Prop. 53 L (2024–2025)

Endringar i naturskadeforsikringslova m.m. (ansvarsgrense og tilsyn med Norsk naturskadepool)

Til innhaldsliste

6 Økonomiske og administrative konsekvensar

Ei endring av forskriftsheimelen i naturskadeforsikringslova § 3 andre ledd slik at det blir mogleg å gi reglar i forskrift om ei automatisk justering av ansvarsgrensa, til dømes ved bruk av modellar, vil i seg sjølv ikkje ha økonomiske eller administrative konsekvensar. Med ei automatisk justering av ansvarsgrensa vil det i framtida ikkje vere naudsynt for departementet å ta initiativ til jamlege justeringar. Dette vil kunne innebere ei viss ressursinnsparing for departementet og høyringsinstansane. Ei automatisk justering vil kunne gi ei meir presis ansvarsgrense. Ei utgreiing av økonomiske og administrative konsekvensar må gjerast i samband med forskriftsarbeidet.

Framlegget om at Finanstilsynet skal føre tilsyn med Norsk naturskadepool, vil føre med seg arbeid for Finanstilsynet og poolen. Det følgjer av finanstilsynslova § 9 at utgiftene til tilsynet skal bli utlikna på føretaka (sjå òg ny finanstilsynslov § 6-1), og departementet legg difor til grunn at naturskadepoolen må betale tilsynsavgift. Kostnadane som tilsynet vil føre med seg, kan føre til auka forsikringspremiar, men dei skal samstundes fordelast på svært mange kundar. Sett i samanheng med den sannsynlege storleiken på kostnadane må ein kunne rekne med at ein eventuell kostnadsauke for den enkelte kunden vil bli svært beskjeden.

Framlegget om endringar i tvangsfullbyrdingslova vil kunne gjere juristar noko meir konkurransedyktige i marknaden for juridiske tenester. Departementet kan elles ikkje sjå at framlegget har økonomiske konsekvensar av betydning.