4 Ei næring som bidreg til eit sikrare og meir førebudd Noreg
Datasenter i Noreg bidreg til at kritiske digitale tenester kan produserast nasjonalt, og gir eit sikrare og meir førebudd digitalt Noreg . Regjeringa har sett følgande mål:
Datasenter og datasentertenester skal bidra til Noregs tryggleik og beredskap i fred, krise og krig.
4.1 Datasenter – hjartet i den digitale infrastrukturen vår
Status
Datasenter representerer hjartet i den digitale infrastrukturen i Noreg og er ein integrert del av den kritiske digitale infrastrukturen vår. Denne infrastrukturen dannar grunnlaget for den stadig aukande bruken av kritiske internettenester og skybaserte tenester innanfor dei fleste sektorane i samfunnet, som offentlege tenester, helsetenester og bank- og finanstenester. Datasenter blir òg nemnde i totalberedskapsmeldinga som ei av dei sentrale tenestene som er avgjerande for handteringa av krisesituasjonar. Det er i datasentera at data blir lagra og digitale tenester blir produserte.
Dei fleste datasentera er utforma med redundans og naudstraumsystem for å sikre høg oppetid og pålitelegheit. Datasentera lagrar og prosesserer store mengder data som er essensielle for industri, næringsliv, myndigheiter og enkeltpersonar. Datasenter er òg stader der vi behandlar og lagrar nokre av dei mest sensitive og strategiske dataa vi har, noko som gjer både eigarskap og lokasjon sentralt for tryggingssinteressene. Eitt einskilt avbrot i drifta av eit datasenter kan ha store konsekvensar – frå store finansielle tap til truslar mot offentlege tenester og nasjonal tryggleik.
Infrastrukturen i datasenter kan òg misbrukast til kriminalitet og aktivitetar som truar den nasjonale tryggleiken. Norsk politi har erfart at datakriminelle og andre trusselaktørar som har evne og vilje til å gjennomføre kriminalitet mot verksemder, infrastruktur og tenester, kan knytast til datasenter i Noreg, og at datasenter i Noreg blir nytta til straffbare handlingar både her til lands og mot andre land.
Retning framover
For Noreg, som eit av dei mest digitaliserte landa i verda, er det svært viktig å vareta forsvarleg tryggleik og beredskap for heile den digitale infrastrukturen. I Meld. St. 9 (2022–2023) Nasjonal kontroll og digital motstandskraft for å ivareta nasjonal sikkerhet uttrykker regjeringa behov for å styrke lovgivinga innanfor mellom anna digital tryggleik og datasenter. Etter kvart som stadig meir sensitive data blir lagra i datasenter, blir trusselsituasjonen òg meir krevjande. Stadig fleire statlege og ikkje-statlege aktørar bruker store ressursar for å forsøke å svekke funksjonen til datasenter eller utnytte data som blir behandla der. Datasentera treng derfor å førebu seg.
Ny ekomlov stiller viktige krav til forsvarleg tryggleik og beredskap i datasenter for å sikre den digitale grunnmuren i Noreg i fred, krise og krig. Kravet til forsvarleg tryggleik utviklar seg i takt med teknologiutviklinga og kva som er teknisk mogleg å gjennomføre. Det blir òg påverka av kva tenester datasentera leverer. Datasenternæringa i Noreg er forholdsvis ny, men alt i dag blir mange kritiske tenester leverte frå datasenter. Avhengnaden til datasentera, kan utgjera ei stor samfunnsmessig sårbarheit kor bortfall eller degradering av tenester kan skape store utfordringar. Målet til regjeringa er å sørge for at datasenter og datasentertenester kan handtere situasjonar utover det normale, og styrke den digitale beredskapen mellom anna slik at den digitale infrastrukturen kan gjenopprettast om noko fell ut.
Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet meiner at dei norske datasentera har betyding for nasjonale tryggingsinteresser, og har definert ein førebels grunnleggande nasjonal funksjon når det gjeld evna til å vareta datalagring og prosesseringskapasitet i Noreg. Nokre datasenter er alt underlagde sikkerheitslova, og fleire vil bli vurderte i tida framover.
4.1.1 Dei mest samfunnskritiske funksjonane blir leverte frå datasenter i Noreg eller hos allierte
I den nasjonale digitaliseringsstrategien og i Meld. St. 9 (2022–2023) løfta regjeringa fram kor viktig det er at kritiske datasentertenester kan leverast frå Noreg eller allierte land. Vidare, i 2024, sette regjeringa ned eit ekspertutval som skulle sjå nærmare på ekomtryggleik. Ekomtryggleiksutvalet utarbeidde ein rapport der dei anbefalte tiltak for å styrke kontrollen over kritisk digital kommunikasjonsinfrastruktur, inkludert datasenterkapasitet. For å sikre at Noreg kan beskytte kritiske tenester og informasjon, er det ikkje berre behov for tilstrekkeleg datasenterkapasitet, men òg for at datasentera desse tenestene blir leverte frå, er sikre. På same tid har dagens tryggingspolitiske situasjon vist kor viktig det er å ha ein sterk digital infrastruktur, å ha geo-redundans og å raskt kunne emigrere datasentertenester ut av landet. Tilsvarande kan allierte land ha eit ønske om at deira kritiske datatenester kan leverast frå Noreg. Eigarskapstrukturar og oversikt over verksemder som forvaltar digital kommunikasjonsinfrastruktur, har òg betydning for nasjonal kontroll, og Ekomtryggleiksutvalet påpeiker at digital kommunikasjonsinfrastruktur består av komplekse verdikjeder som er i dynamisk utvikling.
4.1.2 Totalforsvaret og kritiske behov
For å sikre at staten kan vareta styringsevne og handlefridom over heile krisespennet, er det viktig å ha tilgang til både eigne og kommersielt drivne datasenter med tilpassa tryggingsnivå.
Totalforsvaret må kunne ha tilgang til datasenterkapasitet under nasjonal teknisk og juridisk kontroll i fred, krise og krig, med autorisert personell og statleg styringsmoglegheit. Det er derfor viktig med datasenter på norsk jord.
4.1.3 Førebygge at datasenter i Noreg blir misbrukte til kriminelle formål
Regjeringa er opptatt av å førebygge at datasenter i Noreg blir misbrukte til kriminelle formål. Eit anna fenomen vi har sett i Noreg, er at statlege aktørar leiger serverar i datasenter under dekke av å vere legitime verksemder. Serverane dei leiger, kan dei bruke til å kompromittere mål både her til lands og i resten av verda. Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet vil derfor sikre myndigheitene si moglegheit til å kunne førebygge, avverje, stanse og etterforske kriminalitet og handtere bortfall av datasentertenester som er av betydning for samfunnet. Mellom anna bør datasenteroperatørane ha tilgjengeleg oppdatert informasjon om eigne kundar sine namn og kontaktopplysningar, og på nærmare vilkår utlevere slik informasjon til Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom), Nasjonalt tryggingsorgan (NSM), Politiets tryggingsteneste (PST), politi og påtalemakt. Formålet er å legge til rette for at myndigheitene kan vareta oppgåvene sine knytt til kriminalitetsnedkjemping. Det vil òg bidra til å gjere misbruk av datasenter i Noreg mindre aktuelt for kriminelle aktørar. Samtidig er det viktig å vareta ønskeleg etablering og utvikling av datasenter i Noreg og sørge for hensiktsmessige rammevilkår for datasenternæringa.
4.1.4 Spesifisere krav til fysisk og logisk sikring av datasenter og dokumentere eit forsvarleg tryggingsnivå
Datasenter ber stadig fleire kritiske samfunnsfunksjonar og -verdiar. Kunnskap om relevante tryggingsvurderingar er derfor viktig når verksemder skal anskaffe datasentertenester. Temarapporten Anskaffelser av datasentertjenester , utarbeidd av Nkom og NSM i november 2024, er ein nyttig rettleiar for verksemder som treng tenester frå datasenter. Rapporten gir mellom anna råd om fysisk sikring og kva krav som bør stillast til personell med tilgang.
Regjeringa ønsker at offentlege og private verksemder blir meir bevisste på å stille gode krav til tryggleik når dei kjøper datasentertenester, mellom anna krav til fysisk sikring, personell og underleverandørar. Dette er særleg viktig på grunn av risikoen for verdikjedeangrep, noko som både NSM og PST har omtalt i dei årlege risiko- og trusselvurderingane sine.
4.1.5 Kartleggingar av samfunnskritiske funksjonar sin bruk av datasenter
I den nasjonale digitaliseringsstrategien er det eit uttalt mål å styrke digital tryggleik og beredskap. NSM tilrår i ein rapport om norske datasenter og digital autonomi å kartlegge kvar kritiske samfunnsfunksjonar blir produserte. 4
Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet har gjennomført kartlegging av kritiske samfunnsfunksjonar sin bruk av datasenter, og vil fortsette å gjere slike kartleggingar. Målet er å avdekkja om sektorar og redundansen deira er konsentrert til få datasenter, og om dette inneber ein konsentrasjonsrisiko ved at fleire kritiske samfunnsfunksjonar er avhengige av berre nokre få datasenter.
4.1.6 Prioritert tilknyting til straumnettet av omsyn til nasjonale tryggleiksinteresser
Etter energilova har alle som ynskjer det, rett til å bli tilknytt nettet, jf. kapittel 5.1. Tilknyting kan først skje når naudsynte nettinvesteringar er på plass og mange stader er det fleire aktørar som står i kø for å få tilknyting. Dagens energilov opnar ikkje for at nasjonale tryggleiksinteresser kan prioriterast særskilt i vurderingar av kven som skal prioriterast i køen for å få tilknyting til straumnettet. Dagens tryggingspolitiske situasjon fordrar at vi framover har eit heimelsgrunnlag med klare og føreseielege rammer for prioritert tilknyting til nettet når det er naudsynt av omsyn til nasjonale tryggleiksinteresser, som til dømes forsvarsindustri og kritiske samfunnsfunksjonar.
Regjeringa vil
- at kritiske digitale tenester kan produserast nasjonalt, slik at vi får eit sikrare og meir førebudd digitalt Noreg
- at kritiske samfunnsfunksjonar bruker datasenter i Noreg eller hos allierte
- sikre med den nye ekomlova at datasenteroperatørar held oppe ein forsvarleg tryggleik og beredskap, og at viktige samfunnsaktørar blir prioritert ved behov
- at dei funksjonane som samfunnet er mest avhengig av, blir leverte frå datasenter i Noreg eller hos allierte og partnarar, og greie ut behovet for fleire datasenter i Noreg med norsk majoritetseigarskap
- sikre hensiktsmessige rammevilkår for datasenternæringa for å vareta både nasjonale tryggleiksinteresser og kriminalitetsnedkjempingsinteresser, og ønskeleg etablering og utvikling av datasenter i Noreg
- at offentlege myndigheiter og organ ved innkjøp av datasentertenester skal spesifisere krav til fysisk og logisk sikring av datasenter og stille krav om at datasenteroperatørar dokumenterer eit forsvarleg tryggingsnivå etter anerkjende tryggleiksstandardar
- fortsette å gjennomføre kartleggingar samfunnskritiske funksjonar sin bruk av datasenter
- fastsette ein grunnleggande nasjonal funksjon (GNF) for datasenter som er tilpassa den tryggingspolitiske situasjonen, og vurdere fortløpande kva for datasenter som støttar opp under GNF-ar og nasjonale tryggingsinteresser, med tilhøyrande underlegging av sikkerheitsloven.
- etablere relevante forum for datasenteroperatørar som er omfatta av sikkerheitsloven
- delta aktivt i europeisk samarbeid for å bidra til hensiktsmessige, og primært felleseuropeiske, løysingar for å vareta digital tryggleik, kamp mot kriminalitet og nasjonale tryggleiksinteresser knytte til datasenterverksemd
- etablere ein ny heimel i energilova for å kunne prioritere tilknyting av ein bestemd uttakskunde når det er naudsynt av omsyn til nasjonale tryggleiksinteresser
4.2 Etablering av datasenter og internasjonale føringsvegar i heile landet
Status
Myndigheitene har lenge lagt stor vekt på å styrke tryggleik, robustheit og diversitet i vår nasjonale og internasjonale fiberinfrastruktur. Det er eit hovudmål for regjeringa i den nasjonale digitaliseringsstrategien å sørge for høghastigheits breiband til alle innan 2030 og sikre at vi har robuste elektroniske kommunikasjonsnett i heile landet. Ein viktig del av dette handlar om at Noreg skal ha høgkapasitets samband mot fleire land frå alle landsdelar.
Tilrådingane frå Lysne-utvalet i 2015 har blitt følgde opp mellom anna av Nkom gjennom nasjonale målbilete for robust og sikker fiberinfrastruktur fram mot 2030. 5 Målbileta er ei operasjonalisering av overordna strategiar i Meld. St. 28 (2020–2021) Vår felles digitale grunnmur . Eit av målbileta er «robuste transmisjonsnett i heile landet». Det inneber å arbeide for at fibernett er tilgjengeleg i heile landet, at kvar enkelt fiberaktør har god redundans, og at ulike nett er fysisk og logisk uavhengige av kvarandre. Eit anna målbilete er at «Noreg har eit godt tilbod av høgkapasitets fibersamband mot fleire land frå alle landsdelar». Dette inneber òg god spreiing av internett- og datatrafikk mellom Noreg og utlandet over desse sambanda, for å redusere konsentrasjonsrisiko.
Norsk breibandspolitikk er marknadsbasert, og fiberutbygging skjer i all hovudsak på kommersielt grunnlag. Derfor er òg tilrettelegging for marknadsbasert utvikling eit viktig verkemiddel for å oppnå målbileta om robust og sikker fiberinfrastruktur. Dei siste åra har den norske datasenterindustrien vore ein viktig pådrivar for ei marknadsbasert utvikling i retning av å møte dei nemnde målbileta, særleg med tanke på sjøfiberkablar.
Retning framover
4.2.1 Norske datasenter bidreg til å styrke den nasjonale og internasjonale fiberinfrastrukturen
Sidan 2020 har det komme på plass nye høgkapasitets internasjonale sjøfibersamband frå Noreg mot både USA (Bulk), Storbritannia (Bulk og Tampnet), Danmark (Altibox) og Sverige (Tampnet). I tillegg er det etablert nye høgkapasitets fibersamband langs heilt nye trasear nasjonalt – mellom anna ny kystfiber mellom Bergen og Trondheim (N0r5ke Fibre) og mellom Stavanger og Oslo over fjellet (Altibox). Fleire nye nasjonale og internasjonale prosjekt er òg under planlegging.
Større fiberinfrastrukturprosjekt dei siste åra utløyste av behov og etterspørsel frå datasenter- og skytenesteindustrien
Sjøfibersamband i drift:
- Altibox – Skagenfiber, Larvik–Hirtshals (Danmark)
- Altibox – NO–UK, Stavanger–Newcastle (England)
- Altibox – landfiber, Stavanger–Oslo
- Bulk – Havfrue, Kristiansand–New Jersey (USA)
- Bulk – Havsil, Kristiansand–Hanstholm (Danmark)
- Bulk – Inter-City Ring, Oslo–Kristiansand–Stavanger–Bergen
- N0r5ke – N0r5ke Viking I, Bergen–Trondheim
- Tampnet – Egersund–Ula–Aberdeen (Skottland)
- Tampnet – Norfest, Stavanger–Oslo–Sverige
Sjøfibersamband under planlegging:
- N0r5ke – N0r5ke Viking II, Bergen–Oslo–Trondheim
- Far North Fiber – Noreg/Irland–Japan via Nordvestpassasjen
- Polar Connect – Noreg–Asia via Polhavet
- Bulk – Leif Erikson, Kristiansand–Canada
Styrkinga av den nasjonale fiberinfrastrukturen kjem ikkje berre datasenteraktørane og kundane deira til gode. Ho bidreg òg til at nasjonale og regionale tilbydarar av elektroniske kommunikasjonsnett kan kjøpe tilgang for å utvide og forsterke redundansen i sine eigne nett.
I tillegg til den marknadsbaserte utviklinga bidreg regjeringa med myndigheitsfinansierte tiltak for å gjere fiberinfrastrukturen mindre sårbar i utsette område. Myndigheitene har bidrege med fleire hundre millionar kroner til tiltak for å forsterke fiberinfrastruktur mellom Svalbard og fastlandet og i Finnmark, Troms, Nordland og Trøndelag. Tiltaka er sette i verk etter grundige regionale risiko- og sårbarheitsvurderingar. Stortinget har i tillegg vedtatt å bygge nytt fibersamband til Svalbard. I tråd med den nasjonale digitaliseringsstrategien vil regjeringa gjennomføre risiko- og sårbarheitsanalysar i alle regionane i landet.
4.2.2 Norske datasenter bidreg til å styrke nasjonal digital autonomi
Sidan 1. januar 2025 har regjeringa kunna pålegge datasentera å ha nasjonal autonomi, med heimel i datasenterforskrifta.
Nasjonal autonomi i forskrift om datasenter
§ 2-9. Adgang til å pålegge datasentrene å ha nasjonal autonomi
Nasjonal kommunikasjonsmyndighet kan i en krise- og beredskapssituasjon pålegge datasenteroperatørene å drifte og vedlikeholde tjenestetilbudet med personell og tekniske løsninger i Norge
I kraft 1. januar 2025
Produksjon av elektroniske kommunikasjonstenester og annan kritisk digital tenesteproduksjon skjer i aukande grad på skybaserte plattformer i datasenter. Virtualiserings- og skyteknologien legg mellom anna til rette for at prosesseringa av tenester kan flyttast saumlaust mellom ulike fysiske datasenterlokasjonar etter behov. Dette kan realiserast på alt frå globale skyplattformer som Microsoft Azure, Amazon Web Services og Google Cloud til reint nasjonale skyplattformer.
På den eine sida går utviklinga i retning av meir komplekse internasjonale verdi- og leverandørkjeder. På den andre sida er skyteknologien skalerbar og geografisk fleksibel. Norske datasenter og ein sterk digital infrastruktur legg dermed til rette for at kritiske digitale tenester kan produserast i Noreg framfor i datasenter i utlandet. Dette vil styrke den nasjonale kontrollen og autonomien.
Boks 4.1 Telenor, Hafslund og Hitec Vision investerer milliardar i nye datasenter i Oslo med vekt på nasjonalt eigarskap, tryggleik og berekraft
Skygard har fokus på å etablere trygge datasenter med eit høgt tryggingsnivå, der verksemds- og samfunnskritiske tryggleiksdata kan lagrast og tilfredsstille både sektorvise og nasjonale krav til datalagring og -prosessering. Skygard er designa for KI og for å kunne fasilitere for nasjonale skyløysingar som er eigde og opererte på norsk jord.
Skygard planlegg å etablere tre datasenter i Oslo-området. Det første ligg på Hovin, der kundane begynner å flytte inn allereie i 2025. Etableringa skaper arbeidsplassar i samband med både bygginga, drifta og vedlikehaldet av sentera.
4.2.3 Norske datasenter bidreg til å styrke regional digital autonomi
Regional digital autonomi inneber at enkelte digitale tenester skal kunne fungere i ein region, til dømes Nord-Noreg, dersom det skjer kommunikasjonsbrot eller andre hendingar som isolerer regionen frå resten av landet.
Norske regionale datasenter bidreg til å styrke den regionale autonomien. Eit generelt utviklingstrekk er at digitalt innhald og digitale tenester blir flytta til regionale datasenter nærmare brukarane for at ytinga og responstida på tenestene skal bli betre. Jo meir data og tenester som blir produserte i regionale datasenter, jo større insentiv får regionale, nasjonale og internasjonale fiberaktørar til å knyte seg til datasentera og utveksle trafikk der. I sum vil dette styrke den regionale digitale infrastrukturen. Der det frå regionale datasenter blir etablert direkte fibersamband mot utlandet, vil ein frå regionen òg få direkte tilgang til internett- og skytenester frå utlandet, sjølv om ein kommunikasjonsmessig mistar kontakt med resten av landet.

Stavanger har blitt det største regionale knutepunktet for digital infrastruktur utanom Oslo
GreenMountain sitt colocation datasenter SVG1 på Rennesøy utanfor Stavanger har blitt eit digitalt knutepunkt på Sør-Vestlandet.
Datasenteret knyter til seg ei rekke nasjonale fiberaktørar. Altibox har òg etablert sjøfibersamband direkte frå Rennesøy til England. Dette bidreg til at regionen kan få tilgang til internett- og skytenester frå utlandet utan å rute trafikken om Oslo.
I datasenteret har den nasjonale samtrafikkaktøren Norwegian Internet eXchange (NIX) eit regionalt samtrafikkpunkt, som er det som utvekslar mest trafikk, utanom Oslo.
Regjeringa vil
- at Noreg skal ha robuste datasenter som sikrar både nasjonal og regional autonomi for datasentertenester
- arbeide for at det blir etablert datasenter og internasjonale føringsvegar i heile landet, for å kunne skalere redundante løysingar som er viktige for nærings- og samfunnsliv, og for å bygge opp under grunnleggande nasjonale funksjonar (GNF-ar)