Datasenternæringa - ei berekraftig framtidsnæring for det digitale Noreg

Til innhaldsliste

3 Ei næring som bidreg til verdiskaping og arbeidsplassar

Datasenternæringa kan bidra til verdiskaping og til arbeidsplassar både lokalt og nasjonalt i Noreg . Regjeringa har sett følgande mål:

Det skal vere attraktivt å etablere datasenter i Noreg , og dei datasentera som blir etablerte, skal skape ringverknader i form av arbeidsplassar og lokal verdiskaping.

Status

Datasenteretableringar kan vere med og styrke verdiskapinga både lokalt og nasjonalt og danne grunnlag for nye og betre tenester for befolkninga. Tilgang til datasenterkapasitet og -tenester er viktig fordi all databasert verdiskaping, og forsking og utvikling er avhengig av at data blir organiserte, prosesserte og lagra. I nokre tilfelle speler òg geografisk avstand til datasenteret ei viktig rolle, til dømes ved bruk av sanntidsdata, som ofte føreset eit såkalla edge-datasenter, sjå kapittel 2.1. I fleire av dei viktige distriktsnæringane, mellom anna havbruk og landbruk, blir bruken av teknologi stadig viktigare, og verksemdene blir stadig betre til å bruke dataa dei genererer.

Mange av datasentera i Noreg ligg i dag i distrikta, og fleire av dei er plasserte i mindre lokalområde. Både bygginga, etableringa og drifta av eit nytt datasenter vil kunne bidra til sysselsetting hos ei lang rekke lokale leverandørar og underleverandørar. Datasenteretableringar kan òg vere med på å trekke nøkkelkompetanse til lokale miljø, noko som igjen kan føre med seg utvikling av nye kompetanseklynger i distrikta.

Auka bruk av KI vil venteleg medføre ein kraftig vekst i etterspurnaden etter datasenterkapasitet og datasentertenester. Norsk Datasenterindustri (NDI) trekker i skriftleg innspel til Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet i januar 2025 fram at datasenter på norsk jord kan vere ei «strategisk moglegheit for Noreg», og «ei drivkraft for etablering og utvikling av ein global leverandørindustri». NDI trekker parallellar til petroleumsnæringa og viser til at vi no ser det vekse fram ein sterk leverandørindustri knytt til datasentera mellom anna på fagfelt som eldistribusjon, kjøleteknikk, reservestraum, fysisk trygging og autonome bygningssystem. Noreg har til dømes sterke næringar innanfor energi, marin og maritim sektor, bygg og anlegg. Ved å utnytte kompetanse på tvers av sektorar kan vi stimulere til innovasjon og etter kvart òg eksport av innovative løysingar, til dømes verksemder som designar og bygger datasenter eller forretningsmodellar og utstyr som optimaliserer samspelet mellom datasentera og straumnettet.

Retning framover

Når behova for datalagrings- og prosesseringskapasitet aukar og nye datasenteretableringar kjem til, aukar òg kraft-, areal- og naturbruken i datasenternæringa. Mogleggjerande teknologiar, til dømes KI, vil gjere datasenternæringa til ein viktig aktør i den digitale og grøne omstillinga, ettersom datasenter utgjer ein kritisk del av infrastrukturen desse teknologiane er avhengige av. Veksten, designkriteria og netto fotavtrykket frå datasenter vil i stor grad vere drivne av eller henge saman med utviklinga, veksten og bruken av slike mogleggjerande teknologiar.

Datasenternæringa er ei marknadsdriven og kommersielt utvikla næring. Rammevilkåra for næringa, til dømes skattar, avgifter og reguleringar, er avgjerande for målet om ei framtidsretta datasenternæring som veks i takt med datalagrings- og prosesseringsbehova og bidreg til privat og offentleg verdiskaping og gode lokale synergiar. Regjeringa vil at rammevilkåra for datasenternæringa skal underbygge ei marknadsdriven utvikling, der det òg kan vekse fram potensielle underliggande nærings- og verdikjeder knytte til datasenter. Korleis Noreg posisjonerer seg når det gjeld utviklinga av infrastrukturen for mogleggjerande digitale teknologiar, vil mellom anna ha betydning for korleis Noreg kan hevde seg i det globale KI-kappløpet. Ved å bruke krafta vår til datasenter i Noreg framfor å selje ho til utlandet legg vi grunnlaget for norsk verdiskaping og for etablering og utvikling av ein global leverandørindustri. Vi skal skape verdiar og konkurransekraft samtidig som vi tar omsyn til klima og natur. Offentleg sektor speler ei viktig rolle i denne samanhengen (sjå kapittel 5.2).

3.1 Digital infrastruktur og mogleggjerande teknologiar

Regjeringa vil legge til rette for den grøne og digitale omstillinga av næringslivet. Norske verksemder bør ta i bruk kunstig intelligens (KI) for å realisere potensialet som ligg i effektivisering, kvalitetsheving og moglegheit for nyskaping, og i offentleg sektor er det stort potensial til å bruke KI til å jobbe på nye måtar og utvikle betre og meir brukartilpassa tenester for innbyggarane. Regjeringa vil at alle offentlege verksemder skal ha tatt i bruk KI innan 2030, og arbeider med å få på plass ein nasjonal KI-infrastruktur fram mot 2030, jf. Nasjonal digitaliseringsstrategi 2024–2030 Fremtidens digitale Norge . Ein sentral del av KI-infrastrukturen vil vere ein nasjonal infrastruktur for reknekraft som regjeringa no greier ut etableringa av, jf. Meld. St. 14 (2024–2025) Sikker kunnskap i en usikker verden . Datasenter og tilgang til kapasitet for datalagring, dataprosessering og tilhøyrande datasentertenester er ein viktig del av målsettinga, og er naudsynt for å drifte reknekraft og skytenester for å utvikle norsk KI, medrekna å trene norske språkmodellar.

KI krev store mengder reknekraft for trening og bruk, inneber auka datatrafikk og elektronisk avfall og har eit høgare straumforbruk enn tradisjonell datasenterverksemd. Ressurs- og energieffektivitet er derfor viktig for klimavennleg KI, såkalla grøn KI. Fordi KI har eit stort potensial til å vere nyttig for samfunnet, har Noreg slutta seg til ein internasjonal koalisjon for berekraftig KI, Coalition for Sustainable AI, som er initiert av den franske regjeringa i samarbeid med FNs miljøprogram og Den internasjonale telekommunikasjonsunionen (ITU).

KI kan bidra til grøn omstilling ved å forbetre effektiviteten i industrien og gjere det mogleg å forbetre og optimalisere mellom anna produksjonsprosessar og energisystemet. KI og andre mogleggjerande teknologiar er sentrale i utviklinga under «Industri 4.0»-omgrepet, som handlar om integrering av digitale teknologiar og automatisering i industriproduksjonen med smarte fabrikkar og integrerte system. EU er opptatt av klima- og miljøomsyna i denne samanhengen, og omtaler optimaliseringa av produksjonsprosessar, gjenbruk og sirkularitet som «Industri 5.0». Den fjerde industrirevolusjonen er ikkje avslutta, og denne femte industrirevolusjonen tar den fjerde vidare ved å inkludere klima- og miljøomsyn.

Blokkjedeteknologien mogleggjer desentraliserte nettverk som mellom anna kan auke effektiviteten, tilliten og transparensen i verdikjeder og finansielle transaksjonar. Tinginternettet (Internet of Things, IoT) bidreg til å samle data og kople milliardar av einingar saman. På sikt vil stadig fleire datadrivne og autonome prosessar auke behovet for prosessering nær brukaren gjennom edge computing og meir distribuerte datasenter.

Kvantemaskiner – sjølv om dei er i ein tidleg utviklingsfase – representerer ein potensiell teknologisk revolusjon som vil krevje spesialiserte datasenter med unik infrastruktur. Noreg skal ha på plass ein strategi for kvanteteknologi i løpet av 2026. Slike mogleggjerande teknologiar legg grunnlaget for teknologiske gjennombrot med eit betydeleg potensial til å transformere samfunn, økonomi og arbeidsliv. Dei mogleggjer avanserte digitale tenester og innovative løysingar på tvers av sektorar. Det handlar om moderne industribygging og verdiskaping.

Boks 3.1 Lefdal Mine Data Center – ein festning for den første superdatamaskina og dei viktigaste forskingsdataa i Noreg

Sigma2 AS, det statleg heileigde selskapet som har ansvar for den nasjonale e-infrastrukturen for berekningsvitskap (tungrekning) og lagring av vitskaplege data i Noreg, har plassert datasenteret sitt i datasenteranlegget til Lefdal Mine Data Center, som ligg inni gamle Lefdal gruve utanfor Måløy.

Sigma2 er finansiert av Kunnskapsdepartementet gjennom Noregs forskningsråd, og mottek bidrag frå og samarbeider med NTNU og universiteta i Bergen, Oslo og Tromsø om å drive dei nasjonale tenestene som går under namnet NRIS (Norwegian research infrastructure services). I dag har Sigma2 brukarar som forskar på alt frå språk og språkmodellar til klima, hav og helse, og ikkje minst på realfaga fysikk, kjemi og biologi. Folkehelseinstituttet brukte tenestene til Sigma2 til å gjere berekningar på det epidemologiske reproduksjonstalet (R-talet) og vaksineeffekten under covid-19-pandemien.

Fjellhallen gir trygge og sikre omgivnader for drifta av den kritiske infrastrukturen som Sigma2 forvaltar. Selskapet gir norske forskarar og forskingsinstitusjonar tilgang til nokre av dei kraftigaste superdatamaskinene i verda, og den nasjonale superdatamaskina blir no installert i datasenteret til Sigma2 og vil bli tatt i bruk i løpet av 2025.

3.2 Datasenteretableringar og rolla til lokale myndigheiter

Regjeringa vil at datasenternæringa skal ha gode vilkår for vekst og verdiskaping, og at datasenteretableringar skal gjennomførast på ein måte som skaper gode synergieffektar i vertskommunane. Regjeringa vil at datasenteretableringar skal styrke lokalsamfunn. Det er viktig at planlegginga av datasenteretableringar balanserer omsynet til næringsutvikling med omsynet til kraftsystemet og påverknaden på nærmiljøet, anna lokal verksemd eller andre planlagde etableringar. Det skal framleis vere opp til kommunane sjølve å avgjere om det skal etablerast datasenter hos dei.

Distrikta er attraktive som lokasjonar for datasenteretableringar både på grunn av tilgangen til landareal og fordi Noreg har fleire store energiproduserande fylke med eit stabilt fornybart kraftsystem som har konkurransedyktige prisar internasjonalt. Både kommunar og fylkeskommunar er sentrale i samband med realiseringa av datasenteretableringar. Det er kommunane som får og behandlar søknad om datasenteretablering, og i rolla som planmyndigheit kan dei avgjere om og kvar datasenter kan byggast. Det er derfor viktig at kommunane har overordna god kunnskap om datasenter og datasenternæringa, slik at dei har gode føresetnader for å identifisere og vurdere dei ulike aspekta ved søknader om datasenteretableringar. I den samanhengen kan det vere nyttig at kommunane utvekslar erfaringar frå prosessar dei har hatt med datasenteretableringar.

Boks 3.2 Grunnelement for vurdering av søknader om datasenteretablering

Grafisk framstilling av grunnelement for vurdering av søknader om datasenteretablering

Nokre viktige punkt (ikkje uttømmande liste):

  • Kven er det som tar kontakt?
  • Kva krav bør ein stille til utbyggaren?
  • Har kommunen ressursar til å støtte gjennomføringa av den planlagde etableringa?
  • Er prosjektet godt nok kvalitetssikra?
  • Kva potensielle ringverknader kan prosjektet få i kommunen? (Finst det eksisterande industri eller anna næringsverksemd i kommunen som kan styrke eller dra nytte av denne etableringa? Korleis bidreg etableringa til arbeidsmarknaden lokalt?)

Kjelde: Rettleiar for kommunane: etablering av datasenter (Kommunal- og distriktsdepartementet, 2023)

Kommunal- og distriktsdepartementet publiserte i april 2023 ein rettleiar for kommunane i samband med etablering av datasenter. Rettleiaren gir informasjon om kva forholdsreglar dei bør ta, og kva handlingsrom dei har når dei får førespurnader frå interessentar om å etablere datasenter eller dersom dei sjølve ønsker å etablere eit datasenter. I tillegg beskriv rettleiaren typiske kjenneteikn ved kryptodatasenter. Rettleiaren seier at aktuelle areal for datasenteretableringar skal vere sette av til næringsbygningar i kommuneplanen og regulerte til arealformålet «anna næring» i reguleringsplan. Kommunal- og distriktsdepartementet har i tillegg vedtatt at datasenter blir eit eige underformål under hovudformålet utbygging og anlegg på reguleringsplannivå i ny kart- og planforskrift, som trer i kraft 1. juli i år. Formålet er å gi kommunane moglegheit til å regulere eigne areal til datasenter om dei ønsker det.

Det er fleire viktige spørsmål og prioriteringar kommunen må vurdere dersom han ønsker å legge til rette for datasenteretablering, mellom anna når det gjeld tilgang til kraft og infrastruktur, og om den ønskte arealbruken kan komme i konflikt med viktige jordvern-, miljø- og samfunnsomsyn. Etablering av kraftkrevjande næringar bør vurderast i eit regionalt perspektiv. Regionale planar er eit godt verktøy for å sjå næringsareal i samanheng med mellom anna energibehovet, kraftproduksjonen og kapasiteten i kraftnettet og annan infrastruktur. Dersom fylkeskommunen utarbeider ein regional plan, skal denne leggast til grunn for den kommunale planlegginga. Kommunen bør òg vurdere om det finst eksisterande industri eller næringsverksemd som kan dra nytte av datasenteretableringa, om etableringa er i samsvar med gjeldande kommunale planar, og korleis etableringa bidreg til arbeidsmarknaden lokalt.

Boks 3.3 Vegen fram til ein søknad om å etablere eit datasenter – kva vektlegg typisk ein datasenteroperatør?

Grafisk framstilling

(Enkeltaktørar kan ha ulike prioriteringar.)

3.3 Utviklingsmoglegheiter, sysselsetting og potensielle ringverknader lokalt og nasjonalt

Noreg treng nye lønnsame verksemder og næringar som skaper nye arbeidsplassar og auka verdiskaping, og regjeringa har eit mål om at norsk eksport utanom olje og gass skal auke med 50 prosent innan 2030. Samtidig er det viktig å vareta moglegheitene digitaliseringa gir for å vidareutvikle eksisterande næringar og arbeidsplassar. Datalagrings- og prosesseringskapasitet er kritisk infrastruktur både nasjonalt og lokalt, og datasenteretableringar i distrikta kan gi regionale moglegheiter med positive verdiskapingseffektar. Datasenternæringa med tilknytte verdikjeder kan òg støtte opp under norsk eksport. Verkemiddelapparatet, mellom anna Innovasjon Noreg, vil spele ei viktig rolle for å realisere målet om eksportauke.

Fleire kommunar har opplevd at ei datasenteretablering ikkje har gitt dei ringverknadene og konsekvensane for lokalsamfunnet som dei hadde venta. Dette gjeld særleg etableringar som har vist seg å innebere kryptoutvinning. I fleire slike tilfelle har etableringa ført til frustrasjon og misnøye og krevjande lokale debattar, fordi datasenteret forbruker store ressursar, men gir få ringverknader og lite verdiskaping lokalt, eller ingenting i det heile. Dette er ikkje ønskeleg, og regjeringa vil at datasenteretableringar som forbruker viktige ressursar, skal styrke lokalsamfunnet og bidra til berekraftig verdiskaping lokalt og nasjonalt.

Sysselsettinga knytt til datasenternæringa heng saman med tilgangen på kompetent arbeidskraft. Regjeringa ønsker ei norsk datasenternæring som er ei kompetansenæring med moglegheiter for alle utdanningsnivåa, og ei næring som bidreg til eit seriøst arbeidsliv.

Boks 3.4 Verdikjeder som skaper vekst, sysselsetting og moglegheiter i heile landet

Ein analyse av ringverknader av gjennomførte og potensielle datasenteretableringar i Noreg utarbeidd av Implement consulting på oppdrag frå Kommunal- og distriktsdepartementet i 2020, viser at datasenter bidreg til sysselsetting og arbeidsplassar både direkte og indirekte. 1 Datasenteretableringar kan variere i storleik, men i nokre tilfelle kan bygginga av eit datasenter skape fleire hundre arbeidsplassar. Arbeidsplassane blir ofte fordelte på ulike lokale underleverandørar. Etter at eit datasenter har komme i drift, bidreg det til sysselsetting ved å skape arbeidsplassar både i sjølve datasenteret og i tilknyting til det, og igjennom det private forbruket blant dei direkte og indirekte sysselsette. Eventuelt forbruk frå forretningsverksemd knytt til datasenteret bidreg òg.

Parallelt bidreg datasenteret indirekte til sysselsetting og arbeidsplassar i heile landet. Skytenester, sensorteknologi og tinginternettet (IoT), stordataanalyse, kunstig intelligens og reknekraft/tungrekning (High Performance Computing, HPC) er nokre av dei viktigaste teknologiske drivarane i dataøkonomien. Alle desse teknologiane er avhengige av eit datasenter. Wik Consult har kartlagt den norske dataøkonomien på oppdrag frå Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom). 2 Kartlegginga anslår at dataøkonomien vil utgjere 5,4 prosent av BNP i Noreg i 2025. I tillegg støttar drifta av datasenter opp under skatteinntekter til fellesskapet.

Norsk Datasenterindustri (NDI), som representerer til saman 80 ulike aktørar i datasenternæringa i Noreg, har gitt Samfunnsøkonomisk Analyse i oppdrag å berekne utviklinga i årsverk og verdiskaping direkte og indirekte knytt til datasenterindustrien fram mot 2034. I 2024 blei berekningane presenterte i ein rapport. 3 Ifølge rapporten har datasenteroperatørar i Noreg ein del datasenter i drift, men dei fleste operatørane er i ein etablerings- og utviklingsfase, mellom anna fordi mange datasenter blir etablerte og utvida i fleire omgangar. Ein stor del av dagens aktivitet er dermed truleg knytt til bygging og annan installasjon av fysisk kapital. På lengre sikt vil næringa i større grad gå over i ein driftsfase.

Rapporten viser òg at medlemmene i NDI sysselsette 730 årsverk inkludert innleigde årsverk i september 2024, og at totalt 3686 årsverk hos underleverandørar har vore engasjerte i prosjekt. Det vil seie at rundt 4400 årsverk var knytte til aktiviteten hos medlemmene til NDI i 2024. Det er nesten dobbelt så mange som dei 2300 årsverka medlemmene rapporterte om i 2023. Veksten heng saman med dei store investeringane datasenteroperatørane gjer ved utvidingar av eksisterande datasenter og bygging av nye.

Basert på at dei fleste datasenteroperatørar er registrerte i næringsgruppe 63.110 Databehandling, datalagring og tilknytte tenester, og ut frå ei samanlikning med den samla verdiskapinga i Fastlands-Noreg, estimerer rapporten at datasenternæringa stod for 0,14 prosent av den samla verdiskapinga i Noreg i 2024. I rapporten blir det anslått at norske datasenter kan bidra med ei verdiskaping på 28 milliardar kroner og med sysselsetting tilsvarande 25 000 årsverk i 2031. Dei største effektane vil komme frå etableringa av datasenter. Talet på årsverk fell etter 2031, når datasentera går over i ein driftsfase og investeringane er venta å falle. Framskrivingane er usikre. Ringverknadsanalysen Kommunal- og distriktsdepartementet fekk utført i 2020 anslår at næringa potensielt vil kunne støtte opp under eit bidrag til Noregs BNP på 30,9 milliardar kroner og ha til saman i underkant av 25 000 tilsette i 2030 – ut frå eit scenario med 25 prosent årleg vekst i datasenternæringa.

Datasenteretableringar kan òg bidra til utviklinga av viktige lokale økosystem for digital utvikling og verdiskaping. Dette kan skje gjennom at datasentera trekker til seg ettertrakta spisskompetanse og inngår samarbeid med andre verksemder og anna næringsverksemd i nærområdet, men òg gjennom at dei bidreg til utbygging av annan nøkkelinfrastruktur, til dømes fiberkablar eller veginfrastruktur.

Boks 3.5 Verdsleiande teknologi i Vennesla

I Vennesla er Bulk i gang med å oppgradere datasenterparken sin, NO1 Campus. Ti år etter at Bulk, som har norske majoritetseigarar, opna datasenter på Støleheia, utvidar selskapet med eit nytt datasenterbygg spesialdesigna for KI. Det nye bygget kjem i tillegg til to eksisterande datasenterbygg. I tillegg til dataprosessering for norske og internasjonale verksemder har Bulk posisjonert seg på infrastruktur for dataprosessering som eit ledd i industrialiseringa av KI-bransjen.

Bulk samarbeider med det amerikanske multinasjonale selskapet Nvidia, som designar databrikker for KI-serverar, og er tatt opp i det globale nettverket deira av datasenter som blir vurdert å ha optimale forhold for utrulling av KI på Nvidias DGX-plattform. Bulk har òg eit partnarskap med det globale teknologiselskapet CoreWeave, som installerer verdsleiande teknologi på Støleheia i det som blir ei av dei største KI-klyngene i Europa.

Vennesla identifiserer seg som «den grøne urbane bygda». Det er rik tilgang på vasskraft i Vennesla, og kommunen er opptatt av korleis internasjonale teknologiske nyutviklingar kan skape moglegheiter for utvikling og arbeid lokalt ved at dei sameiner krafta utanfrå med krafta innanfrå. Statnetts transformatorstasjon på Stølen er ein av dei største i Europa og har heile tolv ulike føringsvegar inn, noko som gir ein svært sikker straumtilførsel.

Bulk har sidan 2014 investert rundt 5 milliardar kroner i datasenterparken på Sørlandet, og bygginga av det nye KI-datasenteret inneber investeringar for ytterlegare milliardbeløp. Per i dag jobbar over 50 tilsette fast hos Bulk på Støleheia, og fleire hundre er eller har vore innleigde i periodar med bygging og utviding av datasenterparken. I 2024 arbeidde på det meste 550 personar på NO1 Campus. I tillegg kjem lokale og regionale underleverandørar som jobbar med prosjekta utanfor området der datasenterparken ligg. Totalt blei det utført 370 000 prosjekttimar på N01 Campus i 2024.

Agder har ei av dei fremste IT-klyngene i Noreg, Digin, der Bulk og rundt 130 andre medlemsverksemder samarbeider for å fremme innovasjon og kunnskapsutvikling innanfor IT, digitalisering og teknologi. I samarbeid med Facebook, Google og Amazon har Bulk òg bygd ein sjøfiberkabel frå New Jersey i USA til Støleheia i Vennesla, med forgreiningar til Danmark og Irland.

For å kunne bruke energien to gonger blir det jobba aktivt med lokale og regionale partnarar frå energisektoren om gjenbruk av overskotsvarme frå datasentera. Dette inkluderer utgreiing av nærvarmeanlegg som kan levere varme til anna næring som kan etablere seg rundt N01. Bulk er òg i gang med å kartlegge kva rolle datasentera speler i kraftsystemet, og identifisere moglegheitsrommet der datasenter kan bidra til å avlaste nettet i framtida.

Boks 3.6 Datasenter gav nytt liv til gamalt NATO-ammunisjonslager og bidreg til omstilling i tradisjonsrik industriby

På Rennesøy i Boknafjorden driv Green Mountain datasenteret SVG-Rennesøy inni det som ein gong var eit ammunisjonslageranlegg for NATO. Anlegget, som blei kjøpt opp av gamle Rennesøy kommune (i dag Stavanger kommune), har ein atomsikker konstruksjon, nærleik til fjorden og moglegheit for kjøling med sjøvatn. Dette gjer det godt eigna for datasenter.

Sidan etableringa i 2011 har datasenteret støtta opp under totalt

  • 2,3 mrd. kroner i norsk verdiskaping – 873 mill. kroner i utbyggingsfasen og 1,4 mrd. kroner i driftsfasen. 1,2 mrd. kroner av verdiskapinga i driftsfasen utgjer lokal verdiskaping.
  • om lag 1600 årsverk i Noreg – 980 årsverk i utbyggingsfasen, der ca. halvparten er lokale arbeidstakarar, og 630 årsverk i driftsfasen, der andelen lokale er ca. 80 prosent.

Green Mountain har investert 1,3 mrd. kroner i etableringa og utvidingar av datasenteret sidan starten i 2014.

80 personar hadde SVG-Rennesøy som sin faste arbeidsplass i 2024 :

  • fast tilsette hos Green Mountain: 40 personar
  • fast innleigd arbeidskraft: 22 personar
  • tilsette og fast innleigde hos kundar: høvesvis 11 og 7 personar
  • i tillegg kjem 37 årsverk ved administrasjonskontoret i Stavanger.
  • 117 mill. kroner i lokal verdiskaping og 119 årsverk i dei lokale kommunane frå det lokale forbruket til dei tilsette.

SVG-Rennesøy og den økonomiske aktiviteten som er knytt til datasenteret, har støtta opp under skatteinntekter på rundt 210 mill. kroner i driftsfasen sidan 2013:

  • ca. 177 mill. kroner til staten
  • om lag 27 mill. kroner til Stavanger kommune
  • 5,5 mill. kroner til Rogaland fylkeskommune

Green Mountain har òg eit datasenter på Rjukan, TEL-Rjukan. I ein omstillingsperiode for regionen, etter at Hydro skalerte ned produksjonen sin på Rjukan i starten av 1990-åra, har bygginga og utvidingar av datasenteret generert investeringar på i overkant av 1 milliard kroner.

Sidan etableringa i 2014 har datasenteret støtta opp under

  • om lag 860 mill. kroner i norsk verdiskaping – ca. 524 mill. kroner i utbyggingsfasen og 337 mill. kroner i driftsfasen
  • om lag 715 årsverk i  Noreg – 425 årsverk i utbyggingsfasen, der ca. 25 prosent er lokaliserte i Tinn kommune, og 290 årsverk i driftsfasen, der andelen lokale er 90 prosent

Green Mountain har investert i overkant av 1 mrd. kroner i etableringa og utvidingar av datasenteret i perioden 2011–2024.

77 personar hadde TEL-Rjukan som sin faste arbeidsplass i 2024 :

  • fast tilsette hos Green Mountain: 35 personar
  • fast innleigde: 25 personar
  • tilsette og fast innleigde hos kundar: høvesvis 6 og 11 personar
  • 25 mill. kroner i lokal verdiskaping og 28 lokale årsverk frå det lokale forbruket til dei tilsette

TEL-Rjukan og den økonomiske aktiviteten knytt til datasenteret har støtta opp under skatteinntekter på totalt 80 mill. kroner i driftsfasen sidan 2014:

  • rundt 63 mill. kroner til staten
  • om lag 14 mill. kroner direkte til Tinn kommune
  • 3 mill. kroner til Telemark fylkeskommune

Kjelde: Ringvirkninger av Green Mountain sitt datasenter på Rennesøy (Menon-publikasjon nr. 145/2024) og Ringvirkninger av Green Mountain sitt datasenter på Rjukan (Menon-publikasjon nr. 102/2024)

Regjeringa vil

  • styrke Noregs posisjon som attraktiv datasenternasjon for å tiltrekke datasenteretableringar som varetar nasjonale behov
  • at datasenteretableringar i Noreg bidreg til lokal verdiskaping
  • sikre føreseielege rammevilkår som gir gode vekstforhold for datasenter i Noreg
  • legge til rette for investeringar i datasenter som styrker norsk digital infrastruktur og støttar opp under innovasjon og vekst i heile landet
  • bidra til eit robust og berekraftig økosystem knytt til datasenternæringa som generer nye og attraktive arbeidsplassar i ulike delar av landet
  • at utviklinga i datasenternæringa skal vere marknadsdriven og mogleggjere framvekst av potensielle nye underliggande nærings- og verdikjeder
  • at datasenternæringa bidreg til auka framvekst av ein marknadsdriven leverandørindustri knytt til datasenter i Noreg
  • at datasenternæringa i Noreg med tilknytte verdikjeder støttar opp under regjeringa sitt mål om 50 prosent auka eksport
  • at veksten i datasenternæringa skal bidra til at sysselsettinga i Noreg aukar
  • at norsk datasenternæring skal vere attraktive partnarar for utvikling og bruk av KI
  • støtte kommunane i rolla som planmyndigheit for datasenteretableringar og etablere ein arena der dei kan få rettleiing og utveksle erfaringar i samband med datasenteretableringar
  • gå saman med KS om å sette i verk tiltak for å auke kunnskapen om datasenter og datasenternæringa blant norske kommunar, basert på kommunerettleiaren for datasenteretableringar
  • at datasenterutbygging skal bidra til eit seriøst arbeidsliv og skje i samsvar med relevante bransjestandardar, til dømes seriøsitetsreglane for bygg- og anleggskontraktar
  • Kartlegge kompetansebehovet i datasenternæringa saman med næringa og legge til rette for tilstrekkelege og tilpassa utdanningsløp
  • at datasenternæringa er ei kompetansenæring som legg til rette for bruk av fagarbeidarar og lærlingar
  • bruke informasjon frå registreringsplikta for datasenteroperatørar i arbeidet med framtidsretta rammevilkår som bidreg til å utvikle datasenternæringa i Noreg

Fotnotar

1  Implement Consulting Group (2020) Datasentre i Norge: Ringvirkningsanalyse av gjennomførte og potensielle etableringer.
2  WIK-Consult (2024) Market Study of the Norwegian Data Economy (2403800).
3  Samfunnsøkonomisk Analyse (2024) Verdiskaping i norsk datasenterindustri, rapport nr. 33-2024.
Til forsida