NOU 2025: 3

Ny kulturmiljølov

Til innhaldsliste

Del 1
Innleiande del

1 Lovframlegg

Framlegget frå utvalet

Framlegg til lov om kulturmiljø (kulturmiljølova)

Kapittel 1 Føremål, verkeområde og definisjonar

§ 1 Føremål

Føremålet med lova er å ta vare på eit mangfald av kulturmiljø som kjelde til kunnskap og som grunnlag for tilhøyrsle, oppleving og bruk for dagens og komande generasjonar.

Det er eit felles ansvar å ta vare på kulturmiljø som del av kulturarven gjennom vern og berekraftig bruk, og i ei heilskapleg miljø- og ressursforvaltning.

§ 2 Kva kulturmiljø som kan takast vare på etter lova

Kulturmiljø med høg kulturhistorisk verdi kan takast vare på etter denne lova.

Når det skal vurderast om eit kulturmiljø har høg kulturhistorisk verdi, kan det leggjast vekt på immateriell kulturarv og viktig naturmangfald. Så langt dei høver, gjeld reglane i denne lova òg botaniske, zoologiske eller geologiske førekomstar som har kulturhistorisk verdi.

§ 3 Kvar lova gjeld

Lova gjeld på norsk landterritorium, medrekna innsjøar og vassdrag, i territorialfarvatnet og i sjøområda ut til 24 nautiske mil frå grunnlinjene.

På kontinentalsokkelen og i jurisdiksjonsområde som er oppretta i medhald av lov 17. desember 1976 nr. 91 om Norges økonomiske sone, gjeld lova så langt ho høver.

§ 4 Definisjonar

I denne lova tyder

  • a) kulturmiljø: eitt eller fleire kulturminne og heile det fysiske miljøet der kulturhistoria kjem til uttrykk

  • b) kulturminne: alle spor etter menneskeleg verksemd i det fysiske miljøet som kan vere kjelder til kunnskap, eller som blir tillagt kulturhistorisk verdi og meining

  • c) jordfaste kulturminne: kulturminne som ligg i eller på grunnen eller i vatn, og som ikkje kan flyttast, til dømes bergkunst, gravminne, ruinar, spor etter byggverk, skogbruk, jordbruk og fangst, og stader som det er knytt historiske hendingar, tru eller tradisjon til

  • d) lause kulturminne: kulturminne som er gjenstandar, til dømes smykke, myntar, reiskapar, våpen eller ting med innskrifter eller bilete

  • e) transportminne: kulturminne som er framkomstmiddel, til dømes båtar, fly, bilar, tog, vogner eller syklar

  • f) skipsfunn: ikkje-flytande båtar, skipsskrog, last og anna som høyrer til eller har vore om bord

Kapittel 2 Allmenne føresegner

§ 5 Generell aktsemdsplikt

Alle skal ta omsyn til kulturmiljøet og stelle seg slik at det ikkje blir skadd.

Kulturmiljø skal forvaltast og haldast i forsvarleg stand, slik at dei kulturhistoriske verdiane blir tekne vare på.

§ 6 Samordning av kulturmiljøforvaltninga

Kulturmiljøstyresmakta skal samordne seg og syte for ei heilskapleg og føreseieleg forvaltning av kulturmiljø i heile landet.

§ 7 Prinsipp for offentlege avgjerder

Føremålet i lova i § 1 og prinsippa i §§ 8 til 14 gjeld som retningslinjer når eit forvaltningsorgan tek avgjerd i alle saker der kulturmiljø kan bli påverka. Det same gjeld når eit forvaltningsorgan inngår avtale, deler ut tilskot eller forvaltar fast eigedom.

I avgjerda skal forvaltningsorganet gjere greie for korleis prinsippa er vurderte.

§ 8 Kunnskapsgrunnlag for avgjerder

Dersom eit forvaltningsorgan tek avgjerd som kan påverke kulturmiljø, skal avgjerda så langt som råd byggje på både vitskapleg og tradisjonell kunnskap om kulturhistorie og kulturminne i området.

§ 9 Føre var-prinsippet

Dersom det ikkje ligg føre god nok kunnskap om kva følgjer eit tiltak kan få for kulturmiljø, skal forvaltningsorganet ta avgjerd som unngår eller avgrensar skadeverknadene så godt som råd.

§ 10 Samla negativ påverknad på kulturmiljøet

Dersom eit forvaltningsorgan tek avgjerd som kan påverke den kulturhistoriske verdien negativt, skal organet leggje vekt på den samla påverknaden kulturmiljøet blir utsett for.

§ 11 Bruk av forsvarlege teknikkar og metodar

Dersom eit tiltak kan påverke kulturmiljø, skal tiltakshavaren så langt som råd nytte den teknologien og dei metodane som påverkar kulturmiljøet minst mogleg.

Dersom dette blir urimeleg dyrt for tiltakshavaren, kan det opnast for ein mindre skånsam framgangsmåte, såframt det samla sett er kulturhistorisk forsvarleg.

§ 12 Dekning av kostnader for tap eller skade

Dersom eit kulturmiljø blir skadd eller går tapt på grunn av eit tiltak, skal tiltakshavaren dekkje rimelege kostnader knytte til undersøking, dokumentasjon eller sikring av kjelde- eller restverdiane.

§ 13 Medverknad

Når eit forvaltningsorgan skal ta avgjerder som kan påverke kulturmiljø, skal enkeltpersonar, lokalsamfunn, grupper og organisasjonar få høve til å medverke.

Representative organisasjonar har rett til å uttale seg og til å klage på enkeltvedtak innanfor interesseområdet sitt.

Styresmaktene har eit særskilt ansvar for å sikre at dei nasjonale minoritetane romanifolket/taterar, skogfinnar, kvenar/norskfinnar, romar og jødar får høve til aktivt å medverke i saker som gjeld forvaltninga av deira kulturmiljø.

§ 14 Vektlegging av kulturmiljøet til urfolk og nasjonale minoritetar

Dersom eit forvaltningsorgan skal ta avgjerder som kan påverke kulturmiljøet til samar, romanifolket/taterar, skogfinnar, kvenar/norskfinnar, romar og jødar, skal organet leggje stor vekt på korleis kulturmiljøet kan tryggje og utvikle kulturen, språket og samfunnslivet.

Kapittel 3 Automatisk freding

§ 15 Automatisk freda kulturmiljø

Følgjande kulturmiljø er automatisk freda:

  • a) jordfaste kulturminne frå tida fram til og med 1650

  • b) bygningar og anlegg frå tida fram til og med 1650

  • c) kyrkjer frå tida fram til og med 1850

  • d) samiske bygningar og anlegg frå tida fram til og med 1917

  • e) samiske jordfaste kulturminne frå tida fram til og med 1917

Til eit jordfast kulturminne høyrer ei fem meter brei sone rekna frå den kjende eller synlege ytterkanten av sjølve kulturminnet. Forbodet mot tiltak som er nemnde i § 18, gjeld innanfor sona.

I tvilstilfelle avgjer Riksantikvaren om eit kulturminne er automatisk freda.

Eit mindretal (Anfinset og Falch) føreslår at bokstav a skal lyde:

  • a) jordfaste kulturminne frå tida fram til og med 1850

Eit mindretal (Felland og Gierløff) føreslår som ny bokstav f:

  • f) dei nasjonale minoritetane sine jordfaste kulturminne frå tida fram til og med 1850

§ 16 Presisering av automatisk freding

Riksantikvaren kan etter søknad eller av eige tiltak gjere enkeltvedtak for å presisere dei kulturhistoriske verdiane i eit automatisk freda kulturminne og omfanget av den automatiske fredinga.

§ 17 Rettsverknad av automatisk freding av bygningar og kyrkjer

For automatisk freda bygningar og kyrkjer gjeld reglane i kapittel 4 freding ved vedtak så langt dei høver.

§ 18 Forbod mot tiltak og aktivitetar som kan påverke automatisk freda jordfaste kulturminne

Utan løyve etter § 20 er det forbode å setje i verk tiltak eller andre aktivitetar som kan innebere eller føre til at eit automatisk freda jordfast kulturminne blir øydelagt, skadd, utgrave, endra, tildekt eller skjult.

Forbodet gjeld òg tiltak og andre aktivitetar som kan ha ein unødig negativ innverknad på forståinga og opplevinga av automatisk freda jordfaste kulturminne, medrekna tiltak og aktivitetar som fører med seg forstyrrande lukt, lyd eller lys.

Dersom fylkeskommunen eller Sametinget ikkje gjer enkeltvedtak om noko anna, kan bruk av beitemark eller innmark over eit automatisk freda jordfast kulturminne halde fram. Pløying og anna jordarbeid som går djupare enn tidlegare, er forbode utan løyve.

§ 19 Plikt til å melde frå om tiltak som kan verke inn på jordfaste kulturminne

Den som vil setje i verk tiltak som kan verke inn på automatisk freda jordfaste kulturminne på ein måte som er nemnt i § 18, skal melde frå om det til fylkeskommunen eller Sametinget, som avgjer om det er naudsynt å søkje om løyve etter § 20. Melding om tiltak skal gjevast så tidleg som råd.

Dersom eit automatisk freda jordfast kulturminne kjem for dagen etter at eit arbeid er sett i gang, skal den ansvarlege tiltakshavaren straks melde frå til fylkeskommunen eller Sametinget. Dersom arbeidet kan verke inn på kulturmiljøet på ein måte som er nemnt i § 18, skal arbeidet stansast. Fylkeskommunen eller Sametinget skal så snart som råd avgjere søknaden om løyve, jf. tredje avsnitt.

Om det trengst løyve, skal meldinga reknast som ein søknad.

§ 20 Løyve til inngrep i automatisk freda jordfaste kulturminne

Fylkeskommunen og Sametinget kan gje varig eller mellombels løyve til eit tiltak som er nemnt i § 18. Løyve kan berre gjevast om fordelane for eigaren eller samfunnet veg klart tyngre enn skadeverknaden for den kulturhistoriske verdien.

Fylkeskommunen og Sametinget kan gje løyve til tiltak som nemnt i § 18 dersom tiltaket er del av eit forskingsprosjekt som har til føremål å gje ny kunnskap og nytten av tiltaket veg klart tyngre enn skadeverknaden for den kulturhistoriske verdien.

Fylkeskommunen og Sametinget kan setje vilkår for løyvet, til dømes om dokumentasjon, arkeologiske undersøkingar, sikringstiltak, overvaking, forsking eller formidling.

Dersom eit tiltak ikkje er sett i gang innan tre år, fell løyvet bort.

Det er ikkje naudsynt med løyve etter første avsnitt for tiltak som er i samsvar med gyldig reguleringsplan, der omsynet til automatisk freda kulturmiljø er avklart av fylkeskommunen eller Sametinget. Før planen blir gyldig, kan det setjast vilkår etter tredje avsnitt. Kommunen skal innarbeide vilkåra i planen. Fritaket frå kravet om løyve gjeld berre i ti år etter at planen er vedteken.

§ 21 Jordfaste kulturminne frå perioden etter 1650 til og med 1850

I tilfelle der det blir sett vilkår om utgraving i løyve etter § 20 til inngrep i automatisk freda kulturmiljø, skal eventuelle kulturlag frå perioden etter 1650 til og med 1850 handsamast som om dei var freda.

Eit mindretal (Anfinset og Falch) føreslår at § 21 går ut.

Kapittel 4 Freding ved vedtak

§ 22 Kva kulturmiljø som kan fredast ved vedtak

Kulturmiljø med høg kulturhistorisk verdi kan fredast ved vedtak. Det gjeld mellom anna

  • a) jordfaste kulturminne

  • b) byggverk og anlegg

  • c) kyrkjer

  • d) lause kulturminne

  • e) transportminne

  • f) skipsfunn

  • g) offentlege minnesmerke

  • h) kulturpåverka natur

  • i) bygningsmiljø

  • j) kulturminneområde, medrekna område med jordfaste kulturminne eller marine område

  • k) kulturlandskap

Naturmangfald som ikkje er påverka av menneskeleg verksemd, kan inngå i fredinga.

§ 23 Freding av kulturmiljø ved enkeltvedtak

Riksantikvaren kan ved enkeltvedtak frede kulturmiljø som er nemnde i § 22 bokstav a til g, og mindre område som er nemnde i § 22 bokstav h til k.

§ 24 Forenkla freding av kulturmiljø ved enkeltvedtak

Fylkeskommunen og Sametinget kan ved enkeltvedtak frede det utvendige av og konstruksjonen til kulturmiljø med høg kulturhistorisk verdi som er nemnde i § 22 bokstav a til og med g.

§ 25 Freding av kulturmiljø ved forskrift

Kongen i statsråd kan i forskrift frede større område som er nemnde i § 22 bokstav h til k.

Ved freding i forskrift gjeld føresegnene i forvaltningsloven om enkeltvedtak for dei eigarane og rettshavarane fredinga kan få direkte følgjer for.

§ 26 Mellombels freding

Riksantikvaren, fylkeskommunen og Sametinget kan gjere enkeltvedtak om mellombels freding dersom det er fare for at høg kulturhistorisk verdi går tapt eller får vesentleg skadeverknad.

Tiltak som trengst for å avklare eller sikre den kulturhistoriske verdien, skal gjennomførast så snart som råd.

Reglane for sakshandsaming i § 67 og føresegnene i forvaltningsloven om varsel og utgreiingsplikt gjeld ikkje for vedtak om mellombels freding.

§ 27 Erstatning for fredingsvedtak

Vedtak om freding gjev ikkje rett til erstatning for eigaren og andre rettshavarar, om ikkje ein slik rett følgjer av allmenne rettsgrunnsetningar.

§ 28 Rettsverknad av freding ved vedtak

Kulturmiljøstyresmakta kan forby eller på annan måte regulere alle typar tiltak og aktivitet som motverkar føremålet med fredinga. Føremålet med fredinga og kva som ikkje er tillate, skal gå fram av fredingsvedtaket.

Dersom ikkje noko anna går fram av fredingsvedtaket, omfattar freding av byggverk og anlegg eksteriør, bygningskonstruksjonar og inventar som anten er fast montert eller særskilt tilpassa bygningane.

Laust inventar og gjenstandar kan fredast saman med byggverk og anlegg dersom det stør opp under føremålet med fredinga.

Kulturmiljøstyresmakta kan i fredingsvedtaket fastsetje at eit kulturminne skal haldast i stand, og at vedlikehaldet skal utførast på ein viss måte. Kulturmiljøstyresmakta kan i fredingsvedtaket fastsetje vern og skjøtsel av naturmangfald i fredingsområdet.

Dersom fredingsvedtaket ikkje har fastsett særskilde reglar om kva fredinga går ut på, er alle tiltak som går lenger enn vanleg vedlikehald forbodne utan dispensasjon etter § 30. Forbodet gjeld mellom anna riving, flytting, påbygging, utskifting av materialar og endring av fargar.

§ 29 Omsyn til eigaren ved utforming av vedtak om freding

Når kulturmiljøstyresmakta utformar vedtak om freding etter denne lova, skal det takast omsyn til eigaren og til bruken av kulturmiljøet i dag og i framtida.

Kulturmiljøstyresmakta kan ikkje påleggje eigaren meir omfattande forbod eller plikter enn det som må til for å oppfylle føremålet med fredinga.

§ 30 Dispensasjon frå freding

Fylkeskommunen og Sametinget kan i enkeltvedtak gje varig eller mellombels dispensasjon frå freding og fredingsføresegner for kulturmiljø som er freda ved vedtak. Det kan setjast vilkår for dispensasjonen.

Dispensasjon kan ikkje gjevast dersom omsyna bak føresegna det blir dispensert frå, føremålet med fredinga eller dei kulturhistoriske verdiane blir vesentleg sette til side. Det kan berre gjevast dispensasjon dersom fordelane for eigaren eller for samfunnet veg klart tyngre enn skadeverknaden for den kulturhistoriske verdien.

Om eit tiltak ikkje er sett i gang innan tre år, fell dispensasjonen bort.

§ 31 Forvaltnings- og skjøtselsplanar

Kulturmiljøstyresmakta kan leggje fram eit utkast til forvaltnings- eller skjøtselsplan saman med vedtak om freding. Planen skal gje føreseielege rammer for kva som er tillate utan dispensasjon.

Kulturmiljøstyresmakta bør leggje fram eit utkast til plan samtidig med vedtak om freding i desse tilfella:

  • a) Ved større eller komplekse fredingar der bruk er naudsynt for å oppfylle føremålet med fredinga.

  • b) Når omsynet til eigaren taler for det, eller han ber om det.

I slike tilfelle skal ein endeleg plan vere ferdig seinast eitt år etter at fredinga er vedteken.

Planen kan innehalde avtalar med eigaren og fastsetje økonomisk godtgjersle for tiltak som trengst for å oppfylle føremålet med fredinga.

Kulturmiljøstyresmakta er ansvarleg for å følgje opp forvaltnings- og skjøtselsplanar.

Når kulturmiljø er freda ved forskrift etter § 25, kan ansvaret for å lage og følgje opp slike planar delegerast til Riksantikvaren.

Eit mindretal (Olssøn, Holm, Fjeldheim og Myklebust) føreslår at andre avsnitt skal lyde:

Kulturmiljøstyresmakta skal leggje fram eit utkast til forvaltnings- eller skjøtselsplan samtidig med vedtak om freding i desse tilfella:

  • a) Ved større eller komplekse fredingar der bruk er naudsynt for å oppfylle føremålet med fredinga.

  • b) Når omsynet til eigaren taler for det, eller han ber om det.

§ 32 Forbod mot tiltak og aktivitetar i nærleiken av kulturmiljø freda ved vedtak

Fylkeskommunen og Sametinget kan gjere enkeltvedtak om å forby alle slags tiltak og aktivitetar i eit område som ligg i nærleiken av eit kulturmiljø freda ved vedtak, dersom desse tiltaka og aktivitetane kan ha ein unødig negativ innverknad på den kulturhistoriske verdien.

Vedtak om forbod kan ikkje gjerast dersom ulempene for eigaren eller samfunnet veg klart tyngre enn den negative innverknaden på den kulturhistoriske verdien.

Kapittel 5 Lause kulturminne

§ 33 Råderett over lause kulturminne

Lause kulturminne frå tida fram til og med 1650, og samiske lause kulturminne frå tida fram til og med 1917, høyrer til fellesskapet i Noreg dersom dei har kome for dagen ved arkeologiske undersøkingar eller tilfeldige funn, og dersom dei ikkje er privat eigde.

Forvaltningsmuseet har forvaltningsansvaret for lause kulturminne.

Menneskelege leivningar med kulturhistorisk verdi skal forvaltast som lause kulturminne.

I tvilstilfelle avgjer Riksantikvaren om noko oppfyller alderskriteria i første avsnitt.

Riksantikvaren kan òg avgjere at lause kulturminne som er yngre enn aldersgrensene som er nemnde i første avsnitt, skal høyre til fellesskapet og forvaltast av forvaltningsmuseet dersom dei kjem for dagen under offentlege utgravingar og privat eigar ikkje er kjend.

Eit mindretal (Anfinset og Falch) føreslår at første avsnitt skal lyde:

Lause kulturminne frå tida fram til og med 1850, og samiske lause kulturminne frå tida fram til og med 1917, høyrer til fellesskapet i Noreg dersom dei har kome for dagen ved arkeologiske undersøkingar eller tilfeldige funn, og dersom dei ikkje er privat eigde.

Eit mindretal (Felland og Gierløff) føreslår at første avsnitt skal lyde:

Lause kulturminne frå tida fram til og med 1650, samiske lause kulturminne frå tida fram til og med 1917, og lause kulturminne knytt til ein nasjonal minoritet frå tida fram til og med 1850, høyrer til fellesskapet i Noreg dersom dei har kome for dagen ved arkeologiske undersøkingar eller tilfeldige funn, og dersom dei ikkje er privat eigde.

§ 34 Avhending og kassering av lause kulturminne

Forvaltningsmuseet kan gjere enkeltvedtak om å avhende lause kulturminne vederlagsfritt i tilfelle der det er fagleg forsvarleg.

Forvaltningsmuseet kan gjere enkeltvedtak om å kassere lause kulturminne dersom det er klart fagleg forsvarleg og det ikkje har ressursar til å ta vare på dei.

Eit laust kulturminne må dokumenterast før det blir avhenda eller kassert.

Når forvaltningsmuseet vurderer tiltak som overføring, avhending og kassering av lause samiske kulturminne, skal det konsultere Sametinget etter sameloven kapittel 4 Konsultasjoner.

Sametinget kan ta avgjerd om bruk og gjere enkeltvedtak om oppbevaring og tilbakeføring av samiske menneskelege leivningar. Sametinget skal som grunnlag for avgjerd og enkeltvedtak be forvaltningsmuseet om forskingsfaglege vurderingar og råd.

§ 35 Forbod mot skade på lause kulturminne

Ingen må skade lause kulturminne som er nemnde i § 33, utan løyve etter siste avsnitt.

Utan omsyn til kven som er eigar, kan forvaltningsmuseet grave fram, flytte, ta opp og undersøkje lause kulturminne som er nemnde i § 33, og setje i verk tiltak for å ta hand om dei.

Dersom det er fagleg forsvarleg, kan forvaltningsmuseet gjere enkeltvedtak om løyve til

  • a) gjengravlegging

  • b) inngrep til forsking

§ 36 Søk etter jordfaste og lause kulturminne

Metallsøk og andre søk etter lause kulturminne som nemnt i § 33 kan ikkje gjerast dersom søket kan skade det lause kulturminnet.

Like eins gjeld forbodet i § 18 mot tiltak og aktivitetar som kan skade eller på annan måte påverke automatisk freda jordfaste kulturminne.

§ 37 Plikt til å melde frå om og levere inn lause kulturminne

Den som finn eit laust kulturminne som kan vere frå tida fram til og med 1650, skal snarast mogleg melde frå og levere frå seg kulturminnet til fylkeskommunen. Like eins skal eit samisk kulturminne som kan vere frå tida fram til og med 1917, leverast til Sametinget.

Eit mindretal (Anfinset og Falch) føreslår at føresegna skal lyde:

Den som finn eit laust kulturminne som kan vere frå tida fram til og med 1850, og eit samisk laust kulturminne som kan vere frå tida fram til og med 1917, skal snarast mogleg melde frå og levere det frå seg fylkeskommunen eller Sametinget.

Eit mindretal (Felland og Gierløff) føreslår at føresegna skal lyde:

Den som finn lause kulturminne som kan vere frå tida fram til og med 1650, samiske lause kulturminne som kan vere frå tida fram til og med 1917, og lause kulturminne som er knytt til ein nasjonal minoritet og kan vere frå tida fram til og med 1850, skal snarast mogleg melde frå og levere det frå seg til fylkeskommunen eller Sametinget.

§ 38 Finnarløn

Fylkeskommunen og Sametinget kan ta avgjerd om utbetaling av finnarløn etter tilfeldige funn av lause kulturminne som nemnt i § 33 med særleg høg penge- eller kulturhistorisk verdi.

Kapittel 6 Felles reglar for freda kulturmiljø

§ 39 Vektlegging av kulturhistoriske verdiar ved løyve etter anna lov

Dersom eit forvaltningsorgan skal ta avgjerd om løyve etter anna lov, til eit tiltak i nærleiken av eit freda kulturmiljø, skal organet leggje vekt på om tiltaket kan ha skadeverknad for den kulturhistoriske verdien til det som er freda.

Riksantikvaren, fylkeskommunen og Sametinget kan klage på løyvet.

§ 40 Tilskot til eigaren av freda kulturmiljø

Kulturmiljøstyresmakta kan gje tilskot til antikvariske meirkostnader, istandsetjing og vedlikehald av freda kulturmiljø.

§ 41 Endring og omgjering av løyve og dispensasjon

Fylkeskommunen og Sametinget kan oppheve, endre eller gje nye vilkår i løyve eller dispensasjon etter denne lova, eller forskrift i medhald av lova, og kalle løyvet eller dispensasjonen tilbake, dersom

  • a) det er naudsynt for å hindre uføresette vesentlege skadeverknader for kulturmiljø eller natur

  • b) skadeverknadene kan minskast utan urimeleg kostnad for tiltakshavaren

  • c) ny teknologi gjev høve til å redusere vesentlege ulemper for kulturmiljø

  • d) tiltakshavaren bryt føresegn gjeve i eller i medhald av lova, og brotet er grovt, skjer fleire gonger eller held fram

  • e) det elles følgjer av forvaltningsrettslege omgjeringsreglar

§ 42 Avfreding

I tilfelle der dei viktigaste kulturhistoriske verdiane har gått tapt eller sterke samfunnsomsyn krev det, kan

  • a) Riksantikvaren gjere enkeltvedtak om avfreding av kulturmiljø freda etter § 23 og kulturmiljø freda etter § 15

  • b) fylkeskommunen og Sametinget gjere enkeltvedtak om avfreding av kulturmiljø freda etter § 24

  • c) Kongen i statsråd gje forskrift om avfreding av kulturmiljø freda etter § 25

Sakshandsamingsreglane for freding ved vedtak gjeld så langt dei høver.

Kapittel 7 Andre verneformer og verkemiddel

§ 43 Ansvar for immateriell kulturarv

Kulturmiljøstyresmakta har eit særleg ansvar for å sikre dei faga, teknikkane og praksisane som er knytt til kulturmiljø som kan fredast etter denne lova.

Eit mindretal (Fjeldheim) føreslår som andre avsnitt:

Riksantikvaren kan lage lister over fag, teknikkar og praksisar som knyter seg til ivaretakinga av den materielle kulturarven, og over tradisjonsberarar, organisasjonar eller enkeltpersonar som utøver, dokumenterer og fører vidare desse.

§ 44 Samtykke til riving og vesentleg endring

Kommunen kan ikkje utan samtykke frå fylkeskommunen eller Sametinget gje løyve etter plan- og bygningsloven til riving eller vesentleg endring av byggverk eller anlegg som er oppført i tida fram til og med 1850.

I Nord-Troms og Finnmark gjeld kravet om samtykke for byggverk og anlegg som er oppførte i tida fram til og med 1945. Departementet fastset i forskrift i kva kommunar i Nord-Troms dette gjeld.

Dersom kommunen får ein søknad om slikt løyve, må han anten avslå søknaden om det er heimel for dette i plan- og bygningsloven, eller straks sende søknaden til vurdering hos fylkeskommunen eller Sametinget.

Fylkeskommunen eller Sametinget må ta stilling til søknaden innan fire veker, og kan setje vilkår for eit samtykke.

Om fylkeskommunen eller Sametinget vel å ikkje gje samtykke, må han setje i verk sak om freding etter § 24 innan seks veker etter avslaget.

Når ein kommune har gjeve løyve til riving eller vesentleg endring av byggverk eller anlegg som nemnde i denne paragrafen, skal han straks sende vedtaket til fylkeskommunen eller Sametinget.

Krav om samtykke frå fylkeskommunen eller Sametinget gjeld ikkje for tiltak som er i samsvar med ein reguleringsplan som er mindre enn ti år gamal, når kulturmiljøverdiane har vore tema i utgreiinga av planen.

§ 45 Skipsfunn

[…]

Kapittel 8 Undersøkingar, kostnadsdekning med meir

§ 46 Undersøkingsplikt i samband med offentlege og større private tiltak og for utarbeiding av reguleringsplanar

Ved planlegging av offentlege og større private tiltak skal tiltakshavaren undersøkje om tiltaket kan kome til å påverke automatisk freda jordfaste kulturmiljø på ein måte som er nemnt i § 18, og om det difor trengst løyve etter § 20.

Undersøkinga kan gå ut på å sende planen for tiltaket til fylkeskommunen eller Sametinget, som skal uttale seg innan rimeleg tid. Dersom det er naudsynt med registrering av kulturmiljøet, skal fylkeskommunen eller Sametinget opplyse om når dei kan gjere enkeltvedtak i saka.

Første til tredje avsnitt gjeld òg for utarbeiding av reguleringsplanar. I særskilde tilfelle kan gjennomføring av registreringa utsetjast til planen skal setjast i verk.

Riksantikvaren kan gje forskrift om gjennomføring av denne paragrafen.

§ 47 Rett til å undersøkje, sikre, vedlikehalde med meir

Når grunneigaren eller brukaren er varsla, kan

  • a) fylkeskommunen og Sametinget gjennomføre skjøtsel, vedlikehald, sikring og formidling av automatisk freda jordfaste kulturmiljø og område som er freda ved vedtak

  • b) fylkeskommunen og Sametinget undersøkje automatisk freda jordfaste kulturmiljø ved å søkje etter og registrere dei

  • c) forvaltningsmuseet undersøkje automatisk freda jordfaste kulturmiljø og skipsfunn med arkeologisk utgraving, dokumentasjon, analyse eller bruk av andre vitskaplege metodar

Departementet kan gje forskrift om undersøkingar ved mindre utgravingar av automatisk freda jordfaste kulturmiljø som kan gjennomførast av fylkeskommunen og Sametinget i samband med undersøkingsplikta i § 46 eller saker om løyve etter § 20.

Fylkeskommunen og Sametinget kan gjennomføre tiltak etter bokstav b, der dei vurderer at dette er naudsynt for å få kunnskap om jordfaste kulturmiljø med høg kulturhistorisk verdi frå tida etter 1650 til og med 1850.

Inngrep i grunn og rettar kan gje rett til erstatning. Dersom eigaren og styresmakta ikkje blir samde om ein avtale, skal erstatning fastsetjast ved skjøn.

Eit mindretal (Anfinset og Falch) føreslår at tredje avsnitt går ut.

§ 48 Dekning av kostnader

Tiltakshavaren skal dekkje naudsynte direkte og indirekte kostnader for

  • a) undersøkingar ved registrering på grunn av tiltak og planar etter § 46

  • b) undersøkingar ved arkeologiske utgravingar og liknande på grunn av tiltak og vilkår sette etter § 20

  • c) å rette opp eller føre tilbake ulovlege gjennomførte tiltak eller tilhøve etter § 74

Den øvre grensa for kostnader skal fastsetjast i budsjett.

Dekning av utgifter etter første avsnitt gjeld ikkje for mindre, private tiltak, visse tiltak i landbruket og i reindrifta, og kostnader som går ut over dei rammene som er fastsette i budsjett etter første avsnitt.

Kulturmiljøstyresmakta kan gje tilskot dersom kostnadene er urimeleg tyngjande eller i andre særskilde tilfelle. I vurderinga skal det leggjast vekt på om tiltaket er offentleg eller privat, kor stor del kostnaden utgjer av dei totale prosjektkostnadene og om tiltaket har eit allmennyttig føremål eller følgjer av offentlege påbod.

Departementet kan gje forskrift om gjennomføringa av føresegna.

Kapittel 9 Naturleg skade og forsikring

§ 49 Plikt til å melde frå om naturleg skade på kulturmiljø

Eigaren og brukaren av kulturmiljø som er freda etter denne lova, skal melde frå til fylkeskommunen eller Sametinget om naturleg skade på kulturmiljø, til dømes skade som følgje av ulukke, flaum, ras og brann.

Eit forsikringsselskap som har forsikra kulturmiljø som er freda etter denne lova, skal melde frå til fylkeskommunen eller Sametinget når det blir merksam på slik skade.

§ 50 Pålegg om å setje i stand, byggje opp att, sikre eller dokumentere kulturmiljø etter naturleg skade

Fylkeskommunen og Sametinget kan gjere enkeltvedtak om å påleggje eigaren å setje i stand eller byggje opp att naturleg skadd kulturmiljø som er freda etter denne lova. Pålegg kan omfatte krav om bruk av antikvariske metodar eller naudsynte sikringstiltak for å avgrense skaden eller hindre ny naturleg skade.

Fylkeskommunen og Sametinget kan krevje kulturhistorisk dokumentasjon om det trengst for å sikre dei kulturhistoriske verdiane som står att. Om ikkje eigaren kan klandrast for skaden, skal kostnadene til dokumentasjon dekkjast av kulturmiljøstyresmakta.

Vedtak om pålegg må gjerast innan seks veker frå det tidspunktet då fylkeskommunen eller Sametinget fekk kjennskap til skaden. Om det finst særlege grunnar, kan fristen forlengjast.

§ 51 Forbod mot å nekte forsikring

Det er forbode å nekte forsikring eller å ta høgare forsikringspremie for freda eigedommar berre fordi dei er freda.

§ 52 Plikt til å dekkje antikvariske meirkostnader for istandsetjing eller gjenoppbygging av freda kulturmiljø

Forsikringsavtale og forsikringsoppgjer skal dekkje antikvariske meirkostnader når fylkeskommunen eller Sametinget har gjeve pålegg om istandsetjing eller gjenoppbygging etter § 50 første avsnitt.

§ 53 Pålegg om å halde att forsikringssum

Når eit freda kulturmiljø er utsett for naturleg skade, kan fylkeskommunen eller Sametinget avgjere at forsikringsselskapet skal halde att utbetaling av forsikringssummen til det er teke stilling til om det skal gjevast pålegg om istandsetjing, gjenoppbygging eller dokumentasjon etter § 50 første og andre avsnitt.

Kapittel 10 Oreigning og førehandsskjøn

§ 54 Oreigning og forkjøpsrett til transportminne og lause kulturminne

Dersom nasjonale kulturmiljøinteresser taler for at eit kulturminne bør vere i offentleg eige, og det må reknast med at inngrepet tvillaust er til meir gagn enn skade, kan departementet oreigne transportminne og lause kulturminne.

Når det er særlege grunnar til det, kan lause kulturminne oreignast utan omsyn til alder.

Lov 23. oktober 1959 nr. 3 om oreigning av fast eigedom gjeld så langt det høver.

Dersom slike kulturminne vert selde på auksjon, har staten og dinest fylkeskommunen eller kommunen der kulturminna opphavleg kjem frå eller har vore før auksjonen, innan tre veker rett til å gå inn i det høgaste bodet. Sametinget har same rett som fylkeskommunen til å gå inn i høgaste bod på samiske kulturminne.

§ 55 Førehandsskjøn

Departementet kan krevje rettsleg skjøn for å få slege fast om og i kva grad eit vedtak om freding vil føre til erstatningsansvar for det offentlege etter allmenne rettsgrunnsetningar.

Førehandsskjønet fell bort om det ikkje er gjort vedtak om freding innan eitt år etter at skjønet har vorte rettskraftig for alle eigarar og rettshavarar.

Kapittel 11 Kulturmiljøstyresmakt med meir

§ 56 Departementet

Departementet kan fastsetje statlege kulturmiljøpolitiske prioriteringar.

Departementet er klageinstans for enkeltvedtak frå Riksantikvaren.

Elles har departementet dei oppgåvene som går fram av lova.

§ 57 Riksantikvaren

Riksantikvaren skal formidle statlege kulturmiljøpolitiske prioriteringar og arbeide for fagleg samordning mellom fylkeskommunen, Sametinget og forvaltningsmuseet.

[Andre avsnitt: Sjå to alternative framlegg frå utvalet under]

Riksantikvaren har forvaltningsansvar for kulturmiljø som er valt ut etter kriterium som departementet har fastsett i forskrift. For slikt kulturmiljø har Riksantikvaren same avgjerdsmakt som fylkeskommunen og Sametinget har etter denne lova.

Riksantikvaren kan overta oppgåvene etter denne lova frå fylkeskommunen og Sametinget dersom nasjonale kulturmiljøinteresser er truga.

Riksantikvaren har administrativt ansvar for nemnder for nasjonale minoritetar etter § 64.

Elles har Riksantikvaren dei oppgåvene som går fram av lova.

Halvparten av utvalet (Andersen, Fjeldheim, Hæreid, Myklebust og Olssøn) føreslår at andre avsnitt skal lyde:

Riksantikvaren er klageinstans for enkeltvedtak frå fylkeskommunen og Sametinget.

Halvparten av utvalet (Anfinset, Falch, Felland, Gierløff og Holm) føreslår at andre avsnitt skal lyde:

Riksantikvaren er klageinstans for enkeltvedtak frå fylkeskommunen.

§ 58 Fylkeskommunen

Fylkeskommunen er styresmakt for dei oppgåvene som går fram av lova.

Fylkeskommunen kan gje råd til kommunen om kulturmiljøinteresser i saker etter plan- og bygningsloven.

§ 59 Sametinget

Sametinget er styresmakt for dei oppgåvene som går fram av lova og gjeld samisk kulturmiljø.

Sametinget kan gje råd til kommunen om samiske kulturmiljøinteresser i saker etter plan- og bygningsloven.

Halvparten av utvalet (Anfinset, Falch, Felland, Holm og Gierløff) føreslår at andre avsnitt skal lyde, slik at andre avsnitt over blir tredje avsnitt.

Sametinget organiserer sjølv handsaminga av klagar på enkeltvedtak som er gjorde av Sametinget etter kulturmiljølova. Riksantikvaren skal få høve til å uttale seg før klageinstansen i Sametinget gjer vedtak.

§ 60 Forvaltningsmuseet

Forvaltningsmuseet etter lova er universitetsmusea. Departementet kan gje forskrift om ansvarsfordeling mellom universitetsmusea.

Forvaltningsmuseet skal ha ansvar for lause kulturminne og undersøkingar ved utgraving.

Undersøkingar ved utgraving skal skje etter fagleg program, som musea skal utarbeide. Riksantikvaren kan gje retningslinjer for utarbeidinga av programma.

Elles har forvaltningsmuseet dei oppgåvene som går fram av lova.

§ 61 Plikt til å underrette Riksantikvaren

Halvparten av utvalet (Andersen, Fjeldheim, Hæreid, Myklebust og Olssøn) føreslår at føresegna skal lyde: Dersom fylkeskommunen eller Sametinget i ei sak om kulturmiljø av nasjonal interesse vil gjere eit vedtak som er i strid med faglege råd i saka, skal Riksantikvaren få melding om det.

Halvparten av utvalet (Anfinset, Falch, Felland, Gierløff og Holm) føreslår at føresegna skal lyde: Dersom fylkeskommunen i ei sak om kulturmiljø av nasjonal interesse vil gjere eit vedtak som er i strid med faglege råd i saka, skal Riksantikvaren få melding om det.

§ 62 Samarbeid mellom fylkeskommunen og Sametinget

Fylkeskommunen og Sametinget skal samarbeide om oppgåver etter denne lova.

Fylkeskommunen og Sametinget kan avtale kva som er den rette avgjerdsmakta i enkeltsaker, og kva som er den rette avgjerdsmakta for typar av automatisk freda kulturminne som kan høyre til så vel samisk som ikkje-samisk kulturhistorie.

Når fylkeskommunen og Sametinget handsamar søknader om dispensasjon eller løyve til inngrep i freda kulturminne som er nemnde i andre avsnitt, skal dei gje kvarandre høve til å uttale seg før dei gjer vedtak.

Departementet avgjer kva som er den rette avgjerdsmakta dersom fylkeskommunen og Sametinget ikkje blir samde om ein avtale.

Eit mindretal (Hæreid) føreslår at fjerde avsnitt skal lyde:

Riksantikvaren avgjer kva som er den rette avgjerdsmakta dersom fylkeskommunen og Sametinget ikkje blir samde om ein avtale.

§ 63 Samarbeid mellom fylkeskommunen, Sametinget og forvaltningsmuseet

Fylkeskommunen og Sametinget skal be forvaltningsmuseet om forskingsfaglege vurderingar og råd som grunnlag for vedtak om løyve til inngrep i automatisk freda jordfaste kulturminne.

§ 64 Kulturmiljønemnder for dei nasjonale minoritetane

Departementet kan opprette kulturmiljønemnder for kvar av dei nasjonale minoritetane. Departementet kan gje forskrift om oppgåver, oppnemning, organisering og sakshandsaming i nemndene.

Kapittel 12 Reglar for sakshandsaming og handsaming av personopplysningar

§ 65 Rettleiing til eigaren av noko som er freda

Fylkeskommunen og Sametinget skal rettleie eigaren av freda kulturmiljø slik at det er føreseieleg kva som er tillate eller ikkje, og føreseieleg kva det er mogleg å få løyve eller dispensasjon til. Forvaltnings- og skjøtselsplan etter § 31 er ein måte å rettleie på.

§ 66 Rett til å føreslå freding

Alle kan føreslå for kulturmiljøstyresmakta å frede noko som kulturmiljø. Kulturmiljøstyresmakta skal svare på framlegget. Svaret er ikkje enkeltvedtak etter forvaltningsloven.

§ 67 Sakshandsamingsregler for freding ved vedtak

Når kulturmiljøstyresmakta startar sak om freding etter lova skal eigarar, rettshavarar og kommunen varslast og få rimeleg tid til å uttale seg. I sak om freding av fast eigedom skal kulturmiljøstyresmakta, om det trengst, drøfte med kommunen avgrensing og samordning av planarbeid etter plan- og bygningsloven.

Kulturmiljøstyresmakta skal samarbeide med offentlege styresmakter i utarbeidinga av framlegget til freding. Kulturmiljøstyresmakta bør samarbeide med organisasjonar og andre som har ei særskild interesse i saka.

I saker som gjeld kulturmiljøet til ein nasjonal minoritet, skal kulturmiljøstyresmakta tidleg rådføre seg med representantar for den nasjonale minoriteten og i den vidare handsaminga leggje stor vekt på deira syn slik at det kan påverke innhaldet i vedtaket.

Når framlegg til freding er utarbeidd, skal eigarar, rettshavarar og kommunen varslast på ny og få rimeleg frist til å uttale seg. Kulturmiljøstyresmakta kan gje kommunen seinare frist enn andre slik at kommunen kan gjere ei sjølvstendig vurdering av høyringsinnspela før han uttaler seg. Både sak om å frede og framlegg til fredingsvedtak med føresegner skal gjerast offentleg tilgjengeleg på mest effektive måte, slik at andre interesser kan uttale seg innan same fristar som eigarar og brukarar. Private opplysningar treng ikkje gjerast offentlege.

Kongen kan gje forskrift om samordna handsaming av planar etter plan- og bygningsloven og freding etter denne lova.

§ 68 Samordning med kommunane i saker som gjeld pålegg om istandsetjing med meir og retting

Kulturmiljøstyresmakta skal samordne seg med kommunen i saker som gjeld pålegg om istandsetjing og oppattbygging av kulturmiljø etter § 50 og retting av ulovlege tiltak etter § 74, når sakene i tillegg krev vurdering eller løyve etter plan- og bygningsloven.

§ 69 Tinglysing

Vedtak om freding skal, dersom det er mogleg, tinglysast eller bli avmerkt i tilsvarande register.

§ 70 Miljøvedtaksregister

Departementet kan gje forskrift om oppretting av miljøvedtaksregister og plikt til å føre inn vedtak om freding av kulturmiljø og planar som nemnde i § 31.

§ 71 Handsaming av personopplysningar

Departementet kan gje forskrift om handsaming av personopplysningar, slik som føresegn om føremålet med handsaminga, kva opplysningar som skal bli handsama, korleis opplysningane skal bli handsama, vilkår for utlevering av informasjon, krav om sletting og krav om at eventuelle samanstillingar skal kunne brukast for forsking og statiske føremål.

§ 72 Automatisert sakshandsaming

Departementet kan gje forskrift om automatisert sakshandsaming av personopplysningar.

Avgjerd som er lite inngripande for den enkelte, kan takast ved heilautomatisert handsaming utan heimel i forskrift.

Kulturmiljøstyresmakta skal dokumentere det rettslege innhaldet i automatiserte sakshandsamingssystem. Dersom ikkje særlege omsyn taler mot det, eller noko anna følgjer av lov, skal dokumentasjonen gjerast offentleg.

Kapittel 13 Handheving og sanksjonar

§ 73 Gjennomføring av gjeremål og pålegg etter lova

Fylkeskommunen og Sametinget kan undersøkje kulturmiljø som er freda etter denne lova, dersom det er mistanke om forfall eller skade. Eigaren skal varslast i rimeleg tid før undersøkingane.

Fylkeskommunen og Sametinget eller den som dei gjev oppdrag, skal ha uhindra tilgang til ein eigedom for å gjennomføre gjeremål og pålegg etter denne lova.

Føresegna gjev direkte tvangsgrunnlag. Om det trengst, kan fylkeskommunen og Sametinget krevje hjelp frå politiet for å gjennomføre tiltaka i føresegna her.

§ 74 Pålegg om stans og retting av ulovlege tilhøve

Fylkeskommunen og Sametinget kan påleggje eigaren, brukaren eller den ansvarlege å stanse eller rette opp tiltak eller tilhøve som er i strid med føresegner som er gjevne i eller i medhald av denne lova. Pålegget kan mellom anna gå ut på å fjerne det ulovlege tiltaket eller å reparere, byggje opp att eller sikre dei kulturhistoriske verdiane eller det vitskaplege kjeldematerialet. Det kan setjast ein rimeleg frist for gjennomføring av pålegget.

Pålegg om stans kan gjevast straks og utan førehandsvarsel når det må til for å avverje fare for skade.

Pålegget må vedtakast innan to år frå tidspunktet då fylkeskommunen og Sametinget fekk god nok kunnskap til å vurdere tilhøvet, og seinast 20 år etter at det ulovlege tiltaket vart utført.

§ 75 Pålegg om skjøtsel, vedlikehald, istandsetjing med meir

Når det er fare for at kulturmiljø som er freda etter denne lova, forfell på grunn av manglande vedlikehald, kan fylkeskommunen og Sametinget gje eigaren eller brukaren pålegg om vedlikehald, istandsetjing, skjøtsel eller avverjande tiltak som må til for å motverke eller førebyggje forfallet og berge den kulturhistoriske verdien.

Det skal setjast ein rimeleg frist for gjennomføring av pålegget.

§ 76 Direkte gjennomføring av pålegg

Dersom den ansvarlege lèt vere å rette seg etter eit pålegg om tiltak etter denne lova, kan fylkeskommunen og Sametinget gjennomføre tiltaka. Det same gjeld i tilfelle der den ansvarlege ikkje er kjend eller ikkje kan utføre arbeidet på ein forsvarleg måte, og det hastar å få gjennomført tiltaka av omsyn til kulturmiljøet.

Den ansvarlege skal dekkje utgifter til tiltak etter første avsnitt. Kravet er tvangsgrunnlag for utlegg.

Den ansvarlege skal få sleppe å dekkje tiltak etter første avsnitt dersom han kan godtgjere at han ikkje har hatt råd til å rette seg etter pålegget.

§ 77 Lovbrotsgebyr

Fylkeskommunen og Sametinget kan gjere enkeltvedtak om lovbrotsgebyr til den som aktlaust eller med forsett bryt forbod, påbod, vilkår eller føresegner som er gjevne i eller i medhald av denne lova.

Føretak kan få slike lovbrottsgebyr sjølv om ingen enkeltpersonar har handla aktlaust eller med forsett.

Lovbrotsgebyr kan gjevast etter standardiserte satsar, individuelle utmålingar eller ein kombinasjon. Departementet kan gje forskrift om utmålinga av gebyret. Elles gjeld forvaltningsloven § 44 og § 46.

Høvet til å gje gebyr etter denne føresegna blir forelda ti år etter at lovbrotet er avslutta. Fristen blir avbroten av førehandsvarsel eller vedtak om lovbrotsgebyr frå fylkeskommunen og Sametinget.

Lovbrotsgebyr går til statskassa.

§ 78 Tvangsmulkt

Fylkeskommunen og Sametinget kan gjere enkeltvedtak om tvangsmulkt for å sikre at føresegner som er gjevne i eller i medhald av denne lova, blir følgde.

Tvangsmulkta kan fastsetjast samtidig med pålegg, og ho tek til å gå når fristen for å gjennomføre pålegget er ute. I tilfelle der tvangsmulkt ikkje blir fastsett samtidig med eit pålegg, skal mulkta varslast på førehand.

Tvangsmulkta kan setjast til ein eingongssum eller gå som ei dagmulkt så lenge lovbrotet varer. Dei to formene for mulkt kan òg kombinerast.

Tvangsmulkt skal rettast mot den personen eller det føretaket som er ansvarleg for at føresegnene blir følgde. Er ei tvangsmulkt pålagd eit føretak i eit konsern, kan tvangsmulkta inndrivast hos morselskapet.

Fylkeskommunen og Sametinget kan velje å fråfalle ei tvangsmulkt som er fastsett etter denne føresegna. Ei slik avgjerd er ikkje eit enkeltvedtak etter forvaltningsloven.

Tvangsmulkt går til statskassa.

§ 79 Tinglysing og utleggspant for pålegg og krav

Pålegg og krav om kostnadsdekning etter denne lova er tvangsgrunnlag for utlegg.

Pålegg og krav om kostnadsdekning etter denne lova skal tinglysast som eit hefte på den aktuelle eigedommen.

§ 80 Bruk av andre sin eigedom ved gjennomføring av tiltak

Den som gjennomfører pålegg etter denne lova, kan gjere bruk av fast eigedom som andre eig, dersom det er naudsynt for å få utført tiltaka. Bruk av eigedomen skal avtalast med eigaren.

Fylkeskommunen og Sametinget kan påleggje slik bruk av ein eigedom utan avtale med eigaren dersom det er vanskeleg å få i stand ein avtale, og elles i alle tilfelle der det er naudsynt for å ta vare på dei kulturhistoriske verdiane.

Den ansvarlege for tiltaket skal erstatte tap på grunn av skade eller ulempe på eigedomen. Fylkeskommunen og Sametinget står inne for at erstatninga blir betalt.

§ 81 Straff

Den som aktlaust eller med forsett bryt forbod, påbod, vilkår eller føresegner som er gjevne i eller i medhald av denne lova, kan straffast med bøter eller fengsel i opp til 1 år. Under særleg skjerpande omstende kan straffa vere fengsel i opp til 2 år.

Kapittel 14 Ikraftsetjing og overgangsføresegner

§ 82 Ikraftsetting

Lova gjeld frå den tid Kongen fastset.

Når lova tek til å gjelde, blir lov 6. september 1978 nr. 50 om kulturminner (kulturminneloven) oppheva.

§ 83 Overgangsføresegn for bygningar, anlegg og liknande som staten eig

Føresegner og vedtak om bygningar, anlegg og liknande som staten eig og som var freda i eller i medhald av kulturminneloven, står likevel ved lag til dess Kongen fastset noko anna.

§ 84 Endringar i andre lover

Lov 27. juni 2008 nr. 71 om planlegging og byggesaksbehandling (plan- og bygningsloven) endres slik:

§ 11-8. tredje avsnitt bokstav c andre setning skal lyde:

For randsonen til nasjonalparker, landskapsvernområder og områder fredet etter kulturmiljølova kan det, samtidig med fastsetting av enkeltvedtak ellerverneforskrift for nytt verneområde eller revisjon av verneforskrift eller forvaltningsplan for etablerte verneområder, fastsettes bestemmelser for å hindre vesentlig forringelse av verneverdiene i verneområdet.

§ 11-9. første avsnitt nr. 6 og nr. 7 skal lyde:

  • 6. miljøkvalitet, estetikk, natur, landskap og grønnstruktur, bevaring av eksisterende bygninger og annet kulturmiljø, herunder om midlertidige og flyttbare konstruksjoner og anlegg.

  • 7. riveforbud knyttet til nærmere bestemte områder, men uavhengig av plankategorier eller planområder.

§ 29-2. første og andre avsnitt skal lyde:

Ethvert tiltak etter kapittel 20 skal prosjekteres og utføres slik at det etter kommunens skjøn innehar gode visuelle kvaliteter både i seg selv og i forhold til dets funksjon og dets bygde og naturlige omgivelser og plassering. Ved tiltak som knytter seg til et eksisterende byggverks ytre, kan kommunen i vurderingen legge vekt på hensynet til viktige kulturhistoriske, arkitektoniske og andre kulturelle verdier.

Kommunen kan avslå en søknad om riving av byggverk som har kulturhistoriske verdier som nevnt i første ledd.

§ 29-10. skal lyde:

§ 29-10. Forskrifter om ivaretakelse av natur- og kulturmiljø

Departementet gir forskrifter for ivaretakelse av natur- og kulturmiljø, herunder naturmangfold og kulturmiljøverdier, ved plassering og utforming av tiltak.

Ny § 31-1. a. skal lyde:

§ 31-1. a. Pålegg om dokumentasjon, sikring og utbedring

Bygninger med høy bevaringsverdi skal ikke gå tapt på grunn av unnlatt sikring eller istandsetting. Når forfall eller skader vil føre til at en bygning med høy bevaringsverdi eller deler av den forfaller ytterligere om det ikke blir gjennomført nødvendige tiltak som motvirker forfallet, kan kommunen gi eieren eller den ansvarlige pålegg om dokumentasjon, sikring eller utbedring.

Kostnadene ved å gjennomføre tiltaket skal stå i forhold til den bevaringsverdien som kan gå tapt.

Departementet kan gi forskrift med utfyllende bestemmelser.

§ 31-4 første avsnitt første setning skal lyde:

Ved tiltak etter § 20-1 på eksisterende byggverk og byggverk som blir gjenreist etter skade eller brann, kan kommunen gi helt eller delvis unntak fra tekniske krav, dersom det vurderes som forsvarlig ut fra sikkerhet, helse og miljø.

Lov 23. oktober 1959 nr. 3 om oreigning av fast eigedom endres slik:

§ 2 første avsnitt nr. 46 skal lyde:

Kulturmiljøtiltak .

Lov 19. juni 2009 nr. 100 om forvaltning av naturens mangfold (naturmangfoldloven) endres slik:

§ 35 andre avsnitt skal lyde:

I nasjonalparker skal ingen varig påvirkning av naturmiljø eller kulturmiljø finne sted, med mindre slik påvirkning er en forutsetning for å ivareta verneformålet.

§ 36 første avsnitt andre setning skal lyde:

Til landskapet regner også kulturmiljøsom bidrar til landskapets egenart.

§ 37 tredje avsnitt tredje setning skal lyde:

I forskriften kan det gis bestemmelser om vern av kulturmiljø i reservatet.

2 Samandrag

2.1 Oppnemning og mandat

Kulturmiljølovutvalet vart oppnemnt ved kongeleg resolusjon 22. juni 2022. Oppnemninga var ei oppfølging av stortingshandsaminga av dei nye nasjonale måla for kulturmiljøpolitikken i Meld. St. 16 (2019–2020). Eit av tiltaka her var å utarbeide ei ny kulturmiljølov.

I mandatet fekk utvalet i oppdrag å lage eit lovframlegg med utgangspunkt i dagens kulturminnelov og andre relevante lover, og dessutan erfaringane med desse. Utvalet skulle mellom anna definere kva kulturminne og kulturmiljø betyr i dag, klargjere kva verdiar som finst, og vurdere samfunnsutfordringar som påverkar kulturmiljøet. Det følgjer av mandatet at utvalet skal sjå på korleis kulturmiljøverdiar kan prioriterast og avvegast mot andre samfunnsomsyn.

For å sikre ei brei forståing av korleis kulturminnelova fungerer i dag, og av kva som trengst av endringar i regelverket, har utvalet hatt innspelsmøte med mellom anna kulturmiljøforvaltninga i Noreg og andre nordiske land, andre styresmakter, private organisasjonar og verksemder, forskingsmiljø og organisasjonar for nasjonale minoritetar. I tillegg har utvalet fått om lag 70 skriftlege innspel.

2.2 Overordna vurderingar frå utvalet

Utgangspunktet for lovframlegget er den gjeldande kulturminnelova frå 1978 og den eksisterande forvaltningspraksisen. Kulturmiljø som rettsområde har ei over 120 år lang historie og utvalet har – som det passar seg for fagområdet – vilja byggje på det som alt finst.

Det andre sentrale utgangspunktet for utgreiinga har vore å tilpasse lova til dei samfunnsendringane som har skjedd sidan kulturminnelova vart vedteken. Nokre endringar har påverka korleis vi ser på kulturmiljø og plassen det har i samfunnet, andre endringar er av rettsleg og politisk karakter. I lovframlegget har utvalet oppdatert lovverket ut frå endringsbehov som samfunnsutviklinga har ført til, både kåra til kulturarven i vår tid og endringar i forvaltninga av kulturarv. I tilhøvet mellom lokal, regional og statleg styring har utviklinga gått i retning av meir autonomi for ikkje-statlege organ. I tråd med dette føreslår utvalet å fastsetje i lova kva oppgåver fylkeskommunen og Sametinget skal ha på kulturmiljøfeltet. Samfunnstilhøve som påverkar kva kulturmiljø det er ønskje om å ta vare på er til dømes

  • store endringar i arealbruken

  • attgroing av kulturlandskap

  • auka sentralisering

  • endring i rolla til kyrkja

  • synet på kulturmiljøet til samane og dei nasjonale minoritetane i lys av utviklinga i den politiske og rettslege stillinga deira

  • utvikling på forvaltnings- og miljørettsområdet

  • internasjonal rettsutvikling på kulturmiljøområdet

Utvalet har òg ønskt å finne rettslege verkemiddel som kan gje eit betre vern for sårbare kulturmiljø, fordi dei kan vere utsette for store tap dersom det ikkje kjem verktøy for å sikre kunnskapspotensialet betre. Døme på dette er at utvalet føreslår

  • å utvide den allmenne grensa for automatisk freding til frå 1537 til og med 1650

  • krav til at kulturmiljøstyresmakta skal vurdere søknader om riving av byggverk eller anlegg frå 1850 eller tidlegare

  • ein fleksible heimel for å frede noko i ved vedtak, som kan gjelde for alt som har høg kulturhistorisk verdi

  • nye reglar om forenkla freding, som går ut på at fylkeskommunen og Sametinget kan frede det utvendige av og konstruksjonen til kulturmiljø med høg kulturhistorisk verdi

  • at styresmakta skal leggje stor vekt på korleis kulturmiljøet kan tryggje og utvikle kulturen, språket og samfunnslivet til nasjonale minoritetar

Utvalet har òg framlegg til føresegner som forenklar regelverket og legg til rette for digitalisering, slik at sakshandsaminga kan bli meir effektiv. Dernest har utvalet kome med framlegg om at råderettsinnskrenkingar overfor eigarar og brukarar ikkje skal vere meir inngripande enn naudsynt.

2.3 Samandrag av dei einskilde delane i utgreiinga

Utgreiinga har sju hovuddelar.

Del I er ein innleiande del der lesaren finn lovutkastet, dette samandraget og eit kapittel om arbeidet i utvalet.

I del II gjer utvalet først greie for kva kulturmiljø er i vår tid, og for grunnlaget for å ta vare på kulturmiljøet, mellom anna kva det blir lagt vekt på når ein vurderer kulturmiljøverdiar som grunnlag for vern. Kapittelet gjer vidare greie for korleis kulturmiljøet kjem til uttrykk og kan vere ei kjelde til kunnskap om den felles kulturarven vår. Utvalet har lagt vekt på heilskapleg vern og å sjå kulturmiljø i samanheng med andre samfunnsinteresser. Utvalet viser kva som er verna i dag, og verknader av samfunnsendringane for kulturmiljø. Del II har òg ein gjennomgang av kulturminnelova, lovhistoria og anna regelverk for vern av kulturmiljø, ei oversikt over aktørane i kulturmiljøforvaltninga, relevante internasjonale konvensjonar og utanlandsk rett, og har ei framstilling av grunnlaget for å ta vare på kulturmiljøet til samane og andre nasjonale minoritetar.

I del III drøfter utvalet føremålet og verkeområdet til lova, definerer ulike omgrep i lovframlegget, prinsipp for utøving av avgjerdsmakt og går gjennom ulike moglege verkemiddel for vern av kulturmiljø. Utvalet føreslår å føre vidare innhaldet i føremålet frå kulturminnelova, men ønskjer å få fram i lova at det er eit felles ansvar å ta vare på kulturmiljø. Kapittelet drøfter verdigrunnlaget for vern av kulturmiljø, og koplar det mot dei nasjonale måla om engasjement, berekraft og mangfald. Vidare drøftar utvalet kulturmiljø som ressurs og koplinga mot miljøet.

I kapittelet om definisjonar går utvalet gjennom sentrale omgrep i lova. Utvalet nyttar kulturmiljø som det allmenne omgrepet for kva som skal vernast etter lova og følgjer dimed opp Meld. St. 16 (2019–2020). Omgrepet omfattar både kulturminne, kulturmiljø og landskap. Utvalet føreslår å føre vidare den vide definisjon av kulturminne, altså slik at kulturminne er alle spor etter menneskeleg verksemd i det fysiske miljøet, men legg til at det gjeld spor som kan vere kjelder til kunnskap, eller som blir tillagde kulturhistorisk verdi og meining.

I lovframlegget blir omgrepet jordfaste kulturminne innført for det som tidlegare har vore omtalt som arkeologiske kulturminne, det vil seie spor som ligg i eller på grunnen, i vatn og ikkje kan flyttast. Eit anna nytt omgrep er transportminne, som er kulturminne som i vid forstand er framkomstmiddel.

Denne delen av utgreiinga har òg eit kapittel om alminnelege miljørettslege prinsipp på kulturmiljøområdet som anten er føreslått lovfeste i føresegner med særskilde rettsverknader eller skal vere retningslinjer for offentleg forvaltning. Mellom anna føreslår utvalet ei generell aktsemdsplikt der både offentlege styresmakter og innbyggjarar har eit ansvar for å ta vare på kulturmiljøressursar. Eit anna prinsipp er at borgarane skal ha rett til medverknad og informasjon for å skape engasjement for kulturmiljøpolitikken.

Det siste kapittelet i del III er ein gjennomgang av verkemiddel for å ta vare på kulturmiljø. Verkemiddel som blir tekne inn i lova, blir drøfte grundigare i andre delar av utgreiinga, medan drøfting blir avslutta for verkemiddel som utvalet ikkje går vidare med.

Del IV tek føre seg regelverket om freding. Freding er det sentrale verkemiddelet i framlegget til ny kulturmiljølov. Freding kan anten følgje direkte av lova, skje automatisk eller følgje av eit særskild vedtak. Både i utgreiinga og lovframlegget blir det skilt mellom automatisk freding og freding ved vedtak, og i utgreiinga er det i tillegg skilt mellom automatisk freding av jordfaste kulturminne og automatisk freding av bygningar.

Basert på drøftingar av ulike moglege grenser forslår fleirtalet i utvalet å flytte den automatiske fredingsgrensa frå 1537 fram til og med 1650 for både jordfaste kulturminne og bygningar. Utvalet føreslår ei fredingsgrense for kyrkjer fram til og med 1850.

Eit mindretal føreslår å flytte grensa for jordfaste kulturminne fram til og med 1850. Eit anna mindretal føreslår lovfeste automatisk freding av dei nasjonale minoritetane sine kulturminne og set grensa ved 1850.

Utvalet føreslår å føre vidare automatisk freding av jordfaste samiske kulturminne og samiske bygningar fram til og med 1917.

Grunngjevinga for å endre grensa for jordfaste kulturminne er at etterreformatoriske kulturminne har svakt vern etter dagens lov. Freding ved vedtak har i liten grad vore brukt for jordfaste kulturminne og heller ikkje planar etter plan- og bygningslova sikrar jordfaste etterreformatoriske kulturminne i særleg grad. Utvalet har vilja gjere det lettare å hindre tap av kunnskap og kulturarv frå perioden etter dagens grense på 1537. Samtidig er det ei stor utfordring at mengda kulturminne aukar eksponentielt nærare vår tid på grunn av auke både i folketal og aktivitet. Kor langt grensa blir trekt fram i tid, er ei avveging mellom å ta vare på kulturmiljøverdiar og omsyn til dei ulike rettsverknadene av automatisk freding har for eigarar, tiltakshavarar og styresmaktene.

I framlegget er automatisk freding av jordfaste kulturminne framleis ein regel som gjev høve til å vurdere konkret den kulturhistoriske verdien av det som er freda. Der den kulturhistoriske verdien er låg, skal det vere lett å få løyve til inngrep og fjerning av kulturminne. Der han er høg, skal det vere vanskeleg å få slike løyve.

Utvalet føreslår i hovudsak å føre vidare regelverket om løyve til inngrep og om høve til å setje vilkår om dokumentasjon, arkeologiske undersøkingar, sikringstiltak, overvaking, forsking eller formidling, men med ei presisering av at løyve berre kan gjevast om fordelane for eigaren eller samfunnet veg klart tyngre enn skadeverknaden for den kulturhistoriske verdien. Utvalet føreslår å føre vidare prinsippet om at «forureinar betaler». Det inneber at det framleis skal vere tiltakshavarane som skal betale for arkeologiske undersøkingar som følgjer av dei inngrepa dei vil gjere som kan påverke automatisk freda jordfast kulturmiljø. Utvalet har samstundes peika på at det bør greiast ut vidare om unntaka frå betalingsplikta skal utvidast for visse typar tiltak, særleg knytt til jordbruket, og om ein skal skilje mellom kostnadane til registrering og utgraving.

Fredingsgrensa for bygningar føreslår utvalet å setje til 1650. Dette er ei mindre endring, fordi det frå før er heimel for at Riksantikvaren kan erklære ståande bygningar med slik alder som freda. For å avgrense tap av dei eldste bygningane som ikkje er automatisk freda, føreslår utvalet òg ein regel om at fylkeskommunen og Sametinget må samtykkje før kommunen gjev løyve til riving av bygningar frå 1850 eller eldre. Avslag på samtykke må føre til at kulturmiljøstyresmaktene fredar bygninga. Her er framlegget frå utvalet som gjev fylkeskommunen og Sametinget ein ny heimel til å vedta forenkla freding, viktig.

Lovframlegget trekkjer ei klarare grense mellom automatisk freda bygningar og automatisk freda jordfaste kulturminne ved at føresegnene om dispensasjon frå automatisk freding for bygningar skal vere dei same som for freding ved vedtak.

I kapittelet om freding ved vedtak føreslår utvalet ein brei, felles heimel som kan femne om alle typar objekt. Målet er å ha ein fleksibel heimel for freding der styresmakta kan tilpasse vedtaket utan å vere bunden av avgrensa fredingskategori som i kulturminnelova. Særleg for transportminne inneber framlegget ei utviding av høvet til å frede.

Utvalet gjer framlegg om enkelte presiseringar, men òg om materielle utvidingar av høvet til å frede inventar og lause kulturminne, og dessutan om utvida høve til å frede natur som ledd i vedtak om freding. Utvalet vil betre og forenkle sakshandsaming i forvaltninga etter at ei freding er vedteken. Eit fleirtal har føreslått at det ved meir omfattande fredingar bør lagast ein forvaltningsplan, medan eit mindretal har føreslått at det skal lagast ein slik plan.

Avfreding av kulturminne freda ved vedtak etter kulturminnelova skjer ved oppheving av fredingsvedtak etter forvaltningslova § 35. Utvalet har føreslått ein heimel for avfreding av kulturmiljø som både er automatisk freda og freda ved vedtak. Freding skal vere eit verkemiddel for varig vern. For freding ved vedtak der det er gjort særskilde vurderingar av kulturmiljøverdiane, vil avfreding sjeldan vere aktuelt. Over tid vil det likevel i nokre saker oppstå situasjonar der kulturmiljøverdiane er reduserte i ein slik grad at fredinga ikkje lenger trengst. Avfreding kan òg vere aktuelt for automatisk freda bygningar der kulturmiljøverdiane ikkje er greidde ut i kvart enkelt tilfelle.

Utvalet føreslår at automatisk freding skal gjelde for alle kyrkjer frå tida fram til og med 1850. Formelt er dette ei utviding som kjem i tillegg til den generelle utvidinga av grensa for automatisk freding, men desse kyrkjene har frå før vore handsama som om dei er freda, men utan ein klar heimel. Kyrkjene er særleg viktige kulturminne, og med den nye kyrkjelovgjevinga som avvikla statskyrkjeordninga, er eit godt heimelsgrunnlag viktigare enn før. Det vil òg vere naudsynt å frede mange kyrkjer fra etter 1850. Kulturmiljøverdiane til kyrkjene er godt kjende, og utvalet meiner det vil vere mogleg å gjennomføre dei nødvendige fredingane for fleire kyrkjer samla.

Dei kulturhistoriske eigedomane til staten har vore freda ved forskrift gjennom eit prosjekt som har røter fleire tiår tilbake. Dei fleste sektorar er no ferdige med forskriftsfredingane sine, og utvalet meiner nye fredingar bør skje som freding ved vedtak. Utvalet føreslår difor ikkje å føre vidare forskriftsheimelen for kulturhistoriske eigedomar som tilhøyrar staten.

Når det er aktuelt med freding ved vedtak føreslår utvalet at det skal takast omsyn til eigaren og til bruken av kulturmiljøet i dag og i framtida. Utvalet føreslår òg at kulturmiljøstyresmakta ikkje kan påleggje eigaren meir plikter enn det som må til for å oppfylle føremålet med fredinga.

I del V drøfter utvalet andre verkemiddel for vern. Utvalet drøfter først om lova skal ha særlege reglar for kulturmiljø som ikkje er freda. Krav om samtykke frå fylkeskommunen eller Sametinget til riving for bygningar frå 1850 eller tidlegare er eit døme på dette.

Utvalet meiner vern bør skje ved vedtak, og vil ikkje føreslå ein generell heimel for vern ved avtale og heller ikkje føreslå å lovfeste den ikkje lovfeste ordninga som i dag gjeld båtar.

Utvalet peikar fleire stader på at plan- og bygningslova er heilt sentral for vern av kulturminne og kulturmiljø. Kommunane kan i arealplanen gjere vedtak om omsynssoner for vern av kulturmiljø eller leggje inn føresegner og føresetnader om vern i kombinasjon med anna arealbruk. I tillegg er det andre føresegner i lova om medverknad, motsegn, statlege planretningslinjer og forventningar, og reglar i byggjesaksdelen av lova som skal ta hand om kulturarvsomsyn. Utvalet føreslår enkelte endringar i plan- og bygningslova som i hovudsak gjer det tydelegare at kommunen har heimlar i plan- og bygningslova for å ta vare på kulturmiljø dersom dei ønskjer det. Dette er reglar om omsynssone rundt freda kulturmiljø, generelle føresegner til arealdelen av kommuneplanen, heimel til å kunne gje forskrift om plassering og utforming av tiltak for å ta vare på kulturmiljø, utvida unntak frå tekniske krav og føresegner for å hindre spekulativt forfall av verneverdige bygningar. I tillegg føreslår utvalet ein ny særskilt heimel som gjev kommunen høve til å kunne avslå søknad om riving for å ta vare på kulturhistoriske verdiar.

Utvalet føreslår endringar der lause kulturminne som i dag tilhøyrer eller vil tilhøyre staten frå no av skal takast vare på av staten på vegne av fellesskapet. Fleirtalet føreslår at den automatiske fredingsgrensa på 1650 også skal gjelde lause kulturminne, medan eit mindretal føreslår 1850 også for denne kategorien. Framlegget har òg føresegner om vederlagsfri avhending av lause kulturminne og heimel for kassering, noko som særleg er praktisk ved arkeologiske utgravingar med massemateriale utan kulturhistorisk interesse. I tillegg føreslår utvalet ein særleg heimel for gjengravlegging av skjelettmateriale og at Sametinget skal vere styresmakt for samisk materiale.

Utvalet føreslår ikkje særleg regulering av metallsøk eller andre søk, men har teke inn i lova ei presisering av at søk ikkje kan gjerast dersom søket kan skade eller påverke lause kulturminne eller automatisk freda kulturminne. Dette fører vidare rettstilstanden etter kulturminnelova.

Vidare føreslår utvalet å innskrenke finnarlønnsordninga til å gjelde funn av ting med særleg høg penge- eller kulturhistorisk verdi. Utvalet har avgrensa mot skipsfunn fordi det ikkje har vore tid til å gjere ei forsvarleg utgreiing, men gjev nokre retningslinjer for tema departementet bør greie ut nærare.

Kulturminnelova har ikkje særlege reglar om vern av immateriell kulturarv. Immateriell kulturarv kan takast vare på indirekte som del av ei freding av eit fysisk kulturmiljø. Utvalet føreslår ingen endringar av dette, men har føreslege å lovfeste ei prinsippføresegn som understrekar at styresmaktene har ansvar for å sikre dei faga, teknikkane og praksisane som er knytte til kulturmiljø som kan få vern etter lova. Eit mindretal har føreslege å lovfeste at Riksantikvaren kan lage lister over fag, teknikkar og praksisar som knyter seg til ivaretakinga av den materielle kulturarven, og over tradisjonsberarar, organisasjonar eller enkeltpersonar som utøver, dokumenterer og fører vidare desse. Utvalet føreslår ikkje eigne reglar for verdsarven i Noreg, men peikar på at lovframlegget og plan- og bygningslova har gode og fleksible verkemiddel for vern av verdsarven.

Utvalet føreslår ei føresegn om vern av naturmangfald ved freding etter kulturmiljølova. Denne skal svare til tilsvarande føresegner i naturmangfaldlova.

I del VI går utvalet gjennom andre verkemiddel som påverke vern av kulturmiljø. Utvalet føreslår eit forbod mot skilnadshandsaming av freda objekt i forsikringsavtalar. Forbodet rettar seg mot forsikringsselskapa. Eit anna framlegg er eit påbod der forsikringsselskapa i forsikringsoppgjer må dekkje antikvariske meirkostnader når eigaren har fått pålegg med særskilde krav.

Utvalet har føreslege føresegner for meir effektiv handheving av lova. Framlegget inneheld ei norm for ivaretaking av alt freda kulturmiljø og heimel for å gje eigarar pålegg om førebyggjande tiltak ved fare for skade på freda kulturmiljø. Heimelen for handheving av lovbrot er føreslått utvida med administrative sanksjonsmiddel, og lovframlegget har nye felles heimlar for pålegg, retting og stans ved ulovlege tilhøve og likeins heimel for pålegg om skjøtsel, vedlikehald, istandsetjing og sikring. Det er òg føreslege ein frist for å gje pålegg. Framlegget har føresegner om lovbrotsgebyr, tvangsmulkt og heimel for utleggspant. Straffeføresegner følgjer eit særskilt laup med samordning av straffeheimlar innan miljøområde, eit ledd i oppfølginga av miljøkrimmeldinga1. Utvalet har difor ikkje drøft straffenivå særskilt.

Utvalet føreslår å føre vidare den gjeldande heimelen for oreigning for kulturmiljøføremål og forkjøpsretten for lause kulturminne, men føreslår å utvide ordninga til å omfatte transportminne òg.

I del VII har utvalet drøft særlege sakshandsamingsføresegner. Lovframlegget legg seg ganske nær opp til plan- og bygningslova, først og fremst av omsynet til effektiv og godt kjend prosess.

Utvalet fastslår at Riksantikvaren skal vere klageinstans for vedtak gjorde av fylkeskommunen. Hovudgrunngivinga er behovet for ein einskapleg praksis. Utvalet er delt på midten i spørsmålet om Riksantikvaren òg skal vere klageinstans for vedtak gjorde av Sametinget, eller om ei klagenemnd innanfor Sametinget skal avgjere klagene.

Utvalet fekk mandatet i oppdrag å greie ut regelverket om innførsel, utførsel og tilbakelevering av kulturgjenstandar, men bad om at dette vart teke ut. Regelverket ligg i dag i kulturminnelova. Utvalet har tilrådd at dette blir regulert i ei eiga lov.

Det siste materielle kapittelet gjeld fordeling av oppgåver i lova. Utvalet føreslår at Riksantikvaren framleis skal vere fredingsstyresmakt, men fylkeskommunen og Sametinget får heimel til å vedta forenkla freding. Fylkeskommunen og Sametinget får etter framlegget overført noko meir styringsmakt, mellom anna når det gjeld forvaltninga av kyrkjene, og dessutan høve til utvida registrering av jordfaste kulturminne. Utvalet føreslår å fastsetje oppgåvene til fylkeskommunen og Sametinget direkte i lova. Føresegner om gjensidig underretningsplikt er føreslege førte vidare. Utvalet føreslår at Riksantikvaren skal underrettast dersom fylkeskommunen i ei sak om kulturmiljø av nasjonal interesse vil gjere eit vedtak som er i strid med faglege råd i saka. Utvalet er delt på midten i spørsmålet om Sametinget skal ha same plikt.

Utvalet føreslår å føre videre at Riksantikvaren kan ta over saker av nasjonal interesse som er til handsaming i fylkeskommunen eller Sametinget.

3 Utvalets arbeid

3.1 Oppnemning og samansetjing av utvalet

Kulturmiljølovutvalet vart utnemnt ved ein kongeleg resolusjon 22. juni 2022.

Utvalet har hatt desse medlemene:

  • Gunnar O. Hæreid, assisterande statsforvaltar i Vestland, Sogndal (leiar)

  • Kjersti Gram Andersen, seksjonsleiar i Miljødirektoratet, Nordre Follo

  • Nils Anfinset, professor ved Universitetsmuseet i Bergen, Bergen

  • Torvald Falch, utgreiingsleiar ved Sametinget, Tromsø

  • Jarand Felland, ordførar i Tokke kommune, Tokke

  • Ola H. Fjeldheim, generalsekretær i Fortidsminneforeningen, Ullensaker

  • Caroline Wang Gierløff, partnar i Menon Economics, Oslo (frå januar 2023)

  • Christian Hintze Holm, avdelingsleiar i Akershus fylkeskommune, Nesodden

  • Ingunn Elise Myklebust, professor ved det juridiske fakultetet ved Universitetet i Bergen, Bergen

  • Marianne Olssøn, gardbrukar og advokat i Advokatfirmaet Mageli, Ringsaker

  • Gro Holst Volden var utvalsmedlem fram til januar 2023.

Sekretariatet til utvalet har hatt fleire leiarar. Mathys Truyen har vore sekretariatsleiar frå mars 2024, Elisabeth Fougner var sekretariatsleiar frå september 2022. Begge frå Klima- og miljødepartementet.

Sekretariatet har hatt følgande medlemmer: Elisabeth Nordling seniorrådgjevar frå Riksantikvaren (frå juni 2023). Utgreeingsleiar Elisabeth Fougner (frå mars 2024), seniorrådgjevar Jakob Thorsen Bleskestad (frå september 2022 til februar 2025), rådgjevar Martine Thodesen Sande (frå september 2022 til februar 2023), førstekonsulent Susanne Lohne Iversen (frå januar 2023 til mars 2024), utgreiingsleiar Terje Birkrem Hovland (frå august 2023) og utgreiingsleiar Kristin Heggelund (frå november 2023). Alle frå Klima- og miljødepartementet. De to siste har vore tilknytte sekretariatet på deltid.

3.2 Mandat

utvalet vart oppnemnt, fekk det dette mandatet:

Bakgrunn

I Meld. St. 16 (2019–2020) Nye mål i kulturmiljøpolitikken – Engasjement, bærekraft og mangfold er det varslet at det skal utarbeide en ny kulturmiljølov. Gjeldene kulturminnelov ble vedtatt 9. juni 1978 og er blant de eldste forvaltningslovene i Norge. Siden 1978 har det skjedd en rekke endringer i samfunnet som har betydning for forvaltningen av kulturmiljø. Det gjelder blant annet endringer i arealbruk og demografi, i forvaltningens oppgaver og organisering, i forvaltningslovgivningen (miljølovgivningen, lovgivningen om Den norske kirke, kommunenes og fylkeskommunenes rettslige posisjon m.m.), og i samenes og de nasjonale minoritetenes rettslige og politiske stilling. Det har også skjedd en internasjonal rettsutvikling på kulturmiljøfeltet.

En rekke av bestemmelsene i kulturminneloven har blitt endret etter 1978, men det er aldri foretatt noen systematisk gjennomgang av lovens struktur eller materielle og prosessuelle bestemmelser. Det er behov for en grunnleggende revisjon av reglene i kulturmiljøloven basert på erfaringene med dagens lov og samfunnsutviklingen. Utvalgets oppdrag er å utrede hvordan loven kan forbedres som et redskap for å ta vare på kulturmiljøet.

Utvalgets arbeid

Mål og føringer

Utvalget skal utarbeide forslag til en ny lov om kulturmiljø som skal være kunnskapsbasert, bærekraftig og bidra til en effektiv forvaltning. Utredningsarbeidet skal ta utgangspunkt i en gjennomgang av dagens kulturminnelov og regulering av kulturmiljø i andre lover, og erfaringer med disse regelverkene. De nasjonale målene for kulturmiljøpolitikken som følger av Meld. St. 16 (2019–2020) Nye mål i kulturmiljøpolitikken – Engasjement, bærekraft og mangfold skal legges til grunn for arbeidet.

Utvalget må i utredningen drøfte hva som defineres som kulturminner og kulturmiljø, og klargjøre og presisere kulturmiljøets verdier, uavhengig av samfunnsutviklingen. Gjeldende og fremtidige samfunnsutfordringer for kulturmiljøet, og hvilken betydning utfordringene bør ha for utformingen av kulturmiljøregelverket, må også utredes.

Utredningen skal bygge på en avveining mellom kulturmiljøverdier og andre samfunnsmessige hensyn. Det gjelder blant annet næringsinteresser slik som landbruk og andre private eieres interesser. Der det er naturlig skal utvalget synliggjøre hvordan disse avveiningene er foretatt. Utvalget skal vurdere hvorvidt det vil være hensiktsmessig å ta inn i loven hvordan kulturmiljøverdier bør prioriteres og avveies opp mot andre samfunnsmessige hensyn, for eksempel med en formulering om at kostnadene ved tiltak for å bevare kulturmiljøverdier skal stå i et rimelig forhold til den samfunnsmessige nytten.

Utredningen skal ivareta og understreke prinsippet om kulturmiljø som et sektorovergripende ansvar, jf. kulturminneloven § 1 tredje ledd. Det er en fordel om utvalget tydeliggjør ansvarsfordelingen mellom sektorer og kulturmiljøforvaltningen som følger av prinsippet og hva ansvaret innebærer.

Utredningen skal bidra til en mer helhetlig klima- og miljøforvaltning. Samordning av kulturmiljø og naturmangfald skal også styrkes, jf. Meld. St. 16 (2019–2020).

Det er et mål at utredningen sikrar god samordning med tilstøytane regelverk. Særleg gjelder dette plan- og bygningsloven, naturmangfaldlova og trossamfunnsloven, men også annet regelverk kan være relevant. Dette innebærer også at eventuelle forslag om særlige saksbehandlingsregler i størst mulig grad må samordnes med saksbehandlingsreglene i annet relevant regelverk. Slike regler skal være brukervennlige og bidra til en effektiv forvaltning.

Utredningen må ta høyde for fremtidige muligheter for digitalisering av kunnskapsgrunnlag og saksbehandlingsprosesser, og for teknologiutvikling i metodebruk og informasjonsinnhenting.

Lovforslaget skal sikre at kulturmiljøforvaltningen organiseres og utøves i samsvar med Norges internasjonale forpliktelser. Selv om det i eksisterende lovgivning er gjort justeringer for å oppfylle forpliktelsene, er det behov for en gjennomgang og vurdering av hvordan forpliktelsene bør ivaretas i en ny lov.

Det faller utenfor mandatet å vurdere kulturminner og forvaltning som reguleres av Svalbardmiljøloven og kulturmiljø på Jan Mayen.

Det er et viktig mål å få en mer systematisk og brukervennlig lov. Utvalget skal legge vekt på å skape klare regler som er enkle å praktisere. Regelverket skal være oversiktlig og tilgjengelig for både forvaltningen og allmenheten. Lovforslaget må utformes i tråd med anbefalingene i Justis og beredskapsdepartementets veileder «Lovteknikk og lovforberedelse» (2000), jf. utredningsinstruksen punkt 4-1. Det bør inneholde klare og entydige definisjoner av sentrale begreper. Begrepene kulturmiljø, kulturminner og landskap, slik disse er definert i Meld. St. 16 (2019–2020), skal benyttes.

Lovforslaget skal ta utgangspunkt i det grunnleggende prinsippet om at kommuner og fylkeskommuner er selvstendige folkevalgte organer som får sine oppgaver fra Stortinget gjennom lov eller forskrift, og ikke ved delegering slik systemet er i dagens kulturminnelov.

Utvalget står fritt til å vurdere om det i enkelte tilfeller er mer hensiktsmessig å gi regler i forskrift i stedet for lov, og om det er behov for lovhjemler som gir forvaltningen fullmakt til å gi utfyllende bestemmelser. Det kan foreslå endringer i andre lover som det er nærliggende å ta opp. Kulturmiljø må ivaretas gjennom en kombinasjon av vern, hevd og bruk, og utvalget bør angi om også andre virkemidler enn lov og forskrift i enkelte tilfeller kan være hensiktsmessige.

Enkelte sentrale spørsmål utvalget skal vurdere

a. Reglene om vern av kulturmiljø

Utvalget skal foreta en fullstendig og helhetlig gjennomgang og vurdering av reglene om vern av kulturmiljø i dagens kulturminnelov. Det er behov for å vurdere om fredningsinstitutter som automatisk fredning og vedtaksfredning fortsatt er formålstjenlige og skal opprettholdes i sin nåværende form. Om utvalget foreslår å beholde automatiske fredningsgrenser, må det drøfte de kriteriene som legges til grunn for grensene. Mulige konsekvenser av å endre reglene om automatisk fredning og fredningsgrensene må utredes.

Andre spørsmål utvalget må ta stilling til er blant annet om lovforslaget bør ha bestemmelser om ulike grader av vern og alternative måter å etablere vern på, om vernebestemmelsene i større grad bør gjelde mer helhetlige kulturmiljø enn enkeltminner, og om det bør være mer enhetlige fredningsregler for ulike typer kulturminner og kulturmiljø enn det som er tilfellet i dagens kulturminnelov.

Utvalget må vurdere hvordan løse kulturminner, særlig de som i dag er definert som statens eiendom, skal reguleres. Et særlig spørsmål er om den nye loven bør gi grunnlag for vern av bevegelige kulturminner som fly, kjøretøy og skinnegående materiell.

Utvalget må også se på kulturmiljøforvaltningens bruk av avtaler, lister og registre over kulturminner og kulturmiljø som verktøy i saksbehandlingen. Det er behov for en vurdering og klargjøring av hvilken rettslig betydning disse verktøyene har og forholdet til bestemmelser om vern, blant annet ut fra et rettssikkerhetsperspektiv.

b. Regler om visse typer kulturminner og kulturmiljø

Kirker som kulturminner. Utvalget skal utrede forslag til regler om sikring av kulturhistoriskeverdier på kirkefeltet som er enklere og mer enhetlige enn dagens regelverk. Blant annet må det drøfte om det er grunn til å ha særlige lovbestemmelser om vern av kirker, gravplasser og kirkers omgivelser, eller om regelverket bør samordnes med generelle regler om vern av kulturminner og kulturmiljøer. I denne sammenhengen må utvalget også vurdere dagens system med vern gjennom Riksantikvarens liste over kulturhistorisk verdifulle kirker som ikke er fredet (de listeførte kirkene), og alternative måter å ivareta slike kirkebygg på.

Forskrift 18. desember 2020 nr. 2827 om forvaltning av kulturhistorisk verdifulle kirkebygg (kirkebyggforskriften), som er gitt med hjemmel i trossamfunnsloven, samt rundskriv Q-06/20, legger i dag føringer for forvaltningen av de kulturhistorisk verdifulle kirkebygningene og kirkenes omgivelser. I trossamfunnslovens forarbeider, Prop. 130 L (2018–2019), er det lagt til grunn at dagens regelverk er overgangsbestemmelser i påvente av blant annet endringer i kulturminneloven, og at det vil bli vurdert om bestemmelser om forvaltningen av kulturhistorisk verdifulle kirker mest hensiktsmessig bør inntas i kulturminneloven. Utvalget må i dette arbeidet se hen til kirkens eget regelverk for forvaltning av kirker, både når det gjelder saksbehandlingsregler og hensynet til balansen mellom bruk og vern.

Spørsmål knyttet til krigsgraver skal ikke behandles, jf. gravplassloven § 23 a og forskrift 13. april 2015 nr. 370 om krigsgraver.

Samisk kulturmiljø og nasjonale minoriteters kulturmiljø. Utvalget skal vurdere om det er behov for særlige regler for å sikre at samisk kulturmiljø og nasjonale minoriteters kulturmiljø ivaretas på en god måte og i samsvar med Norges internasjonale forpliktelser.

Verdensarv. Forpliktelsene etter Unescos konvensjon for vern av verdens kultur- og naturarv til å sørge for en langsiktig og bærekraftig forvaltning av Norges verdensarvområder ivaretas i dag gjennom det generelle regelverket. Dette er først og fremst reglene i kulturminneloven, plan- og bygningsloven og naturmangfoldloven. Utvalget skal drøfte om ansvaret for den norske verdensarven bør reguleres nærmere i den nye kulturmiljøloven. Det må blant annet se på sammenhenger med og behov for avgrensning mot regulering av de naturhistoriske verdiene som skal ivaretas etter konvensjonen, samt øvrig lovverk.

Fredning av byggverk og anlegg i statens eie. Utvalget skal vurdere om det bør gjøres endinger i reglene om forskriftsfredning av verneverdige statlige eiendommer, jf. kulturminneloven § 22 a og forskrift 9. november 2011 nr. 1088 om fredning av statens kulturhistoriske eiendommer (SKE-forskriften). Et særlig spørsmål er blant annet om det er grunn til å ha egne dispensasjons- og saksbehandlingsregler ved fredning av slike eiendommer.

c. Forholdet til plan- og bygningsloven

Plan- og bygningsloven er både gjennom plansystemet og byggesaksregler en sentral lov for vern av kulturminner og kulturmiljø. Utvalget skal vurdere om dagens avgrensning mellom kulturminneloven og plan- og bygningsloven er hensiktsmessig for å ivareta kulturmiljøverdier, og påpeke eventuelle problemstillinger på dette området. Det bør ses hen til det pågående arbeidet med samordning mellom plan- og bygningsloven og sektorlover som ledes av Kommunal- og distriktsdepartementet.

d. Kunnskap, kunnskapsutvikling og formidling

Utvalget skal utrede om og i så fall hvordan behovet for kunnskap som grunnlag for en god og effektiv forvaltning bør innlemmes i den nye loven. Det skal også vurdere om lovforslaget bør ha bestemmelser som bidrar til kunnskapsutvikling om og formidling av kulturhistorie og kulturmiljø.

e. Regulering av miljø- og kulturmiljørettslige prinsipper

Et annet spørsmål utvalget må drøfte er om sentrale og relevante miljø- og kulturmiljørettslige prinsipper bør nedfelles i loven, og hvordan dette i så fall bør gjøres. Det vises som et eksempel til hvordan dette er gjort i naturmangfoldloven kap. 2 Alminnelige bestemmelser om bærekraftig bruk.

f. Forurenser betaler-prinsippet

«Forurenser betaler-prinsippet» skal legges til grunn for utredningen. Prinsippet innebærer på kulturmiljøfeltet at dersom noen bidrar til at kulturmiljø går tapt eller forringes, skal vedkommende betale det det koster å sikre kildeverdien for framtiden og for fellesskapet, jf. Meld. St. 16 (2019–2020) side 28. Utvalget må også utrede i hvilke tilfeller og i hvilken grad det bør gjøres unntak fra eller modifikasjoner i prinsippet, og i hvilke tilfeller staten eventuelt bør dekke kostnadene.

g. Hensynet til naturmangfold

Hensynet til kulturmiljøverdiene i verneområder er ivaretatt gjennom egne bestemmelser i naturmangfoldloven. Ved fredning av kulturmiljø er adgangen til å utforme vernebestemmelser av hensyn til naturmangfold i dag begrenset. Utvalget må utrede hvordan hensynet til naturmangfold kan ivaretas ved vern etter en ny kulturmiljølov.

h. Immateriell kulturarv

Forslaget til ny lov skal først og fremst gi grunnlag for vern av materiell, og ikke immateriell kulturarv. De to dimensjonene er likevel i noen grad knyttet sammen, for eksempel der immaterielle verdier kan knyttes til en fysisk lokalitet. Som et annet eksempel kan overføring av tradisjons- og handlingsbåren kunnskap være en forutsetning for bevaring og bruk av kulturminner og kulturmiljøer. Utvalget skal drøfte om, og eventuelt hvordan, lovforslaget bør ta høyde for sammenhengene mellom kulturmiljø og relevante deler av den immaterielle kulturarven.

i. Finnerlønn og private søk etter kulturminner

Utvalget skal utrede om det fortsatt er grunn til å ha en finnerlønnordning for løse kulturminner, jf. kulturminneloven § 13. I så fall må utvalget foreslå hvordan en slik ordning kan utformes på en mer hensiktsmessig og effektiv måte enn i dag. Det må også utrede om det blant annet av hensyn til kunnskapsaspektet og ressursbruken i forvaltningen er grunn til å gi nærmere regler om metallsøking og andre typer målrettede private søk etter kulturminner, herunder vrakdykking.

j. Kulturmiljøforvaltningen – organisering og myndighet

Utvalget skal komme med forslag til hvilke organer som bør ha kompetanse til å treffe vedtak etter kulturmiljøloven. Oppgaver overført fra Riksantikvaren til fylkeskommunene og Sametinget i forbindelse med regionreformen, som ble gjennomført fra 1. januar 2020 bør ligge fast, men utvalget kan vurdere overføring av ytterligere oppgaver. Fra 2020 har Sametinget fått overført myndighet og oppgaver knyttet til samisk kulturmiljø fra Riksantikvaren gjennom forskrift 15. februar 2019 nr. 127 om fastsetting av myndighet mv. etter kulturminneloven, på samme måte som myndighet er overført til fylkeskommunene. Det er fastslått i Meld. St. 16 (2019–2020) at det i arbeidet med ny kulturmiljølov er nødvendig å utredespørsmålet om Sametingets myndighet, herunder hvordan myndigheten skal overføres. Dette måutvalget følge opp.

k. Utførsel, innførsel og tilbakelevering av kulturgjenstander

Kulturminneloven §§ 23 og 23a-f med tilhørende forskrifter regulerer utførsel fra landet av kunst og kulturmateriale, innførsel og tilbakelevering av kulturgjenstander som er ulovlig utført fra en annen stat mv. Bestemmelsene gjennomfører internasjonale forpliktelser. Regelverket er fragmentarisk, uoversiktlig og lite pedagogisk. Utvalget skal vurdere og klargjøre innførsels- og utførselsforbudets materielle virkeområde, herunder hvilke kulturgjenstander som omfattes, samt utrede om dagens bestemmelser om håndheving av disse forbudene er hensiktsmessige. Videre skal utvalget vurdere hvordan regelverket kan legge bedre til rette for enkle og effektive tilbakeføringsprosesser, herunder samordnes bedre med straffelovens inndragningsregler. Utvalget bør også se på om regelverket om utførsel og innførsel av kulturgjenstander og tilbakelevering av slike gjenstander kan gjøres mer brukervennlig gjennom større grad av samordning med annet lovverk av særlig relevans for kulturarvkriminalitet og ulovlig handel med kulturgjenstander, som brukthandelloven, godtroervervloven, mv.

Utvalget må også ta stilling til om det vil være mest hensiktsmessig at bestemmelsene om utførsel og innførsel av kulturgjenstander og om tilbakelevering av slike gjenstander fastsettes i en egen lov. I så fall må utvalget utforme et eget lovforslag for disse bestemmelsene.

l. Ulovlighetsoppfølging, sanksjoner m.m.

Utvalget skal foreslå regler som legger til rette for en effektiv håndheving og oppfølging av ulovligheter. Lovforslaget må ha adekvate sanksjonsmidler. Klima- og miljødepartementet har som ledd i oppfølgingen av Meld. St. 19 (2019–2020) Miljøkriminalitet igangsatt et arbeid med å vurdere om strafferammen i kulturminneloven bør endres. Ved utforming av forslag til straffebestemmelse, må det ses hen til resultatene av dette arbeidet.

Utvalget må også drøfte om lovforslaget i større grad enn dagens kulturminnelov bør ha egne virkemidler mot såkalt «spekulativt forfall», for å hindre at verdier vernet etter loven går tapt som følge av unnlatt ivaretakelse.

m. Stedlig virkeområde

Utvalget skal vurdere om lovens stedlige virkeområde skal omfatte havområdene under norsk jurisdiksjon utenfor Norges territorialfarvann.

Nærmere om gjennomføringen

Utredningen skal gjennomføres i tråd med utredningsinstruksen. Det betyr blant annet at økonomiske og administrative konsekvenser av forslagene må utredes.

Utvalget skal innhente erfaringer og synspunkter fra berørte departementer, kulturmiljøforvaltningen og miljøer som har praktisk erfaring med regelverket og kunnskap om særlige problemstillinger underveis i arbeidet, for eksempel ved bruk av referansegrupper og/eller innspillsmøter. På områder der det er relevant, kan utvalget se nærmere på hvordan kulturmiljøforvaltningen er regulert i enkelte andre sammenlignbare land og hvilke erfaringer som er gjort der.

Utredningen skal ha en god struktur. Det skal være skrevet i et godt og klart språk.

Mandatet kan ved behov konkretiseres og utdypes av Klima- og miljødepartementet. Utvalget kan selv ta opp ønske om slike konkretiseringer eller utdypinger med departementet.

Budsjett for utvalget vil bli fastsatt av Klima- og miljødepartementet.

Utvalget skal avgi utredningen i form av en Norsk Offentlig Utredning (NOU) innen 1. september 2024.»

3.3 Korleis utvalet forstår mandatet, og avgrensing av arbeidet

Utvalet har hatt eit omfattande arbeid. Mandatet legg opp til ein heilskapleg gjennomgang av kulturmiljøfeltet og eit fullstendig lovframlegg til korleis kulturmiljø i Noreg skal regulerast. Ved sida av å føreslå ei ny kulturmiljølov har utvalet òg føreslege endringar i reguleringa av kulturmiljø i plan- og bygningslova. Utvalet har teke utgangspunkt i den eksisterande lovgjevinga om kulturmiljø og dei nasjonale måla for kulturmiljøpolitikken som vart vedtekne av Stortinget i 2020. Utgreiinga byggjer på at kulturmiljø er eit sektorovergripande ansvar, og handlar om kva samfunnsutfordringar kulturmiljøa vil møte i åra framover, kva samfunnsnytte kulturmiljø har, og korleis kulturmiljø skal prioriterast kontra andre samfunnsomsyn.

Utvalet har teke utgangspunkt i fordelinga av styringsmakt mellom staten, fylkeskommunen og Sametinget som gjeld i dag, men har mellom anna på grunnlag av føringane i mandatet overført oppgåver og føreslege nye oppgåver til fylkeskommunen og Sametinget. Utvalet har gått gjennom internasjonale plikter med verknader for kulturmiljøområdet og vurdert lovverket med tanke på desse pliktene. I arbeidet har utvalet særleg sett på reguleringar av kulturmiljø i dei nordiske landa.

For utvalet har det vore viktig at vern av kulturmiljø blir sett i lys av klima- og miljøutfordringane i vår tid. Vidare har utvalet vore oppteke av at det å ta vare på kunnskap skal vere ei leiande målsetjing for kulturmiljøfeltet, og at ein i lovgjeving og forvaltning må ta høgd for framtidig digitalisering og anna teknologiutvikling. I dette ligg det òg at lova skal vere enkel å praktisere. Utvalet har prøvd å forenkle regelverket, gje reglane eit klarare språk og gjere dei brukarvenlege for både befolkninga og forvaltninga.

3.3.1 Avgrensingar

Av tidsomsyn og fordi regelverket om utførsel, innførsel og tilbakelevering av kulturgjenstandar på fleire vis skil seg frå resten av utgreiinga, bad utvalet i september 2023 om å bli friteke frå denne delen av mandatet. Klima- og miljødepartementet etterkom oppmodinga. I kapittel 39 har utvalet føreslege at temaet blir greidd ut særskilt, og at det blir teke ut av kulturmiljølova.

Av tids- og kapasitetsomsyn har utvalet avgrensa drøftinga av skipsfunn til å peike på problemstillingar som må greiast ut vidare, sjå kapittel 28.

Utvalet kom òg fram til at spørsmålet om kostandsdekning bør utgreiast av departementet, mellom anna fordi det har ei budsjettmessig side. Utvalet har peika på problemstillingar som bør bli greid ut av departementet.

Under arbeidet med utgreiinga kom utvalet fram at det ikkje ville føreslå særlege reglar om Noregs verdsarvområde. Utvalet meiner at dei allmenne reglane om freding i kulturmiljølova og om bevaring etter plan- og bygningslova gjev eit godt nok grunnlag for å verne kulturmiljø i norske verdsarvområde etter norsk rett. Utvalet har difor avgrensa drøftinga om dette i kapittel 30.

Etter mandatet skal utvalet ved utforminga av straffeføresegn sjå til resultatet av oppfølginga av Meld. St. 19 (2019–2020) Miljøkriminalitet. Utvalet har difor i avgrensa grad greidd ut straffenivå i kapittel 36. Oppfølgingsarbeidet etter miljøkriminalitetsmeldinga er enno ikkje ferdig ved sluttføringa av denne utgreiinga.

3.4 Møte og arbeidsform i utvalet

3.4.1 Utvalsmøte

Utvalet hadde det første møtet 26. august 2022, og har til saman hatt 42 møte over 57 dagar. Dette inkluderer tre studieturar. Meir enn halvparten av møta har vore digitale og stort sett innanfor tre timar, særleg i den første og den siste fasen av arbeidet.

Etter søknader har utvalet fått utsett leveringsfristen to gonger av Klima- og miljødepartementet. Først vart fristen i september 2023 utsett fem månader, til 1. februar 2024. I desember 2024 vart han utsett ytterlegare éin månad, til 1. mars 2025.

3.4.2 Kunnskapsinnhenting

Utvalet har vore oppteke av å få innspel til arbeidet. Tidleg i arbeidet sende utvalet ut invitasjon til å kome med skriftlege innspel. Invitasjonen gjekk til kulturmiljøstyresmakta, departement og andre offentlege organ som har praktisk erfaring med reglane og kunnskap om særlege problemstillingar. Fire departement, Riksantikvaren, Sametinget og fleire fylkeskommunar og kommunar kom med skriftlege innspel.

I tillegg hadde utvalet 11. januar 2023 eit innspelsmøte med private organisasjonar og verksemder som har praktisk erfaring med kulturmiljøregelverket. Utvalet inviterte 39 organisasjonar og verksemder. Desse møtte og gav innspel: Bane NOR Eiendom, Fartøyvernsentrenes Fellesråd, Fortidsminneforeningen, KA Arbeidsgiverorganisasjon for kirkelige virksomheter, Kirkerådet, Nettverk for kirkebyggforvaltere, Norges Husflidslag, Norges Metallsøkerforening, Norges museumsforbund, Norges Verdensarv, Norsk Eiendom, Norsk Forening for Fartøyvern, Norsk Kulturarv og Statsbygg. Møtet vart strøymt på nettet. Mange av deltakarane kom dessutan med skriftlege innspel etterpå.

Utvalet hadde 12. januar 2024 møte med representantar frå organisasjonar for nasjonale minoritetar. På møtet deltok representantar for Skogfinske Interesser i Norge, Skogfinneforeningen, Norske kveners forbund, Kvensk Finsk Riksforbund, Landsorganisasjonen for Romanifolket og Taternes Landsforening. Organisasjonane leverte dessutan skriftlege innspel.

I tillegg hadde utvalet eit møte med Norges kulturvernforbund, som òg leverte skriftleg innspel.

Utvalet si nettside har hatt informasjon om utvalet og det arbeidet utvalet har gjort. Mandatet har vore tilgjengeleg på nettsida, og det har vore mogleg å sende inn skriftleg innspel der. Utvalet har publisert dei skriftlege innspela frå innspelsrunden og innspelsmøte på nettsida.

Til saman har utvalet motteke om lag 70 skriftlege innspel. I tillegg har ei rekkje representantar for styresmaktene, forvaltningsmusea, interesseorganisasjonar, forskingsmiljø, kulturmiljøforvaltninga i andre nordiske land, eigarar og forvaltarar halde presentasjonar og delt erfaringar innanfor særskilte tema under dei ordinære utvalsmøta. Dette gjeld

  • Finansdepartementet

  • Justis- og beredskapsdepartementet, lovavdelinga

  • Klima- og miljødepartementet

  • Kulturdepartementet

  • Kulturdirektoratet

  • Miljødirektoratet ved Statens naturoppsyn

  • Økokrim

  • Riksantikvarieämbetet i Sverige

  • Statens vegvesen

  • Francesc Pla frå Europarådet

  • Länsstyrelsen Vestra Götaland

  • Innlandet fylkeskommune

  • Møre og Romsdal fylkeskommune

  • Oslo kommune, Byantikvaren

  • Rogaland fylkeskommune

  • Trøndelag fylkeskommune

  • Vestfold og Telemark fylkeskommune

  • Viken fylkeskommune

  • Arbeidsgiverorganisasjon for kirkelige virksomheter

  • Forbundet KYSTEN

  • Foreningen Fredet

  • Norges Bondelag

  • Norsk Forening for Fartøyvern

  • Norsk kulturarv

  • Småbrukarlaget

  • Hans Henrik Horneman, Sjur Agdestein og Fauna Eigedom AS som eigarar av freda bygningar og anlegg

  • Forsvarsbygg og Statsbygg som forvaltarar av statlege kulturhistoriske eigedomar

  • Kulturvernforbundet

  • Kulturhistorisk museum på Universitetet i Oslo på vegner av universitetsmusea

  • Norsk institutt for kulturminneforskning (NIKU)

  • Norsk Folkemuseum, avdelinga norsk Maritimt Museum på vegner av sjøfartsmusea

  • Arkeologisk Museum ved Universitetet i Stavanger

  • Norges Arktiske Universitetsmuseum ved Universitetet i Tromsø

  • Eidsvoll kommune

  • Karmøy kommune

  • Levanger kommune

  • Nes kommune

  • Oslo kommune, plan- og bygningsetaten

  • Sogndal kommune

  • Tønsberg kommune

  • Norsk håndverksinstitutt

  • Senter for immateriell kulturarv

  • professor emeritus Inge Lorange Backer

  • forskar Terje Brattli ved NTNU Vitenskapsmuseet

  • forskar Sveinung Krokann Berg ved NIKU

  • partnar i Menon Economics Caroline Wang Gierløff

  • professor i miljø- og ressursøkonomi Ståle Navrud, NMBU

  • dagleg leiar Nikolai Winge, Holth & Winge

  • Språkrådet

Utvalet har særleg fått god hjelp med informasjonsinnhenting frå Riksantikvaren. Representantar for Riksantikvaren har halde innlegg på møte, greidd ut ulike problemstillingar etter førespurnad frå utvalet og svart på skriftlege spørsmål. I tillegg har Riksantikvaren kvalitetssikra talmateriale og andre faktaopplysningar.

3.4.3 Studiereiser

Utvalet har vore på tre studieturar. Turane gjekk til Indre Sogn, til Finnmark og til Stockholm og Helsingfors.

Under den første studieturen, som gjekk til Indre Sogn frå 13. til 14. april 2023, besøkte utvalet

  • Kaupanger stavkyrkje og Kaupanger Hovedgård saman med Trude Knagenhjelm, styreleiar i Fortidsminneforeningen, arkeolog Nils Joachim Knagenhjelm, eigaren av Kaupanger Hovedgård, og Christoffer Knagenhjelm, prosjektleiar og rådgjevar for kulturmiljø for Kaupanger Hovedgård

  • to gravhaugar i Kaupanger og Ragnvaldshaugen på Ornes saman med arkeolog og fagleiar Glenn Heine Orkelbog i Vestland fylkeskommune og Nils Anfinset

  • Urnes stavkyrkje saman med Linn Willetts Borgen frå Fortidsminneforeningen, Marianne Bugge, varaordførar i Luster kommune, og Arlen Synnøve Bidne

  • strandsitjarmiljøet i Solvorn saman med Per Jørgen Loen og Marianne Bugge

  • Lærdalsøyri, der vi var på omvising og hadde møte med Lærdal kommune ved Jan Olav Fretland, varaordførar og kulturmiljøansvarleg i kommuneadministrasjonen

Under den andre studieturen, som gjekk til Finnmark frå 21. til 23. juni 2023, besøkte utvalet

  • sametingspresidenten

  • kulturmiljøforvaltninga i Sametinget

  • verdsarvsenteret for bergkunst, der vi var på synfaring og hadde møte med verdsarvkoordinatoren ved Alta museum

  • Varanger samiske museum

  • Tana kommune

  • Nesseby kommune

  • Vadsø kommune

  • Troms og Finnmark fylkeskommune

  • eit fangsgropsystem og ein offerring mellom Alta og Karasjok

  • Sametinget i Karasjok, der vi fekk omvising

  • samisk bygningsmiljø i Tanadalen, der vi var på synfaring

  • Mortensnes kulturminneområde, der vi fekk omvising

  • Bietilægarden og Tuomainengården i Vadsø

Den siste studieturen gjekk til Stockholm og Helsingfors frå 3. til 4. april 2024. I Stockholm møtte utvalet det svenske Riksantikvarieämbetet og Svenska byggnadsvårdföreningen. I Helsingfors møtte utvalet representantar for Miljöministeriet, Undervisnings- og kulturministeriet og Museiverket.

På grunn av den omfattande innspelsrunden og innlegg i møte har ikkje utvalet henta inn eksterne rapportar. Utvalet har heller ikkje nytta referansegrupper.

I sluttfasen har utvalet fått hjelp med språkleg gjennomgang i NOU-en av Totaltekst AS.

Språkrådet har gått gjennom språket i mesteparten av lovframlegget.

Fotnotar

1

Meld. St. 19 (2019–2020).

Til forsida