Prop. 19 S (2024–2025)

Endringar i statsbudsjettet 2024 under Forsvarsdepartementet

Til innhaldsliste

4 Fullmakter

4.1 Omfangsendring av pågåande materiellprosjekt for godkjenning

Auka kostnadsramme for Sikker teknisk infrastruktur

Sikker teknisk infrastruktur er eit anlegg som skal støtta statens evne til å handtera kriser og uønskte hendingar. Prosjektet var opphaveleg planlagt stilt ferdig 1. juli 2024, med ei kostnadsramme på 2 177,7 mill. kroner, i prisnivå per 1. juli 2024.

Prosjektet er forsinka og er forventa stilt ferdig andre halvår 2025. Forseinkinga inneber auka kostnadar. Prosjektet er nyleg eksternt kvalitetssikra, og i tråd med anbefalingane frå kvalitetssikrar foreslår regjeringa ei kostnadsramme på 2 445,0 mill. kroner, i prisnivå per 1. juli 2025, jf. forslag til vedtak. Regjeringa vil kome tilbake til Stortinget i samband med Revidert nasjonalbudsjett for 2025 om eventuelle konsekvensar for løyvinga av endra kostnadsramme.

4.2 Tilsegnsfullmakter

Regjeringa foreslår ei tilsegnsfullmakt på kap. 1700, post 78 på 81,0 mill. kroner, mot ein tilsvarande reduksjon av tilsegnsfullmakta på kap. 1700, post 73. Bakgrunnen er verkemiddelelapparatet i European Defence Fund (EDF) som gir fleirårige forpliktingar.

Til forsida