som redaktørstyrte journalistiske medium gjer.
Vidare er dei yngre i mindre grad enn dei eldre bekymra for at KI-tenester gjer det vanskelegare å skilje sant frå usant, og for at spreiing av usann informasjon påverkar tilliten folk har til styresmaktene. Yngre oppgir òg at det er lett å vurdere om informasjon dei ser på nettet, er sann eller usann. Når dei unge i stor grad hentar informasjon og nyheiter frå sosiale medium, blir det svært viktig at dei har ei tilstrekkeleg kritisk tilnærming til innhald dei blir eksponerte for i desse tenestene. Dersom dei ikkje har det, og dersom dei samtidig har stor tru på eigen kompetanse, kan det i sum gjere dei yngre ekstra sårbare.
Kjønn er òg ein viktig faktor. Fleire menn enn kvinner har tiltru til sine eigne vurderingar av om informasjonen dei ser på nettet, er sann eller usann. Dette, sett i samanheng med alder, kan indikere at unge menn er meir sårbare for desinformasjon enn kvinner i same aldersgruppe. Her trengst det rett nok meir kunnskap før ein kan trekkje tydelege konklusjonar.
2.2.5 Varierande tillit til offentlegheita
Nyheitsbruken blant nordmenn er generelt kjenneteikna av relativt stabilt høg tillit til redaktørstyrte medium, men denne tilliten er ikkje jamt fordelt. Yngre har lågare tillit til nyheitene enn eldre, og dei med høg utdanning har høgare tillit enn andre. 21
Ein liten del av befolkninga har svært låg tillit til media og andre samfunnsinstitusjonar og kjenner seg ikkje inkluderte i verkelegheitsforståinga til redaktørstyrte medium. Dette gjeld spesielt i omstridde tema som klima, religion og innvandring, der éin av fire nordmenn set spørsmålsteikn ved om informasjonen frå styresmakter og redaktørstyrte medium er påliteleg. 22 Enkelte opplever at dei redaktørstyrte media har gått bort frå samfunnsfunksjonen sin som offentleg vaktbikkje, at dei aktivt bidreg til å halde oppe dominerande maktstrukturar, og at dei ikkje speglar kvardagen og utfordringane til vanlege folk.
Desse meir marginaliserte gruppene søkjer informasjon andre stader. Dei oppsøkjer nyheiter og informasjon frå nettsider som ikkje følgjer journalistiske standardar, nettforum, sosiale medium eller chattetenester. Informasjon om politikk og samfunn interesserer dei, men informasjonen er ikkje nødvendigvis forankra i fakta. Dei avviser korrigerande informasjon når han ikkje stemmer overeins med deira eigne politiske oppfatningar. 23
Slik misnøye og utanforskap er ofte knytt til oppfatningar av eit urettferdig samfunnshierarki, der ein sjølv er den «tapande parten» i sosiale, økonomiske og politiske samanhengar. 24 Desinformasjonskampanjar kan rettast inn mot slike politiske skiljelinjer og treffe særleg ytterleggåande og styresmaktskeptiske grupper. Det gjer desse gruppene meir utsette enn befolkninga elles, mellom anna for russisk påverknadsaktivitet. 25
Ein aukande del av dei som blir radikaliserte til ulike former for ekstremisme, 26 er mindreårige, ei utvikling som mellom anna blir knytt til bruk av digitale plattformer. Fleire av dei mindreårige som blir radikaliserte, har ulike utfordringar som gjer dei sårbare og dermed lett mottakelege for ein ekstremistisk bodskap, mellom anna utanforskap og psykisk uhelse. 27
2.3 Verkemiddel
2.3.1 Demokratisk beredskap i skulen
Skulen sitt arbeid med kritisk tenking og fremjing av demokratiske verdiar er svært viktige verkemiddel for å gje Noreg ein oppveksande befolkning som er motstandsdyktig mot desinformasjon.
Det er ein styrke for det norske samfunnet at elevar i fellesskulen møtest på tvers av bakgrunn og lærer og utviklar seg saman med andre. Eit godt og inkluderande skulemiljø er viktig for å førebyggje og motverke utanforskap. I fellesskulen møter elevane eit mangfald av medelevar med ulike erfaringar og oppfatningar og erfarer meiningsbryting. Dette mangfaldet er ein del av det norske verdigrunnlaget, og det er ein sentral føresetnad for tillit og demokratibygging at vi møter og lærer å leve med ulikskap. Dette er viktige kvalitetar ved den norske fellesskulen som vi må ta vare på og byggje vidare på.
I tråd med overordna del i læreplanverket, som utdjupar verdiane og beskriv prinsippa for grunnopplæringa, skal opplæringa fremje oppslutning om demokratiske verdiar og demokratiet som styreform. Ho skal gi elevane forståing for spelereglane i demokratiet og betydninga av å halde desse i hevd. Demokratiske verdiar må fremjast gjennom aktiv deltaking i heile opplæringsløpet, og gjennom arbeidet skal elevane lære kvifor demokratiet ikkje kan takast for gitt, og at det må utviklast og haldast ved like. Skulen skal òg bidra til at elevane blir nysgjerrige og stiller spørsmål, utviklar vitskapleg og kritisk tenking og handlar med etisk medvit. Verdiane og prinsippa i overordna del ligg til grunn for læreplanane i dei ulike faga.
Kritisk tenking er styrkt i læreplanane i skulen, og kritisk tenking er ein del av kompetansedefinisjonen som ligg til grunn for heile læreplanverket. 28 Det betyr at elevane skal utvikle evna til kritisk tenking i alle fag. Elevane skal kunne vurdere ulike kjelder til kunnskap og tenkje kritisk om korleis kunnskap blir utvikla.
Faga skal bidra til kritisk tenking på ulike måtar. Læreplanane har mange kompetansemål om kritisk tenking og kjeldekritikk. Til dømes skal elevane i norsk «kunne reflektere kritisk over kva slags påverknadskraft og truverd tekstar har». 29 I naturfag skal elevane «få grunnlag for å skilje mellom vitskapleg basert kunnskap og kunnskap som ikkje er basert på vitskap». 30
I den internasjonale undersøkinga International Computer and Information Literacy Study (ICILS) 31 svarer 86 prosent av norske niandeklassingar at dei i stor grad eller i nokon grad har lært på skulen å vurdere om dei kan stole på informasjon på internett. Dette er ein betydeleg større del enn det internasjonale gjennomsnittet på 63 prosent.
Men det kan vere krevjande for lærarar å halde seg orientere seg i den raske utviklinga, særleg innanfor generativ kunstig intelligens. For å bidra til at mellom anna lærarar kan vere oppdaterte på utviklinga i eit stadig meir fragmenterte informasjonslandskap, og for å styrkje kjeldemedvitet og den kritiske mediebruken blant barn og unge, gir regjeringa tilskot til Tenk, skuleavdelinga til Faktisk.no. Tenk utviklar undervisningsressursar til bruk i skulen og for foreldre og andre yrkesgrupper som jobbar med barn. Ressursane er gratis, dei er fritt tilgjengelege for bruk, og dei blir oppdaterte jamleg. Faktisk.no får tilskot til Tenk gjennom ordninga Grunntilskot til organisasjonar.
2.3.2 Lesing, litteratur og bibliotek
Lesing er grunnleggjande for evna til å tileigne seg kunnskap, uttrykkje seg, delta i samfunnet og utvikle kritisk sans. Biblioteka oppmuntrar til leselyst, uavhengig tenking og kritisk analyse av informasjon og bidreg til at befolkninga blir meir informert og kritisk. Mange bibliotek tilbyr opplæring i grunnleggjande ferdigheiter og verktøy for å vurdere informasjon kritisk og effektivt.
Regjeringa har lagt fram leselyststrategien Sammen om lesing 32 og bibliotekstrategien Rom for demokrati og dannelse 33 , som inneheld tiltak for å fremje lesing og biblioteka si rolle som uavhengige møteplassar i lokalsamfunnet.
2.3.3 Dokumentasjon og arkiv i offentleg forvaltning
Arkiva er ein del av infrastrukturen i Noreg som rettsstat og demokrati. Arkiva er unike kjelder til kunnskap om samtida og fortida vår og gir viktige bidrag til forsking og historieframstilling. Trygg bevaring og bruk av arkiva bidreg til å berike kunnskapen om samfunnet, leggje til rette for eit ope og opplyst offentleg ordskifte og verne om rettane til innbyggjarane. God tilgang til arkiva bidreg til innsikt i kva som er avgjerdsgrunnlaga og avgjerdsprosessane til styresmaktene, gjer det mogleg å sjekke kjeldegrunnlaget for forsking eller verifisere og avkrefte påstandar som blir sette fram i offentlegheita. Arkiva er på denne måten med på å verne samfunnet mot forsøk på maktmisbruk og historieomskriving.
Regjeringa legg til rette for moderne dokumentasjonsforvaltning gjennom forslag til ei ny arkivlov og gjennom trygg langtidsbevaring og digital tilgang til arkiv i fellesløysinga Digitalarkivet.
2.3.4 Kunst, kultur og kulturarv
Eit velfungerande og godt samfunn legg til rette for kunst, kultur og kulturarv som rom for frie ytringar, diskusjon og kunnskapsbankar. Kulturarv er både mål, middel og motstandskraft og blir erfaringsvis brukt aktivt i desinformasjon, falske nyheiter og konspirasjonsteoriar. Å ta del i kulturaktivitetar er verdifullt for kvar enkelt og inneber at ein blir van med å møte eit mangfald av meiningar og ytringsformer, og aukar kunnskapen om identiteten til eit samfunn. På denne måten bidreg kunst, kultur og kulturarv til å fremje toleranse og forståing for andre og skape refleksjon over og innsikt i verdiar, identitet og samfunn. Dette kan bidra til å skape demokratisk motstandskraft. Kunst, kultur og kulturarv bidreg til meiningsfulle liv og dermed meiningsfull samfunnsutvikling.
Regjeringa legg til rette for infrastruktur for produksjon og formidling av kunst og kultur og varetaking av kulturarv gjennom institusjonar og offentlege støtteordningar.
2.3.5 Frivillig sektor
Gjennom å delta i frivillige organisasjonar får folk utvikla sosiale ferdigheiter, vennskapar og nettverk, og dei får oppleve meistring. Frivillige organisasjonar skaper uformelle møteplassar der barn og vaksne får høve til å utøve ytringsfridommen sin og møte både anerkjenning, aksept og nødvendig motstand for meiningane sine. Frivillige organisasjonar er derfor viktige pådrivarar for auka oppslutnad rundt sentrale verdiar som demokrati og meiningsbryting.
For mange er barne- og ungdomsorganisasjonane det første møtet med eit demokratisk organ. Der får dei øve seg på å ta avgjerder i lag, røyste over saker og fremje eigne idear. Kanskje er det ikkje alltid deira sak eller idé som vinn fram, men dei får innsikt i korleis eit demokratisk oppbygd system bidreg til at alle får komme til orde før fellesskapen tek ei avgjerd. Slik fungerer organisasjonane som opplæringsarenaer for demokratisk forståing.
Mange frivillige organisasjonar bidreg òg direkte til å styrkje kritisk medieforståing gjennom kunnskapsproduksjon og -spreiing, kurs og annan kompetansehevande aktivitet.
Regjeringa legg til rette for ein fri og uavhengig frivillig sektor med føreseielege rammevilkår. Forenkling, samordning og digitalisering er andre viktige prioriteringar i frivilligpolitikken til regjeringa.
2.3.6 Ung.no og DigiUng-samarbeidet
Barn, unge og foreldre må ha tilgang til relevant og påliteleg informasjon frå det offentlege. I 2022 vedtok regjeringa at ung.no skal vere staten sin primære kanal for digital informasjon til ungdom, dialog med ungdom og digitale tenester for ungdom – på tvers av tenestenivå.
Med relevant og påliteleg informasjon kan ung.no både gi barn og unge kunnskap om kritisk medieforståing og vere ein kanal dei går til for å sjekke om informasjon dei får frå til dømes sosiale medium, er korrekt.
Regjeringa har ein ambisjon om å vidareutvikle ung.no og DigiUng-samarbeidet.
2.3.7 Trygg digitalisering i samfunnet
Digitaliseringa i Noreg må skje innanfor trygge rammer, slik at vi held oppe tilliten til demokratiet vårt. Digital kompetanse og kritisk medieforståing heng saman.
Digitaliseringsstrategien til regjeringa, Fremtidens digitale Norge , 34 har som mål å bevare eit sterkt og inkluderande demokrati der folk har høg tillit til kvarandre, styresmaktene og demokratiet. Strategien inkluderer tiltak for å styrkje innsatsen for å auke den digitale kompetansen hos dei gruppene som opplever digitale barrierar og digital utanforskap.
Med Handlingsplan for auka inkludering i eit digitalt samfunn 35 har regjeringa som mål å sikre at alle innbyggjarar skal få likeverdige offentlege tenester, uavhengig av bakgrunn, språkkunnskapar eller alder.
2.3.8 Medietilsynets arbeid for å auke den kritiske medieforståinga i befolkninga
Ein del av oppdraget til Medietilsynet er å bidra til å styrkje den kritiske medieforståinga i befolkninga, særleg blant sårbare grupper. I dette arbeidet inngår både kartlegging, utgreiingsarbeid og rettleiings- og informasjonstiltak retta mot ulike målgrupper.
Innsiktsarbeid
Medietilsynet gjennomfører regelmessig kvantitative og kvalitative undersøkingar av mediebruk, medievanar, tillit til ulike medium og kritisk medieforståing, mellom anna Mediemangfaldsrekneskapen og undersøkingane «Barn og medium» og «Foreldre og medium». Dei undersøkjer òg den kritiske medieforståinga i heile befolkninga, og dei samarbeider med nordiske mediestyresmakter.
Informasjons- og rettleiingstiltak
Medietilsynet formidlar resultat frå innsiktsarbeidet sitt gjennom ulike kanalar og bruker innsikta som grunnlag for rettleiingsmateriell og kampanjar. Dei samarbeider med andre offentlege verksemder gjennom DigiUng og ung.no for å svare på spørsmål og produsere fagartiklar for ungdom. Dei bidreg òg med materiale til foreldrehverdag.no.
Barn og unge er sårbare for skadeleg innhald og design på plattformer. Medietilsynet har rolla som Safer Internet Centre i Noreg og samarbeider med Røde Kors for å gjere internett tryggare for barn og unge.
Samordning innanfor kritisk medieforståing
Barne- og familiedepartementet koordinerer arbeidet med trygg digital oppvekst, medan Medietilsynet har koordineringsansvar på etatsnivå. Handlingsplanen for trygg digital oppvekst er eit viktig utgangspunkt. Medietilsynet leier eit samarbeidsorgan for å koordinere statens innsats på feltet og driftar i tillegg eit nasjonalt nettverk for kritisk medieforståing.
2.3.9 Internasjonalt arbeid
Noreg bidreg til sosial og økonomisk utjamning i det europeiske økonomiske samarbeidsområdet (EØS) gjennom EØS-midlane. Midlane blir fordelte til 15 EU-land i Sør- og Aust-Europa etter nærmare framforhandla avtalar. Noreg har mellom anna støtta prosjekt for auka kritisk medieforståing, ytringsfridom, undersøkjande journalistikk og uavhengige medium.
Regjeringa vil halde fram med å bidra til at fleire får tilgang til og bruker kommunikasjonsteknologi og digitale fellesgode. Digitale skilje er eit betydeleg problem globalt. Folk treng tilgang til internett, digitale plattformer og sosiale medium for å ha tilgang til informasjon og kunne delta likeverdig i samfunnet. Likevel bruker ein tredel av befolkninga i verda ikkje internett. I utvikla land er om lag 93 prosent av befolkninga internettbrukarar, medan det same gjeld for berre 27 prosent i utviklingsland. Manglande tilgang til internett og digitale tenester forsterkar sosiale og økonomiske forskjellar og gjer folk meir sårbare for desinformasjon fordi det avgrensar moglegheita til å vurdere ulike kjelder. Regjeringa vil òg styrkje digitale ferdigheiter og kritisk medieforståing gjennom programma for utdanning, likestilling og digitalisering i utviklingssamarbeidet.
2.4 Tiltak
2.4.1 Vurdere å gi tilskot til eit nytt senter for kjeldemedvit
Faktisk.no har teke initiativ til å skipe eit uavhengig undervisnings- og kompetansesenter som skal styrkje kjeldemedvitet i befolkninga. Senteret vil hovudsakleg vidareutvikle dagens Tenk til å inkludere fleire målgrupper. Regjeringa gir allereie tilskot til Tenk gjennom tilskotsordninga Grunntilskot til organisasjonar. 36 Senteret skal ikkje vere ein del av Faktisk.no, men er foreslått som ei uavhengig stifting.
Regjeringa er positiv til dette initiativet og vil vurdere å gi tilskot til skipinga av eit senter for kjeldemedvit som kan bidra til auka kritisk medieforståing, særleg blant unge, eldre og andre potensielt sårbare grupper.
2.4.2 Styrkje rolla til biblioteka
Dei siste åra har det vore retta stadig meir merksemd mot truslar mot demokratiet, som politisk polarisering, digital utanforskap og desinformasjon. Biblioteka skal vere ei motkraft til dette. Som arena for kunnskap og folkeopplysning skal biblioteka gi tilgang til forsking og kjelder, leggje til rette for meiningsbryting og bidra til utvikling av kritisk tenking og digital dømmekraft i befolkninga. Biblioteka er ein viktig arena for å auke den kritiske medieforståinga i befolkninga. Denne funksjonen bør styrkjast og gjerast tydeleg.
Nasjonalbiblioteket bidreg til bibliotekutvikling gjennom å forvalte og tildele prosjekt- og utviklingsmidlar til biblioteka. Politiske føringar på bibliotekfeltet er nedfelte i den utvida nasjonale bibliotekstrategien Rom for demokrati og dannelse , 37 som gjeld ut 2025.
Nasjonalbiblioteket følgjer opp bibliotekstrategien i samarbeid med biblioteksektoren. Samarbeidet vil bli ført vidare også etter at bibliotekstrategien er avslutta.
Regjeringa vil styrkje arbeidet biblioteka gjer med lesing og leselyst, og kompetansen deira på digital inkludering.
2.4.3 Førebyggje utanforskap på nett gjennom arbeidet for ein meir inkluderande, trygg og tilgjengeleg dataspelkultur
Dataspel er den største fritidsinteressa i Noreg, og regjeringa arbeider for å bidra til ein inkluderande, trygg og tilgjengeleg dataspelkultur. 38 I tillegg til sjølve spela kan dataspel omfatte spelplattformer, chattar og serverar der også politiske tema blir diskuterte. Her kan spelarar bli eksponerte for ekstremistisk propaganda, radikalisering og desinformasjon. 39 I arbeidet for å motverke desinformasjon bør dataspel derfor i enkelte tilfelle behandlast som ei medieplattform på lik linje med sosiale medium. Då kan dei òg falle inn under dei nye reguleringane som er omtalte i kapittel 3 Ansvarleggjere sosiale medium .
Arbeidet regjeringa gjer for å fremje ein inkluderande og trygg dataspelkultur, kan bidra til å førebyggje sårbarheit mot påverknad frå desinformasjon. Foreldreinvolvering og kompetanseheving blant vaksne på arenaer rundt gaming og på barne- og ungdomsfeltet kan vere med på å førebyggje utanforskap og byggje motstandskraft mot desinformasjon.
2.4.4 Vidareutvikle ung.no og bidra med oppdatert informasjon om kjeldekritikk og desinformasjon
Ung.no er den primære kanalen regjeringa bruker for å formidle digital informasjon til unge. Ung.no er ein stad unge oppsøkjer for å faktasjekke informasjon og lære meir. Ein stor del barn og unge besøkjer nettstaden jamleg.
Det er viktig at det er tilstrekkeleg informasjon om tema som desinformasjon, kjeldekritikk og tilgrensande problematikk på ung.no. I samarbeid med andre relevante etatar skal Medietilsynet sørgje for at informasjon om desse temaa blir løpande oppdatert og vidareutvikla.
2.4.5 Styrkje førebygginga av radikaliserte grupper
Radikaliserte grupper er meir utsette for forsøk på påverknad. 40 Regjeringa er oppteken av å hindre alle former for radikalisering og ekstremisme, og la våren 2025 fram ei melding til Stortinget om førebygging av ekstremisme. Å førebyggje utanforskap er ein del av arbeidet med å førebyggje radikalisering, og meldinga inneheld ei rekkje tiltak med dette målet.
2.4.6 Styrkje Medietilsynets arbeid med kritisk medieforståing
Regjeringa vidarefører og styrkjer Medietilsynets arbeid med innsikt og tiltak for å betre den kritiske medieforståinga i befolkninga. Sjå kapittel 6, som omtaler eit utvida mandat for Medietilsynet, og kapittel 5, som omtaler behovet for meir kunnskap.
Medietilsynet skal halde fram med å vere ein sentral kunnskapsleverandør for både befolkninga og offentlege styresmakter, og dei skal bidra med informasjon og rettleiing til ulike grupper. I dette arbeidet skal dei leggje meir vekt på digital kjeldekritikk og bidra til at fleire blir medvitne om korleis kunstig intelligens og språkmodellar fungerer.
2.4.7 Lage ei rettleiing til forbrukerane om rettane deira i sosiale medium
Nye regelverk gir norske brukarar fleire rettar på utanlandske internettplattformer, sjå omtalen i kapittel 3 om oppfølging av sosiale medium. No kan dei mellom anna varsle plattformene om innhald som bryt med vilkåra i avtalen, og dei kan klage dersom dei er usamde i grunngivinga plattformene gir for å fjerne eit innlegg eller ein konto. Desse rettane gjeld både individuelle brukarar og verksemder.
Som Safer Internet Centre i Noreg har Medietilsynet eit ansvar for å informere barn og unge om kva rettar dei har på nett. For at dei nye reglane skal få effekt, er det behov for å nå ut til alle norske brukarar av sosiale medium.
Regjeringa vil gi Medietilsynet i oppdrag å lage rettleiingar til norske brukarar om rettane deira. Datatilsynet skal konsulterast når det gjeld omtale av personvernrettar.
2.4.9 Styrkje det nordiske samarbeidet
Dei nordiske landa har mange felles utfordringar når det gjeld å sikre motstandskraft mot påverknad og spreiing av desinformasjon. Vi har samanliknbare befolkningar og institusjonar, og vi er i ein samanliknbar tryggingspolitisk situasjon.
Dei nordiske mediestyresmaktene er i gang med ei felles nordisk kartlegging av den kritiske medieforståinga i befolkninga, støtta av Nordisk ministerråd. Kartlegginga skal gjere det mogleg å samanlikne statusen og utviklinga i dei nordiske landa og gi eit faktabasert grunnlag for å vurdere tiltak.
Regjeringa vil bidra aktivt til å fremje samarbeid om desse problemstillingane gjennom Nordisk ministerråd og oppfølginga av tilrådingane frå den nordiske tankesmia for teknologi og demokrati. 41
2.4.10 Støtte tiltak for å auke motstandskrafta mot desinformasjon gjennom EØS-midlane
I den kommande perioden for EØS-midlane vil Noreg jobbe for at tiltak som skal auke motstandskrafta mot desinformasjon, blir ein integrert del av ulike program i mange av dei 15 aktuelle EU-landa. Landa kan få støtte til dette gjennom program innanfor sektorar som kultur, utdanning, lokalutveksling, beredskap og justis, og gjennom eit av Europas største fond for sivilsamfunn.
Norske organisasjonar kan delta i dette samarbeidet og bidra med erfaringsutveksling og læring på europeisk nivå. Det vil òg vere aktuelt å styrkje arbeidet mot desinformasjon knytt til klima og miljø, og å skaffe ny kunnskap og politikk gjennom forsking og samarbeid med internasjonale organisasjonar som Europarådet og OECD.
Gjennom EØS-midlane vil ein arbeide med tiltak på tre nivå. For det første vil ein styrkje motstandskrafta i befolkninga ved å auke den kritiske medieforståinga, mellom anna gjennom utdanning og opplæring. Vidare vil ein arbeide for å redusere mistillit og grobotn for desinformasjon, særleg på lokalt nivå og gjennom å inkludere marginaliserte grupper. Til sist vil ein arbeide med rammevilkåra for desinformasjon, mellom anna ved å styrkje politiet sitt arbeid mot nettkriminalitet, innsatsen mot digital vald mot kvinner og tiltak for ansvarleg bruk av digital teknologi.
Dei enkelte landavtalane blir utarbeidde i 2025, og dei fleste programma vil vere på plass i løpet av 2026.
EØS-midlar og arbeid mot desinformasjon i Polen
I neste periode med EØS-midlar skal innsatsen mot desinformasjon i Polen styrkjast. I beredskapsprogrammet, som det polske innanriksdepartementet leier, er det sett av 10 millionar euro til tiltak for å motverke desinformasjon og sikre informasjonsintegritet.
Også innanfor andre programområde blir det lagt til rette for å byggje motstandskraft mot desinformasjon og ekstremisme, mellom anna gjennom demokratiopplæring og styrkt kritisk medieforståing. Eit av tiltaka som skal vurderast, er eit samarbeid mellom nasjonalbiblioteka i Noreg, Island og Polen der biblioteka kan fungere som arenaer for samfunnsdebatt, demokratiopplæring og kritisk medieforståing.
Regjeringa vil
- vurdere å gi tilskot til etableringa av Tenk – senter for kjeldemedvit
- styrkje arbeidet biblioteka gjer med lesing og leselyst, og styrkje kompetansen deira på digital inkludering
- førebyggje utanforskap på nett gjennom arbeidet for ein meir inkluderande, trygg og tilgjengeleg dataspelkultur
- sørgje for meir og oppdatert informasjon om kjeldekritikk og desinformasjon på ung.no
- styrkje førebygginga av radikaliserte grupper
- styrkje Medietilsynets arbeid med kritisk medieforståing
- lage ei rettleiing til forbrukarane om rettane deira i sosiale medium
- styrkje det nordiske samarbeidet om kritisk medieforståing
- støtte tiltak for å auke motstandskrafta mot desinformasjon gjennom EØS-midlane