Strategi for å styrkje motstandskrafta mot desinformasjon (2025–2030)

Til innhaldsliste

1 Formål og bakgrunn

1.1 Innleiing

Noreg er eit liberalt og ope demokrati. Vi har eit likestilt samfunn med gode velferdsordningar der folk, styresmakter og andre samfunnsinstitusjonar har stor tillit til kvarandre. Vi har ein god fellesskule og ei høgt utdanna befolkning, eit sterkt vern om ytringsfridommen og eit mangfald av redaktørstyrte medium.

Dette er verdiar og eigenskapar som bidreg til at det norske samfunnet er prega av tryggleik, stabilitet og sterke demokratiske institusjonar, og som gjer oss motstandsdyktige mot desinformasjon.

Samtidig er autoritære krefter på frammarsj i mange andre land i verda. Det er færre demokrati no enn for 35 år sidan. Blant dei demokratia som er igjen, er det fleire land som innfører politikk og lover som innskrenkar ytringsfridommen, pressefridommen, forsamlingsfridommen og moglegheita til å utøve reell demokratisk innverknad. 1

Autoritære statar prøver òg å påverke haldningar og avgjerder i andre land til sin fordel gjennom mellom anna spreiing av desinformasjon.

Denne strategien gir eit overblikk over innsatsen regjeringa gjer for å førebyggje gjennom å bevare og styrkje motstandskrafta mot desinformasjon. Verkemidla og tiltaka er retta mot å sikre ein open og informert offentleg samtale, ikkje mot å avgrense høvet til å ytre seg offentleg eller mot å fjerne usanne påstandar frå offentlegheita.

1.2 Bakgrunn for strategien

Ytringsfridomskommisjonen greidde ut rammene for ytringsfridommen i dagens norske samfunn. 2 Dei konkluderte med at det offentlege ordskiftet har gode kår i Noreg i dag. Den teknologiske utviklinga dei siste 20 åra har medført ei demokratisering av ytringsmoglegheitene. Befolkninga har tilgang på tilnærma uendelege mengder med informasjon, og terskelen for å delta i den offentlege samtalen er lågare enn før. Pressefridommen og ytringsfridommen står sterkt, men tilliten til institusjonar og politikarar er fallande. 3

Ytringsfridomskommisjonen fekk òg i oppdrag å greie ut desinformasjon i ein norsk kontekst. Kommisjonen konkluderte med at omfanget av desinformasjon som var avdekt i fleire land, gav grunn til bekymring og aktsemd i Noreg òg, og peikte på eit behov for å vurdere å forsterke beredskapen og samordninga.

Den tryggingspolitiske situasjonen spissar seg til og blir forsterka av at vi står midt i omfattande teknologiske endringar. Allereie før generativ kunstig intelligens slo gjennom for alvor mot slutten av 2022, stod Noreg i ei digital omstilling.

Sosiale medium og andre internettplattformer har forenkla tilgangen til informasjon, men dei er òg ein attraktiv kanal for påverknad. Hatefulle ytringar, feil- og desinformasjon skaper engasjement og spreier seg raskt i sosiale medium. Det skjer ikkje berre fordi folk kommenterer, liker og deler, men òg fordi algoritmane frå plattformene forsterkar det heile. 4 Tilrådingsalgoritmane kan i tillegg føre til redusert spreiing av redaksjonelt innhald og andre former for truverdig innhald. 5 Generativ kunstig intelligens har gjort det endå enklare, billigare og meir effektivt å spreie desinformasjon gjennom sosiale medium og andre kanalar på internett.

Infrastrukturkravet i Grunnlova § 100 gir styresmaktene eit omfattande ansvar for å leggje til rette for eit ope og opplyst offentleg ordskifte. Det inneber ei plikt til å leggje til rette for kanalar og institusjonar der folk både kan ytre seg og finne relevant informasjon. Det er utfordrande at sosiale medium – som er blant dei viktigaste plattformene for ytring og informasjon i dag – framleis er underlagde svært få krav og lite demokratisk kontroll.

I sum inneber den tryggingspolitiske situasjonen, bruken av desinformasjon i autoritære statar, den teknologiske utviklinga og dei endra medievanane til befolkninga at utfordringsbiletet har endra seg sterkt. Totalberedskapskommisjonen konkluderte med at denne utviklinga krev at Noreg må førebu seg på ein langvarig situasjon der vi i aukande grad er utsette for forsøk på påverknad og spreiing av desinformasjon. 6 Alvoret gjer at det hastar å styrkje norsk motstandskraft – også i sivil sektor.

Sjølv om spreiing av desinformasjon og annan informasjonspåverknad er eit samfunnsproblem, er det verken mogleg eller ønskjeleg å forby usanningar. Det er heller ikkje mogleg å vedta motstandskraft. Det krev innsats og samarbeid mellom befolkninga, næringslivet, frivillig sektor, kommunar, fylkeskommunar og statlege styresmakter.

1.3 Den tryggingspolitiske situasjonen

Regjeringa la i mai 2025 fram ein nasjonal tryggingsstrategi 7 som skal bidra til å samle kreftene om det som er viktigast for å halde Noreg trygt.

Strategien tek utgangspunkt i dei mest grunnleggjande tryggingsinteressene til Noreg, definerte som

  1. eit fritt og sjølvstendig Noreg
  2. eit sterkt demokrati
  3. eit trygt og tillitsfullt samfunn
  4. ein open og omstillingsdyktig økonomi
  5. ein alliert fellesskap og eit alliert samhald i Europa
  6. ei verd som søkjer løysingar baserte på folkeretten

Alle desse blir direkte eller indirekte trua av desinformasjon og andre informasjonstruslar.

Tryggingsstrategien beskriv òg den tryggingspolitiske situasjonen nærmare og slår fast at Noreg står i den mest alvorlege tryggingssituasjonen sidan andre verdskrigen. På kort tid har verda blitt farlegare og meir uføreseieleg. Det er krig i Europa, konkurransen mellom stormaktene er aukande, og det er stor uvisse i det transatlantiske forholdet.

Etterretningsaktiviteten er betydeleg, andre freistar å påverke oss, og sabotasjetrusselen er alvorleg. Tryggingstruande økonomisk aktivitet har blitt meir utbreidd, og statlege aktørar utnyttar migrasjon medvite som eit pressmiddel. Noreg må vere førebudd på at slik aktivitet kan bli meir omfattande og aggressiv framover. Utviklinga påverkar alle delar av samfunnet.

Ei anna urovekkjande utvikling er at statlege aktørar finansierer radikaliserte miljø og kriminelle nettverk og bruker dei til å utføre handlingar på sine vegner. Gjennom alvorlege valdshandlingar og spreiing av desinformasjon blir det skapt frykt og splid. Finnmark, og særleg Aust-Finnmark, er i dag i ein særskild situasjon på grunn av den geografiske og strategiske plasseringa ved grensa til Russland. Dei som bur nærast, merkar den negative utviklinga i Russland tydelegast, og vi vil ha eit særskilt fokus på regionen i oppfølginga av strategiens satsingsområde.

1.3.1 Trusselvurderingar

Etterretningstenesta skriv i trusselvurderinga si at russiske etterretnings- og tryggingstenester bruker kunstig intelligens og internett til å spreie antivestlege narrativ og til å eggje opp ekstreme aktørar, mellom anna i samband med kontroversielle mediesaker. 8 Formålet er å påverke og skape uro i vestlege land.

Politiets tryggingsteneste skriv i si trusselvurdering at dei forventar at autoritære statar vil gjennomføre påverknadsoperasjonar i Noreg i 2025. 9 I ei tid med auka geopolitisk konflikt har fordekte påverknadsoperasjonar og desinformasjon blitt sentrale verkemiddel som enkelte statar nyttar i forsøk på å endre avgjerder og haldningar til fordel for seg sjølve.

Den norske befolkninga er eit mål for russiske forsøk på påverknad, mellom anna aksjonar som freistar å svekkje støtta vår til Ukraina. Kina viser òg i aukande grad evne og vilje til å gjennomføre påverknadsoperasjonar som er direkte retta mot innbyggjarane i vestlege statar og dei tryggingspolitiske interessene våre. Politiets tryggingsteneste ventar at kinesisk desinformasjon får høgare kvalitet, og at omfanget av digitale påverknadskampanjar aukar i åra framover. I 2023 blei det for første gong avdekt ein digital kinesisk påverknadskampanje retta mot eit norsk publikum. Viking United News , som gav seg ut for å vere ei norsk nettavis, var del av ein større internasjonal kampanje der eit kommersielt kinesisk selskap laga over hundre falske nettsider der dei fletta kinesisk propaganda inn i ein straum av nyheitsartiklar dei hadde stole frå legitime nyheitssider.

Nasjonalt tryggingsorgan peiker på at generativ kunstig intelligens i aukande grad blir brukt til å støtte opp under påverknadsoperasjonar. 10 Generativ kunstig intelligens blir brukt til å skape eit stort volum av falsk informasjon, til å opprette falske profilar i sosiale medium og til å få dei falske profilane til å interagere seg imellom. Dette kan bidra til å spreie desinformasjon eller gi folk inntrykk av at mange menneske har eit gitt syn i ei sak.

1.4 Kva er desinformasjon?

Desinformasjon kan definerast på mange måtar og kan ha både ulike avsendarar og ulike motiv. Desinformasjon kan til dømes inngå som del av ein større framandstatleg påverknadsoperasjon, han kan bli spreidd av styresmakter som gjer det for å legitimere sin eigen politikk, og han kan bli spreidd av grupperingar eller enkeltpersonar for å oppnå profitt eller andre former for personleg eller politisk gevinst. I enkelte land betaler styresmaktene òg enkeltpersonar for å vidareformidle desinformasjon.

Uavhengig av kven som spreier desinformasjonen, kan han fortrengje annan type informasjon og svekkje folks tillit til nyheitsmedium, politikarar og institusjonar, gå ut over den politiske debatten og hindre opposisjon, true valprosessar, forsterke polarisering og svekkje samhaldet med nære allierte. I sum kan desinformasjon bidra til å undergrave mange av verdiane i og mykje av styrken ved det norske demokratiet.

I tillegg til desinformasjon finst det mange andre former for informasjonspåverknad. Dei har ofte det til felles at dei blir spreidde for å villeie, skape uro eller påverke mottakaren. Slik informasjonspåverknad kan deretter bli spreidd vidare av folk som trur på det dei har høyrt.

1.5 Avgrensingar og oppbygging av strategien

Ein heilskapleg innsats mot desinformasjon kan delast inn i fire fasar: (1) førebyggje, (2) oppdage (3), handtere og (4) evaluere.

  1. Å førebyggje mot desinformasjon inneber å styrkje motstandskrafta. Vi må styrkje det som hindrar både spreiing av desinformasjon og effekten desinformasjon får på samfunnet. Det inkluderer mellom anna eit mangfald av redaktørstyrte medium, ei opplyst, medviten og kritisk befolkning og regulering av algoritmeforsterka spreiing av desinformasjon i sosiale medium.
  2. For å kunne oppdage konkrete tilfelle av desinformasjon må styresmaktene sjå ulike saker i samanheng og identifisere desinformasjonen som eit medvite forsøk på påverknad. Det kan vere svært vanskeleg, ettersom dei som ønskjer å spreie desinformasjon, ofte prøver å skjule motiva sine. Å handtere desinformasjon handlar om å minimere dei mogleg skadelege effektane, anten i forkant av eit venta forsøk eller når ein har oppdaga at eit forsøk på å spreie desinformasjon er i gang. Det kan inkludere å opplyse befolkninga om ein konkret påverknadsoperasjon, å gå ut med sannferdig informasjon og eventuelt å opplyse om kven som står bak. Dette krev koordinert offentleg kommunikasjon og kan innebere tryggingspolitiske vurderingar og responsar.
  3. Å evaluere inneber å lære av tidlegare forsøk på spreiing av desinformasjon og erfaringar frå eventuelle mottiltak. Formålet er å bli endå betre til å førebyggje, oppdage og handtere desinformasjon i framtida.

Denne strategien er i hovudsak avgrensa til den første fasen – førebygging.

Dei ulike fasane grip likevel inn i kvarandre, og element ved evna styresmaktene har til å oppdage, handtere og evaluere desinformasjon, vil òg bidra til å styrkje motstandskrafta og førebygginga.

I praksis er det vanskeleg å oppdage desinformasjon og skilje han frå andre former for informasjonspåverknad og feilinformasjon. Førebyggjande tiltak vil i stor grad vere retta mot å styrkje det offentlege ordskiftet og motverke polarisering, og vil på den måten førebyggje mot langt meir enn berre desinformasjon. Strategien inkluderer derfor verkemiddel og tiltak på ei lang rekkje område, som saman, og på ulike måtar, òg bidreg til å styrkje motstandskrafta mot desinformasjon.

Uforholdsmessige tiltak mot desinformasjon eller andre former for informasjonstruslar kan bidra til ei nedkjøling av ytringsfridommen og dermed svekkje dei verdiane vi ønskjer å verne. Alle tiltak mot desinformasjon må derfor vurderast nøye opp mot eventuelle konsekvensar for ytringsfridommen. Forskingsbasert og oppdatert kunnskap om norsk kontekst er viktig for at vi skal finne dei rette tiltaka og den rette balansen mellom ytrings- og informasjonsfridom og tryggleik i samfunnet.

Å styrkje motstandskrafta mot desinformasjon krev merksemd, innsats og tiltak på svært mange område. For å vise breidda i arbeidet til regjeringa inkluderer strategien omtale av både eksisterande og nye initiativ som støttar opp om målet på ulike måtar.

Utfordringsbiletet endrar seg raskt, men å styrkje motstandskraft tek tid. Denne strategien varer fram til 2030.

Strategien er delt inn i fem innsatsområde. Kvart innsatsområde startar med ein omtale av bakgrunnen og utfordringsbiletet. Deretter følgjer ein gjennomgang av verkemiddel og tiltak.

Innsatsområde 1: Styrkje den kritiske medieforståinga i befolkninga

Korleis regjeringa kan bidra til å styrkje den kritiske medieforståinga i befolkninga, slik at folk blir i stand til å vurdere sjølve om informasjon, bilete og videoar er truverdige

Innsatsområde 2: Ansvarleggjere sosiale medium

Korleis regjeringa kan sikre ei tydeleg oppfølging av sosiale medium og andre internettplattformer og av påverknaden dei har på det offentlege ordskiftet

Innsatsområde 3: Styrkje dei redaktørstyrte media

Korleis regjeringa kan vidareutvikle mediepolitikken for å bidra til at media er i stand til å oppfylle samfunnsoppdraget sitt i framtida òg

Innsatsområde 4: Styrkje kunnskap og forsking

Korleis regjeringa kan bidra til meir kunnskap om korleis desinformasjon blir spreidd i Noreg, og kva grad av konsekvensar det eventuelt får for det offentlege ordskiftet

Innsatsområde 5: Styrkje arbeidet til styresmaktene og samordninga mellom dei

Korleis regjeringa kan styrkje arbeidet for ein heilskapleg innsats mot desinformasjon og for god informasjonsflyt

Definisjonar

Desinformasjon: falsk eller villeiande informasjon som nokon spreier medvite for å påverke mottakaren. Desinformasjon kan fortrengje annan type informasjon og svekkje tilliten folk har til nyheitsmedium, politikarar og institusjonar, gå ut over den politiske debatten og hindre opposisjon, true valprosessar, intensivere polarisering og svekkje samhaldet med nære allierte.

Feilinformasjon: feilaktig informasjon som nokon spreier utan at formålet er å villeie

Falske nyheiter: feil- eller desinformasjon presentert i eit nyheitsformat

Konspirasjonsteori: påstand om at det som er gale i verda, kjem av skjulte samansverjingar

Polarisering: tilstand der nokon opplever motsetnadene mellom grupper som så store at motsetnadene hindrar dialog og gjensidig utveksling av argument og idear

Informasjonsintegritet: når informasjonsinfrastrukturen fremjar tilgang til nøyaktige, pålitelege, evidensbaserte og pluralistiske informasjonskjelder og gjer at enkeltpersonar kan bli eksponerte for pluralistiske og mangfaldige idear, ta informerte val og utøve rettane sine betre

Påverknadsoperasjon: operasjon der ein stat bruker opne og fordekte kampanjar, operasjonar og aktivitetar, ofte utan bruk av militær makt, for å endre haldningar, avgjerder eller utfall. Målet er gjerne å påverke politiske prosessar eller avgjerder i ei gitt retning, men det kan òg vere å forsterke polarisering, spreie mistillit eller skape generell uro i befolkninga. Desinformasjon er eitt av fleire verkemiddel for å oppnå dette.

Samansette truslar: strategiar for konkurranse og konfrontasjon under terskelen for direkte væpna konflikt som kan kombinere diplomatiske, informasjonsmessige, militære, økonomiske og finansielle, etterretningsmessige og juridiske verkemiddel for å nå strategiske mål. Bruken av verkemiddel er gjerne breitt distribuert og langsiktig i tilnærminga, og kombinerer opne, fordekte og skjulte metodar

Til forsida