7 Bompengeopplegg
Finansieringa med bompengar er basert på forskots- og parallellinnkrevjing i begge retningar i den automatiske bomstasjonen som allereie er etablert på rv. 7 Sokna – Ørgenvika ved Brekkebygda. Det blir ikkje lagt til grunn statlege midlar.
Dagens takstnivå og rammene for fastsett gjennomsnittstakst er føresett vidareført med nokre justeringar. Takstgruppe 1 gjeld køyretøy med totalvekt til og med 3 500 kg og køyretøy klassifiserte som M1 i Autosys, uavhengig av vekt, med gyldig brukaravtale og brikke. Takstgruppe 2 er køyretøy over 3 500 kg med gyldig brukaravtale og brikke, ekskl. køyretøy klassifisert som M1 i Autosys.
I 2024 var det følgande grunntakstar:
-
Takstgruppe 1: 86 kr
-
Takstgruppe 2: 175 kr
Køyretøy i takstgruppe 1 med gyldig brikke og avtale får 20 pst. rabatt. Køyretøy i takstgruppe 2 får ikkje rabatt.
I tråd med dei lokalpolitiske vedtaka skal nullutsleppskøyretøy i takstgruppe 1 betale 50 pst. av ordinær takst etter at brikkerabatt er trekt frå. Nullutsleppskøyretøy i takstgruppe 2 skal ikkje betale bompengar. Varebilar (N1) med nullutslepp samt køyretøy i takstgruppe 2 med gass som drivstoff, vil også få fritak for betaling av bompengar.
Alle rabattar føreset bruk av elektronisk brikke og gyldig avtale. Elles gjeld dei til ein kvar tid gjeldande nasjonale takstretningslinene for bompengeprosjekt. I tråd med dei lokalpolitiske vedtaka er det lagt til grunn at bompengeselskapet kan prisjustere takstane i innkrevjingsperioden i samsvar med konsumprisindeksen utan ny lokalpolitisk behandling.