Prop. 19 S (2024–2025)

Endringar i statsbudsjettet 2024 under Forsvarsdepartementet

Til innhaldsliste

2 Forslag til endringar i statsbudsjettet 2024

Kap. 1700 Forsvarsdepartementet

Post 01 Driftsutgifter

Regjeringa foreslår å auka løyvinga på posten med 33,3 mill. kroner knytt til militær støtte til Ukraina mot ein reduksjon på 25,0 mill. kroner på kap. 1700, post 78, og 8,3 mill. kroner på kap. 1700, post 79. Vidare foreslår regjeringa å auka løyvinga på posten med 13,7 mill. kroner som følge av eit anslag på verknaden av lønsoppgjeret for 2024. Sjå nærare omtale i nysalderingsproposisjonen frå Finansdepartementet. I tillegg foreslår regjeringa å auka løyvinga med 10,1 mill. kroner til auka utgifter til forsvarsattachear og militærrådgjevarar i utlandet, 5,0 mill. kroner til juridisk bistand i ei rettssak og 4,0 mill. kroner i auka driftsutgifter. I tillegg foreslår regjeringa å auka løyvinga med 5,3 mill. kroner mot ein tilsvarande inntektsauke på kap. 4700, post 01. Sjå omtale på kap. 4700, post 01. Vidare foreslår regjeringa fleire mindre endringar som totalt fører med seg ein auke av løyvinga på 1,4 mill. kroner. Samla foreslår regjeringa å auka løyvinga på posten med 72,8 mill. kroner.

Post 22 IKT-verksemd, kan overførast

Dataåtaket mot Service- og tryggingsorganisasjonen for departementa (DSS) sumaren 2023 har ført med seg endringar i planane til Program for felles IKT-tenester i departementsfellesskapet. Som følge av endra periodisering av programmet i 2024 foreslår regjeringa å redusera løyvinga på posten med 42,0 mill. kroner. Vidare foreslår regjeringa å auka løyvinga på posten med 2,7 mill. kroner som følge av eit anslag på verknaden av lønsoppgjeret for 2024. Sjå nærare omtale i nysalderingsproposisjonen frå Finansdepartementet. I tillegg foreslår regjeringa ein reduksjon av løyvinga på posten på 0,4 mill. kroner, mot ein tilsvarande auke på kap. 1700, post 01. Samla foreslår regjeringa å redusera løyvinga på posten med 39,6 mill. kroner.

Post 43 Til disposisjon for Forsvarsdepartementet, kan overførast

Regjeringa foreslår å redusera løyvinga på posten med 3,0 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 1700, post 71. Sjå omtale under kap. 1700, post 71.

Post 71 Overføring til andre, kan overførast

Regjeringa foreslår å auka løyvinga på posten med 8,0 mill. kroner til eit enkeltståande tilskot til Gloster Gladiator 423 Stiftelsen. Føremålet er å støtta restaureringa av flyet Gloster Gladiator med halenummer 423. Dette flyet tok del i kampane i Noreg i april 1940 og står for ein unik og viktig del av norsk krigshistorie. I tillegg foreslår regjeringa ei mindre endring som fører med seg en ein auke av løyvinga på posten på 0,3 mill. kroner. Samla foreslår regjeringa å auka løyvinga på posten med 8,3 mill. kroner.

Post 78 Noregs tilskot til NATOs og internasjonale driftsbudsjett, kan overførast

Regjeringa foreslår å redusera løyvinga på posten med 133,0 mill. kroner, mot ein tilsvarande auke som fordeler seg med 25,0 mill. kroner på kap. 1700, post 01 og 108,0 mill. kroner på kap. 1760, post 45. Sjå omtale under kap. 1700, post 01 og kap. 1760, post 45.

Post 79 Militær støtte til Ukraina, kan overførast, kan nyttast under kap. 1710, post 01 og 47, kap. 1720, post 01 og kap. 1760, post 01 og 45

Regjeringa foreslår å auka ramma for den militære støtta i Nansen-programmet med 3,5 mrd. kroner i 2024. Auken er grunna med Ukrainas behov for militær og sivil støtte i møte med den russiske åtakskrigen. Regjeringa skal nytta midlane til å donera meir luftvern i ei internasjonal ramme, styrka F-16-donasjonane gjennom den amerikanske JUMPSTART-mekanismen, donera relevant teknologi i samarbeid med Storbritannia og styrka ukrainsk forsvarsindustri.

Regjeringa har i 2024 donert materiell frå forsvarssektoren for om lag 2,5 mrd. kroner. Verdien av donert materiell vert rekna inn som bidrag under Nansen-programmet og vert trekt ifrå løyvinga på donasjonstidspunktet. Materiell som skal gjenanskaffast inneber ein tilsvarande auke på forsvarsbudsjettet når gjenanskaffinga kjem til utbetaling. I saldert budsjett 2024 la regjeringa opp til at 2,0 mrd. kroner av støtta gjennom Nansen-programmet ville vere i form av donasjonar i inneverande år. Regjeringa foreslår å redusera løyvinga med 467,3 mill. kroner, basert på verdien av donasjonar ut over dei 2,0 mrd. kronene.

Regjeringa foreslår samstundes å redusera løyvinga på posten med 8,3 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 1700, post 01, for utgifter til mellom anna betre oppfølging og kontroll av Ukraina-arbeidet i Forsvarsdepartementet og styrking av forsvarsattachéfunksjonen ved den norske ambassaden i Kyiv.

Vidare foreslår regjeringa å redusera løyvinga på posten med 23,0 mill. kroner, mot ein tilsvarande auke på kap. 1760, post 01, til utgifter knytt til klargjering i samband med donasjonar, i tillegg til meirbehov i Forsvarsmateriell som følge av etatens arbeid med donasjonar og gjenanskaffing av donert materiell.

Regjeringa foreslår å redusera løyvinga på posten med 538,3 mill. kroner, mot ein tilsvarande auke på kap. 1720, post 01, for utgifter til anskaffingar, klargjering og transport, vedlikehald og reparasjon av materiell samt trening i samband med donasjonane. I tillegg gjeld endringane utgifter til å gjenanskaffa donert skarpskytterammunisjon samt midlar til Forsvaret for anskaffing av materiell og trening i den maritime koalisjonen til støtte for Ukraina som Noreg leiar saman med Storbritannia.

Regjeringa foreslår å redusera løyvinga på posten med 935,0 mill. kroner, mot ein tilsvarande auke på kap. 1760, post 45 for mellom anna utvikling av forsvarsteknologi for donasjon til Ukraina, donasjon av kommunikasjonsutstyr og dronar samt reservedelar til NASAMS-luftvern.

Samla foreslår regjeringa å auka løyvinga på posten 79 med 1 528,1 mill. kroner.

Kap. 4700 Forsvarsdepartementet

Post 01 Driftsinntekter

Regjeringa foreslår å auka løyvinga med 5,3 mill. kroner mot ein tilsvarande utgiftsauke på kap. 1700, post 01, knytt til vidarefakturering av driftsutgifter og innbetalingar for tenester i samband med et reformprosjekt på Vest-Balkan og i Ukraina som Forsvarsdepartementet gjennomfører på vegne av Utanriksdepartementet. Videre foreslår regjeringa å auka løyvinga med 1,3 mill. kroner knytt til erstatning og tilbakebetaling av sakskostnadar etter ei rettssak. Samla foreslår regjeringa å auka løyvinga på posten med 6,6 mill. kroner, mot ein tilsvarande utgiftsauke for å handtera meirbehov på andre kapittel og postar, jf. meirinntektsfullmakta til Forsvarsdepartementet.

Post 85 Aksjeutbytte NY

Regjeringa foreslår å oppretta posten i nysalderinga av 2024-budsjettet. Forsvarsdepartementet har fått utbetalt 25,0 mill. kroner i aksjeutbytte frå Rygge 1 AS. Regjeringa foreslår ei løyving på 25,0 mill. kroner på posten, mot ein tilsvarande utgiftsauke for å handtera meirbehov på andre kapittel og postar, jf. meirinntektsfullmakta til Forsvarsdepartementet.

Kap. 1710 Forsvarsbygg og nybygg og nyanlegg

Post 01 Driftsutgifter, kan overførast

Regjeringa foreslår å auka løyvinga på posten med 803,0 mill. kroner knytt til utgifter som har ei motsvarande inntektsside, jf. forslag om auka inntektsløyving på kap. 4710, post 01. Dette gjeld auka utbetalingar knytt til NATO-prosjekter knytt til investeringsprogrammet NATO Security Investment Programme (334,3 mill. kroner), auka husleige som følge av endra portefølje, prisreguleringar og nye leigetilhøve hjå Forsvaret (222,1 mill. kroner), auka betaling frå Forsvaret for tilleggs- og sikringstenestar (275,8 mill. kroner) og reduserte forsyningsinntekter (-29,2 mill. kroner). Vidare foreslår regjeringa å auka løyvinga på posten med 26,7 mill. kroner som følge av eit anslag på verknaden av lønsoppgjeret for 2024. Sjå nærare omtale i nysalderingsproposisjonen frå Finansdepartementet. I tillegg kjem ein mindre auke på 0,9 mill. kroner. Vidare foreslår regjeringa å redusera løyvinga på posten med 6,0 mill. kroner knytt til eit mindrebehov på prosjektet gradert kommunikasjon. Regjeringa foreslår at mindrebehovet vert omdisponert for å handtera meirbehov på andre kapittel og postar. Samla foreslår regjeringa å auka løyvinga på posten med 824,6 mill. kroner.

Post 47 Nybygg og nyanlegg, kan overførast

Som følge av ei teknisk endring foreslår regjeringa å auka løyvinga på posten med 1,0 mill. kroner, mot ein tilsvarande reduksjon av løyvinga på kap. 1720, post 01.

Kap. 4710 Forsvarsbygg og nybygg og nyanlegg

Post 01 Driftsinntekter

Regjeringa foreslår å auka løyvinga med 803,0 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 1710, post 01 knytt til inntekter som har ei motsvarande utgiftsside. Sjå omtale under kap. 1710, post 01.

Kap. 1720 Forsvaret

Post 01 Driftsutgifter

Regjeringa foreslår å auka løyvinga på posten med 538,3 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 1700, post 79, for meirutgifter i Forsvaret knytt til militær støtte til Ukraina. Sjå omtale under kap. 1700, post 79.

Vidare foreslår regjeringa å auka løyvinga på posten med 471,1 mill. kroner som følge av eit anslag på verknaden av lønsoppgjeret for 2024. Sjå nærare omtale i nysalderingsproposisjonen frå Finansdepartementet. I tillegg foreslår regjeringa å auka løyvinga på posten med 359,2 mill. kroner til auka driftsutgifter i Forsvaret som i stort er uunngåelege. Målet med løyvinga er å oppretthalda aktivitetsnivået i lys av den tryggingspolitiske situasjonen, jf. nærmare omtale i innleiinga. I tillegg foreslår regjeringa å redusera løyvinga på kap. 1720, post 01 med 35,0 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 1760, post 01, for å dekka utgiftene ved at Forsvarsmateriell overtar ansvaret for strategiske anskaffingar frå Forsvaret. I tillegg foreslår regjeringa fleire tekniske endringar som samla førar med seg at løyvinga på posten aukar med 22,7 mill. kroner, mot tilsvarande reduksjonar av løyvinga på andre postar.

Forsvaret har i gjennomføringa av øvinga Nordic Response hatt utlegg for deltakarnasjonar som vert refundert i form av inntekter. Utgiftene og dei tilhøyrande inntektene har vorte lågare enn planlagt. Regjeringa foreslår difor å redusera løyvinga på posten med 370,0 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 4720, post 01.

Samla foreslår regjeringa å auka løyvinga på posten med 986,2 mill. kroner.

Kap. 4720 Forsvaret

Post 01 Driftsinntekter

Regjeringa foreslår å redusera løyvinga på posten med 370,0 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 1720, post 01 knytt til øvinga Nordic Response. Sjå omtale under kap. 1720, post 01.

Kap. 1735 Etterretningstenesta

Post 21 Spesielle driftsutgifter

Regjeringa foreslår å auka løyvinga på posten med 70,3 mill. kroner som følge av eit anslag på verknaden av lønsoppgjeret for 2024. Sjå nærare omtale i nysalderingsproposisjonen frå Finansdepartementet. Vidare foreslår regjeringa å redusera løyvinga på posten med 2,9 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 1720, post 01. Dette er tekniske endringar knytt til oppgåver som løysast av Forsvaret på kap. 1720, post 01. Samla foreslår regjeringa å auka løyvinga på posten med 67,3 mill. kroner.

Kap. 1760 Forsvarsmateriell og større anskaffingar og vedlikehald

Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under kap. 1760, post 45

Regjeringa foreslår å auka løyvinga på posten med 75,0 mill. kroner for å styrka Forsvarsmateriell sin kapasitet til å setta i verk ny langtidsplan for forsvarssektoren. Av beløpet er 30,0 mill. kroner knytt til auka driftsutgifter, 20,0 mill. kroner kjem som følge av kapasitetsauke knytt til opptrappinga av materiellinvesteringar og 25,0 mill. kroner er knytt til Forsvarsmateriell sitt utviklingsprogram FRAM.

For meirbehov i samband med militær støtte til Ukraina foreslår regjeringa å auka løyvinga på posten med 23,0 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 1700, post 79. Sjå omtale under kap. 1700, post 79. Vidare foreslår regjeringa å auka løyvinga med 63,9 mill. kroner knytt til utgifter til avhending av materiell som vert dekka av auka inntekter, sjå omtale under kap. 4760, post 01 og 45.

Regjeringa foreslår å auka løyvinga på posten med 41,5 mill. kroner som følge av eit anslag på verknaden av lønsoppgjeret for 2024. Sjå nærare omtale i nysalderingsproposisjonen frå Finansdepartementet. Vidare foreslår regjeringa å auka løyvinga på posten med 35,0 mill. kroner knytt til at Forsvarsmateriell overtar ansvaret for strategiske anskaffingar frå Forsvaret. Vidare foreslår regjeringa å redusera løyvinga på posten med 160,0 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 1760, post 45, sjå omtale under kap. 1760, post 45. I tillegg foreslår regjeringa andre mindre endringar som gir eit redusert løyvingsbehov på 10,0 mill. kroner på posten.

Samla foreslår regjeringa å auka løyvinga på posten med 68,3 mill. kroner.

Post 45 Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, kan overførast

Regjeringa foreslår å auka løyvinga på posten med 935,0 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 1700, post 79, for tiltak i den militære støtta i Nansen-programmet. Sjå omtale under kap. 1700, post 79. Regjeringa foreslår samstundes å auka løyvinga på posten med 160,0 mill. kroner, knytt til teknisk endring av kapittel og post for ei anskaffing av rekognoseringsdoner til Ukraina mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 1760, post 01. Regjeringa foreslår også ein auke på posten på 108,0 mill. kroner for utgifter til oppskaleringen av teknologisk innovativt forsvarsmateriell, mot ein tilsvarande reduksjon på kap. 1700, post 78.

Regjeringa foreslår å auka løyvinga på posten med 490,0 mill. kroner til utbetalingar knytt til gjenanskaffing av militært materiell donert til Ukraina. Forslaget gjeld auka utbetalingar i prosjekt 1146 Gjenanskaffing av donerte hovudkomponentar til NASAMS i 2024. Ny avtale vart inngått etter handsaminga til Stortinget av materiellprosjektet i samband med nysalderinga av budsjettet for 2023.

Regjeringa foreslår å auka løyvinga på posten med 417,8 mill. kroner knytt til valutajustering av investeringsprosjekt over 1 mrd. kroner. Dette er som følge av at krona har svekka seg samanlikna med føresetnadane som vart lagt til grunn i revidert nasjonalbudsjett 2024.

Regjeringa foreslår å auka løyvinga på posten med 46,4 mill. kroner som følge av meirinntekter knytt til sal av P-3 Orion, sjå omtale under kap. 4760, post 45.

Regjeringa foreslår å redusera løyvinga på posten med 85,1 mill. kroner knytt til tekniske endringar og meirbehov på andre kapittel og postar.

Samla foreslår regjeringa å auka løyvinga på posten med 2 072,2 mill. kroner.

Post 48 Fellesfinansierte investeringar, fellesfinansiert del, kan overførast

Regjeringa foreslår å redusera løyvinga på posten med 95,4 mill. kroner som følge av lågare behov enn føresett. Regjeringa foreslår at midlane vert omdisponert for å handtera meirbehov på andre kapittel og postar.

Post 75 Fellesfinansierte investeringar, Noregs tilskot til NATOs investeringsprogram for tryggleik, kan overførast, kan nyttast under kap. 1760, post 44

Regjeringa foreslår å redusera løyvinga på posten med 37,4 mill. kroner som følge av at NATO vil omsetja eit lågare beløp enn føresett i 2024. Regjeringa foreslår at midlane vert omdisponert for å handtera meirbehov på andre kapittel og postar.

Kap. 4760 Forsvarsmateriell og større anskaffingar og vedlikehald

Post 01 Driftsinntekter

Regjeringa foreslår å auka løyvinga på posten med 17,1 mill. kroner knytt til auka inntekter frå avhending av materiell mot ei tilsvarande utgiftsauke på kap. 1760, post 01.

Post 45 Større utstyrsanskaffingar og vedlikehald, inntekter

Regjeringa foreslår å auka løyvinga på posten med 108,7 mill. kroner som følge av inntekter frå avhending av materiell. Dette er mellom anna knytt til salet av P-3 Orion til Argentina. Løyvinga på utgiftssida vert auka tilsvarande meirinntekta, med ein utgiftsauke på kap. 1760, post 01 og 45, jf. meirinntektsfullmakta til Forsvarsdepartementet.

Post 48 Fellesfinansierte investeringar, inntekter

Regjeringa foreslår å auka løyvinga på posten med 209,9 mill. kroner knytt til refusjonar for Noreg sine utgifter til fellesfinansierte investeringar. Løyvinga på utgiftssida vert auka tilsvarande meirinntekta for å handtera meirbehov på andre kapittel og postar, jf. meirinntektsfullmakta til Forsvarsdepartementet.

Kap. 1791 Redningshelikoptertenesta

Post 01 Driftsutgifter

Justis- og beredskapsdepartementet foreslår å endra driftsramma for redningshelikoptertenesta knytt til auka driftsutgifter og utgifter til avvikling av Sea King. Regjeringa foreslår difor å auka løyvinga på posten med 34,0 mill. kroner mot ein tilsvarande auke på kap. 4791, post 01. Regjeringa foreslår ein auke på 7,6 mill. kroner på posten knytt til driftsutgifter. Vidare foreslår regjeringa fleire tekniske endringar mellom kap. 1720, post 01, og kap. 1791, post 01, der netto effekt er ein utgiftsauke på 2,3 mill. kroner på posten. Samla foreslår regjeringa å auke løyvinga på posten med 43,9 mill. kroner.

Kap. 4791 Redningshelikoptertenesta

Post 01 Driftsinntekter

Regjeringa foreslår å auka løyvinga på posten med 34,0 mill. kroner, tilsvarande auken på kap. 1791, post 01, sjå omtale under kap. 1791, post 01.

Til forsida