Meld. St. 3 (2024–2025)

Statsrekneskapen 2024

Til innhaldsliste

4 Statens balanse med kommentarar til finanspostar m.m.

Kapittel 4 tek føre seg desse emna: statens balanse med notar til viktige endringar (4.1), statens finansinntekter og finansutgifter (4.2), garantiar (4.3) og hovudprinsippa for føring av statsrekneskapen (4.4).

4.1 Statens balanse med notar

Kapitalrekneskapen er ei oppstilling av statens balanse med hovudvekt på finansielle eigedelar, gjeld og eigenkapital i staten. Kapitalrekneskapen er presentert i tabell 3.1 i vedlegg 3. Ei balanseoppstilling på samanstilt nivå er òg presentert i tabell 1.11 i vedlegg 1.

Dei viktigaste eigedelane i balansen er spesielle fond, utlån, fast kapital i statsverksemdene og verdipapir medrekna kapitalen i statens sjølvstendige verksemder. Realkapital er normalt ikkje med i kapitalrekneskapen. For forretningsverksemdene er realkapital likevel ein del av balansen, jf. vedlegg 5, som syner balansen for desse verksemdene. Den viktigaste gjeldsposten er statsgjelda, som inneheld statskassevekslar, kortsiktige kontolån og faste lån opptekne innanlands.

Statens eigedelar auka med 4 100,9 mrd. kroner i 2024, frå 17 704,0 mrd. kroner til 21 804,9 mrd. kroner. Gjeldssida utanom eigenkapitalen hadde ein netto auke på 47,9 mrd. kroner i 2024, frå 834,9 mrd. kroner til 882,9 mrd. kroner. Eigenkapitalen auka med 4 053,0 mrd. kroner, frå 19 869,1 mrd. kroner til 20 922,1 mrd. kroner. Vesentlege endringar vert omtalt i notane nedanfor.

Tabell 4.1 Statens eigedelar og gjeld (tal i mill. kroner)1)

Tekst

Note

31.12.2023

31.12.2024

Endring

Eigedelar

60. Kontantbehaldning

1

281 816

274 015

-7 801

61. Spesielle fond og forsikringar

2

16 199 858

20 222 284

4 022 427

62. Verdipapir

3

181 663

178 718

-2 944

63. Utlån og uteståande krav

4

643 870

709 188

65 318

64. Ordinære fond

5

64 461

54 189

-10 272

65. Forskot

6

191

55

-136

66. Kapital i statsbankane

7

620

620

68. Fast kapital i statsverksemdene

8

266 579

294 234

27 655

69. Eigenbehaldning statspapir

9

54 208

65 439

11 231

70–72. Mellomvære med rekneskapsførarar

10

6 415

-1 482

-7 897

77. Overkurs/underkurs statspapir

11

4 357

7 685

3 328

Sum eigedelar

17 704 038

21 804 946

4 100 908

Gjeld og eigenkapital

80. Statsgjelda

12

709 529

773 551

64 022

81. Kontolån frå ordinære fond

13

74 951

71 075

-3 876

82. Verksemder med særskilde fullmakter

14

24 805

21 103

-3 701

84. Deposita og avsetjingar

15

4 855

-5 662

-10 517

87. Overførte unytta løyvingar

16

20 803

22 822

2 018

Sum gjeld

834 943

882 889

47 946

99. Avslutningskonto (eigenkapital)

17

16 869 095

20 922 057

4 052 962

Sum gjeld og eigenkapital

17 704 038

21 804 946

4 100 908

1) Det kan vere avvik mellom sumtala i tabellen og dei avrunda tala som står ovanfor summane. Sumtala skal vere i samsvar med kapitalrekneskapen i tabell 3.1 i vedlegg 3.

Notar:

Note 1. Kontantbehaldninga til staten minka med 7,8 mrd. kroner i 2024. Kontantbehaldninga er plassert i Noregs Bank. Sjå tabell 1.14 i vedlegg 1.

Note 2. Spesielle fond og forsikringar auka med 4 022,4 mrd. kroner. Dette kjem av ein auke i bokført verdi av Statens pensjonsfond utland (SPU) på 3 974,4 mrd. kroner, og ein auke i bokført verdi av Statens pensjonsfond Noreg (SPN) på 26,9 mrd. kroner. Statens pensjonsfond vert bokført til marknadsverdi i kapitalrekneskapen. Sjå kapittel 3 for nærare omtale. Vidare vart Statens fond i Tromsø (SFT)skipa med 15,0 mrd. kroner i innskotskapital. Både SPN og SFT vert forvalta av Folketrygdfondet.

Bokført verdi for Norfund auka med 6,2 mrd. kroner. Norfund vart i 2024 tilført 2,9 mrd. kroner grunnfondskapital og reservekapital frå staten (jf. kap. 162, postane 95/96/97 og 75/76/77), men der 0,8 mrd. kroner av kapitalen gjeld risikokapital/tapsavsetjing som ikkje vert aktivert i kapitalrekneskapen. I tilførte midlar for 2024 inngår òg kapitalinnskot og risikokapital på 1,0 mrd. kroner knytte til det Klimainvesteringsfondet som er ein del av Norfunds investeringsverksemd, og 250 mill. kroner knytt til Ukraina. Annan auke på 3,3 mrd. kroner kjem frå Norfunds årsresultat. Sjå tabell 5.7 i vedlegg 5 for balansetal med notar for Norfund.

Note 3. Verdipapir, medrekna kapitalen i sjølvstendige verksemder i staten, minka med netto 2,9 mrd. kroner i 2024. Sal av aksjar i Equinor AS, (som ledd i atterkjøpsprogrammet av eigne aksjar), minka kapitalen med 2,5 mrd. kroner. Investinor AS auka med 136 mill. kroner, og Mantena AS auka med 198 mill. kroner. For dei børsnoterte selskapa DNB Bank ASA, Norsk Hydro ASA og Telenor ASA minka kapitalen med høvesvis 483 mill. kroner, 87 mill. kroner og 168 mill. kroner som følgje av atterkjøpsprogram av eigne aksjar i desse selskapa.

Følgjande organisatoriske endringar vart gjennomført i 2024: Eigarskap til Norid AS vart overført til Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet frå Kommunal- og distriktsdepartementet, og Flytoget AS vart overført til Samferdselsdepartementet frå Nærings- og fiskeridepartementet. Vidare vart selskapet Allstad AS i 2024 skipa under Barne- og familiedepartementet som ledd i ei verksemdoverdragning i samband med avviklinga av Opplysningsvesenets fond. Aksjane vart deretter overførte til Nærings- og fiskeridepartementet.

Sjå tabell 3.6 i vedlegg 3 for oversyn over aksjeinteressene i staten.

Note 4. Netto utlån og uteståande krav auka med 65,3 mrd. kroner. Av dette kjem 20,3 mrd. kroner frå netto auke i utlån frå Statens lånekasse for utdanning og 11,2 mrd. kroner frå Husbanken. Netto utlån under bustadlånsordninga i Statens pensjonskasse auka med 18,4 mrd. kroner.

Investeringslåna til helseføretaka auka med 10,1 mrd. kroner, medan driftskredittramma for helseføretaka auka med 1,8 mrd. kroner. Netto lån under Innovasjon Noreg minka med 0,2 mrd. kroner, og Investinor AS minka med 219,1 mill. kroner.

Utlån frå Eksportfinansiering Noreg (Statleg eksportfinansieringsordning) auka netto med 7,1 mrd. kroner. I dette beløpet inngår òg omrekning av lån i utanlandsk valuta til kursen på balansedagen og kapitaliserte renter, sjå òg kapittel 2.18 Statlege utlån. Nytta trekkfullmakt for Eksportfinansiering Noreg (alminneleg garantiordning) minka uteståande med netto 3,0 mrd. kroner.

Lån til Avinor AS minka med 0,3 mrd. kroner og Lån 2 til Store Norske Boliger AS auka med 0,1 mrd. kroner.

Note 5. Ordinære fond minka med 10,3 mrd. kroner. Tapsavsetjing under Eksfin vart tilbakeført statskassa med 10 mrd. kroner. Garantiordning for lån til små og mellomstore bedrifter vart i 2024 flytta frå Finansdepartementet til Nærings- og fiskeridepartementet. I 2024 vart 7,0 mrd. kroner i tapsavsetjing tilbakeført statskassa, og samla minka avsetjinga med 7,2 mrd. kroner. Klima- og energifondet, inkludert straumstøtteordninga, auka med 4,8 mrd. kroner. Fond under NFD auka med netto 1,2 mrd. kroner, derav tapsfond for grøn industrifinansiering som utgjer 2,2 mrd. kroner. Lånekassa sitt konverteringsfond auka med 0,9 mrd. kroner. Fond for OPS-prosjekt på veg minka med 131 mill. kroner. Fond under KDD auka med 111 mill. kroner. Inneståande i gåveforsterkingsordninga minka med 60 mill. kroner. Reguleringsfondet til Norsk pasientskadeerstatning auka med 18 mill. kroner. Eigedomsfondet auka med knapt 11 mill. kroner. Fond for CO2 minka med 6 mill. kroner. Fond under KUD auka med 5 mill. kroner, medan fond under SPK auka med knapt 2 mill. kroner.

Ein må sjå kontogruppe 64 Ordinære fond i samanheng med kontogruppe 81 Kontolån frå ordinære fond, jf. note 13. Midlane som fonda har ståande på konto i Noregs Bank, er òg førte opp som kontolån til staten. Sjå òg tabell 3.1 i vedlegg 3 om ordinære fond (eigedelar).

Note 6. Forskot minka med 136,3 mill. kroner. Forskot på rammetilskot til kommunar minka med 140,6 mill. kroner. Oppgjersordningane som vert balanseførte under Helse- og omsorgsdepartementet, jf. kap. 0740 Helsedirektoratet, auka med netto 1,7 mill. kroner. Forskot på valutakonto EU-prosjekt under SD auka med 2,6 mill. kroner.

Note 7. Det var inga endring i samla kapital i statsbankane i 2024.

Note 8. Fast kapital i statsverksemdene auka med 27,7 mrd. kroner i 2024. Kapitalen i SDØE auka med 21,0 mrd. kroner, og kapitalen i Statsbygg auka med 6,5 mrd. kroner. Kapitalen i SPK forvaltningsbedrift auka med 134 mill. kroner. Sjå òg tabell 3.2 i vedlegg 3 for detaljar om kapitalen i statsverksemdene.

Note 9. Eigenbehaldning av statspapir auka med 11,2 mrd. kroner. Statsobligasjonar auka med 8,3 mrd. kroner, og statskassevekslar auka med 2,9 mrd. kroner.

Note 10. Statlege verksemder sine mellomvære med statskassa endra seg med 7,9 mrd. kroner, frå 6,4 mrd. kroner i 2023 til -1,5 mrd. kroner i 2024, slik at verksemdene har 1,5 mrd. kroner til gode på statskassa per 31.12.2024. Den store endringa gjeld for ein stor del Skatteetaten sin inntektsrekneskap for skatt og folketrygd. Sjå òg tabell 3.9 i vedlegg 3 der departementa sine mellomvære med staten er spesifiserte.

Stortinget har i saker under 1 mill. kroner gjeve Finansdepartementet fullmakt til å postere differansar og uoppklara saker mot konto for forskyving i balansen (eigenkapitalen). I større saker kan Stortinget vedta særskilde fullmakter.

Det vart i 2024 postert netto 26,9 mill. kroner til debet konto for forskyving i balansen og til kredit kontogruppe 70–72. Dette gjeld fylgjande to verksemder (tal i kroner):

Statens vegvesen, jf. Prop. 20 S, Innst. 88 S (2024–2025)

15 307 269,46

Statistisk sentralbyrå, jf. Prop. 36 S, Innst. 90 S (2024–2025)

-42 200 000,00

Samla

-26 892 730,54

Note 11. Overkurs/underkurs på statspapir er per 31.12.2024 bokført med 7,7 mrd. kroner. Dette er ei endring på 3,3 mrd. kroner, frå 4,4 mrd. kroner året før. Overkurs/underkurs knyter seg til statsobligasjonar med fast rentesats og statskassevekslar og vert mellom anna påverka av rentenivå på tidspunktet for utgjeving eller kjøp, løpetid på statspapiret og endringar i rentenivå og -forventningar framover.

Note 12. Statsgjelda auka med 64,0 mrd. kroner. Statskassevekslar minka med 1,0 mrd. kroner og kortsiktige kontolån auka med 15,8 mrd. kroner. Faste lån opptekne innanlands auka med 49,2 mrd. kroner. Endringa i statsgjelda for 2024 er nærare spesifisert i tabell 3.3 i vedlegg 3.

Note 13. Kontogruppe 81 Kontolån frå ordinære fond minka med 3,9 mrd. kroner i 2024. Kontogruppa omfattar alle ordinære fond som har fondsmidlar plassert i statskassa på konto i Noregs Bank. Fonda der staten både eig og kan disponere fondskapitalen, er i tillegg aktiverte i kontogruppe 64 Ordinære fond. Det var ein nedgang i desse fondsmidlane på 10,3 mrd. kroner, jf. omtale i note 5. Andre fondsmidlar som inngår i kontogruppe 81 auka med netto 6,4 mrd. kroner. Gjeldsbrevordninga under Utanriksdepartementet og Norad minka samla med 148 mill. kroner. Norsk pasientskadeerstatning – privat sektor minka med 6,2 mill. kroner. Alminneleg garantiordning under Eksportfinansiering Noreg auka med 6,1 mrd. kroner, medan andre ordningar under Nærings- og fiskeridepartementet auka med 142 mill. kroner. Landbrukets utviklingsfond og andre fond under Landbruks- og matdepartementet auka samla med 148,3 mill. kroner. Statens fiskefond minka med 1,5 mill. kroner, medan Velferdsfondet for tolletaten auka med 2,8 mill. kroner. Nasjonalt sikkerheitsfond – verjemål auka med 4,3 mill. kroner. Kyrkjebevaringsfondet vart oppretta i 2024 og hadde 113 mill. kroner inneståande ved utgangen av året.

Note 14. Kontogruppe 82 omfattar verksemder med særskilde fullmakter til å nettoføre utgifter og inntekter. Dei likvide midlane til verksemdene er plasserte i Noregs Bank og minka med 3,7 mrd. kroner i 2024. Midlane er 21,1 mrd. kroner ved utgangen av året. Staten kan nytte denne likviditeten, som vert notert som gjeld i kapitalrekneskapen. Eit meir detaljert oversyn over midlane i desse verksemdene står i tabell 3.1 og tabell 3.10 i vedlegg 3.

Endringa i 2024 gjeld mellom anna Noregs forskingsråd som hadde ein nedgang i bankbehaldninga med 4,9 mrd. kroner som har samanheng med tilrettelegging for overgang til bruttobudsjettert verksemd frå 2025. Forvaltningsorganet for Opplysningsvesenets fond er avvikla og inneståande redusert med 17,1 mill. kroner. Kunnskapssektorens tenesteleverandør (Sikt) hadde ein auke med 166 mill. kroner, medan universitet og høgskular hadde ein netto auke på 814 mill. kroner. Forsvarets forskingsinstitutt hadde ein auke på 333 mill. kroner og Norsk Romsenter ein auke på 4,8 mill. kroner. Veterinærinstituttet hadde ein nedgang på 14,9 mill. kroner og Meteorologisk institutt hadde ein nedgang på 35,7 mill. kroner. Norsk kulturminnefond hadde ein nedgang på 9,7 mill. kroner. NIBIO hadde ein auke på 7,4 mill. kroner, medan Statens arbeidsmiljøinstitutt hadde ein nedgang på 11,3 mill. kroner. Andre verksemder hadde ein samla netto auke på 8,7 mill. kroner.

Note 15. Deposita og avsetjingar minka med drygt 10,5 mrd. kroner. Avsetjinga for mellomvære med Statens pensjonsfond utland minka med knapt 10,5 mrd. kroner (slik at staten per 31.12.2024 har 6,4 mrd. kroner til gode på SPU), sjå kapittel 3.1. Avsetjing i statsgjelda (konto 84 00 16) auka med 83 mill. kroner, medan avsetjing i Statens vegvesen minka med 105 mill. kroner. Avsetjinga i Svalbardrekneskapen (konto 84 50 04) minka med 4,2 mill. kroner. Detaljar om Svalbardrekneskapen står i tabell 5.1–5.3 i vedlegg 5.

Note 16. Unytta løyvingar som vert overførte til neste budsjettår, er registrerte som gjeld i statsrekneskapen. Overføringane frå 2024 til 2025 utgjer til saman 22,8 mrd. kroner, som er 2,0 mrd. kroner meir enn overført løyving frå 2023 til 2024.

Note 17. Avslutningskontoen syner at statens eigenkapital i 2024 auka med 4 053,0 mrd. kroner, frå 16 869,1 mrd. kroner til 20 922,1 mrd. kroner. Brutto endring i statens eigedelar og gjeld går fram av tabell 4.1 og note 1–16 ovanfor. Netto endring i konto for forskyving i balansen, som syner endring i eigenkapitalen som skriv seg frå transaksjonar som ikkje er førte frå 90-postar, går fram av spesifikasjonen nedanfor. Sjå òg tabell 1.13 i vedlegg 1.

Endring i eigenkapitalen over konto for forskyving i balansen (mill. kroner):

2023

2024

61. Endra verdi Statens pensjonsfond

3 344 296

3 958 430

99. Overskot før lånetransaksjonar

-4 246

14 748

87. Endring avsetjing overførte midlar

845

-2 018

Andre endringar:

69 567

81 803

61. Endra verdi Norfund, ikkje ført på 90-post

1 872

4 082

62. Nettovinst verdipapir

1 359

5 426

62. Sal av aksjar, vinst Equinors atterkjøpsprogram

36 987

40 257

63. Driftskreditt Nye veier AS

-900

63. Lån til Institutt for energiforskning

8

14

63. Anna tap/ettergiving av lån

-1

0

63. Auka utlån til helseføretaka

11 662

10 692

63. Justert driftskredittramme, helseføretaka

9 425

1 813

63. Eksportkredittordninga, valutakurseffekt m.m., jf. note 4

1 320

2 159

64. Inneståande fond, ikkje ført på 90-post

2 895

-10 272

65. HOD, oppgjersordningar for H-resept/fritt behandlingsval m.m., jf. kap. 0740

119

2

65. Endring i avsetjing av forskot under Statens vegvesen

-11

3

68. Auke i fast kapital i forvaltningsverksemdene

4 833

27 655

70-72 Korrigering av mellomvære med statskassa etter fullmakt

-27

Sum endring

3 410 461

4 052 962

4.2 Finansinntekter og finansutgifter

Staten hadde i 2024 renteinntekter på 48,0 mrd. kroner og renteutgifter på 15,7 mrd. kroner. Netto renteutgifter vart dermed 32,3 mrd. kroner, jf. tabell 4.2. Frå 2023 til 2024 auka renteutgiftene med 3,6 mrd. kroner, medan renteinntektene auka med 12,3 mrd. kroner.

Tabell 4.2 Renter (tal i mill. kroner)

2022

2023

2024

1. Renteinntekter i alt1)

14 508

35 735

48 016

Renter frå statsbankane og statsføretaka

7 339

15 422

22 790

Renter av kapital i statens forretningsverksemd

1 930

2 070

2 311

Sum renter av kontantbehaldning og andre krav, av dette:

5 238

18 243

22 915

renter av innskot og andre krav

4 206

15 809

18 397

renter av lån til helseføretaka

282

315

405

renter av lån til aksjeselskap

25

29

34

renter frå folketrygda

2

2

2

Statens pensjonskasse, bustadlånsordninga

723

2 088

4 078

2. Renteutgifter i alt

8 255

12 185

15 735

Av innanlandsk statsgjeld

7 993

11 130

13 961

Av utanlandsk statsgjeld

-0,2

0

0

Av investeringslån, helseføretak f.o.m. 2008

263

1 055

1 774

Netto renteinntekter/renteutgifter (-)

6 253

23 550

32 282

1) Sjå òg kapittel 2.18 for omtale av statlege utlån gjennom Statens lånekasse for utdanning, Husbanken, bustadlånsordninga i Statens pensjonskasse, Innovasjon Noreg og eksportfinansieringsordninga gjennom Eksportfinansiering Noreg.

Renteinntekter frå statsbankane og statsføretaka er i 2024 på 22,8 mrd. kroner. Av dette er 7,3 mrd. kroner frå Husbanken, 13,7 mrd. kroner frå Lånekassa, 1,1 mrd. kroner frå eksportfinansieringsordninga, 720 mill. kroner frå Innovasjon Noreg og 15 mill. kroner frå SIVA.

Renteinntekter av innskot og andre krav på 18,4 mrd. kroner er i hovudsak førte på kap. 5605 Renter av statskassas kontantbehaldning og andre krav. Av dette er renter av inneståande på statens foliokonto i Noregs Bank 13,8 mrd. kroner. Renteinntekter av innanlandske verdipapir knytte til statsgjeldsforvaltninga vart 1,4 mrd. kroner. Renteinntekter av alminnelege fordringar vart 268 mill. kroner, driftskreditt til statsverksemder vart 2,6 mrd. kroner, og under Eksportfinansiering Noreg vart renter av allmenn garantiordning 34 mill. kroner. Renter av hybridlån Norwegian Air Shuttle var 114,9 mill. kroner og renter frå Investinor frå såkornfond var 132,2 mill. kroner i 2024.

Opptrekksrenter for investeringslån til helseføretaka på kap. 0732 Regionale helseføretak vart 1,8 mrd. kroner. Renteutgiftene på 14,0 mrd. kroner på kap. 1650 Statsgjelda er mellom anna 12,0 mrd. kroner i renteutgifter knytte til statsobligasjonar og statskassevekslar. Det er og 1 147 mill. kroner i renteutgift på kontolån frå ordinære fond og 280 mill. kroner knytte til atterkjøps- og rentebyteavtalar. Det er 518 mill. kroner i renteutgifter på kontolån frå verksemder som er pålagte å plassere overskotslikviditet som kontolån til staten.

Per 31.12.2024 var statsgjelda 774 mrd. kroner, jf. vedlegg 3, tabell 3.1 og 3.3. Nærare omtale av statens lån i kapitalmarknaden står i Meld. St. 1 (2023−2024) Nasjonalbudsjettet 2024, kap. 3.6 Statens gjeldsforvaltning. Statens lånebehov og behovet for lånefullmakter i 2024 er omtalt i Prop. 1 S (2023–2024) Statsbudsjettet 2024, kap. 7.

4.3 Garantiar

Staten kan ikkje gje garantiar som kan føre til tap i seinare terminar, utan at Stortinget har gjeve ei garantifullmakt. Dette gjeld garantiordningar der staten garanterer for at låntakarar oppfyller skyldnadene sine overfor långivarar.

Tabell 4.3 syner samla garantiansvar etter departement for 2023 og 2024. Per 31.12.2024 har staten gjeve garantiar med eit samla garantiansvar på 228,5 mrd. kroner. Dette er 0,4 mrd. kroner lågare enn i 2023.

Under Nærings- og fiskeridepartementet minka ansvaret i 2024 netto med 2,4 mrd. kroner, og det meste gjeld den allmenne garantiordninga og «gammal allmenn ordning» under Eksportfinansiering Noreg (Eksfin) som minka netto med 6,0 mrd. kroner, medan byggelånsgarantiar til skipsbyggingsindustrien auka med netto 1,8 mrd. kroner. Overføringa av Lånegarantiordninga for små og mellomstore bedrifter frå Finansdepartementet gjorde at Nærings- og fiskeridepartementet auke sitt ansvar med 2,1 mrd. kroner med denne ordninga.

Samla garantiansvar under Utanriksdepartementet auka med 6,1 mrd. kroner. Under Samferdselsdepartementet auka samla garantiansvar netto med 0,5 mrd. kroner, medan det under Finansdepartementet minka med netto 4,7 mrd. kroner. Av dette kjem 5,6 mrd. kroner av Lånegarantiordninga for små og mellomstore bedrifter som vart overført til Nærings- og fiskeridepartementet.

Samla utbetalingar ved tap på garantiar i 2024 var på 1,4 mrd. kroner, og dette kjem av utbetalingar under Eksfin, alminneleg garantiordning og gammal alm. ordning og Innovasjon Noreg, realinvesteringar og driftskreditt og utbetalingar under garantiordninga for re-forsikring av kredittforsikring og lånegarantiordninga for små og mellomstore bedrifter.

Vedlegg 4 inneheld meir informasjon om dei ulike garantiordningane (tabell 4.1 og 4.2 med notar).

Tabell 4.3 Samla garantiansvar for staten per 31.12. (tal i mill. kroner)

Garantiansvar per 31.12.2023

Utbetalt ved tap i 2024

Garantiansvar per 31.12.2024

Utanriksdepartementet

53 478,0

59 612,9

Kommunal- og distriktsdepartementet1)

15,8

Arbeids- og inkluderingsdepartementet

197,0

196,2

Nærings- og fiskeridepartementet2)

128 088,6

1 407,6

125 693,3

Samferdselsdepartementet

22 366,7

22 889,9

Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet1)

11,3

Finansdepartementet2)

23 770,8

19 082,8

Energidepartementet

1 000,0

1 000,0

Sum

228 916,9

1 407,6

228 486,4

1) Garantiordning vart i 2024 overført frå Kommunal- og distriktsdepartementet til Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet.

2) Lånegarantiordninga for små og mellomstore bedrifter vart i 2024 overført frå Finansdepartementet til Nærings- og fiskeridepartementet.

4.4 Prinsipp for føring av statsrekneskapen

Desse hovudprinsippa ligg til grunn for statsrekneskapen:

  • Statens løyvingsrekneskap og balanse vert ført etter kontantprinsippet, i samsvar med løyvingsvedtak i Stortinget. Av Finansdepartementets rundskriv R-101 går det av pkt. 5.1.1. fram einskilde tilfelle der statlege verksemder har unntak frå eit reindyrka kontantprinsipp.

  • Rekneskapen vert kvart år sett opp med ein rekneskapstermin frå 1. januar til 31. desember. Han skal òg innehalde eit oversyn over garantiar, tilsegnsfullmakter og bestillingsfullmakter som gjeld per 31. desember.

  • Løyvingsrekneskapen vert sett opp etter den inndelinga som Stortinget har fastsett for budsjettet.

  • Løyvingsrekneskapen vert ført etter bruttoprinsippet, slik at inntekter og utgifter vert sette opp kvar for seg.

  • Transaksjonar skal førast med verdien på betalingstidspunktet. Verdien i kapitalrekneskapen vert sett til historisk verdi på transaksjonstidspunktet. Unntak er Statens pensjonsfond og Norfund, som nyttar marknadsverdi. Lån under eksportkredittordninga i utanlandsk valuta vert omrekna til kursen på balansedagen.

  • Lånetransaksjonar på 90-postar i løyvingsrekneskapen (lån, tilbakebetalingar m.m.) vert førte i kapitalrekneskapen som auke/nedgang i statens eigedelar og gjeld.

  • Statsrekneskapen er bygd på fullstendig rapportering frå alle statlege verksemder som rapporterer til statsrekneskapen, og rapportering frå kvart departement. Tala i rekneskapen og statlege verksemder sine mellomvære med statskassa er stadfesta av kvart departement.

  • Rapporterte betalingar i kvar verksemd er avstemte mot statens konsernkontosystem i Noregs Bank.

  • Statens løyvingsrekneskap vert gjord opp med eit brutto finansieringsbehov, jf. tabell 1.9. Brutto finansieringsbehov går fram av kapittel 5999 Statslånemidlar og vert ført mot konto for forskyving i balansen (eigenkapitalen) i kapitalrekneskapen. Tabell 1.14 i vedlegg 1 syner samanhengen mellom finansieringsbehovet og faktisk endring i kontantbehaldninga. Netto endring i konto for forskyving i balansen skriv seg frå transaksjonar som ikkje er førte frå 90-postar, jf. note 17 i kapittel 4.1.

Til forsida