Forord
I eit mangfaldig og globalisert samfunn der forskjellane aukar og den tryggingspolitiske situasjonen skapar uro, er det avgjerande at vi klarer å finne eit felles beste trass i ulikskapar og motsetnader.
Vi må kunne snakke saman. Vi må ha diskusjonar og debattar som er fruktbare og får oss vidare, sjølv om vi kanskje er sterkt usamde i sak. Vi må kjempe for å halde oppe ein sunn usemjefellesskap.
Internett og sosiale medium gir oss uendelege moglegheiter, men òg uendeleg mange måtar å bli forvirra og villeidde på. Vi får ikkje den debatten vi ønskjer, om dei vi diskuterer med, er falske profilar styrte av kunstig intelligens og ein skjult agenda. Eller om verkelegheitsforståinga vår blir så ulik at vi ikkje eingong møtest til felles debatt.
Òg her i Noreg ser vi at utviklinga kan true vårt ordskifte. Det kan true fellesskapen vår. Tilliten vi har til kvarandre, tilliten til styresmaktene. Demokratiet slik vi ønskjer at det skal vere.
Infrastrukturkravet i Grunnlova § 100 pålegg styresmaktene å leggje forholda til rette for eit ope og opplyst offentleg ordskifte og for at alle kan ta i bruk ytringsfridommen sin.
Vi har derfor ei plikt til å sørgje for at spreiing av desinformasjon ikkje går ut over samfunnsdebatten på ein måte som gjer det vanskeleg for folk å engasjere seg i og halde seg oppdaterte på samfunnet rundt dei.
Vi må halde sosiale medium ansvarlege for korleis dei bidreg til spreiing av desinformasjon. Befolkninga må bli meir kjeldemedvitne, vi må sikre eit mangfald av uavhengige, redaktørstyrte medium, og vi må skaffe oss meir kunnskap, så tiltaka mot desinformasjon blir effektive og treffsikre.
Vi må bevare og styrkje motstandskrafta vår mot desinformasjon. Det er derfor vi kjem med ein strategi no.
Ikkje for å sensurere eller avgrense moglegheitene til å ytre seg i offentlegheita. Ikkje for å reinske unna alle usanne påstandar.
Vi vil behalde usemja og debattane. Vi vil framleis ha kritikken – den saklege og den usaklege – frå eit breiast mogleg mangfald av aktørar. Men det skal vere ein debatt som ikkje er påverka av desinformasjon, og der påstandar møtast med motargument og fakta.
Å auke motstandskrafta mot desinformasjon vil stå øvst på agendaen dei neste åra. Det er heilt nødvendig. Vi må gjere denne jobben no. Vi har ikkje råd til å la vere.
Lubna Jaffery – Kultur- og likestillingsminister