4 Styrkje dei redaktørstyrte media
4.1 Innleiing
Redaktørstyrte medium skal opplyse befolkninga i saker som er viktige for samfunnet, og sikre at ulike stemmer kjem til orde i den offentlege debatten. Media skal òg vere ei vaktbikkje som avdekkjer kritikkverdige forhold og vernar enkeltindivid mot overgrep eller forsømmingar. Eit demokratisk samfunn med frie, redaktørstyrte medium som fyller dette samfunnsoppdraget, har eit godt utgangspunkt for å kunne motverke spreiing av desinformasjon. God tilgang på verifisert, balansert og aktuell informasjon gjer befolkninga mindre sårbar for påverknad. Dei redaktørstyrte media er derfor viktigare enn nokon gong.
For at redaktørstyrte medium skal kunne bidra med balansert og tillitvekkjande informasjon til heile befolkninga, treng vi eit mangfald av medium som fremjar ulike perspektiv og formidlar ulike historier og analysar, på ulike måtar. Allmennkringkastarane, nasjonale medium, lokale medium og nisjemedium bidreg til at ulike stemmer og synspunkt kjem til orde i den offentlege debatten.
For at dei redaktørstyrte media skal kunne utføre samfunnsoppdraget sitt, er dei avhengige av at befolkninga har tillit til at dei er frie og uavhengige, og til at dei leverer truverdig innhald av høg kvalitet. Tilliten til redaktørstyrte medium er stabil og gjennomgåande høg i Noreg. 75 , 76 Sjølvstendet til media er verna gjennom medieansvarslova og gjennom sjølvdømmesystemet. Noreg ligg øvst på pressefridomsindeksen til Reportere uten grenser for niande året på rad. 77
Media er òg avhengige av at befolkninga bruker innhaldet dei produserer. Drygt sju av ti nordmenn får dagleg med seg nyheiter frå aviser, tenester på internett eller direktesend radio og TV, 78 og Noreg ligg òg i verdstoppen når det gjeld vilje til å betale for nyheitstenester på nettet. 79 Samtidig er det ein god del nordmenn som får informasjon og nyheiter frå andre kjelder enn redaktørstyrte medium. Meir enn kvar fjerde nordmann oppgir at sosiale medium er ei av dei viktigaste nyheitskjeldene deira. 80
Den økonomiske situasjonen i mediesektoren er utfordrande. Dei redaktørstyrte media står i ei omfattande digital omstilling, samtidig som dei mistar annonseinntekter til globale teknologigigantar.
Dette kapittelet beskriv desse utfordringane nærmare og presenterer tiltak regjeringa vil setje inn for å styrkje mediemangfaldet og setje dei redaktørstyrte media betre i stand til å fylle samfunnsoppdraget sitt.
4.2 Utfordringar
4.2.1 Folks medievanar er i endring
I 1991 las 84 prosent av alle nordmenn aviser på ein gjennomsnittsdag. I 2024 var det berre 65 prosent som las nyheiter på papir eller nett. Prosentdelen som har tilgang til betalte nyheitstenester, aukar med alder, utdanning og inntekt. 81
Ein god del nordmenn får informasjon og nyheiter frå andre kjelder enn redaktørstyrte medium. Meir enn kvar fjerde nordmann oppgir at sosiale medium er ei av dei viktigaste nyheitskjeldene deira. 82
Å få nyheiter frå andre enn redaktørstyrte medium er ein del av ein sunn, offentleg debatt. Samtidig er det viktig å vere klar over forskjellen mellom individuelle meiningsytringar og informasjon som byggjer på journalistiske prinsipp og metodar. Det er òg viktig å vere klar over at algoritmar i sosiale medium gir brukarane meir av innhaldet som engasjerer, noko som kan vere med og skape eit skeivt nyheitsbilete.
4.2.2 Unge bruker redaktørstyrte medium i mindre grad
Unge i dag kan i større grad enn tidlegare generasjonar velje bort redaktørstyrte medium til fordel for andre medium og anna innhald. Dei kan sjonglere og kombinere plattformer, skjermar og innhald i eit stadig meir komplekst medielandskap. Om dei unge får med seg færre nyheiter enn før, er eit samansett spørsmål, men det finst studiar som peiker i den retninga. 83
Delen av befolkninga som oppgir at sosiale medium er den nyheitskjelda dei bruker mest, aukar jo yngre brukarane er. TikTok, Snapchat og YouTube er dei sosiale media der flest barn og unge i alderen 9–18 år får med seg nyheiter. 84 Av dei under 30 år oppgir 37 prosent at sosiale medium er ei av dei viktigaste nyheitskjeldene deira. 85 Nær halvparten av 16–24-åringane oppgir at dei ikkje bruker tradisjonelle nyheitsmedium (som radio, TV eller aviser) til å finne nyheiter.
At unge følgjer mindre med på nyheiter enn eldre gjer, er ikkje eit nytt fenomen. Men i overgangen frå papiravis til digital avis kan det vere at barn og unge i mindre grad får kjennskap til dei redaktørstyrte media. I sosiale medium kan dei konsumere innhald frå redaktørstyrte medium utan at dei nødvendigvis får med seg kven som er avsendaren. Det er vanskeleg å føresjå kva konsekvensar denne utviklinga vil få. Ei bekymring er at det kan bli vanskelegare for redaktørstyrte medium å rekruttere oppveksande generasjonar. Samtidig er det stadig fleire unge vaksne som oppgir å ha tilgang til avisabonnement. 86
4.2.3 Medieøkonomien er under press
I den tradisjonelle forretningsmodellen til redaktørstyrte medium har inntekter frå annonsørar vore viktigare enn inntekter frå brukarbetaling. Tidlegare hadde dei redaktørstyrte media ein svært sterk posisjon gjennom å vere dei viktigaste portvaktarane i offentlegheita samtidig som dei kontrollerte ein sentral distribusjonskanal for marknadsføring. Digitaliseringa har endra dette landskapet på mange måtar når det gjeld både produksjon, distribusjon og konsum av tenester og innhald.
Dette har òg endra medieøkonomien. I ei digital medieverkelegheit blir brukarinntektene utfordra av konkurranse frå gratisinnhald og ei forventning hos brukarane om at innhald skal vere gratis tilgjengeleg. Samtidig blir annonseinntektene utfordra i ein reklamemarknad der selskap som Meta (Facebook, Instagram) og Alphabet (Google) har posisjonert seg som hovudplattformer for annonsar. Media har derfor opplevd eit stort fall i annonseinntekter. I 2023 hadde dei globale aktørane rundt tre gonger så høge annonseinntekter som norske aviser i den norske reklamemarknaden.
I dag er media avhengige av brukarinntekter for å finansiere journalistikken. Media har i stor grad lykkast med å få nordmenn til å betale for digitale nyheitstenester, men det har berre delvis kompensert for bortfallet av annonseinntekter. På oppdrag frå Medietilsynet har Oslo Economics kartlagt dei økonomiske føresetnadene til redaktørstyrte medium og sett på kva utfordringar media står overfor i åra som kjem. 87 Dei finn at inntekter frå brukarar må finansiere ein større del av journalistikken framover, og at media må investere mykje i digital infrastruktur for å konkurrere med andre kjelder til informasjon og underhaldning. Dei som er unge i dag, skal finansiere dei redaktørstyrte media i framtida – og dei føretrekkjer å sjå videoar eller lytte til podkastar når dei oppdaterer seg på nyheiter. Oslo Economics meiner derfor at etterspurnaden etter nyheiter i lyd- og biletformat vil auke.
4.2.4 Kunstig intelligens utfordrar dagens arbeidsmetodar
Den raske teknologiske utviklinga innanfor mellom anna generativ kunstig intelligens vil få store konsekvensar for korleis media jobbar. På den eine sida vil kunstig intelligens gjere det mogleg å effektivisere arbeidsprosessar og avdekkje saker som ikkje kunne avdekkjast tidlegare. På den andre sida har utviklinga innanfor generativ kunstig intelligens gjort arbeidet med verifisering og faktasjekk meir komplekst. I dag krev det ofte fleire og andre ressursar å vurdere om ei sak, eit bilete, ein video eller eit lydklipp er ekte. I tillegg er media utsette for misbruk frå aktørar som ønskjer å spreie desinformasjon.
Dei redaktørstyrte media står i eit krysspress mellom å publisere korrekt informasjon og å publisere raskt om hendingar som er i gang. Dette dilemmaet er forsterka gjennom konkurransen med sosiale medium, der mange publiserer uverifisert innhald mykje raskare enn dei redaktørstyrte media kan tillate seg.
Å dra nytte av teknologien krev både omstilling og kompetanseheving, og ein anstrengd medieøkonomi kan gjere det utfordrande for redaksjonane både å utnytte dei teknologiske moglegheitene og å minimere risikoane.
Redaktørstyrte medium i mange land, inkludert Noreg, har inngått avtalar med KI-selskap som bruker medieinnhaldet deira i tenester som samanliknar informasjon. Dersom lesarane i framtida føretrekkjer å bruke slike tenester framfor å bruke dei redaksjonelle media direkte, kan det få konsekvensar både for medieøkonomien og for mediebruken. Ei bekymring er at slike tenester kan føre til redusert trafikk til redaksjonelle medium. Samtidig kan tenester som lenkjer til media som blir refererte, òg føre til meir trafikk til eigne nettstader. Det er for tidleg å seie korleis dette vil slå ut.
4.2.5 Pressefridom og mediemangfald er under press på plattformene
At det finst redaksjonelt innhald i sosiale medium, kan vere viktig for å gi befolkninga enkel tilgang til påliteleg informasjon som følgjer journalistiske standardar for kvalitet, kjeldekritikk og faktasjekk. Dersom populære sosiale medieplattformer blir digitale nyheitsørkenar, kan det gi sårbarheit i form av manglande tilgang til lokale og nasjonale nyheits- og aktualitetssaker. Det kan òg ha negative konsekvensar for beredskap dersom det blir vanskelegare å nå ut med viktig informasjon. Samtidig finst det ei rekkje utfordrande sider ved det å distribuere informasjonen via sosiale medium.
Dei sosiale medieplattformene kan avgrense spreiinga av innhald frå redaktørstyrte medium eller gjere inngrep i redaksjonelt innhald. 88 Redaksjonelle innlegg blir sletta fordi dei bryt brukarvilkåra, utan omsyn til nyheitsverdi eller den samfunnskritiske rolla til media. Fleire av dei største sosiale medietenestene har innført algoritmiske avgrensingar på redaksjonelle artiklar fordi dei skaper mindre engasjement enn underhaldning og innlegg frå venner. 89 Dette utfordrar pressefridommen og mangfaldet av nyheitsinnhald på plattformene og kan bidra til å svekkje motstandskrafta mot desinformasjon i befolkninga.
4.2.6 Redaktørstyrte medium er under press internasjonalt
Pressefridommen blir svakare globalt. Statar og andre politiske krefter speler ei stadig mindre rolle i å verne om pressefridommen. I stadig fleire land blir det rapportert om at politiske aktørar snarare sjølve er involverte i propaganda og desinformasjonskampanjar i media. 90
I land som utfordrar dei tryggingspolitiske interessene våre, som Russland, Kina og Iran, finst det ikkje reell pressefridom. Russiske styresmakter bruker til dømes dei statleg styrte media i landet aktivt for å spreie desinformasjonskampanjar om vestlege land, retta både mot eiga befolkning og mot utlandet. Formålet er mellom anna å redusere støtta til NATO og Ukraina.
Rammevilkåra for redaktørstyrte medium i andre land kan òg få negative ringverknader for Noreg. Mange nordmenn følgjer med på nyheiter i andre land og kan bli utsette for desinformasjon dersom nyheitsdekninga ikkje følgjer journalistiske standardar. Desinformasjon om Noreg i andre land kan påverke ordskiftet her heime, redusere tilliten nordmenn har til styresmaktene, påverke norske næringsinteresser i andre land og skade Noregs omdømme internasjonalt. Mange norske redaktørstyrte medium baserer delar av utanriksinnhaldet sitt på dekninga i internasjonale medium. Norske redaktørstyrte medium er derfor i ein viss grad avhengige av ei truverdig og uavhengig utanlandsk presse for sjølve å kunne rapportere på ein sannferdig og balansert måte.
Verdssituasjonen påverkar dessutan tryggleiken til norske journalistar som rapporterer frå utlandet, noko som får ringverknader for pressefridommen. Mellom anna har krigane i Ukraina og Midtausten påverka tryggleiken for journalistar som rapporterer frå desse områda. I land med autoritære regime blir journalistar som rapporterer om politisk opposisjon, trakasserte. 91 Den negative utviklinga for journalisttryggleiken kan føre til mindre nyheitsdekning frå slike land. Det kan gjere at dei redaktørstyrte media blir oppfatta som mindre relevante, og føre til at dagsordenen i større grad blir sett av uverifiserte nyheiter som spreier seg i sosiale medium.
4.3 Verkemiddel
Den statlege mediepolitikken skal leggje til rette for at alle grupper i samfunnet har tilgang til eit godt medietilbod og ein opplyst offentleg samtale.
Både regulatoriske og økonomiske verkemiddel bidreg til å oppfylle mål om mangfald og kvalitet i norske redaktørstyrte medium.
4.3.1 Regulatoriske verkemiddel
I Noreg har vi fleire lover som skal sikre redaksjonell fridom og eit breitt medietilbod.
Lover som regulerer norske medium
Lov om redaksjonell uavhengighet og ansvar i redaktørstyrte journalistiske medier (medieansvarslova)
Lova skal leggje til rette for eit ope og opplyst offentleg ordskifte gjennom å sikre redaksjonell fridom og etablere klare ansvarsforhold for innhald som blir publisert i redaktørstyrte journalistiske medium. Lova pålegg mellom anna medium som driv regelmessig journalistisk produksjon og publisering av nyheiter, aktualitetsstoff,
samfunnsdebatt eller anna innhald av allmenn interesse, å peike ut ein ansvarleg redaktør som skal leie verksemda og ta avgjerder i redaksjonelle spørsmål. Utgivaren, eigaren eller selskapsleiinga elles kan ikkje instruere eller overprøve redaktøren i redaksjonelle spørsmål. Redaktøren er straffe- og erstatningsrettsleg ansvarleg for publisering av redaksjonelt innhald og marknadsføring.
Lov om økonomisk støtte til mediene (mediestøttelova)
Lova skal sikre sjølvstendet til dei redaktørstyrte journalistiske media og leggje til rette for eit mangfald av medium over heile landet. Formåla med dei ulike direkte mediestøtteordningane er tekne inn i mediestøttelova. Det må ei lovendring til for at direkte tilskotsordningar skal kunne opprettast eller avviklast, eller for at formåla med eksisterande ordningar skal kunne endrast.
Lov om kringkasting og audiovisuelle bestillingstjenester (kringkastingslova)
Lova inneheld mellom anna reglar om høvet til å drive kringkasting, vidaresendingar i kabelnett og formidlingsplikt og overordna reglar om organiseringa av NRK.
Dei direkte mediestøtteordningane
Produksjonstilskot til nyheits- og aktualitetsmedium
Produksjonsstøtta skal fremje uavhengig journalistikk av høg kvalitet, særleg i nyheits- og aktualitetsmedium i marknader som er for små til å vere berekraftige, eller som er alternativ til dei leiande nyheitsmedia.
Tilskot til lokale lyd- og biletmedium
Tilskotsordninga skal bidra til mediemangfald og ytringsfridom og til å styrkje den demokratiske funksjonen til dei lokale lyd- og biletmedia i samfunnet, mellom anna gjennom digitalisering av lokalradio.
Innovasjons- og utviklingstilskot
Innovasjonsstøtta skal fremje mediemangfald og ein opplyst offentleg samtale gjennom å stimulere til redaksjonell, innhaldsretta innovasjon og utvikling hos nyheits- og aktualitetsmedium. Ordninga skal særleg fremje redaksjonell, innhaldsretta innovasjon og utvikling i små, lokale nyheits- og aktualitetsmedium.
Tilskot til samiske aviser
Støtte til samiske aviser og samiskspråklege avissider skal leggje til rette for demokratisk debatt, meiningsdanning og språkutvikling i det samiske samfunnet.
4.3.2 Dei direkte mediestøtteordningane
Dei fire direkte mediestøtteordningane har som formål å sikre både det geografiske og det tematiske mediemangfaldet.
I tillegg til dei direkte mediestøtteordningane finst det ei rekkje andre mediestøttetiltak.
4.3.3 Norsk rikskringkasting (NRK)
Samanlikningar mellom land tilseier at ein sterk allmennkringkastar bidreg til ei meir informert, og dermed meir motstandsdyktig, befolkning. 92
NRK bidreg til å fremje den offentlege samtalen og til at heile befolkninga får tilstrekkeleg informasjon til å kunne delta aktivt i demokratiske prosessar. NRK har i tillegg eit sjølvstendig ansvar for å bidra til det norske mediemangfaldet, regionalt og nasjonalt.
Målingar viser at befolkninga både har høg tillit til NRK og bruker nyheitstenestene aktivt. 93
NRK har òg ein sentral beredskapsfunksjon og har plikt til å sikre at informasjon frå regjeringa når befolkninga under beredskap og i krig. 94
4.3.4 Tilskot til TV2 som kommersiell allmennkringkastar
TV2 har sidan 2018 hatt avtale om å levere kommersielle allmennkringkastingstenester. Målet med avtalen er å bidra til å halde oppe mediemangfaldet, sikre ein reell konkurrent til NRK og sikre riksdekkjande nyheitssendingar som blir produserte og sende utanfor Oslo.
Avtalen bidreg til å styrkje mediemangfaldet, mellom anna ved at ein får ein kommersiell allmennkringkastar som ikkje ligg i Oslo-området. Avtalen inneheld òg eit krav om at TV2 skal ha redaksjonelle medarbeidarar i nyheitssendingane på minst seks ulike stader i landet.
4.3.5 Fritak for meirverdiavgift for aviser
Då meirverdiavgiftssystemet blei innført i 1970, blei det bestemt at trykte medium, inkludert papiraviser, skulle vere fritekne frå avgifta. Fritaket for redaktørstyrte medium blei grunngitt med at dei er viktige for den offentlege samtalen, og at ei differensiert dagspresse held oppe og skaper grunnlag for ei mangfaldig og fri meiningsdanning. 95 Fritaket gjeld for aviser, inkludert elektroniske aviser som inneholder en overveiende andel tekst og stillbilder.
4.3.6 Internasjonalt arbeid
Utanriksdepartementet har utarbeidd ein eigen strategi for ytringsfridom i utanriks- og utviklingspolitikken. 96 Strategien beskriv viktige prioriteringar i Noregs internasjonale arbeid for ytringsfridom og mangfald av frie og uavhengige medium. Måla blir følgde opp gjennom multilateralt samarbeid, politisk dialog og støtte til partnarorganisasjonar som FN, Europarådet, EØS, Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa (OSSE) og andre multilaterale organisasjonar, frivillige organisasjonar og bransjeorganisasjonar. Støtta inkluderer mellom anna tiltak for å styrkje journalisttryggleik, utdanning og opplæring av journalistar, kompetanseutveksling og utvikling av nasjonal lovgiving og institusjonar.
I Meld. St. 20 (2024–2025) Innsats for demokrati, rettsstat og menneskerettigheter i Europa 97 beskriv regjeringa korleis Noreg vil arbeide internasjonalt for å motverke spreiing av desinformasjon, gjennom å verne om ytringsfridommen, sikre ei uavhengig og kritisk presse og styrkje den kritiske medieforståinga. Noreg vil mellom anna bidra til å styrkje globale løysingar for faktasjekk, utfylle nasjonale reguleringar og synleggjere ansvaret teknologiselskapa har for menneskerettar.
Kreativt Europa er EU sitt kultur- og medieprogram. Programmet motverkar desinformasjon ved å fremje mediemangfald, mediefridom og mediekunnskap. Kreativt Europa gir støtte til journalistar og arbeidet for frie medium i Europa, og Noreg har delteke i programmet sidan starten.
Kultursamarbeidet innanfor ramma av Nordisk ministerråd omfattar òg samarbeid på mediefeltet. Det nordiske samarbeidsprogrammet for kultur 2025–2030 har som mål å styrkje ytringsfridommen og den kunstnariske fridommen i Norden, mellom anna gjennom å rette merksemd mot den frie og uavhengige rolla til media. Programmet skal òg leggje vekt på å motverke desinformasjon gjennom auka nordisk samarbeid og konkrete tiltak.
4.4 Tiltak
4.4.1 Vurdere kva nivå, innretning og fordeling mediestøtteordningane skal ha
Medieøkonomien er under press som følgje av fallande annonseinntekter og hard konkurranse frå dei globale plattformene. Med svakare økonomi har ikkje dei redaktørstyrte media like gode moglegheiter til å sjekke, verifisere og balansere påstandar som ei motvekt til spreiing av desinformasjon. Ein svekt medieøkonomi kan òg gå ut over mediemangfaldet.
Dei direkte mediestøtteordningane inngår i fireårige styringssignal som Stortinget vedtek. Neste periode gjeld for 2027–2030. Regjeringa vil i denne samanhengen vurdere kva nivå, innretning og fordeling dei direkte mediestøtteordningane skal ha.
4.4.2 Vurdere ulike tiltak for å få unge til å bruke redaktørstyrte medium meir
Eit høgt nyheitskonsum er ein viktig del av motstandskrafta mot desinformasjon i eit samfunn. Derfor er det urovekkjande at barn og unge tilsynelatande får med seg mindre nyheiter frå redaktørstyrte medium enn før.
Regjeringa ser behov for tiltak som kan bidra til gode medievanar blant unge, vanar dei òg kan ta med seg seinare i livet. Kultur- og likestillingsdepartementet har derfor bede Medietilsynet om å vurdere korleis slike tiltak kan innrettast, til dømes gjennom subsidiert tilgang til journalistikk, oppretting av nye tilskotsordningar eller utviding av eksisterande tilskotsordningar.
Regjeringa vil vurdere korleis tilrådingane frå Medietilsynet kan følgjast opp.
4.4.3 Støtte undersøkjande journalistikk
Lokaljournalistikken speler ei viktig rolle i lokalsamfunnet. Den pressa økonomiske situasjonen gjer det vanskeleg for mange små redaksjonar å prioritere undersøkjande journalistikk. Regjeringa ønskjer å støtte felles initiativ som gjer det enklare for mindre aviser å drive undersøkjande journalistikk, ta i bruk ny teknologi og bidra til kompetanseheving for journalistar.
I 2025 styrkte regjeringa satsinga på undersøkjande journalistikk, teknologibruk og kompetanseutvikling i mindre redaksjonar gjennom å auke støtta til Senter for undersøkende journalistikk og tilskotet til Samarbeidsdesken, eit prosjekt i regi av Landslaget for lokalaviser, Senter for undersøkende journalistikk og NRK. Samarbeidsdesken gjer researchmateriale innanfor vesentlege samfunnsområde tilgjengeleg for å gjere det enklare å lage undersøkjande og grundig journalistikk.
Regjeringa vil vurdere om det er behov for å styrkje den undersøkjande journalistikken ytterlegare.
4.4.4 Støtte kompetanseheving for journalistar
Faktasjekk og verifisering har blitt meir komplekst enn før som følgje av både den teknologiske og den tryggingspolitiske utviklinga. Begge delar har ført til at redaksjonane har fått større behov for å heve kompetansen og ta i bruk nye verktøy.
Redaksjonane har eit sjølvstendig ansvar for å sikre det dei reknar som relevant kompetanse. Regjeringa bidreg i tillegg med tilskot til Institutt for journalistikk, som er eit kompetansesenter for norske medium. Kombinasjonen av den raske utviklinga og den utfordrande medieøkonomien gjer dette viktigare enn nokon gong.
Regjeringa vil vurdere å bidra ytterlegare til kompetanseheving for journalistar.
4.4.5 Styrkje pressefridommen i sosiale medium
Pressefridommen er under press i sosiale medium. Plattformene slettar eller nedprioriterer redaksjonelle innlegg utan omsyn til nyheitsverdien deira eller den samfunnskritiske rolla til dei redaktørstyrte media. Dette bidreg til uheldige sårbarheiter med tanke på motstandskrafta mot desinformasjon i befolkninga.
DSA pålegg sosiale medium å ta vern av pressefridommen inn i brukarvilkåra. Sosiale medium pliktar i tillegg å identifisere og motverke systemrisikoar for pressefridommen, mellom anna i design av tilrådingsalgoritmar og ved moderering av innhald. Mediefridomsforordninga (EMFA) gir sosiale medium plikt til å varsle redaktørstyrte medium 24 timar før dei slettar eller avgrensar redaksjonelt innhald. I tillegg skal det organiserast dialogmøte på europeisk nivå.
Regjeringa vil bidra til effektiv handheving av DSA og mediefridomsforordninga for å sikre eit best mogleg vern av pressefridommen for norske medium i sosiale medium.
4.4.6 Arbeide for tryggare forhold for journalistar
I ei uroleg verd er Noreg framleis eit trygt land for dei aller fleste redaksjonelle medarbeidarar. Dette stadfestar òg den årlege pressefridomsindeksen frå Reportere uten grenser, som Noreg toppa for niande året på rad i 2025. Men ikkje alle journalistar i Norge opplever å ha ein trygg arbeidskvardag, fri for truslar og trakassering. Å oppleve ein utrygg arbeidskvardag kan føre til sjølvsensur, noko som igjen kan redusere mediemangfaldet og svekkje det offentlege ordskiftet. Derfor er det viktig å følgje nøye med på situasjonen for journalistar i Noreg, i tråd med tilrådingane frå Europarådet og kampanjen deira for journalisttryggleik. Regjeringa har derfor invitert presseorganisasjonane til å diskutere korleis statlege styresmakter og pressa kan samarbeide for å skape trygge rammer for alle journalistar i Noreg. Dette arbeidet vil bli følgt opp i den kommande nasjonale strategien for eit ope og opplyst offentleg ordskifte.
4.4.7 Styrkje redaktørstyrte medium internasjonalt
I Melding St. 20 (2024–2025) Innsats for demokrati, rettsstat og menneskerettigheter i Europa 98 beskriv regjeringa det internasjonale arbeidet for å motverke spreiing av desinformasjon, gjennom å verne om ytringsfridommen, sikre ei uavhengig og kritisk presse og styrkje den kritiske medieforståinga. Noreg vil mellom anna bidra til å styrkje globale løysingar for faktasjekk, utfylle nasjonale reguleringar og synleggjere ansvaret teknologiselskapa har for menneskerettar. Strategi for ytringsfrihet i utenriks- og utviklingspolitikken 99 beskriv viktige prioriteringar i Noregs internasjonale arbeid for ytringsfridom og mangfald av frie og uavhengige medium. Måla blir følgde opp gjennom multilateralt samarbeid, politisk dialog og støtte til partnarorganisasjonar som FN, Europarådet, EØS, Organisasjonen for tryggleik og samarbeid i Europa (OSSE) og andre multilaterale organisasjonar, frivillige organisasjonar og bransjeorganisasjonar. Støtta inkluderer mellom anna tiltak for å styrkje journalisttryggleik, utdanning og opplæring av journalistar, kompetanseutveksling og utvikling av nasjonal lovgiving og institusjonar.
Regjeringa vil halde fram med å vere ein pådrivar internasjonalt for initiativ som styrkjer motstandskrafta mot desinformasjon.
Regjeringa vil
- vurdere kva nivå, innretning og fordeling mediestøtteordningane skal ha, inn mot den nye perioden med fireårige styringssignal 2027–2030
- vurdere ulike tiltak for å få fleire unge til å oppsøkje redaktørstyrte medium
- støtte undersøkjande journalistikk, særleg for å styrkje lokaljournalistikken
- støtte kompetanseheving for journalistar
- styrkje pressefridommen og mediemangfaldet i sosiale medium, i søkjemotorar og på andre internettplattformer
- vurdere tiltak for auka journalisttryggleik
- vere ein pådrivar internasjonalt for initiativ som styrkjer motstandskrafta mot desinformasjon gjennom å verne om ytringsfridommen, sikre ei uavhengig og kritisk presse og styrkje den kritiske medieforståinga