Meld. St. 3 (2024–2025)

Statsrekneskapen 2024

Til innhaldsliste

3 Statens pensjonsfond

Lov om Statens pensjonsfond tok til å gjelde 1. januar 2006. Same dato vart Statens pensjonsfond skipa som overbygning over det som før var Statens petroleumsfond og Folketrygdfondet. Desse to fonda skifta samstundes namn til høvesvis Statens pensjonsfond utland (SPU) og Statens pensjonsfond Noreg (SPN). Verksemda i fonda er vidareført under den nye overbygningen. Tabell 3.1 syner at samla verdi av dei to fonda var 20 116,3 mrd. kroner ved utgangen av 2024, tilsvarande ein auke på 4 001,2 mrd. kroner frå utgangen av 2023. Kapitalen i fonda vert teken med i kapitalrekneskapen i kontogruppe 61 Spesielle fond og forsikringar.

Tabell 3.1 Samla verdi av Statens pensjonsfond (tal i mill. kroner)

2023

2024

Endring

SPU

15 760 765

19 735 145

3 974 379

SPN

354 264

381 115

26 851

Sum Statens pensjonsfond

16 115 029

20 116 259

4 001 230

3.1 Statens pensjonsfond utland

Inntektene og utgiftene i SPU er definerte i lov 21. desember 2005 nr. 123 om Statens pensjonsfond. Inntektene i 2024 er summen av statens netto kontantstraum frå petroleumsverksemda, netto finanstransaksjonar (medrekna ev. kjøp og sal av aksjar i Equinor ASA), og avkastninga av fondets investeringar. Utgiftene i fondet er ei årleg overføring frå fondet til statskassa etter vedtak i Stortinget.1 Med utgangspunkt i innstillinga frå finanskomiteen om handsaminga av tidlegare lov om Statens petroleumsfond vart det etablert som praksis at overføringa svarer til det oljekorrigerte underskotet i statsbudsjettet. Overføringa frå SPU til statsbudsjettet over kapittel 5800 vert rekneskapsført i samsvar med stortingsvedtaket i nysaldert budsjett. Etter handlingsregelen for budsjettpolitikken skal det strukturelle, oljekorrigerte underskotet over tid svare til venta realavkastning av SPU.

SPU vert forvalta som eit kroneinnskot i Noregs Bank og er ein del av balansen i rekneskapen til banken. Kroneinnskotet har same verdi som banken sin særskilde portefølje av utanlandske eigedelar tilknytt SPU. Rekneskapen for kroneinnskotet vert såleis ført etter dei same retningslinene som rekneskapen elles i Noregs Bank. Rekneskapen er ført etter IFRS. Det stortingsoppnemnde representantskapet skal etter sentralbanklova føre tilsyn med drifta av banken, medrekna kapitalforvaltninga. Representantskapet peikar ut ekstern revisor for Noregs Bank, som i 2024 vart revidert av revisjonsfirmaet Ernst & Young AS.

Tabell 3.3 nedanfor syner eit resultatoppsett for SPU med resultatelement som følgjer av lov om Statens pensjonsfond. Tabell 3.4 syner balansen til fondet. I tabell 3.2 er dei månadlege kontantoverføringane mellom fondet og statskassa spesifiserte.

Resultatoppsettet i tabell 3.3 syner ein auke i verdiane i SPU på 3 974,4 mrd. kroner i 2024. Netto kontantstraum frå statens petroleumsverksemd var på 702,2 mrd. kroner. Etter vedtak i nysaldert budsjett 2024 vart det overført 346,5 mrd. kroner frå SPU til statsbudsjettet. Staten hadde i 2024 òg netto finanstransaksjonar som påverka resultatet i SPU2, jf. lov om Statens pensjonsfond § 4. Avkastninga av plasseringane til fondet var 3 575,9 mrd. kroner, jf. Noregs Banks årsmelding om SPU. Av dette kjem til saman 402,8 mrd. kroner3 frå renter, utbyte, og netto andre postar inkludert skattekostnad, med frådrag for forvaltningskostnader, medan 583,8 mrd. kroner kjem frå netto realiserte vinstar/tap på verdipapir og 1 517,0 mrd. kroner kjem frå netto urealiserte vinstar/tap på verdipapir. Valutakursreguleringar førte til ein auke i verdien av fondet målt i norske kroner svarande til 1 072,2 mrd. kroner som følgje av svekka kronekurs i 2024. Noregs Banks årsmelding om SPU syner eit positivt resultat frå forvaltning på 2 511,1 mrd. kroner, før valutakursregulering og forvaltningskostnader (jf. spesifikasjon i tabell 3.3, note 4).

Kontantstraumen frå petroleumsverksemda medrekna eventuelle finanstransaksjonar i samband med at staten har kjøpt eller selt aksjar i Equinor ASA, og med frådrag for overføringa til statsbudsjettet, utgjer netto avsetjing til fondet i statsbudsjettet. For 2024 er netto avsetjing 398,5 mrd. kroner.4 Kontantoverføringane mellom statskassa og fondet gjennom året vert fastlagde ut frå ein prognose for netto avsetjing der ein òg tek omsyn til om det vart overført for mykje eller for lite året før. Dei månadlege kontantoverføringane og samanhengen med netto avsetjing til SPU kjem fram i tabell 3.2.

Tabell 3.2 Kontantoverføringar SPU (tal i mill. kroner)

Overføring til SPU

2023

2024

Januar

74 000

38 000

Februar

72 000

30 000

Mars

71 000

28 000

April

55 000

29 000

Mai

60 000

33 000

Juni

60 000

34 000

Juli

60 000

34 000

August

37 000

30 000

September

42 000

35 000

Oktober

52 000

35 000

November

82 000

40 000

Desember

46 000

43 000

Sum kontantoverføringar til/frå(-) SPU*)

711 000

409 000

+ Oppgjer av mellomrekninga frå i fjor

15 872

-4 046

– Netto avsetjing til SPU i år, inkl. finanspostar

730 918

398 509

For lite (-) /mykje overført til SPU i år

-4 046

6 445

*) For 2024 vart det til saman overført 409,0 mrd. kroner til fondet. I 2023 vart det overført 4 046 mill. kroner for lite til fondet frå statskassa, jf. mellomrekninga med statskassa per 31.12.2023. Dei kontante overføringane frå statskassa til SPU i 2024 enda opp med å vere 6 445 mill. kroner høgare enn netto avsetjing til SPU inkl. finanspostar og mellomrekninga per 31.12.2023 skulle tilseie, slik at statskassa har ei fordring på SPU. I kapitalrekneskapen per 31. desember er differansen ført opp som ei mellomrekning mellom fondet og statskassa. Sjå òg tabell 3.4 for spesifikasjon. I tråd med tidlegare praksis vert mellomrekninga gjord opp i overføringane mellom fondet og staten året etter.

Samla verdi av fondet ved utgangen av 2024 er bokført til 19 735,1 mrd. kroner i kapitalrekneskapen. Dette svarer til marknadsverdien av fondet på 19 741,6 mrd. kroner og mellomrekninga på 6,4 mrd. kroner i favør av statskassa. Balansen i SPU er nærare spesifisert i tabell 3.4, der bruttotal for balansen til fondet òg kjem fram.

Kapitalen i SPU er plassert i renteberande verdipapir, i aksjar noterte på børs og i unotert eigedom og infrastruktur. Noregs Bank forvaltar SPU på oppdrag frå Finansdepartementet. Finansdepartementet har i mandatet for fondet definert nærare innretting for forvaltninga. Samansetjinga av referanseindeksen for fondet vert nærare omtalt i Meld. St. 22 (2024–2025) Statens pensjonsfond 2025.

Den 25. februar 2025 offentleggjorde Noregs Bank årsmeldinga for forvaltninga av SPU.

Årsmeldinga til Noregs Bank gjer greie for korleis den særskilde porteføljen av utanlandske verdipapir i SPU, som svarer til verdien av innskotet i Noregs Bank, vart forvalta i 2024. I samsvar med forskrift om årsrekneskap m.m. gjeldande frå 2011 følgjer Noregs Bank dei internasjonale rekneskapsstandardane IFRS i rekneskapsrapporteringa.5 Årsmeldinga syner at den bokførte verdien av den særskilde porteføljen var 19 741,6 mrd. kroner ved utgangen av 2024. Avkastninga av dei utanlandske investeringane i fondet vart på 13,1 prosent for heile 2024 målt i valutakorga til fondet. Valutakorga er ei vekta samansetjing av valutaene i referanseindeksane for aksjar og obligasjonar. Når ein fordeler avkastninga på aksje-, obligasjons- og eigedomsporteføljane, ser ein at aksjeinvesteringane gav ei avkastning på 18,2 prosent, obligasjonsinvesteringane gav 1,3 prosent, dei unoterte eigedomsinvesteringane -0,6 prosent og dei unoterte infrastrukturinvesteringane -9,8 prosent.

Verdien av den norske krona svekka seg i 2024 mot fleire av valutaene fondet er investert i. Isolert sett vart verdien av fondet målt i norske kroner 1 072,2 mrd. kroner høgare som følgje av dette. Det er avkastninga i utanlandsk valuta som er relevant når ein skal vurdere utviklinga i den internasjonale kjøpekrafta til fondet.

Dei samla kostnadene til forvaltninga vert dekte av avkastninga i fondet i samsvar med mandatet for Noregs Bank si forvaltning av SPU. For 2024 utgjorde dei samla kostnadene for SPU 0,04 prosent av gjennomsnittleg forvalta kapital. Avkastningsavhengige honorar til eksterne forvaltarar er rekna med, og kom på 1 543 mill. kroner i 2024 mot 1 343 mill. kroner i 2023. Til saman utgjorde forvaltningskostnadene til Noregs Bank, medrekna eksterne forvaltarar, 7 390 mill. kroner i 2024, mot 6 632 mill. kroner i 2023. Forvaltningskostnadene er nærare spesifiserte i note 12 i Noregs Bank si årsmelding om SPU for 2024, og kostnadsutviklinga vert nærare omtalt i Meld. St. 22 (2024–2025) Statens pensjonsfond 2025, der årsmeldinga til Noregs Bank er uprenta vedlegg.

Tabell 3.3 Resultatoppsett for SPU1) (tal i mill. kroner)

Notar

2023

2024

Inntekter frå netto kontantstraum (jf. kap. 2800, 50)

1

978 064

702 159

Inntekt frå netto finanstransaksjonar (jf. kap. 2800, 96)

2

39 071

42 801

Utgift ved overføring til statsbudsjettet (jf. kap. 5800, 50)

3

-286 217

-346 451

Netto avsetjing til SPU i statsbudsjettet

730 918

398 509

Avkastning av plasseringane til fondet

4

2 616 385

3 575 870

Samla endring SPU

3 347 303

3 974 379

1) Tabellen inneheld resultatelement som følgjer av lov om Statens pensjonsfond.

Note 1 Inntekter frå netto kontantstraum

Netto kontantstraum frå petroleumsverksemda vert overført til SPU over kapittel 2800, post 50 i statsbudsjettet. Netto kontantstraum utgjer desse postane i statsbudsjettet (tal i mill. kroner):

Kap.

Post

2023

2024

INNTEKTER

5507

Skatt og avgift på utvinning av petroleum

71

Ordinær skatt på formue og inntekt

188 239

132 693

72

Særskatt på oljeinntekter

426 187

278 774

74

Arealavgift m.m.

1 319

1 180

Sum kap. 5507

615 746

412 647

5508

70

Avgift på utslepp av CO2 i petroleumsverksemda på kontinentalsokkelen

7 496

7 695

5509

70

Avgift på utslepp av NOx i petroleumsverksemda på kontinentalsokkelen

4

-3

5440

Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda

24

Driftsresultat

277 003

234 153

30

Avskrivingar

27 206

29 600

80

Renter av statens kapital

2 708

4 026

85

Renter på mellomvære

-11

-11

Sum kap. 5440

306 906

267 768

5685

85

Utbyte frå Equinor ASA

78 309

62 578

Sum inntekter frå petroleumsverksemda

1 008 461

750 685

UTGIFTER

2440

Statens direkte økonomiske engasjement i petroleumsverksemda

30

Investeringar

30 396

35 397

31

Kjøp av eigedelar

0

13 129

Sum utgifter til petroleumsverksemda

30 396

48 526

Sum netto kontantstraum

978 064

702 159

2800

Statens pensjonsfond utland

50

Overføring til fondet

978 064

702 159

Note 2 Inntekt frå netto finanstransaksjonar

I 2023 og 2024 vart det seld aksjar til Equinor ASA for innløysing for høvesvis 39,1 mrd. kroner og 42,8 mrd. kroner, som ledd i Equinors atterkjøpsprogram av eigne aksjar. Dette påverkar resultatoppsettet for SPU, jf. tabell 3.3 ovanfor.

Kap.

Post

2023

2024

3955

Equinor ASA

96

Sal av aksjar

39 071

42 801

Sum finanstransaksjonar

39 071

42 801

2800

Statens pensjonsfond utland

96

Finanspostar overført til fondet

39 071

42 801

Note 3 Utgift ved overføring til statsbudsjettet

Overføringa frå SPU til statskassa vert fastsett i samband med stortingshandsaminga av nysaldert budsjett i desember og ført til inntekt over kapittel 5800, post 50 (tal i mill. kroner):

Kap.

Post

2023

2024

5800

Statens pensjonsfond utland

50

Overføring frå fondet

286 217

346 451

Note 4 Inntekter frå avkastning av fondet

Noregs Banks resultatrekneskap for SPU (tal i mill. kroner):

2023

2024

Resultat frå porteføljen før vinst/tap valuta

Inntekt/kostnad frå:

– aksjar

2 030 561

2 454 653

– obligasjonar

231 769

70 889

– unotert eigedom

-47 389

-3 789

– unotert infrastruktur

-257

-627

– finansielle derivat

15 752

11 262

– utlån med sikkerhetsstillelse

9 922

21 622

– innlån med sikkerhetsstillelse

-13 278

-24 810

Skattekostnad1)

-13 555

-17 211

Renteinntekt/-kostnad

49

-939

Annan inntekt/kostnad

4

4

Porteføljeresultat før vinst/tap valuta2)

2 213 577

2 511 054

Vinst/tap valuta

409 441

1 072 207

Porteføljeresultat

2 623 018

3 583 261

Forvaltningskostnad

-6 632

-7 390

Resultat og totalresultat

2 616 385

3 575 870

1) Sjå note 9 Skattekostnad i Noregs Banks årsrapport for SPU.

2) I Noregs Banks resultatrekneskap for SPU er porteføljeresultat før vinst/tap valuta spesifisert nærare i notane 4, 6, 7, 10 og 13. Referanse til tabellar med slik spesifikasjon står i parentes nedanfor (tal i mill. kroner):

Renter

Utbyte

Real. vinst/tap

Ureal. vinst/tap

Andre postar

Sum

Netto inntekt/kostnad – vinst/tap frå:

– aksjar (4.1)

270 263

617 366

1 567 024

2 454 653

– obligasjonar (4.2)

157 191

-44 964

-41 338

70 889

– unotert eigedom (6.1)

8 1751)

-11 963

-3 789

– unotert infrastruktur (7.1)

440

-1 067

-627

– finansielle derivat (4.3)

-4 494

11 411

4 345

11 262

Inntekt/kostnad frå utlån med sikkerhetsstillelse (13.1)

21 622

21 622

Inntekt/kostnad frå innlån med sikkerhetsstillelse (13.1)

-24 810

-24 810

Renteinntekt/kostnad

-939

-939

Skattekostnad (10.1)

-17 211

-17 211

Annan inntekt/kostnad

4

4

Porteføljeresultat før vinst/tap valuta

160 372

270 263

583 814

1 517 000

-20 395

2 511 054

Summen av renteinntekter (160,4 mrd. kroner), aksjeutbyte (270,3 mrd. kroner) og netto andre postar inkludert skattekostnad (-20,4 mrd. kroner), med frådrag av forvaltningskostnader (7,4 mrd. kroner) utgjer 402,8 mrd. kroner og inngår i statens samla overskot, jf. tabell 1.4 i kapittel 1.

1) Talet inkluderer renter og utbyte som ikkje er fordelte.

Tabell 3.4 Balanse for SPU per 31.12. (tal i mill. kroner)

Eigedelar

2023

2024

Mellomrekning med statskassa1)

4 046

0

Konto i Noregs Bank2)

15 756 719

19 741 590

Sum eigedelar

15 760 765

19 741 590

Gjeld og eigenkapital

Mellomrekning med statskassa1)

0

6 445

Eigenkapital

15 760 765

19 735 145

Sum gjeld og eigenkapital

15 760 765

19 741 590

1) Dei kontante overføringane frå statskassa til SPU i 2024 vart 6 445 mill. kroner høgare enn netto avsetjing til SPU inkl. finanspostar og mellomrekninga per 31.12.2023 skulle tilseie. Denne differansen utgjer per 31.12.2024 ei fordring som statskassa har på fondet, og som vert avrekna i overføringane mellom fondet og statskassa i 2025. Tilsvarande tal per 31.12.2023 var ei gjeld som statskassa hadde til fondet på 4 046 mill. kroner som vart avrekna i overføringane i 2024.

2) I samsvar med mandat for forvaltninga av Statens pensjonsfond utland fastsett 8. november 2010 vert fondet plassert på ein særskild konto i form av kroneinnskot i Noregs Bank. Noregs Bank plasserer desse midlane i sitt eige namn i aktiva denominerte i utanlandsk valuta. Noregs Banks balanse for SPU fordelte seg slik per 31.12:

Tal i mill. kroner

2023

2024

Eigedelar

Innskot i bankar

8 584

25 550

Utlån med sikkerhetsstillelse

728 559

1 020 455

Avgiven kontantsikkerheit

19 361

11 340

Uoppgjorde handlar

33 812

72 619

Aksjar

10 577 325

13 290 055

Utlånte aksjar

493 949

862 197

Obligasjonar

3 563 613

4 481 076

Utlånte obligasjonar

1 006 711

1 088 846

Finansielle derivat

19 192

32 904

Unotert eigedom

300 541

355 769

Unotert infrastruktur

17 593

25 236

Fordring kjeldeskatt

10 522

17 938

Andre eigedelar

2 752

1 690

Fordring forvaltningsgodtgjering

168

0

Sum eigedelar

16 782 681

21 285 673

Gjeld og eigenkapital

Innlån med sikkerhetsstillelse

911 548

1 319 892

Motteken kontantsikring

28 754

103 193

Uoppgjorde handlar

44 247

76 260

Finansielle derivat

33 055

31 229

Utsett skatt

8 246

13 170

Anna gjeld

112

147

Skyldig forvaltningsgodtgjering

0

190

Sum gjeld

1 025 962

1 544 083

Eigenkapital SPU

15 756 719

19 741 590

Sum gjeld og eigenkapital

16 782 681

21 285 673

3.2 Statens pensjonsfond Noreg

Folketrygdfondet forvaltar Statens pensjonsfond Noreg (SPN) på oppdrag frå Finansdepartementet.

Folketrygdfondet offentleggjorde 14. februar 2025 årsmeldinga for forvaltninga av SPN i 2024.

Aksje- og obligasjonsplasseringane vert førte til marknadsverdi i Folketrygdfondet sitt rekneskapsoppsett for SPN, jf. tabell 3.6 Hovudtal i balansen for SPN. Eigenkapitalen i SPN var ved utgangen av 2024 381,1 mrd. kroner, mot 354,3 mrd. kroner året før. I årsmeldinga til Folketrygdfondet vert dei ulike eigedels- og gjeldspostane fordelte til høvesvis aksjeporteføljen og renteporteføljen. Sjå note 5 Porteføljeområde i Folketrygdfondet sin rekneskap for SPN. Fordelinga syner at bokført verdi av SPNs aksjeportefølje (målt ved statens kapitalinnskot alt. eigenkapitalen) ved utgangen av 2024 var 238,6 mrd. kroner, og bokført verdi av renteporteføljen var 142,6 mrd. kroner. Tilsvarande tal for 2023 var høvesvis 218,0 mrd. kroner og 136,3 mrd. kroner.

I 2024 syner resultatet til SPN eit overskot på 26,9 mrd. kroner, jf. tabell 3.5 nedanfor.6 Det var ei vinst på aksjar på 20,3 mrd. kroner. Vinsten på obligasjonar og andre renteberande papir var 9,0 mrd. kroner, og det var 1,8 mrd. kroner i tap på finansielle derivat. Spesifikasjonen under tabell 3.5 nedanfor syner at renteinntekter utgjorde 4,4 mrd. kroner, medan utbyte frå selskap i porteføljen utgjorde 15,4 mrd. kroner. Netto realisert vinst/tap på verdipapir var 6,3 mrd. kroner, medan netto urealisert vinst/tap var 1,3 mrd. kroner. Samla forvaltningskostnader var 243 mill. kroner, som er 0,065 prosent av gjennomsnittleg forvalta kapital i 2024. Forvaltningskostnadene er kostnadene til Folketrygdfondet si forvaltning av fondet. Dette er nærare omtalt i årsmeldinga til Folketrygdfondet og i Meld. St. 22 (2024–2025) Statens pensjonsfond 2025.

Årsmeldinga til Folketrygdfondet gjer greie for korleis porteføljen av verdipapir i SPN vart forvalta i 2024. Avkastninga av fondet i 2024 var på 7,6 prosent før forvaltningskostnader. Avkastninga av plasseringane i renteinstrument var på 5,1 prosent, medan avkastninga av aksjar var på 9,3 prosent.

Folketrygdfondet si forvaltning av SPN vart i 2024 revidert av revisjonsselskapet Deloitte, som er oppnemnt av Finansdepartementet.

Tabell 3.5 Folketrygdfondets resultatrekneskap for SPN (tal i mill. kroner)

2023

2024

Inntekt og kostnad på finansielle eigedelar og gjeld til verkeleg verdi over resultatet:

Aksjar

25 869

20 270

Obligasjonar og andre renteberande papir

9 917

9 031

Finansielle derivat og tilknytta sikkerhetsstillelse

1 287

-1 810

Utlån, innlån og tilknytta sikkerhetsstillelse

-1 084

-408

Bankkontoar

266

6

Andre porteføljeinntekter/-kostnader

15

5

Porteføljeresultat1)

36 271

27 094

Forvaltningskostnader

-207

-243

Totalresultat SPN

36 064

26 851

1) I Folketrygdfondets resultatrekneskap for SPN er porteføljeresultatet spesifisert nærare i note 6. Referanse til tabellar med slik spesifikasjon står i parentes nedanfor (tal i mill. kroner):

Utbyte

Renter

Real. vinst/tap

Ureal. vinst/tap

Andre postar

Sum

Netto inntekt/kostnad – vinst/tap frå:

– aksjar (6.1)

15 398

6 342

-1 426

-44

20 270

– obligasjonar (6.2)

7 006

-356

2 381

9 031

– finansielle derivat m.m. (6.3)

-2 601

340

311

140

-1 810

– utlån/innlån med sikkerhetsstillelse (6.4)

-271

-137

-408

– Bankkontoar (6.5)

218

-212

6

Annan inntekt/kostnad

5

5

Porteføljeresultat

15 398

4 352

6 326

1 266

-248

27 094

Summen av renteinntekter (4 352 mill. kroner medrekna renteinntekt tilknytte sikkerhetsstillelse), aksjeutbyte (15 398 mill. kroner med fråtrekk av kjeldeskatt) og netto andre inntekter (-248 mill. kroner), med frådrag for forvaltningskostnader (243 mill. kroner), utgjer 19 259 mill. kroner og inngår i statens samla overskot, jf. tabell 1.4, i kapittel 1.

Tabell 3.6 Hovudtal i balansen for SPN per 31.12. (tal i mill. kroner)

2023

2024

Eigedelar

Kontantar og kontantekvivalentar

5 716

4 550

Stilt kontantsikring knytte til utlån og innlån

914

1 020

Stilt kontantsikring knytte til finansielle derivat

3 102

2 741

Uoppgjorde handlar

911

7

Aksjar

208 528

232 792

Utlånte aksjar

8 786

5 786

Obligasjonar og andre renteberande papir

131 967

137 143

Utlånte obligasjonar og andre renteberande papir

5 223

7 415

Finansielle derivat

3 582

2 767

Fordringar

95

158

Sum eigedelar

368 824

394 379

Gjeld og eigenkapital

Motteken kontantsikring knytte til utlån og innlån

7 095

7 796

Motteken kontantsikring knytte til finansielle derivat

343

0

Uoppgjorde handlar

790

68

Finansielle derivat

6 306

5 361

Skuldig forvaltningsgodtgjersle

26

39

Sum gjeld

14 560

13 264

Eigenkapital SPN

354 264

381 115

Sum gjeld og eigenkapital

368 824

394 379

Fotnotar

1

Overføringa frå fondet til statskassa vert fastsett i samband med stortingshandsaminga av nysaldert budsjett i desember.

2

Sjå omtale i note 2 til tabell 3.3.

3

Summen av renteinntekter og aksjeutbyte og andre netto inntekter, med frådrag for forvaltningskostnader, utgjer 402,8 mrd. kroner og inngår i statens samla overskot, jf. tabell 1.4 i kapittel 1. I tabell 3.3, note 4 er elementa i dette sumtalet nærare spesifiserte.

4

Sjå tabell 3.3 Resultatoppsett for SPU. Netto avsetjing til SPU i 2024 (398 509 mill. kroner) er netto kontantstraum (702 159 mill. kroner), netto finanstransaksjonar (42 801 mill. kroner), og med frådrag av overføringa til statsbudsjettet frå fondet (346 451 mill. kroner).

5

Meir om retningsliner for Noregs Banks årsrekneskap og rekneskapsprinsipp står i notane 1 og 2 i Noregs Banks årsrekneskap for SPU.

6

Sjå fotnotar til resultatet i tabell 3.5 som syner samanhengen med statens samla overskot, jf. tabell 1.4 i kapittel 1.

Til forsida