5 Styrkje kunnskap og forsking
5.1 Innleiing
Samtidig som den akkumulerte kunnskapen aldri har vore større, har tilgangen på falske nyheiter og desinformasjon auka i omfang. Det er eit paradoks. Å skilje mellom desinformasjon og usemje er ei vanskeleg, men stadig viktigare øving. Motstandskraft mot desinformasjon inneber ikkje å vere kritisk til alt, men å bruke kunnskapen som er tilgjengeleg, å underbyggje påstandar og å ta motstand og motargument på alvor.
Kunnskap og forsking er viktige reiskapar i kampen mot desinformasjon på to måtar.
For det første er sjølve den vitskaplege metoden ein vaksine mot desinformasjon. Vitskapleg metode handlar nettopp om heile tida å teste teoriar og hypotesar for å vite om dei held, slik at vi kan vidareutvikle og utvide forståinga vår av verda. Kunnskap skal og må utfordrast. Men den som utfordrar, må òg underbyggje påstanden sin. Kritisk tenking, kjeldekritikk og ei grunnleggjande forståing av vitskapsteori er ferdigheiter alle treng i møte med stadig meir informasjon frå stadig fleire plattformer og kjelder.
For det andre er kunnskap om og forsking på desinformasjon og korleis han spreier seg, viktig for å styrkje prosessar og institusjonar i møte med aukande tilgang på falsk informasjon.
I eit liberalt demokrati skal det vere stort rom for usemje og debatt. Nokre tiltak mot desinformasjon kan samtidig ha potensial til å svekkje sentrale demokratiske prinsipp som ytringsfridom, personvern og demokratisk fridom, til dømes utstrekt overvaking eller sensurering av meiningsinnhald. Manglande kunnskap om spreiing av desinformasjon kan føre til mottiltak som er større enn nødvendig, eller tiltak som ikkje treffer etter intensjonen.
Det siste tiåret har det vore forska stadig meir på desinformasjon. Forskinga dreier seg i stor grad om dei demokratiske og tryggingsmessige konsekvensane av endringane i den digitale informasjonssfæren. Sjølv om hovudvekta av desinformasjonsforskinga kjem frå eller fokuserer på USA, er det òg stor forskingsaktivitet på feltet ved europeiske universitet og i Noreg.
Eit oppdatert og forskingsbasert kunnskapsgrunnlag om ein norsk kontekst er viktig for å finne dei rette tiltaka og den rette balansen mellom ytrings- og informasjonsfridom og tryggleik i samfunnet.
Dette kapittelet beskriv utfordringane og presenterer verkemiddel og tiltak regjeringa meiner er nødvendige for å bidra til meir forsking på og meir kunnskap om desinformasjon i Noreg.
5.2 Utfordringar
5.2.1 Teknologien og feltet er i rask utvikling
Den raske teknologiske utviklinga gjer det krevjande å forske på desinformasjon. Feltet er i konstant utvikling, og kunnskapsbehovet endrar seg fort. Kunstig intelligens har gjort det mogleg å generere og spreie desinformasjon i større volum og på meir sofistikerte måtar enn før. Samtidig kan kunstig intelligens bidra til å avsløre og kartleggje spreiing av desinformasjon meir effektivt enn før.
5.2.2 Forskinga og kunnskapen om desinformasjon er fragmenterte
Det er mange gode forskingsmiljø i Noreg som forskar på ulike sider ved desinformasjon og andre informasjonstruslar. Den tverrfaglege forskinga er både ein styrke og ei utfordring. Fleire innfallsvinklar kan gi breiare kunnskap og fange opp ulike former for utvikling. Samtidig nyttar studiar frå ulike disiplinar ofte ulike omgrep og definisjonar, 100 noko som gjer det vanskeleg å samanlikne resultata. Det er derfor utfordrande å få oversikt over kva kunnskap som er tilgjengeleg på feltet, trekkje konklusjonar om omfanget av problemet, identifisere sårbarheiter og vurdere kva tiltak som kan utviklast for å vere både treffsikre og effektive.
5.2.3 Det trengst meir kunnskap om korleis desinformasjon spreier seg over tid
Det er gjennomført studiar av korleis desinformasjon blir spreidd i Noreg. Mellom anna har Forsvarets forskingsinstitutt, på oppdrag frå Kommunal- og distriktsdepartementet, kartlagt forsøk på påverknad i samband med dei siste vala i Noreg. Desse kartleggingane og liknande studiar gir verdifull innsikt i korleis desinformasjon spreier seg i Noreg.
Men påverknadsoperasjonar og spreiing av desinformasjon kan skje fordekt og over lang tid, noko som gjer det vanskeleg å fange opp i tidsavgrensa studiar. Derfor kan det vere formålstenleg med lengre tidsseriar som viser utviklinga over tid.
5.2.4 Det trengst meir kunnskap om kva tiltak som bidreg til å styrkje motstandskrafta mot desinformasjon
Kva tiltak som er effektive for å styrkje motstandskrafta mot desinformasjon, varierer frå land til land, frå kontekst til kontekst og mellom ulike delar av befolkninga.
Det finst forsking som peiker på samanhengar mellom kritisk medieforståing og mediebruk og kor sårbar ein person er for informasjonspåverknad, men å finne dei mest effektive tiltaka krev meir kunnskap om kva som fungerer i ein norsk kontekst.
5.2.5 Det trengst meir kunnskap om sårbarheiter i Noreg
Å finne treffsikre og effektive tiltak for å auke motstandskrafta mot desinformasjon krev kunnskap om korleis ulike delar av befolkninga blir utsette for og påverka av desinformasjon.
Kapittelet om kritisk medieforståing beskriv ulike grupper av samfunnet som av ulike grunnar kan vere meir sårbare for desinformasjon. For å kunne styrkje den kritiske medieforståinga i heile befolkninga trengst meir kunnskap om kva som gjer desse og eventuelt andre til sårbare grupper.
5.2.6 Det trengst meir kunnskap om spreiinga og effekten av desinformasjon i digitale subkulturar og spelmiljø
Det er behov for meir kunnskap om spreiing av desinformasjon på nett utanfor dei store sosiale medieplattformene, særleg i digitale subkulturar og via spelplattformer.
Digitale fellesskapar gjennom til dømes dataspel har for fleire vore ein veg ut av einsemd og isolasjon. 101 Trass i dei positive eigenskapane og ringverknadene til spelkulturen har speleplattformer (slik som Discord, Twitch og Steam) og mindre sosiale medieplattformer (slik som Parler og BitChute) òg vist seg å vere arenaer for informasjonspåverknad og spreiing av desinformasjon. 102
Rapporten frå ekstremismekommisjonen viste til at ekstremistar har utnytta den omfattande rekkjevidda til spelplattformer og spelkultur til rekruttering, spreiing av propaganda, mobilisering og vald.
For å kunne vurdere eventuelle tiltak treng ein meir kunnskap om fenomenet.
5.2.7 Tillit til forsking
Tillit til forsking og kunnskap er avgjerande for at vi som fellesskap skal ta kunnskapsbaserte avgjerder. I Noreg har befolkninga generelt høg tillit til kunnskap og forsking. Det er likevel viktige variasjonar og unntak. Til dømes er tilliten til forsking på klima og fornybar energi gjennomgåande lågare og dalande, og enkelte befolkningsgrupper har lågare tillit enn andre. 103
Det er viktig å forstå korleis tillit til forsking varierer og endrar seg over tid, og kva som påverkar slik tillit. Dette er tema for eit forskingsprosjekt ved Institutt for samfunnsforsking. 104
5.3 Verkemiddel
5.3.1 Forsking som er i gang i Noreg
Informasjonspåverknad og desinformasjon er peikte ut som prioriterte forskingsområde i langtidsplanen for forsking og høgare utdanning 2023–2032.
Store universitet og fleire forskingsinstitutt har allereie ein omfattande aktivitet på dette feltet. Forskinga er tverrfagleg og tilpassa ekspertisen i ulike fagmiljø.
Tematikken desinformasjon og informasjonspåverknad er relevant på tvers av fleire porteføljar i Noregs forskingsråd (særleg Velferd og utdanning og Demokrati og global utvikling), men har ikkje eigne satsingar. Forskingsrådet støttar forskingsprosjekt som er i gang innanfor temaet desinformasjon, med over 150 millionar kroner. Brorparten går til MediaFutures – forskingssenter for ansvarleg medieteknologi og innovasjon, som er knytt til Universitet i Bergen. Norske forskingsmiljø er òg tett knytte til europeiske og internasjonale forskingsprogram, og det går føre seg eit utstrekt forskarsamarbeid over landegrensene.
5.3.2 Allmennretta forskingsformidling
Allmennretta forskingsformidling har ein viktig demokratisk funksjon fordi det aukar forståinga for forskingsresultat og korleis dei kan komme til nytte. At forsking blir formidla, delt og brukt, gjer samfunnet meir motstandsdyktig mot desinformasjon.
Formidling er ei av kjerneverksemdene til universitet og høgskular, og eit sentralt formål for offentleg finansierte forskingsinstitutt. 105
Likevel blir forsking og undervisning høgare verdsett og påskjønt enn allmennretta formidling. Kva fagleg tilsette i universitets- og høgskulesektoren bruker tid og ressursar på, blir påverka av kva resultat som blir meritterte ved tilsetjing og opprykk. Tidsbruksundersøkinga frå 2021 viste at forskarar bruker omkring 5 prosent av arbeidstida si til formidling. 106 Erfaringa i sektoren har vore at allmennretta formidling blir gitt ujamt meritterande vekt ved tilsetjing og opprykk.
I 2025 fjerna regjeringa vitskapleg publisering som forskingsindikator i finansieringssystemet for universitet og høgskular, slik at vitskapleg publisering ikkje lenger tel i berekninga av grunnløyvingar til UH-sektoren. 107 Publiseringsindikatoren er framleis i bruk for finansiering av forsking i instituttsektoren og ved helseføretaka.
Internasjonalt blir det arbeidd med å endre vurderingssystemet for forsking, forskarar og forskingsorganisasjonar, mellom anna gjennom Coalition for Advancing Research Assessment (CoARA). I tråd med denne utviklinga har Universitets- og høgskolerådet utvikla eit verktøy for tilpassa vurderingar i akademiske karrierar. Formidling inngår i eitt av seks kompetanseområde som skal vere meritterande. Fleire norske institusjonar er i ferd med å implementere rammeverket.
Gjennom ei endring av forskrifta til universitets- og høgskulelova, som regulerer kompetansekrav, kan institusjonane vektleggje ei større breidd i kompetansevurderingar ved tilsetjingar, slik at mellom anna formidling og andre aktivitetar retta mot deltaking i samfunnet kan telje meir enn før.
5.3.3 Medieforsking og etterutdanning
Regjeringa har ei eiga tilskotsordning for medieforsking og etterutdanning som skal bidra til meir kunnskap om kva media betyr for samfunnsutviklinga. Tilskotsordninga blir forvalta av Medietilsynet. Forskinga skal bidra til å utvide kunnskapsgrunnlaget for mediepolitikken og arbeidet med store samfunnsutfordringar som til dømes motstandskraft mot desinformasjon. Kritisk medieforståing er eit prioritert område i tilskotsordninga.
5.3.4 Utgreiingar og undersøkingar frå statlege etatar
Fleire statlege etatar produserer rapportar og annan kunnskap om utfordringar knytte til informasjonspåverknad i ulike delar av samfunnet.
Mellom anna kartlegg Medietilsynet jamleg mediebruken og den kritiske medieforståinga i befolkninga. Medietilsynet publiserer òg halvårlege vurderingar av korleis dei store internettplattformene etterlever bransjenorma mot desinformasjon.
Dei årlege opne trusselvurderingane frå Etterretningstenesta, Politiets tryggingsteneste og Nasjonalt tryggingsorgan gir informasjon om kva samfunnstrussel desinformasjon og andre former for informasjonspåverknad kan medføre for Noreg.
5.4 Tiltak
5.4.1 Greie ut moglegheita for å etablere eit forskingssenter som kan bidra med langsiktig forsking på det offentlege ordskiftet
Det er stort behov for meir kunnskap om desinformasjon i ein norsk kontekst. Det trengst kunnskap om korleis og med kva metodar desinformasjon blir spreidd, kven desinformasjonen rettar seg mot, kven som er sårbare for påverknad, i kva grad det offentlege ordskiftet blir påverka, og kva mottiltak som fungerer. Det er behov for langsiktig forsking som kan seie noko om utviklinga over tid. Dette var òg noko Ytringsfridomskommisjonen trekte fram.
Forskinga på desinformasjon og motstandskraft må òg liggje tett opp til forskinga på offentleg tilknyting, ytringsfridom og ytringsklima. Dette er òg noko OECD vektlegg i tilrådingane sine om korleis ein kan sikre informasjonsintegritet. 108 For å motverke sårbarheit overfor desinformasjon treng ein mellom anna ei befolkning som kjenner seg knytt til ei større offentlegheit og føler at ho blir høyrd der. Eit ope og opplyst offentleg ordskifte krev på si side motstandskraft mot desinformasjon og eit ytringsrom som både er vidt og blir opplevd slik.
Regjeringa vil vurdere å støtte etableringa av eit forskingssenter som kan følgje med på rammevilkåra for ytringsfridommen over tid. Ein viktig del av kunnskapsarbeidet vil vere å følgje med på utviklinga i det offentlege ordskiftet, mellom anna når det gjeld polarisering og spreiing av desinformasjon. Forskingssenteret skal drive med aktiv formidling for å opplyse befolkninga om statusen for det offentlege ordskiftet.
Dette tiltaket er òg ein del av strategien for eit ope og opplyst offentleg ordskifte.
5.4.2 Bidra til at forskingsbasert kunnskap når betre ut, gjennom å utvide den nasjonale støtteordninga for norskspråklege opne tidsskrift innanfor humaniora og samfunnsvitskap
Open tilgang og tilgjengelegheit til fagfellevurderte forskingsresultat er viktig for eit ope og opplyst offentleg ordskifte og legg til rette for at forsking kan brukast i samfunnet og forvaltninga. I Noreg bidreg den nasjonale støtteordninga for norskspråklege opne tidsskrift innanfor humaniora og samfunnsvitskap til å gjere norskspråkleg forsking gratis tilgjengeleg for alle. Det kan bidra til at forskingsbasert kunnskap når betre ut i det offentlege ordskiftet. I Meld. St. 14 (2024–2025) Sikker kunnskap i en usikker verden varsla regjeringa at ho vil sørgje for at den nasjonale støtteordninga for norskspråklege tidsskrift innanfor humaniora og samfunnsvitskap blir utvida til fleire fagområde, for å sikre allmenn tilgang til god norskspråkleg forsking.
5.4.3 Opprette eitt eller fleire KI-senter for forsking på samfunnskonsekvensar av KI
Det er behov for å styrkje forskinga på samfunnsrisikoen ved KI og korleis denne risikoen kan handterast.
Forskingsrådet har lyst ut ein konkurranse om å etablere fire–seks forskingssenter for kunstig intelligens (KI-senter). Sentera skal vere tverrfagleg innretta og leggje til rette for samarbeid på tvers av sektorar og institusjonar. Samla sett skal sentera dekkje tre hovudspor: samfunnskonsekvensar, teknologi og innovasjon.
Senteret eller sentera som skal forske på samfunnskonsekvensar av KI, skal bidra til å identifisere og løyse relevante utfordringar og dilemma og utforske moglegheiter som KI-teknologien fører med seg for enkeltmenneske og samfunn. Døme er korleis KI påverkar demokrati, deltaking, tillit, tilhøyrsle og velferdssamfunnet.
5.4.4 Auke kunnskapen om spreiing av desinformasjon gjennom dataspel og andre digitale subkulturar
Tid for spill – regjeringens dataspillstrategi 2024–2026 tek mellom anna opp utfordringar knytte til spreiing av ekstremistisk propaganda på dataspelplattformer. Tiltaka i strategien skal bidra til ein inkluderande, trygg og tilgjengeleg dataspelkultur. Det er mellom anna etablert eit nasjonalt fagmiljø for dataspel og dataspelkultur ved Norsk filminstitutt (NFI Spel). Fagmiljøet skal samle kompetanse om utfordringane i dataspelkulturen, bidra med kunnskap og kompetanse på området og leggje vekt på å løfte fram dei positive sidene og moglegheitene ved dataspelkulturen.
I lys av utfordringane er det likevel behov for meir kunnskap om spreiing av desinformasjon gjennom dataspel og andre digitale subkulturar.
Regjeringa vil
- greie ut moglegheita for å etablere eit forskingssenter som kan bidra med langsiktig forsking på det offentlege ordskiftet
- bidra til at forskingsbasert kunnskap når betre ut, gjennom å utvide den nasjonale støtteordninga for norskspråklege opne tidsskrift i humaniora og samfunnsvitskap
- opprette eitt eller fleire KI-senter for forsking på samfunnskonsekvensar av KI
- auke kunnskapen om spreiing av desinformasjon gjennom dataspel og andre digitale subkulturar