1 Forord
Noreg skal vere verdas mest digitaliserte land innan 2030. Ikkje fordi digitalisering i seg sjølv er så viktig, men fordi digitalisering er verkemiddelet vi treng for å løyse nokre av dei største utfordringane samfunnet står overfor. Noreg skal utvikle velferdsstaten vidare, handtere færre arbeidstakarar i arbeidsfør alder og trygge gode velferdstenester til alle, derfor er vi avhengig av å skape meir i åra som ligg framfor oss.
Regjeringa Støre legg til grunn at datasenter er kritisk digital infrastruktur. Regjeringa har tatt ansvar for at datasenternæringa for første gang no er regulert. Innan 1. juli 2025 skal samtlege datasenter over 500 kW registrere seg og regjeringa stiller krav til tryggleik og beredskap for disse sentra. I strategien tydeleggjer vi krav til sikkerheit, betre utnytting av overskotsvarme, samt tiltak for å avgrense utvinning av kryptovaluta. Regjeringa vil legge til rette for lagring av norske data på norsk jord og gi myndigheitene betre oversikt og kontroll over datasenternæringa.
Alt vi lagrar i skyen til ein kvar tid, ender opp i eit fysisk datasenter som krev både areal, kraft, teknologi og arbeidskraft. Kvar enkelt av oss er innom minst 40 datasenter om dagen. For privatpersonar betyr det at både feriebilde, e-postar, skattemeldinga, vitnemål og helsejournalen blir lagra i datasenter, og for verksemder handlar det om lagring til dømes av kjøpshistorikk, bestillingsordre, tilsettinformasjon, forretningshemmelegheiter og strategiar. Utvikling og bruk av KI og andre mogleggjerande digitale teknologiar, både i offentleg sektor, i næringslivet og i befolkninga, forutsett òg at data blir organisert, prosessert og lagra ein plass. Nettopp derfor er vi òg avhengig av datasenter i Noreg, fordi alle sektorar og samfunnet i sin heilheit er avhengig av teknologi.
Når vi snakkar om datasenter, bør vi derfor snakke om verdiskaping og tryggleik. Det er nettopp det denne strategien tar for seg. Arbeiderparti-regjeringa meiner at datasenternæringa er moderne industribygging, og at datasenter i Noreg skal bidra til samfunnsnyttige formål igjennom sikker og robust digital kommunikasjon, arbeidsplassar og næringsutvikling med teknologi. Det er ei næring med eit stort vekstpotensial, ei næring vi trenger, ei næring som skal regulerast og ei næring som kan vise veg for grønare teknologiutvikling.
Datasenter er hjartet i den digitale grunnmuren, og behovet for datalagrings- og prosesseringskapasitet blir stadig større. Eg håpar denne strategien bidreg til meir kunnskap om datasenternæringa, og til at næringa blir motivert til å gjere framtidsretta val. God lesing, enten du les den i handa eller på nett – kor den i praksis blir lasta ned frå eit datasenter.
Karianne O. Tung
Digitaliserings- og forvaltningsminister