3 Interne endringar på kap. 1720 Forsvaret
I samband med ny kapittelstruktur på forsvarsbudsjettet frå 2021, der alle forsvarsgreinene og andre sjølvstendige einingar i Forsvaret, med unntak av kap. 1735 Etterretningstenesta og kap. 1791 Redningshelikoptertenesta, vart samla under nytt kap. 1720 Forsvaret, vert Stortinget informert om dei største endringane internt på kapittelet. Tabellen under viser interne endringar under kap. 1720 som er foreslått i Forsvaret sin plan, i tillegg til fordeling av anslaget for verknaden av lønsoppgjeret for 2024, som vert foreslått plassert hjå Forsvarsstaben i påvente av endeleg fordeling og utbetaling.
(i 1 000 kroner) | ||||
---|---|---|---|---|
Forsvaret sin interne fordeling |
Saldert budsjett 2024 |
Prop. 104 S (2023–2024) |
Foreslått endring Prop. 19 S (2024–2025) |
Samla tildeling |
Cyberforsvaret |
2 767 631 |
24 932 |
27 082 |
2 819 645 |
Forsvarets fellestjenester |
1 230 472 |
22 426 |
7 951 |
1 260 849 |
Forsvarets høgskole |
1 072 807 |
57 924 |
-53 850 |
1 076 881 |
Forsvarets logistikkorganisasjon |
3 794 854 |
1 158 391 |
-220 850 |
4 732 395 |
Forsvarets operative hovudkvarter |
633 264 |
136 307 |
-35 811 |
733 760 |
Forsvarets personell- og vernepliktssenter |
1 202 667 |
447 320 |
168 819 |
1 818 806 |
Forsvarets spesialstyrkar |
1 150 674 |
176 420 |
216 058 |
1 543 152 |
Forsvarets sanitet |
406 044 |
11 844 |
-3 398 |
414 490 |
Heimevernet |
1 865 119 |
810 352 |
-90 792 |
2 584 679 |
Hæren |
7 417 028 |
255 752 |
148 220 |
7 821 000 |
Luftforsvaret |
8 754 353 |
457 930 |
-172 812 |
9 039 471 |
Sjøforsvaret |
5 420 617 |
552 595 |
387 769 |
6 360 981 |
Norske styrker i utlandet |
824 716 |
-956 |
-33 683 |
790 077 |
Kystvakta |
1 541 865 |
23 130 |
98 826 |
1 663 821 |
Forsvarsstaben |
2 082 509 |
-1 608 915 |
542 649 |
1 016 243 |
Sum kap. 1720 |
40 164 620 |
2 525 452 |
986 178 |
43 676 250 |
Nedanfor vert dei største interne endringane skildra.
3.1 Hæren
-
48,0 mill. kroner – auka utbetaling av T-35 bonus. Midlar vert fordelte frå Forsvarsstaben.
-
30,0 mill. kroner – innbetaling til drivstoffkonto i NATO Support and Procurement Agency (NSPA). Midlar vert fordelte frå Forsvarets logistikkorganisasjon.
-
13,7 mill. kroner – meirutgifter løn som følge av internasjonal verksemd. Midlar vert fordelte frå norske styrkar i utlandet.
-
10,0 mill. kroner – auka kvoter på Lagførarskulen. Midlar vert fordelte frå Forsvarets høgskole.
-
-5,8 mill. kroner – støttetenester frå Cyberforsvaret knytt til øvinga Nordic Response. Midlar vert fordelte til Cyberforsvaret.
3.2 Sjøforsvaret
-
50,0 mill. kroner – auka vedlikehald i Marinen. Midlar vert fordelte frå Forsvarsstaben.
-
28,1 mill. kroner – fordeling av utgifter til rekruttutdanning ved KNM Harald Haarfagre. Midlar vert fordelte frå Luftforsvaret.
-
9,5 mill. kroner – auka utbetaling av T-35 bonus. Midlar vert fordelte frå Forsvarsstaben.
3.3 Luftforsvaret
-
15,5 mill. kroner – anskaffing av bøyar til P-8. Midlar vert fordelte frå Forsvarsstaben.
-
5,5 mill. kroner – auka utbetaling av T-35 bonus. Midlar vert fordelte frå Forsvarsstaben.
-
-340,0 mill. kroner – kansellerte innbetalingar til Foreign Military Sales (FMS) konto i USA. Midlar vert fordelte til Forsvarsstaben.
3.4 Heimevernet
-
-47,4 mill. kroner – midlar satt av til ny godtgjeringsmodell i Heimevernet for 2024 som tidlegast vert innført 1. januar 2025. Midlar vert fordelte tilbake til Forsvarsstaben i 2024.
-
-50,3 mill. kroner – utgifter til personleg klednad og utrusting i Heimevernet. Midlar vert fordelte til Forsvarets logistikkorganisasjon.
3.5 Andre større endringar på kapittel 1720
-
135,0 mill. kroner – auka utgifter til stillingar i utlandet. Midlar vert fordelte frå Forsvarsstaben til Forsvarets personell- og vernepliktssenter.
-
46,0 mill. kroner – oppbygging Special Operations Task Group (SOTG). Midlar vert fordelte frå Forsvarsstaben til Forsvarets spesialstyrkar.
-
Reduksjon av energiutgifter vert fordelt på driftseiningar og vert samla hjå Forsvarsstaben.
-
Insentivmidlar vert fordelte frå Forsvarets fellestenester til rett driftseining.