Forslag
til vedtak om endringar i statsbudsjettet 2025 under Finansdepartementet og Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet (lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet 2025 m.m.)
I
I statsbudsjettet 2025 blir det gjort følgjande endringar:
Kap. |
Post |
Formål |
Kroner |
---|---|---|---|
2315 |
Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet |
||
(Ny) |
01 |
Driftsutgifter, blir løyvd med |
3 533 000 000 |
1560 |
Tariffavtalte avsetningar m.m. |
||
71 |
Opplæring og utvikling av tillitsvalde, blir auka med |
14 700 000 |
|
frå kr 233 100 000 til kr 247 800 000 |
II
Stortinget samtykker i at det med verknad frå 1. mai 2025 blir gjort regulering av lønene m.m. for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet som er medlemar av Akademikerne i samsvar med protokollen av 30. april 2025 mellom staten og Akademikerne, jf. vedlegg 1.
III
Stortinget samtykker i at det med verknad frå 1. mai 2025 blir gjort regulering av lønene m.m. for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet som er medlemar av Unio i samsvar med protokollane av 30. april 2025 mellom staten og Unio, jf. vedlegg 2.
IV
Stortinget samtykker i at det med verknad frå 1. mai 2025 blir gjort regulering av lønene m.m. for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet som er medlemar av YS Stat i samsvar med protokollen av 30. april 2025 mellom staten og YS Stat, jf. vedlegg 3.
V
Stortinget samtykker i at det med verknad frå 1. mai 2025 blir gjort regulering av lønene m.m. for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet som er medlemar av LO Stat i samsvar med Riksmeklarens møtebok 28. mai 2025, jf. vedlegg 4.
VI
For embetsmenn og statstilsette som ikkje er medlem av organisasjonar som nemnde i romartal II, III, IV og V, og derfor ikkje får sine løns- og arbeidsvilkår fastsette i hovudtariffavtale, skal det bli gjort regulering av lønene i samsvar med det avtaleområdet (romartal II og III, eller IV og V) som dekker flest årsverk i den einskilde verksemda. I dei verksemdene der avtaleområdet til LO Stat og YS Stat er størst, vil den avtalen som dekker flest årsverk i kvar enkelt verksemd, innafor dette avtaleområdet, praktiserast overfor dei uorganiserte. Embetsmenn og statstilsette som er tekne ut av hovudtariffavtalane, får sine løns- og arbeidsvilkår fastsette administrativt i eigen kontrakt.
VII
Stortinget samtykker i at Finansdepartementet får fullmakt til å fordele løyvinga under kap. 2315 Lønsregulering for arbeidstakarar i det statlege tariffområdet, post 01 Driftsutgifter, på dei postane på statsbudsjettet som har lønsløyving.