5 Ei datasenternæring for ei grønare framtid
Regjeringa har høge ambisjonar for kva klimaavtrykk datasenter i Noreg skal etterlate seg, og kva næringa skal bidra med i arbeidet med å nå klimamåla. Regjeringa har sett følgande mål:
Datasenternæringa i Noreg skal vere berekraftig og skal ha lågt klima- og miljøfotavtrykk.
5.1 Behovet for elektrisk kraft og effektiv energibruk i datasenter
Status
Det at Noreg har god tilgang på fornybar elektrisk kraft, gjer oss godt eigna for datasenteretableringar. Det kalde klimaet vårt gir oss òg eit godt utgangspunkt for energieffektivitet i datasenter. Det gjer til dømes at det går med mindre energi til kjøling her enn i andre delar av verda.
Datasenter krev mykje elektrisk kraft. I Noregs vassdrags- og energidirektorats (NVE) langsiktige kraftmarknadsanalyse frå 2025 er hovudkonklusjonen at Noreg framleis vil ha ein positiv kraftbalanse i eit normalår fram til 2030. NVE forventar at kraftforbruket vil fortsette å auke dei neste fem åra, men har justert ned anslaget for auken frå tidlegare prognosar, mellom anna som følge av at fleire planar for batterifabrikkar og hydrogenproduksjon i det siste er blitt utsette, skalerte ned eller avlyste.
Kraftforbruk, nettilknyting, energieffektivisering og overskotsvarme, er sentrale aspekt i forholdet mellom datasenternæringa og kraftsystemet. Medlemmene i Norsk Datasenterindustri har signert Climate Neutral Pact , ei sjølvpålagd forplikting om å vere klimanøytrale innan 2030, og fleire av dei har allereie inngått lokale samarbeid om utnytting av overskotsvarme frå datasentera sine. Ifølge årsrapporten til Norsk Datasenterindustri har 9 av dei 18 største datasentera varmegjenvinning, hovudsakleg i form av lokale system.
Det samla straumforbruket for digital infrastruktur i Noreg i 2024 er i berekraftsanalysen til Nkom (sjå kapittel 5.2) estimert til 3,7 TWh, noko som utgjer 2,6 prosent av det totale straumforbruket i Noreg på 140 TWh. 6 Figuren nedanfor viser korleis det samla straumforbruket fordelte seg mellom ulike delar av den digitale infrastrukturen i Noreg. Som figuren viser, stod datasenter for rundt 41 prosent av dette forbruket.
Kjelde: Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (2025) Fotavtrykket fra norsk digital infrastruktur 2024
Datasentertenester er eit av områda som veks, som følge av auka bruk av stordata og kunstig intelligens. NVE ventar at kraftbruken i datasenternæringa vil auke frå 2,5 TWh i 2025 til 6 TWh i 2030. I den langsiktige kraftmarknadsanalysen frå 2025 legg NVE til grunn at straumforbruket i datasenter kan vekse til 10 TWh i 2040. NVE understrekar at det er stor uvisse knytt til utviklinga i kraftforbruk dei nærmaste åra.
Det er avgrensa plass i nettet til å knyte til nytt stort forbruk. Statnett opplyser at det er reservert 2691 megawatt (MW) til nye datasenter i dag. Utover det står prosjekt med behov for 4390 MW i kapasitetskø. 7
Den breie framveksten av KI-teknologi vil vere ein betydeleg drivar for kor mykje data som blir lagra og prosessert, og dermed for kraftbruken i datasenter. Tabellen nedanfor angir den typiske andelen av energiforbruket for ulike typar KI-aktivitet. 8 Som tabellen viser, er modellopplæring ein aktivitet som ikkje er avhengig av nærleik til sluttbrukaren, og som i prinsippet kan gjerast kvar som helst i verda og dermed representerer ei marknadsmoglegheit for norske datasenter.
Type aktivitet |
Andel energiforbruk |
Beskriving |
---|---|---|
Modell- utvikling |
10 % |
Modellar blir utvikla og finjusterte før opplæring. |
Modell- opplæring |
30 % |
Algoritmar lærer ved å prosessere eit omfattande datagrunnlag for å gjere prediksjonar eller ta avgjerder utan at eksakte input–respons-relasjonar er programmerte på førehand. Dette krev betydeleg berekningsinnsats og høgt energiforbruk over lengre periodar. Denne aktiviteten krev ikkje rask respons og kan i prinsippet gjennomførast kvar som helst i verda. |
Bruk |
60 % |
Aktiviteten inkluderer implementering og bruk av utvikla KI-modellar i reelle applikasjonar. Dette krev berekningsressursar for å tolke nye data og generere resultat eller prediksjonar basert på førehandstrente modellar. Denne aktiviteten krev ofte rask respons og må i større grad utførast nær brukaren. |
Etter energilova har alle som ønsker det rett til å bli knytt til straumnettet. Svært mange aktørar har søkt om tilknyting til nettet dei siste åra for å etablere ny nærings- og industriverksemd eller fase ut fossil energi gjennom elektrifisering. Nettselskapa melder at det er lite ledig kapasitet i nettet som ikkje er reservert eller tatt i bruk. Derfor må mange av aktørane som ønsker nettilknyting, no stå i kø. For regjeringa er det derfor svært viktig å legge til rette for at det skal gå raskare å etablere nettanlegg i framtida, og for at nettet skal nyttast mest mogleg effektivt. Dette arbeidet er godt i gang.
Når det ikkje er mogleg å knyte ein kunde til eksisterande nett, kan avtalar om tilknyting med vilkår om utkopling eller avgrensing av forbruket til kunden vere eit alternativ til å investere i nettanlegg. Tilknyting på vilkår inneber at kunden godtar at straumtilførselen kan strupast eller kuttast ut heilt dersom det er naudsynt for å sikre stabil drift av kraftnettet. Dei faktiske vilkåra må utformast ut frå nettsituasjonen i punktet der kunden skal knytast til. I utgangspunktet er datasenter godt eigna for tilknyting på vilkår. Ordinære datasenter stiller høge krav til leveringstryggleik og har gjerne eigne reserveløysingar for straum, til dømes batterikapasitet og dieselaggregat. Fordi dei i stor grad har eigenberedskap for å handtere bortfall av kraftforsyninga, kan dei òg tilby fleksibilitet inn i kraftmarknaden.
Det må til kvar tid vere balanse mellom forbruk og produksjon i kraftsystemet, og Statnett bruker mellom anna ulike reserveprodukt for å balansere systemet. Ordinære datasenter er godt eigna for å delta i marknader for reservar. Ved sida av å vere ein viktig innsatsfaktor for digital innovasjon og næringsutvikling, og meir effektive og klimavennlege løysingar og tenester, kan datasenter derfor òg vere bidragsytarar i kraftmarknaden. Statnett og nettselskapa jobbar med datasenterbransjen for å fremme deltaking i kraftmarknadene.
Datasenternæringa kan treffe tiltak for å avgrense behovet for elektrisk kraft og legge til rette for at overskotsvarmen blir nytta til ulike formål. Datasenter genererer store mengder overskotsvarme som kan brukast om igjen til andre formål der dette er samfunnsøkonomisk lønnsamt. NVE peiker på at potensialet for auka gjenbruk av overskotsvarme frå datasenter er stort, samtidig som det er fleire barrierar mot å utnytte overskotsvarmen. 9 Dei største barrierane er manglande infrastruktur for transport og lagring av varme. Men det finst òg organisatoriske barrierar, til dømes knytt til at partane må bli einige om pris og eigarskap til infrastruktur (røyr, varmepumper osv.), kven som skal bere investeringskostnadene og ha driftsansvaret, og vurdering av risiko for at ein av partane trekker seg frå samarbeidet. Overskotsvarme frå datasenter held dessutan relativt låg temperatur. Dermed er det ofte naudsynt med tiltak for å auke temperaturen for at det skal bli mogleg å bruke overskotsvarmen.
Det finst likevel fleire døme på at overskotsvarme frå datasenter i Noreg blir utnytta i dag. Mange mindre datasenter blir plasserte i sentrale strøk der det òg er infrastruktur for fjernvarme, mellom anna fordi dei leverer tenester som krev nærleik til marknaden. Dei største datasentera blir gjerne bygde i område der det er naturleg på grunn av straumnettet og rimelege tomteprisar. I slike store datasenter, som krev fleire terawatt-timar kraft, vil det òg bli fleire terawatt-timar overskotsvarme. Det vil krevje omfattande etablering av kompatibel verksemd med stort varmebehov om det skal bli mogleg å bruke ein vesentleg del av overskotsvarmen frå store datasenter.
Boks 5.1 Samarbeider for å sikre effektiv energigjenvinning og bidra til å redusere klimafotavtrykket
Skygard, ein datasenteroperatør eigd av Telenor, Hafslund og HitecVision, bygger no eit datasenteranlegg i Hovinbyen, og overskotsvarmen frå dette anlegget skal nyttast i fjernvarmenettet til Hafslund Celsio. Det skal sikre effektiv energigjenvinning og bidra til redusert klimafotavtrykk frå drifta av datasenteranlegget. Energien frå datasenteranlegget i Hovinbyen vil bli vidareført til oppvarming av både næringsbygg og bustader i området, og overskotsvarmen vil kunne varme opp inntil 12 000 Oslo-leilegheiter. Samarbeidet med Skygard bidreg til at Hafslund Celsio kan levere meir fjernvarme til Oslo produsert med lokal overskotsenergi. Samarbeidet bidreg òg til å støtte opp under mål om utsleppsreduksjonar og berekraftig energibruk både for Oslo og for heile landet.
Hafslund Celsio samarbeider òg med Stack Infrastructure om gjenbruk av overskotsvarme frå Stack sitt datasenteranlegg på Ulven, som blir brukt til fjernvarme for 5000 bustader i Oslo.
Boks 5.2 Meir berekraftig drift med solceller på taket
Orange Business sitt datasenter i Lørenskog er det første i Noreg med solcellepanel på taket. Det 10 000 kvadratmeter store datasenteranlegget vil venteleg produsere rundt 450 megawatt-timar årleg, tilsvarande om lag 3,5 prosent av det årlege energiforbruket til datasenteranlegget.
Orange Business har eit mål om å redusere det globale karbonavtrykket frå selskapet med 30 prosent innan 2025, og solcelleanlegget er eit av mange tiltak som skal bidra til at dei når dette målet. Selskapet planlegg òg å installere liknande solcelleanlegg på datasenteranlegget sitt i Grorud utanfor Oslo.
Retning framover
5.1.1 Energieffektivisering
Noreg har eit nasjonalt mål om å forbetre energiintensiteten i fastlandsøkonomien med 30 prosent frå 2015 til 2030, jf. Meld St. 25 (2015–2016) Kraft til endring – Energipolitikken mot 2030 . Energiintensitet er ein indikator på kor mykje energi vi bruker, samanlikna med verdiskapinga, og blir målt ved at energibruk blir delt på bruttonasjonalprodukt. Energieffektivitet er eit mål på kor effektivt energien blir brukt, til dømes til å produsere eit produkt eller ei teneste.
Regjeringa meiner at auka energieffektivitet i datasentera er viktig for ei grøn og berekraftig datasenternæring. Det er mykje å hente på å samlokalisere datalagrings- og prosesseringsbehova til mange verksemder, slik at behova kan dekkast gjennom eitt enkelt og meir energieffektivt anlegg. Skal vi få ei energieffektiv datasenternæring, må selskapa samtidig prioritere å avgrense kraftbruken.
Regjeringa har innført nye krav til energikartlegging for selskap med meir enn 2,5 GWh i årleg gjennomsnittleg bruk. Krava inneber at dei skal utarbeide ein gjennomføringsplan for lønnsame energitiltak som skal leggast fram for selskapsleiinga. Funn frå kartleggingane og gjennomføringa av tiltak skal omtalast i årsmelding eller offentleggjerast på anna vis. Første energikartlegging skal gjennomførast innan 1. oktober 2026. Energikartlegging vil bidra til å gjere datasenteroperatørar i Noreg meir bevisste på energibruk og energieffektivisering.
Det kan òg vere formålstenleg å utarbeide ei energimerkeordning for datasenternæringa. Nkom har derfor starta innleiande drøftingar med Norsk Datasenterindustri om ei slik ordning.
5.1.2 Overskotsvarme
Gjenbruken av overskotsvarme i datasenternæringa må opp. Om vi bruker energien meir effektivt, treng vi ikkje bygge ut like mykje kraftproduksjon og nett som vi elles måtte gjort. Aktørar som planlegg datasenter, har eit ansvar for å bidra til at overskotsvarme frå datasenteret kan nyttast.
Regjeringa har derfor innført ei forskrift med krav om å gjennomføre ein kost-nytte-analyse av moglegheitene for å utnytte overskotsvarme frå datasenter på over 2 MW. Forskrifta tredde i kraft i 1. april 2025 og gjeld ved planlegging av nye datasenteranlegg. NVE må godkjenne analysen før bygging eller oppgradering blir sett i gang, og NVE har utarbeidd ein rettleiar til forskrifta. Regjeringa arbeider – i tråd med handlingsplanen for energieffektivisering frå 2023 – med ei utviding og skjerping av krava om å gjennomføre kost-nytte-analyse. Her ser regjeringa på moglege endringar for at regelverket skal omfatte fleire anlegg og stille strengare krav om gjennomføring av lønnsame tiltak.
I tillegg har regjeringa innført krav i forureiningsforskrifta om at den som driv eller kontrollerer drifta av verksemda, i størst mogleg grad skal sørge for å utnytte overskotsenergi frå eksisterande og nye anlegg internt.
I den tidlege planleggingsfasen har kommunane òg eit ansvar for å legge til rette for at overskotsvarmen kan utnyttast, jf. kapittel 3.2. Den nye statlege planretningslinja for klima og energi fastset at kommunane skal ha oppdatert oversikt over moglegheita for forsyning av varme og kjøling basert på lokale energikjelder, og legge til rette for utnytting av lokale varme- og kjølekjelder, medrekna overskotsvarme. I tillegg kan offentlege stønadsordningar bidra til å fremme gjenbruk av overskotsvarme.
Regjeringa vil
- at energimyndigheitene skal følge tett med på korleis energibruken i datasenternæringa utviklar seg, og rapportere regelmessig om denne utviklinga
- følge opp energikartlegging hos datasenteroperatørar med tilsyn
- sende på høyring eit lovforslag som inneber at fleire anlegg blir omfatta av krav om å gjennomføre kost-nytteanalyse av utnytting av overskotsvarme, samt krav om å gjennomføre lønnsame tiltak, inkludert datasenter
- følge opp og evaluere effektane av nyleg etablerte verkemiddel for å auke gjenbruken av overskotsvarme
- at datasenternæringa bruker moglegheitene i eksisterande stønadsordningar for bruk av overskotsvarme
- fortsette å gjennomføre tiltaka som er varsla i regjeringa sin handlingsplan for raskare nettutbygging og betre utnytting av nettet
5.2 Klimautfordringar og naturpåverknad
Status
For å sikre berekraft og velferd for framtida er det avgjerande at Noreg lykkast med den digitale og grøne omstillinga. Som senter for lagring og prosessering av data og digitale tenester, er datasenter sjølve hjartet i den digitale grunnmuren, og ein viktig føresetnad for innovasjon og utvikling både i offentleg sektor og i næringslivet. Datasenter har såleis ei viktig rolle i omstillinga til eit berekraftig samfunn. Det er i dag stor interesse internasjonalt for å etablere datasenter i Noreg, og den norske datasenternæringa har vakse kraftig det siste tiåret. Den auka interessa for Noreg som datasenterlokasjon kjem av at Noreg har gunstige klimaforhold med naturleg låg utetemperatur, tilgang på eigna landareal, rein og fornybar energi og lågare kraftprisar enn mange andre delar av verda. Figurane nedanfor viser at Noreg er i ein særklasse samanlikna med andre land i Europa når det gjeld tilgang på utsleppsfri og fornybar kraft og låge gjennomsnittstemperaturar.
Kjelde: The role of power in unlocking the European AI revolution, McKinsey 2024.
Med naturleg låg utetemperatur trengst det mindre energi til å drive kjøleanlegg i datasenter. Men fordi datasenter forbruker store mengder kraft og krev store areal, har datasenternæringa òg eit klima- og miljøfotavtrykk. Den forventa veksten innanfor utvikling og bruk av KI, vil kunne påverke avtrykket frå datasenternæringa ved at etterspørselen etter datasenterkapasitet sannsynlegvis vil auke.
EU er ein pådrivar i arbeidet for ei berekraftig datasenternæring. EU-kommisjonen vil innføre nye mekanismar for å måle energieffektiviteten i datasenter og elektroniske kommunikasjonsnett som blir brukte av europeiske bedrifter, i EUs digitaliseringsindeks (Digital Economy and Society Index – DESI). Samtidig har EU, innanfor ramma av energieffektiviseringsdirektivet frå 2023, vedtatt ei første felles vurderingsordning med krav om å rapportere spesifikke opplysningar og nøkkeltal årleg til ein europeisk database, mellom anna samla energiforbruk, energiforbruk for IT-utstyr, vasstilførsel og gjenbruk av overskotsvarme, med ein felles måle- og berekningsmetode og definerte berekraftsindikatorar for datasenter. Krava gjeld alle datasenteroperatørar som opererer datasenter med eit installert effektforbruk på minimum 500 kW. Europaparlaments- og rådsdirektiv 2012/27/EU om energieffektivitet, som endra ved europaparlaments- og rådsdirektiv 2018/2002, blir venteleg innlemma i EØS-avtalen, og vi viser til omtale av dette i Prop. 136 S (2024–2025). Ved europaparlaments- og rådsdirektiv 2023/1791 blir direktiva frå 2021 og 2018 oppheva med verknad frå 12. oktober 2025. Det er førebels ikkje tatt stilling til om 2023-direktivet skal innlemmast i EØS-avtalen og gjennomførast i norsk rett. EU har òg utarbeidd felleskriterium for grøne offentlege innkjøp for datasenter, serverrom og skytenester, og vil arbeide for å opprette ein europeisk åtferdskodeks ( code of conduct ) for berekraft i ekomnetta innan 2025. EU har i tillegg fleire andre tiltak som treffer datasenter, til dømes EUs handlingsplan for digitalisering av energisystemet, revideringa av økodesignforordninga og den nye taksonomiforordninga. Dei av EU-initiativa på dette området som er rettsakter, kan vere EØS-relevante og vil kunne få betydning for norsk rett.
Boks 5.3 Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit går føre med analyse av klima- og miljøbelastninga frå norsk digital infrastruktur i eit forbruksperspektiv10
I dag finst det ikkje kunnskapsbaserte og kostnadseffektive rammeverk for å dokumentere berekraftspotensialet og den faktiske miljøeffekten av digitalisering på nasjonalt nivå, men Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) har utført ein analyse av klima- og miljøbelastninga frå digital infrastruktur i drift på norsk jord. Analysen, som er ein av dei første i verda i sitt slag, er todelt og tar for seg situasjonen i 2024 og den forventa utviklinga fram mot 2030 og 2050. Han viser at den negative effekten vil auke i tida framover, men for å kunne seie noko om netto berekraft frå digital infrastruktur må ein inkludere både positive og negative verknader. Analysen tar berre for seg førsteordens eller direkte effektar knytte til livsløpet til digital infrastruktur i Noreg. Det vil seie at dei positive ringverknadene av å ha ein digital infrastruktur ikkje er inkluderte. Basert på analysen er Nkom òg i ferd med å utvikle ein betaversjon av ein indeks som kartlegg digital berekraft nasjonalt i Noreg.
Det samla klimafotavtrykket frå digital infrastruktur i Noreg i 2024 er berekna til 1,1 millionar tonn CO 2 -utslepp med ein lokasjonsbasert 11 straummiks (straumen som blir brukt fysisk i Noreg). Til samanlikning var dei direkte utsleppa frå luftfartssektoren 1,2 millionar tonn CO 2 -ekvivalentar i 2023. Tabellen nedanfor viser klimaavtrykket frå norsk digital infrastruktur, per teknisk segment og livsløpsfase, med lokasjonsbasert straummiks lagd til grunn. Fotavtrykket er uttrykt i tusen tonn (kt) CO 2 -ekvivalenter. Det er verdt å merke seg at sluttbrukareiningar, som omfattar ulike type einingar som blir brukte til digital kommunikasjon (til dømes mobiltelefonar, nettbrett og datamaskinar), står for heile 76 prosent av det samla klimaavtrykket. Det er særleg produksjonen av sluttbrukareiningane som gjer at dei står for ein betydeleg del av klimafotavtrykket. Sjølve produksjonen går ikkje føre seg i Noreg, men utstyret blir brukt her.
Livsløpsfase |
Sluttbrukerenheter |
Nettverk |
Datasenter |
Totalt |
---|---|---|---|---|
Produksjon |
694 kt |
98 kt |
37 kt |
830 kt |
Distribusjon |
53 kt |
14 kt |
2 kt |
69 kt |
Emballasje |
19 kt |
- |
- |
19 kt |
Bruk |
93 kt |
40 kt |
67 kt |
200 kt |
Avhending |
10 kt |
12 kt |
0,2 kt |
22 kt |
Totalt |
868 kt |
165 kt |
106 kt |
1140 kt |
Datasenter stod for 9 prosent av det samla klimaavtrykket, med 106 kilotonn CO 2 -utslepp i 2024, og er forventa å auke mest fram mot 2050. Som vist i figuren nedanfor utgjorde energibruk i form av straum (gjenbruk av overskotsvarme er ikkje tatt omsyn til) og IT-utstyr (serverar, lagringskapasitet og nettverksutstyr) mesteparten av utsleppa frå datasenter med høvesvis 54 og 36 prosent.
Retning framover
Klimaloven slår fast at målet skal vere at klimagassutsleppa i Noreg går ned med 90–95 prosent samanlikna med 1990-nivå, for at vi skal bli eit lågutsleppssamfunn innan 2050. Det fører til at Noreg treng å omstille og kutte utslepp i alle delar av samfunnet, offentleg sektor og næringslivet. Rapporten frå Klimautvalet 2050, NOU 2023: 25 Omstilling til lavutslipp – Veivalg for klimapolitikken mot 2050 , trekker fram teknologi som ein av vegane til lågutsleppssamfunnet.
Grøn og digital omstilling er både komplekst og naudsynt og har stort potensial for auka berekraft, konkurransekraft og verdiskaping. Datasenternæringa kan støtte opp under utsleppskutt i alle sektorar gjennom digitalisering, og er viktig for realiseringa av Meld. St. 16 (2024–2025) Industrien – konkurransekraft for en ny tid (Industrimeldinga) gjennom å vere ein innsatsfaktor for nye digitale løysingar og databasert innovasjon i industrien. Samtidig har datasenternæringa òg eit klima- og miljøfotavtrykk ved at ho forbruker store mengder kraft og bruker store landareal.
Dei gunstige forholda i Noreg med låg utetemperatur, tilgang på eigna landareal, rein og fornybar energi og lågare kraftprisar enn andre land, er viktige konkurransefortrinn ikkje berre for datasenternæringa, men òg for mange andre næringar og for heile det norske samfunnet. Det er viktig at vi forvaltar og utnyttar desse fortrinna på ein berekraftig måte som skaper gode synergieffektar og sikrar at vi beheld dei i framtida. Berekraft er òg konkurransekraft, og berekraft i norske datasenter bidreg til å bevare og forsterke konkurransekrafta i norsk næringsliv og samfunn.
I Meld St. 35 (2023–2024) Bærekraftig bruk og bevaring av natur – Norsk handlingsplan for naturmangfold , er samfunnskritisk digital infrastruktur nemnd som eit prioritert utbyggingsformål. Det heiter mellom anna: «I arealforvaltningen skal særlig samfunnsnyttige formål som fornybar kraftproduksjon, kraftledninger, samfunnskritisk digital infrastruktur og forsvar vektes tungt ved konflikter mellom utbyggingsformål.» Dette er vidare følgt opp i kongeleg resolusjon av 20. desember 2024, der det i dei statlege planretningslinjene for arealbruk og mobilitet heiter i kap. 7.7: «Kommuner, fylkeskommuner og statlige myndigheter bør samarbeide for å legge til rette for tilstrekkelige arealer til fornybar kraftproduksjon, kraftledninger, forsvarsformål og samfunnskritisk digital infrastruktur. I arealforvaltningen skal særlig samfunnsnyttige formål som de nevnte formålene, vektes tungt ved konflikter mellom utbyggingsformål.» Samtidig fremmer stortingsmeldinga eit mål om å redusere nedbygging av særleg viktige naturareal. Også nye datasenter må framover etablerast på ein måte som bidreg til at dette målet blir nådd.
Kva type utstyr som blir brukt til prosessering og lagring av data, verkar òg inn på klimafotavtrykket frå datasenter. Utviklinga innanfor teknisk utstyr går raskt, og det kjem stadig nye og meir effektive løysingar på marknaden. Gjenvinning av elektronisk avfall frå datasenter i Noreg er derfor viktig.
Offentleg sektor kan spele ei viktig rolle ved å sørge for at det blir lagt meir vekt på energi- og ressurseffektivitet i datasenternæringa i Noreg. Det offentlege er ein stor innkjøpsaktør og har dermed òg stor innkjøpsmakt. Målretta bruk av offentlege innkjøp er viktig. Til dømes kan offentlege myndigheiter og organ i større grad stille krav om bruk av meir straumeffektivt IT-utstyr i avtalar om levering av datasentertenester. Offentlege anskaffingar av datasentertenester kan òg innrettast slik at dei stimulerer til gjenbruk av overskotsvarme frå det aktuelle datasenteret.
Offentleg-privat samarbeid på bransjenivå kan i tillegg gjere det enklare å i fellesskap identifisere, prioritere og sette i gang aktivitetar og tiltak for verdiskapande og digital berekraft. Det er òg viktig å få på plass eit rammeverk som kan bidra til meir regelmessig dokumentering av berekraftpotensialet og den faktiske miljøeffekten frå digitalisering på nasjonalt nivå. Eit slikt rammeverk vil opne for betre styring av og tilrettelegging for ei verdiskapande datasenternæring og ønskeleg digitalisering.
På sikt kan det vere interessant å kvantifisere endringar i naturmangfaldet på norsk jord som følge av datasenter og digital infrastruktur. Miljødirektoratet utviklar saman med Statistisk sentralbyrå (SSB) ein naturrekneskap for Noreg. Naturrekneskapen vil gi betre oversikt over utbreiinga av naturen, tilstanden og tilhøyrande økosystemtenester, og korleis desse utviklar seg over tid. Dette vil gi betre kunnskap om korleis nedbygging og bruk av natur påverkar naturmangfaldet. Ein del av arbeidet handlar òg om å forbetre kartgrunnlaga for natur. Med betre kart- og kunnskapsgrunnlag kan det bli mogleg å kople aktivitet innanfor Noregs grenser nærmare til moglege endringar i naturmangfaldet.
5.2.1 Kraftkrevjande utvinning av kryptovaluta
Regjeringa har ein klar intensjon om å avgrensa utvinning av kryptovaluta mest mogleg. Utvinning av kryptovaluta er ressurskrevjande når det gjeld kraftbruk, og kastar lite av seg i lokalsamfunnet i form av arbeidsplassar og inntekter. Det finst lite offentleg informasjon om utvinning av kryptovaluta i Noreg. Registreringsplikta i den nye datasenterforskrifta skal på sikt gjere det enklare å få oversikt, følge med på utviklinga og føre tilsyn med datasenter, medrekna dei som vinn ut kryptovaluta.
Noreg er eit attraktivt land for utvinning av kryptovaluta på grunn av kombinasjonen av låge kraftprisar, fornybar kraft, eit stabilt kraftsystem og eit kjølig klima, noko som betyr lågare kostnader til kjøling. Elektrisk kraft er den primære innsatsfaktoren for å vinne ut kryptovaluta. Teknologien Proof of Work (PoW) peiker seg ut som den mest kraftkrevjande måten å validere kryptovaluta på. Det er også den som blir brukt av Bitcoin, som er den kryptovalutaen det blir vunne ut klart mest av i Noreg. Tiltak retta mot PoW vil dermed ramme både størstedelen av utvinninga og størstedelen av kraftforbruket til kryptoutvinning i Noreg.
Regjeringa har kartlagt handlingsrommet for å regulere utvinning av kryptovaluta. Vi må sikre oss at moglege tiltak er effektive og treffer utvinning av kryptovaluta. Regjeringa har bestemt å utgreie ei statleg planbestemming med eit midlertidig og avgrensa forbod mot etablering av datasenter som hovudsakleg driv med kraftkrevjande kryptoutvinning. Ei statleg planbestemming kan avgrensast til eit geografisk område eller gjelde heile landet, og kan innførast for å vareta nasjonale eller regionale interesser, som til dømes høgt effektforbruk i område med avgrensa nettkapasitet, arbeidsplassar, miljøpåverknad eller andre samfunnsmessige omsyn. Statlege planbestemmingar er juridisk bindande reglar og blir vedtatte som kongelege resolusjonar. Innføring av ei statleg planbestemming vil ikkje isolert sett medføre nye oppgåver for kommunesektoren.
Målet med tiltaket er å frigjere kraft, nettkapasitet og areal til andre formål. Samtidig må ikkje tiltaka råke datasenter som er naudsynte for den ønskte digitaliseringa av samfunnet. Datasenter er ein viktig del av den digitale infrastrukturen og ein kritisk føresetnad for all digitalisering. Avgrensinga mot nyttig bruk av blokkjedeteknologi og KI vil vere viktig, slik at ein ikkje hindrar innovasjon og utvikling på område som er nyttige for samfunnet. EØS-rettslege vurderingar må gjerast. Regjeringa vil følge nøye med på kva EU-kommisjonen skriv i den varsla rapporten om kryptoteknologiar, klima- og miljøkonsekvensar og verkemiddel.
Regjeringa vil
- etablere eit offentleg-privat bransjesamarbeid mellom ekommyndigheitene og bransjeaktørane innanfor digital infrastruktur og tenester for å sette felles mål og formulere felles visjonar knytte til auka og varig berekraft, til dømes ei mogleg energimerkeordning for datasenter i Noreg, fremming av sirkulære løysingar for IKT-utstyr og avfallshandtering i datasenternæringa
- at den nye berekraftsanalysen Nkom har fått utført, skal vere grunnlag for målingar og framskrivingar av nasjonal status når det gjeld digital berekraft
- fronte klimavennlege løysingar i relevante internasjonale forum til inspirasjon for andre land
- ta initiativ til nordisk samarbeid for å vere i front innanfor innovasjon og berekraftige løysingar
- utgreie statleg planbestemming med eit midlertidig og avgrensa forbod mot etablering av datasenter som hovudsakleg driv med kraftkrevjande kryptoutvinning