Meld. St. 12 (2024–2025)

Noregs fiskeriavtalar for 2025 og fisket etter avtalane i 2023 og 2024

Til innhaldsliste

4 Bestandane – status og rådgjeving

Dette kapittelet gjer greie for tilstanden til dei viktigaste fiskebestandane Noreg deler med andre land, og dei vitskaplege råda om korleis bestandane bør regulerast. For kvart geografiske område – Barentshavet, Norskehavet og Nordsjøen – gjev vi innleiingsvis ei kort oversikt over tilstanden i økosystemet og dei viktigaste bestandane der. I omtalen av kvar bestand viser vi den historiske utviklinga i bestandsstorleik, gytebestand og fangstar i tillegg til tilrådd og avtalt totalkvote dei siste fem åra.

Dette kapittelet presenterer òg fiskedødelegheita (for dei fleste bestandar for dei siste 10–15 åra) etter dagens forvaltingsplan (Fmgt), der det er på plass ein forvaltingsplan, eller den sist estimerte verdien av maksimalt langtidsutbyte (Fmsy). Vi gjer merksam på at desse verdiane har blitt endra i den siste tiårsperioden for fleire av bestandane. Fordi ein kvart år får ny informasjon om kvar bestand, endrar biletet av den historiske utviklinga til bestanden seg, spesielt har det vore slik dei siste åra. Dette er illustrert i rådet frå ICES, under «Quality of the assessment», der det for kvar bestand er figurar som viser historiske endringar i bestandsvurderinga (gytebestand, fiskedødelegheit og rekruttering). I tillegg til å vise effekten av nye data reflekterer desse figurane metodeendringar.

4.1 Barentshavet

Gytebestanden av torsk i Barentshavet har i perioden 2008–2022 vore på det høgaste nivået vi har hatt i etterkrigstida, men har blitt kraftig redusert frå det historiske toppnivået i 2013 og er framleis på veg nedover. Også hyse- og blåkveitebestanden er på eit relativt lågt nivå, medan snabeluerbestanden er på eit stabilt og høgt nivå. Loddebestanden er svært variabel. Det var ikkje loddefiske i 2016 og 2017, men i 2018 vart det opna for fiske på denne bestanden igjen. Fisket vart så stengt igjen i 2019–2021 og opna igjen i 2022–2024, før det vart stengt nok ein gong i 2025.

Figur 4.1 Barentshavet – straumar og djupn.

Figur 4.1 Barentshavet – straumar og djupn.

Det står bra til med vågekval og grønlandssel, som er dei to sjøpattedyrbestandane som det blir fangsta på i Barentshavet. For begge bestandane, spesielt grønlandssel, er fangsten lågare enn kvoterådet. Kvoten for vågekval blir fastsett av Noreg basert på metodar utvikla i IWC, slik det er omtalt i kapittel 3.4.3.

Barentshavet er eit relativt grunt havområde som ligg på kontinentalsokkelen nord for Noreg og Russland, jf. figur 4.1. Barentshavet er sterkt prega av varmt atlantisk vatn som strøymer inn frå sørvest. Det er i stor grad det som gjer at dette havområdet ikkje berre er leveleg, men eit svært produktivt hav. Områda på denne breiddegraden på motsett side av jordkloden er dekte med is året rundt, då dei ikkje har denne innstrøyminga av varmt vatn. Dei siste åra har det vore mykje varmt atlanterhavsvatn nord i Barentshavet og nord for Svalbard. Det varme vatnet skaper stor produksjon av plankton og godt med mat til både lodde og torsk. Torsk og lodde hadde i fleire av åra på 2010-talet den nordlegaste utbreiinga som er registrert i målingane til Havforskingsinstituttet gjennom dei siste 40 åra.

Noreg og Russland har i mange år hatt eit særs godt samarbeid om forsking i Barentshavet, og dette har gjeve god kunnskap om fiskebestandane og økosystemet.

Figur 4.2 Økosystemet i Barentshavet.

Figur 4.2 Økosystemet i Barentshavet.

Illustrasjon: Havforskingsinstituttet.

Som følgje av Russlands militære angrep på Ukraina vedtok ICES å suspendere russiske delegatar, medlemmer og ekspertar mellombels frå aktivitetane til ICES frå og med 30. mars 2022. Kvoteråda for fellesbestandar med Russland (torsk, hyse, blåkveite, lodde og snabeluer) for 2025 vart difor, som for 2023 og 2024, utarbeidde av ei felles norsk-russisk forskargruppe, som la til grunn eksisterande ICES-metodikk for desse bestandane.

Det er funne over 200 fiskeartar i Barentshavet, men berre nokre få har kommersiell verdi. Dette er først og fremst den nordaustarktiske torsken (den største torskebestanden i verda), den nordaustarktiske hysa, den nordaustarktiske blåkveita, vanleg uer, snabeluer og lodde. I tillegg speler reker, snøkrabbe og kongekrabbe viktige økonomiske roller. Rekefisket har auka dei siste åra. Snøkrabbe breier seg vestover og nordover i Barentshavet. Det har blitt utvikla eit kommersielt fiske på denne bestanden, og norsk fangst av snøkrabbe er allereie fleire gonger større enn norsk fangst av kongekrabbe.

Figur 4.3 viser det samla fangstkvantumet av botnfisk og pelagisk fisk i Barentshavet frå starten av førre hundreåret og fram til 2023. Den pelagiske fisken er nesten berre lodde, med eit lite innslag av polartorsk først i 1970-åra. Tidlegare var det lita interesse for å fiske lodde, men nedgangen i sildebestanden i Norskehavet i 1960-åra gjorde at fiskeflåten som før fiska sild, no søkte etter nye bestandar å fiske på. Utover i 1970-åra utvikla det seg eit omfattande loddefiske, som nådde ein topp i 1977 med ein fangst på om lag tre millionar tonn.

Figur 4.3 Fisket i Barentshavet frå 1903 til 2023. Totalfangst – alle land.

Figur 4.3 Fisket i Barentshavet frå 1903 til 2023. Totalfangst – alle land.

Figur 4.4 Torskebestanden sitt konsum av ulike byttedyr frå 1984 til 2023.

Figur 4.4 Torskebestanden sitt konsum av ulike byttedyr frå 1984 til 2023.

Kvantumet av fiska lodde har vore mykje mindre sidan 1990 enn det var i 1970-åra og tidleg i 1980-åra, sjølv om ikkje loddebestanden har vore så mykje mindre. Vi ser då bort frå dei fire periodane då loddebestanden var særs liten og fisket vart stoppa. Denne utviklinga i fisket heng saman med at torskebestanden, som har lodde som det viktigaste fôret sitt, var svært stor på 2010-talet, og dessutan breier seg lenger nord og aust no enn før og overlappar geografisk med loddebestanden ein mykje lengre periode av året. Torsken et difor ein langt større del av loddebestanden no enn tidlegare.

Av figur 4.4 ser vi at torsken konsumerte meir enn 8 millionar tonn mat årleg rundt 2010, og det går tydeleg fram at lodda utgjorde størstedelen av konsumet. I 2023 hadde konsumet minka til om lag 3,4 millionar tonn. Innsamlinga av mageprøvar frå torsk er eit sams norsk-russisk prosjekt. Det kom i stand i 1984 som eit første steg mot fleirbestandsforsking og -forvalting. Ved å studere kva den viktigaste rovfisken i Barentshavet et, har vi lært svært mykje om korleis dette økosystemet fungerer. Det er denne kunnskapen som ligg til grunn når vi no ser forvaltinga av lodde og torsk i samanheng og tek med i bestandsvurderinga for torsk og hyse kor mykje småtorsk og småhyse den store torsken set til livs.

Boks 4.1 Nordaustarktisk torsk

Figur 4.5 Torsk

Figur 4.5 Torsk

Foto: Øystein Paulsen, Havforskingsinstituttet.

Artsnamn: torsk – Gadus morhua

Maksimal storleik: 169 cm og 55 kg

Levetid: maks 25 år

Bestandsstorleik (2024): om lag 1,3 millionar tonn (totalbestand 3 år gammal og eldre fisk)

Kvote for 2025: 340 000 tonn (TAC)

Norsk fangstverdi (2024): om lag 7,5 milliardar kroner (kysttorsk inkludert)

Fakta om bestanden: Største torskebestand i verda. Beitar på fisk og krepsdyr, mest lodde. Bestanden er no utbreidd i mesteparten av Barentshavet, også nord for polarfronten. I første halvår er gytefisken (skrei) fordelt langs norskekysten, for det meste sør til Lofoten, men enkelte år finst det skrei heilt til sør for Stad. Gyteperioden er mars–april.

Fisket

Gjennomsnittleg årsfangst sidan 1946 er 673 000 tonn. Fram til om lag 1980 vart det teke store fangstar, men dei gjekk jamt nedover, med unntak av periodar då særs sterke årsklassar kom inn i fisket. Fisketrykket var for høgt, og bestanden minka. Etter kvart som det kom på plass strengare reguleringar, og særleg då haustingsregelen vart innført etter tusenårsskiftet, snudde den negative trenden, og bestanden byrja å auke igjen, jf. figur 4.7. I periodar var ulovleg, uregulert og urapportert fiske eit stort problem, men etter 2009 har det ikkje vore registrert urapportert overfiske av kvoten. Dette heng saman med innføringa av hamnestatsregimet til NEAFC, aktivt kontrollsamarbeid mellom landa og auka interesse for problemet både i næringa og på politisk hald.

Norsk fangst har dei siste åra vore om lag 45 prosent av total rapportert internasjonal fangst. Nesten alt utanlandsk fiske på nordaustarktisk torsk skjer med botntrål, men i det norske fisket er 65–70 prosent av fangsten teken med andre reiskapar.

Status og råd

Bestanden minka fram til tusenårsskiftet, men auka deretter til eit svært høgt nivå, før han igjen har gått nedover etter 2013, jf. figur 4.7. Ein viktig grunn til auken etter tusenårsskiftet var truleg betre ungfiskvern gjennom stenging av område med småfisk og bruk av sorteringsrist i trålfiskeria. Dessutan har det vore betre samsvar mellom tilrådde kvotar og fiske etter 2007 enn tidlegare. Det var òg svært gunstige forhold for torsken i Barentshavet tidleg på 2010-talet; høgare temperaturar gjorde det mogleg for torsken å breie seg ut over eit mykje større område enn før. Matfatet vart då større, og det var òg generelt god mattilgang. Rekrutteringa til bestanden har vore rimeleg bra, og nedgangen i individuell vekst har vore mindre enn ein skulle vente med ein så kraftig auke i bestanden. Dei siste åra har likevel utbreiingsområdet minka. Det kjem truleg mellom anna av nedgang i bestanden.

Figur 4.6 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaustarktisk torsk.

Figur 4.6 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaustarktisk torsk.

Takka vere alle desse faktorane har gytebestanden i perioden 2009–2019 vore på det høgaste nivået vi har hatt i etterkrigstida. Sidan rekrutteringa dei siste åra har vore under middels og uttaket har auka samanlikna med bestandsstorleiken, er gytebestanden på veg nedover. Fiskepresset (den faktiske fiskedødelegheita) var, etter det vi no veit, under det som forvaltingsplanen tilseier, i perioden 2008–2017. Han har deretter auka jamt og er no godt over det nivået som forvaltingsplanen tilseier.

I den siste bestandsvurderinga klassifiserte den norsk-russiske forskargruppa fiskepresset til å vere over føre-var-nivået, medan gytebestanden vil falle under føre-var-nivået i 2025. Den norsk-russiske forskargruppa tilrådde ein kvote for 2025 på 311 587 tonn i tråd med gjeldande forvaltingsplan. Kvoten for 2025 vart fastsett til 340 000 tonn, dette er den lågaste kvoten sidan 1991. Det avtalte fangstnivået vil innebere at gytebestanden vil gå ned frå 2025 til 2026, medan totalbestanden er venta å stabilisere seg.

Figur 4.7 Utviklinga i bestand og fangst av nordaustarktisk torsk.

Figur 4.7 Utviklinga i bestand og fangst av nordaustarktisk torsk.

Tabell 4.1 Tilrådd totalkvote (TAC), avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av nordaustarktisk torsk dei siste fem åra.

År

Råd frå ICES1

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangst

Gytebestand

2021

Følg den avtalte forvaltingsplanen.

< 886

886

767

792

2022

Følg den avtalte forvaltingsplanen.

< 708

708

719

675

2023

Følg den avtalte forvaltingsplanen.

< 567

567

583

710

2024

Følg den avtalte forvaltingsplanen.

<453

453

566

2025

Følg den avtalte forvaltingsplanen.

< 312

340

1 Rådet for 2023, 2024 og 2025 vart gjeve av ei norsk-russisk forskargruppe og ikkje av ICES.

Boks 4.2 Nordaustarktisk hyse

Figur 4.8 Hyse

Figur 4.8 Hyse

Foto: Thomas de Lange Wenneck, Havforskingsinstituttet.

Artsnamn: hyse – Melanogrammus aeglefinus

Maksimal storleik: 110 cm og 14 kg

Levetid: maks 20 år

Bestandsstorleik (2024): om lag 0,42 millionar tonn (totalbestand 3 år gammal og eldre fisk)

Kvote for 2025: 130 000 tonn (TAC)

Norsk fangstverdi (2024): 1,3 milliardar kroner

Fakta om bestanden: Beitar på fisk og botndyr. Bestanden er no utbreidd i store delar av Barentshavet. I første halvår er gytefisken fordelt i dei vestlege delane av Barentshavet og langs vestkanten av Tromsøflaket. Gyteperioden er mars–april.

Fisket

Gjennomsnittleg årsfangst sidan 1946 er 143 000 tonn, men fangstane har variert mykje: frå 20 000 til 320 000 tonn, jf. figur 4.10. Saman med Russland står Noreg for størstedelen av hysefangsten. Også Færøyane, Storbritannia, Grønland, Tyskland og Frankrike fiskar på bestanden. Dei norske fangstane er i stor grad bifangst i trålfisket etter torsk, men line og snurrevad er òg viktige reiskapar. Dei andre landa fiskar hovudsakleg hyse med botntrål.

Status og råd

Bestanden av nordaustarktisk hyse var på 2010-talet på eit historisk høgt nivå, jf. figur 4.10. Rekrutteringa til bestanden har vore over langtidsgjennomsnittet sidan 2000, og årsklassane 2005–2006 var særs sterke. Dei seinare årsklassane har vore rundt middels nivå, og bestanden kom difor ned på eit meir normalt nivå. Den sterke 2016-årsklassen førte til at nedgangen i bestanden i ein periode stoppa opp, men sidan årsklassane 2018–2020 er svake, ventar vi ein vidare nedgang i bestanden fram til 2021-årsklassen kjem inn i bestanden. Hysa har hatt ei vidare utbreiing i Barentshavet det siste tiåret samanlikna med tidlegare, og dette er truleg ein kombinert effekt av at bestanden er stor, og at temperaturauken har gjort det mogleg for hysa å utvide leveområdet sitt mot nord og aust.

Kvoten for 2025 er fastsett til 130 000 tonn. Fiskedødelegheita var, etter det vi no veit, merkbart under det som forvaltingsplanen tilseier, i perioden 2008–2016, medan dødelegheita i 2018–2023 var over det forvaltingsplanen tilseier.

Figur 4.9 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaustarktisk hyse.

Figur 4.9 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaustarktisk hyse.

Figur 4.10 Utviklinga i bestand og fangst av nordaustarktisk hyse.

Figur 4.10 Utviklinga i bestand og fangst av nordaustarktisk hyse.

Tabell 4.2 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av nordaustarktisk hyse dei siste fem åra.

År

Råd frå ICES1

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangst

Gytebestand

2021

Følg den avtalte forvaltingsplanen.

< 233

233

205

171

2022

Følg den avtalte forvaltingsplanen.

< 179

179

177

167

2023

Følg den avtalte forvaltingsplanen.

< 170

170

179

170

2024

Følg den avtalte forvaltingsplanen.

< 128

141

150

2025

Følg den avtalte forvaltingsplanen.

< 107

130

1 Rådet for 2023, 2024 og 2025 vart gjeve av ei norsk-russisk forskargruppe og ikkje av ICES.

Boks 4.3 Nordaustarktisk sei

Figur 4.11 Sei

Figur 4.11 Sei

Foto: Thomas de Lange Wenneck, Havforskinginstituttet.

Artsnamn: sei – Pollachius virens

Maksimal storleik: 130 cm og 20 kg

Levetid: maks 30 år

Bestandsstorleik (2024): om lag 838 000 tonn (totalbestand 3 år gammal og eldre fisk)

Kvote for 2025: 193 117 tonn (TAC)

Norsk fangstverdi (2024): om lag 2,1 milliardar kroner

Fakta om bestanden: Opptrer både pelagisk og ved botnen. Beitar mest på krepsdyr og fisk. Bestanden er utbreidd langs norskekysten frå Stad til Varanger og nordover til vest for Svalbard. Gyter på kystbankane og langs kanten av kontinentalsokkelen frå kysten i Møre og Romsdal til fjordane i Finnmark. Gyteperioden er i februar–mars.

Fisket

Gjennomsnittleg årsfangst i perioden 1960–2023 var på 163 000 tonn og har variert mellom 67 000 og 264 000 tonn, jf. figur 4.13. Noreg har dominert fisket med over 90 prosent av fangstane dei siste åra. Dei ti siste åra har trålfisket stått for om lag 34 prosent av dei norske landingane, not har stått for 23 prosent, garn for 19 prosent, snurrevad for 18 prosent og line og jukse for 5 prosent.

Status og råd

Det vart gjennomført ein metoderevisjon i 2023–2024. Etter denne revisjonen vart bestandsnivået justert ned, men trendane i bestandsutviklinga er uendra.

Seibestanden nord for 62° N var på eit historisk høgt nivå i 2001–2007, men deretter gjekk bestanden kraftig ned. Etter 2011 har bestanden teke seg opp igjen, og han ser no ut til å stabilisere seg rundt 1 million tonn.

ICES tilrådde ein totalkvote for 2025 på 193 117 tonn, og det vart òg den som Nærings- og fiskeridepartementet fastsette. Fiskedødelegheita var, etter det vi no veit, merkbart under det forvaltingsplanen tilseier, i perioden 2014–2023, men har auka sidan 2021. Sidan 2016 er det ikkje observert sterke årsklassar, slik at rekrutteringa har vore under middels dei siste åra, noko som sannsynlegvis har ført til sterkare fiskepress på yngre årsklassar (3- og 4-åringar).

Figur 4.12 Utviklinga i bestand og fangst av nordaustarktisk sei.

Figur 4.12 Utviklinga i bestand og fangst av nordaustarktisk sei.

Figur 4.13 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaustarktisk sei.

Figur 4.13 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaustarktisk sei.

Tabell 4.3 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av nordaustarktisk sei dei siste fem åra.

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangst

Gytebestand

2021

Følg den avtalte forvaltingsplanen, ta omsyn til bifangst av vanleg uer og kysttorsk.

< 198

198

188

437

2022

Følg den avtalte forvaltingsplanen, ta omsyn til bifangst av vanleg uer og kysttorsk.

< 197

197

206

473

2023

Følg den avtalte forvaltingsplanen, ta omsyn til bifangst av vanleg uer og kysttorsk.

< 227

227

218

521

2024

Følg den avtalte forvaltingsplanen, ta omsyn til bifangst av vanleg uer og kysttorsk.

< 223

223

486

2025

Følg den avtalte forvaltingsplanen, ta omsyn til bifangst av vanleg uer og kysttorsk.

<193

<193

Boks 4.4 Nordaustarktisk blåkveite

Figur 4.14 Blåkveite

Figur 4.14 Blåkveite

Foto: Thomas de Lange Wenneck, Havforskingsinstituttet.

Artsnamn: blåkveite – Reinhardtius hippoglossoides

Maksimal storleik: 120 cm og 20 kg. Hofisken blir større og eldre enn hannfisken.

Levetid: truleg meir enn 30 år

Bestandsstorleik: 108 000 tonn (2024) (total bestand som kan fiskast, dvs. fisk > = 45 cm)

Kvote for 2025: 19 000 tonn (TAC)

Norsk fangstverdi (2024): om lag 521 millionar kroner

Fakta om bestanden: Ein arktisk fisk som lever i vatn kaldare enn 4 °C, og som opptrer både pelagisk og ved botnen. Beitar mest på fisk, blekksprutar og krepsdyr. Bestanden er utbreidd langs Eggakanten frå Nordsjøen til Frans Josefs land og i djupe område av Barentshavet. Gyter langs Eggakanten frå Vesterålen til Svalbard. Gyteperioden er om vinteren med topp i desember–januar.

Fisket

Gjennomsnittleg årsfangst i perioden 1964–2023 var på 24 000 tonn, men har variert mellom 10 000 og 90 000 tonn, jf. figur 4.16. I perioden før 1984 tok Noreg under halvparten av totalfangsten dei fleste åra, men har sidan dominert i dette fisket. Frå og med 2010 har fisket vore kvoteregulert og fordelt med 51 prosent til Noreg, 45 prosent til Russland og 4 prosent til andre land. Vel 60 prosent av fangsten blir fanga med botntrål, knapt 30 prosent med line og resten med garn eller andre reiskapar.

Status og råd

Det vart gjennomført ein metoderevisjon i 2022–2023. Etter denne revisjonen vart bestandsnivået justert kraftig ned, men trendane i bestandsutviklinga er uendra. Haustingsraten har auka jamt sidan 2009 og er no godt over føre-var-nivået, og gytebestanden vil i 2025 vere like under føre-var-nivået. Råda frå den norsk-russiske forskargruppa er baserte på ei maksimalt-langtidsutbyte-tilnærming, og for 2025 gav gruppa råd om ein kvote på maksimalt 12 431 tonn, jf. tabell 4.4. Som vanleg dei siste åra vart det fastsett ein kvote for 2025 (19 000 tonn) som er høgare enn tilrådd.

Figur 4.15 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaustarktisk blåkveite.

Figur 4.15 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaustarktisk blåkveite.

Figur 4.16 Utviklinga i bestand og fangst av nordaustarktisk blåkveite.

Figur 4.16 Utviklinga i bestand og fangst av nordaustarktisk blåkveite.

Tabell 4.4 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av nordaustarktisk blåkveite dei siste fem åra.

År

Råd frå ICES1

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangst

Gytebestand2

2021

Føre-var-tilnærming

< 23

27

28

66

2022

Føre-var-tilnærming

< 19

25

28

59

2023

Føre-var-tilnærming

< 18

25

27

51

2024

Maksimalt-langtidsutbyte-tilnærming

< 16

21

44

2025

Maksimalt-langtidsutbyte-tilnærming

< 12

19

1 Rådet for 2023–2025 vart gjeve av ei norsk-russisk forskargruppe og ikkje av ICES.

2 Gytebestand av hofisk.

Boks 4.5 Snabeluer i ICES- område I og II

Figur 4.17 Snabeluer

Figur 4.17 Snabeluer

Foto: Havforskingsinstituttet.

Artsnamn: snabeluer – Sebastes mentella

Maksimal storleik: 47 cm og 1,3 kg

Levetid: over 70 år

Bestandsstorleik (2024): om lag 1,6 millionar tonn (totalbestand 2 år gammal og eldre fisk)

Kvote for 2025: 69 177 tonn (TAC)

Norsk fangstverdi (2024): om lag 765 millionar kroner (begge uerartane samla)

Fakta om bestanden: Beitar mest på fisk og kril. Bestanden er utbreidd i Barentshavet, ved Svalbard og langs kontinentalskråninga mot Norskehavet. Føder levande ungar i mars–april langs Eggakanten.

Fisket

Gjennomsnittleg årsfangst av snabeluer i perioden 1992–2022 var på om lag 21 000 tonn, jf. figur 4.19, men var over 100 000 tonn i 1970–1980-åra og heile 300 000 tonn i 1976. Alt fiske etter snabeluer, inkludert bifangst, går føre seg med trål. Snabeluer blir dels fiska i Barentshavet, dels på det opne havet i Norskehavet (Smotthavet). Det er hovudsakleg Noreg og Russland som fiskar etter denne arten.

Status og råd

Gytebestanden auka jamt frå 1992 til 2007 og har frå og med 2007 vore mellom 800 000 og 1 100 000 tonn (jf. figur 4.19). Det er ikkje vedteke nokon forvaltingsplan for snabeluer, men den norsk-russiske forskargruppa har tilrådd, basert på føre-var-tilnærming, at fangsten i 2025 ikkje bør overstige 67 191 tonn, og at fangsten i 2026 ikkje bør overstige 69 177 tonn, jf. tabell 4.5. Fastsett kvote for 2025 er lik tilrådd kvote. Ein metoderevisjon for snabeluer og vanleg uer vart gjennomført i 2018. Dessutan vart ulike forvaltingsreglar for snabeluer evaluerte.

Figur 4.18 Utbreiingsområde og gyteområde for snabeluer.

Figur 4.18 Utbreiingsområde og gyteområde for snabeluer.

Figur 4.19 Utviklinga i bestand og fangst av snabeluer i ICES-område 1 og 2.

Figur 4.19 Utviklinga i bestand og fangst av snabeluer i ICES-område 1 og 2.

Tabell 4.5 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av snabeluer i ICES-område 1 og 2 dei siste fem åra.

År

Råd frå ICES1

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangst

Gytebestand2

2021

Føre-var-tilnærming

< 66

66

63

997

2022

Føre-var-tilnærming

< 67

67

62

996

2023

Føre-var-tilnærming

< 67

67

60

1 018

2024

Maksimalt-langtidsutbyte-tilnærming

< 70

70

2025

Maksimalt-langtidsutbyte-tilnærming

< 67

<67

1 Rådet for 2023 og seinare år vart gjeve av ei norsk-russisk forskargruppe og ikkje av ICES.

2 Noreg og Russland har dei siste åra fordelt snabeluerkvoten med utgangspunkt i ein totalkvote som svarer til den vitskaplege rådgjevinga, og i tråd med dette er det no fastsett regulering av snabeluerfisket i den internasjonale delen av Norskehavet, jf. omtale i kapittel 3.4.1.

Boks 4.6 Lodde i Barentshavet

Figur 4.20 Lodde

Figur 4.20 Lodde

Foto: Jan de Lange, Havforskingsinstituttet.

Artsnamn: lodde – Mallotus villosus

Maksimal storleik: 20 cm og 50 g

Levetid: maks 5 år

Bestandsstorleik (2024): om lag 0,9 millionar tonn (bestand 1 år gammal og eldre fisk)

Kvote for 2025: 0 tonn (TAC)

Norsk fangstverdi (2024): 662 millionar kroner

Fakta om bestanden: Lodda er ein planktonetar, som berre gyter ein gong før ho døyr. Ho er mat for mange artar av fisk, sjøpattedyr og sjøfugl. Ho gyter ved Finnmarkskysten i mars–april og beitar over store delar av Barentshavet om sommaren og hausten. Lodda legg egga sine på botnen, slik som silda og nokre få andre artar gjer.

Fisket

Gjennomsnittleg årsfangst i perioden 1965–2024 er på 612 000 tonn, men har variert mellom 0 og 3 millionar tonn, jf. figur 4.22. I løpet av dei siste tretti åra har loddefisket blitt stoppa i tre periodar på fem år kvar fordi bestanden av naturlege årsaker nærmast har kollapsa. Ein fjerde periode med stopp i fisket varte berre i to år (2016–2017), og fisket vart opna igjen i 2018, men vart stengt på nytt i 2019–2021 og enno ein gong i 2025. Loddekvoten blir delt mellom Noreg og Russland i forholdet 60/40. Tidlegare vart det fiska både om vinteren før gytinga ved kysten og om hausten i beiteområda, men på 2000-talet har det berre vore opna for fiske om vinteren før gytinga. På norsk side er loddefisket hovudsakleg eit ringnotfiske, medan Russland fiskar lodde med flytetrål.

Status og råd

Både 2019- og 2020-årsklassen for lodde i Barentshavet var sterke og gav grunnlag for opning av fiskeri i tre år på rad frå 2022. Etter dette har rekrutteringa vore relativt svak, og i tråd med rådet og forvaltingsplanen for lodde vart det fastsett nullkvote for 2025. Det vart gjennomført ein metoderevisjon for denne bestanden i 2022.

Figur 4.21 Utbreiingsområde og gyteområde for lodde i Barentshavet.

Figur 4.21 Utbreiingsområde og gyteområde for lodde i Barentshavet.

Figur 4.22 Utviklinga i bestand og fangst av lodde i Barentshavet.

Figur 4.22 Utviklinga i bestand og fangst av lodde i Barentshavet.

Tabell 4.6 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og modnande bestand (tusen tonn) av lodde i Barentshavet dei siste fem åra.

År

Råd frå ICES1

SSB = gytebestand

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangst

Modnande bestand

2021

5 prosent sannsyn for SSB < 200 000 t

0

0

0

1 459

2022

5 prosent sannsyn for SSB < 200 000 t

< 70

70

65

8172

2023

5 prosent sannsyn for SSB < 200 000 t

< 62

62

61

1 286

2024

5 prosent sannsyn for SSB < 200 000 t

< 196

196

169

534

2025

5 prosent sannsyn for SSB < 200 000 t

0

0

1 Rådet for 2023–2025 vart gjeve av ei norsk-russisk forskargruppe og ikkje av ICES.

2 Estimat for norsk sone i Barentshavet.

4.2 Norskehavet

Livet i Norskehavet er prega av at det er eit djuphav; mange stader er det djupare enn 3 000 meter, jf. figur 4.23. Det er difor berre på kontinentalsokkelen og eit stykke nedover skråninga mot djuphavet vi finn botnfisk. Dei store og kommersielt viktige bestandane i Norskehavet er difor å finne i dei frie vassmassane; vi kallar dei pelagiske bestandar. Dei tre viktigaste er sild, makrell og kolmule.

Figur 4.23 Norskehavet – straumar og djupn.

Figur 4.23 Norskehavet – straumar og djupn.

Etter ein historisk ekspansjon av makrellbestanden som omfatta store delar av Norskehavet og havområda ved Island og Grønland heilt nord til Svalbard, har utbreiinga av makrellbestanden og mengda av han minka betydeleg det siste tiåret – først i vestlege område, deretter i nordlege og nordvestlege. Dei fire siste åra har det ikkje vore registrert makrell i grønlandske farvatn og berre mindre mengder heilt aust i islandske farvatn. Denne nedgangen i vest har ikkje forskarane forstått fullt ut, men utviklinga fell saman med ein kraftig nedgang i gytebestanden dei siste åra og at nye årsklassar etter 2018 har etablert meir austlege og nordlege vandringsruter i Norskehavet.

Det har historisk vore eit svært stort fiske på desse tre artane i Norskehavet. Rundt tusenårsskiftet var den samla fangsten oppe i nesten 4 millionar tonn, jf. figur 4.25. Etter dette gjekk fangsten ned til godt under 3 millionar tonn rundt 2010. Fangstane tok seg opp igjen fram til 2017 til litt over 3 millionar tonn og har sidan lege på rundt 3 millionar tonn. Makrell- og sildebestanden er begge på veg nedover, medan kolmulebestanden er i vekst.

Figur 4.24 Økosystemet i Norskehavet.

Figur 4.24 Økosystemet i Norskehavet.

Illustrasjon: Havforskingsinstituttet.

Etter mange år med råd om nullfiske for haiartane pigghå og håbrann gav ICES i 2022 kvoteråd for begge desse artane for åra 2023 og 2024, og i 2024 kom dei med nye råd for 2025 og 2026. Råda for 2025 er 22 309 tonn for pigghå og 231 tonn for håbrann. Desse artane finst både i Norskehavet, i Nordsjøen og i område lenger sør og vest. Det er ikkje inngått nokon kvoteavtale for 2025 med andre land for desse artane og heller ikkje fastsett nokon norsk kvote, men det vart opna for norsk fiske på begge artane frå og med 2023.

Figur 4.25 Fisket av norsk vårgytande sild, makrell og kolmule frå 1980 til 2023.1

Figur 4.25 Fisket av norsk vårgytande sild, makrell og kolmule frå 1980 til 2023.1

1 Fangstar tekne utanfor Norskehavet er inkluderte.

Norskehavet er prega av varmt atlanterhavsvatn som strøymer inn frå sør. Langs Aust-Grønland strøymer det kaldt arktisk vatn inn frå nord og skaper eit skilje, ein polarfront, mellom det varme vatnet i aust og det kalde i vest. Heile havområdet er blitt varmare det siste tiåret, og dette påverkar òg livet i havet på ulikt vis.

Sidan Norskehavet er så mykje djupare enn Nordsjøen og Barentshavet, finst det eit element i dette økosystemet som ikkje finst i det andre – eit organisk lag frå 400 til 800 meters djup. Dette laget består av småorganismar av mange slag, både planktonorganismar og mesopelagiske fiskeartar, som lysprikkfisk. Desse organismane lever av den biomassen som søkk ned frå dei øvre laga, der sjølve produksjonen, basert på det fotosyntetiserande planteplanktonet, skjer. Dyreplanktonet, som hovudsakleg består av ørsmå krepsdyr som raudåte og kril, et planteplanktonet og fører energien oppover i næringskjeda. Sidan tidleg på 2000-talet har dyreplanktonmengdene i Norskehavet vist ein negativ trend, men denne trenden flata ut rundt 2009, og dei siste åra har det igjen vore ein auke. No er tettleiken av dyreplankton i Norskehavet oppe på same nivået som i Barentshavet.

Snabelueren (sjå førre delkapittel), som finst både i Barentshavet og i Norskehavet, er på eit stabilt høgt nivå, medan den vanlege ueren er raudlista som «sterkt trua». Brosme og lange, som er blant dei viktigaste kommersielle artane i denne gruppa, ser ut til å liggje på eit stabilt nivå, sjølv om det har vore ein svak nedgang dei siste åra. Blåkveite, som gyter langs Eggakanten i det nordaustlege Norskehavet, og den nordaustarktiske seien, som har ei vid utbreiing langs norskekysten, er begge omtalte i det førre kapittelet.

Selbestandane i Norskehavet har hatt ulik utvikling. Medan grønlandsselen i Vestisen (områda langs austkysten av Grønland) er i bra forfatning og toler hausting, er klappmyssbestanden i Vestisen freda fordi han er på eit lågt nivå samanlikna med tidlegare.

På og langs kontinentalsokkelen i aust er ei grundig kartlegging av botndyrsamfunna i gang gjennom MAREANO-programmet. Det blir stadig gjort nye funn av korallrev, korallskog og område med svamp og sjøfjør.

Boks 4.7 Norsk vårgytande sild

Figur 4.26 Sild

Figur 4.26 Sild

Foto: Kjartan Mæstad, Havforskingsinstituttet.

Artsnamn: sild – Clupea harengus

Maksimal storleik: 40 cm og 500 g

Levetid: maks 25 år

Bestandsstorleik (2024): om lag 3,1 millionar tonn (gytebestand)

Kvote for 2025: 401 794 tonn (TAC)

Norsk fangstverdi (2024): om lag 2,8 milliardar kroner

Fakta om bestanden: Silda er ein planktonetar. Ho er mat for mange artar av fisk og kval. Ho gyter langs kysten frå Møre til Nordland i februar–mars og beitar over store delar av Norskehavet om sommaren og hausten. Silda legg egga sine på botnen, slik som lodda og nokre få andre artar gjer. Yngelen blir ført med straumen nordover langs kysten og endar opp i Barentshavet, der silda lever i kring tre år før ho vandrar ut i Norskehavet.

Fisket

Den gjennomsnittlege årlege totalfangsten av norsk vårgytande (NVG) sild i perioden 1950–2023 er om lag 712 000 tonn, men det har vore store variasjonar knytte til endringar i storleiken av bestanden, jf. figur 4.28. Når bestanden har vore på topp, har det vore teke fangstar på opp mot 2 millionar tonn, medan det vart full stopp i fisket då bestanden braut saman i 1960-åra. Minstemålet på NVG-sild er 25 cm, så fisket skjer på vaksen sild, hovudsakleg under gyteinnsiget langs norskekysten om vinteren, medan ho er på beitevandring i Norskehavet om sommaren, og når ho vandrar mot kysten av Nord-Noreg for å overvintre om hausten. Det norske fisket, som for det meste skjer om vinteren når silda har høgast kvalitet, skjer hovudsakleg med ringnot.

Status og råd

2016-årsklassen vil venteleg dominere i fangstane i 2025, men 2021- og 2022-årsklassane er begge over middels store og vil bidra i fangstane frå 2025/2026. Bestandsvurderinga syner at gytebestanden er estimert til å vere under 3,184 millionar tonn, som er føre-var-grensa, både i 2024 og i 2025. Tilrådd totalkvote for 2025 er på 401 794 tonn, jf. tabell 4.7. Fiskedødelegheita var, etter det vi no veit, i snitt like over Fmgt (0,14) i perioden 2009–2022 og er i 2023 estimert til å vere ca. prosent over.

Figur 4.27 Utbreiingsområde og gyteområde for norsk vårgytande sild.

Figur 4.27 Utbreiingsområde og gyteområde for norsk vårgytande sild.

Figur 4.28 Utviklinga i bestand og fangst av norsk vårgytande sild.

Figur 4.28 Utviklinga i bestand og fangst av norsk vårgytande sild.

Tabell 4.7 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av norsk vårgytande sild dei siste fem åra.

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangst

Gytebestand

2021

Følg den avtalte forvaltingsplanen.

< 651

9071

852

4 079

2022

Følg den avtalte forvaltingsplanen.

< 599

8361

814

4 129

2023

Følg den avtalte forvaltingsplanen.

< 511

6981

681

3 774

2024

Følg den avtalte forvaltingsplanen.

< 390

4701

3 103

2025

Følg den avtalte forvaltingsplanen.

< 402

402

1 Summen av nasjonale kvotar. Det er inngått avtale om TAC, men ikkje om fordelinga av TAC.

Boks 4.8 Makrell

Figur 4.29 Makrell

Figur 4.29 Makrell

Foto: Leif Nøttestad, Havforskingsinstituttet.

Artsnamn: makrell – Scomber scombrus

Maksimal storleik: 65 cm og 3,5 kg, sjeldan over 1 kg

Levetid: maks 25 år

Bestandsstorleik (2024): om lag 2,8 millionar tonn (gytebestand)

Kvote for 2025: 576 958 tonn (TAC)

Norsk fangstverdi (2024): 5,4 milliardar kroner

Fakta om bestanden: Makrellen et dyreplankton, fiskelarvar og småfisk. Han gyter sentralt i Nordsjøen (mai–juli), vest for Irland (mars–juli) og i portugisiske farvatn (februar–mai). Frå 2016 har makrellen i større grad òg gytt og hatt oppvekstområde lenger nord i Norskehavet, noko vi ikkje har registrert før i historia. Frå 2017 har den vestlege utbreiinga av makrell minka kraftig. I åra 2020–2024 vart det ikkje registrert makrell i grønlandske farvatn, og utbreiinga i islandske farvatn vart kraftig redusert i perioden 2017–2024. Makrellen er framleis vidt utbreidd i Norskehavet om sommaren, men utbreiinga har blitt merkbart mindre i løpet av det siste tiåret. Dette gjeld først og fremst dei vestlege områda, men òg i dei nordlegaste havområda i Norskehavet. Makrellen stod meir vestleg fordelt på toktet i 2024 samanlikna med i 2023.

Fisket

Den gjennomsnittlege årlege totalfangsten av nordaustatlantisk makrell i perioden 1980–2024 var 795 000 tonn, og uttaket har vore rekordhøgt dei siste åra, med årlege totalfangster frå 1 million tonn til 1,4 millionar tonn, jf. figur 4.31. I snitt har dei årlege totalfangstane vore meir enn 1 million tonn dei siste 10 åra. Det knyter seg likevel stor uvisse til om dei rapporterte fangstane gjev eit godt bilete av dei reelle fangstane, særleg i perioden fram til 2005. Truleg har fangstane vore langt høgare i denne perioden enn tala viser. Fisket går hovudsakleg føre seg i eit direkte fiske med ringnot og trål. I dei sørlege områda tek dei òg ein del makrell som bifangst i trål. Det norske fisket går føre seg med ringnot, men ei mindre mengd blir fanga med garn, dorg og trål. Dette fisket går mest føre seg om hausten i den nordlege delen av Nordsjøen, i Norskehavet og i Skagerrak. I seinare år, spesielt frå 2018 til 2023, har makrellen i stadig mindre grad vandra langt mot nord og vest. Nokre fangstar blir kvart år, og også i 2024, tekne utanfor Nord-Noreg.

Figur 4.30 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaustatlantisk makrell.

Figur 4.30 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaustatlantisk makrell.

Status og råd

ICES vurderer at makrellbestanden er i god forfatning, men at han ikkje lenger blir hausta berekraftig.

Gytebestanden er estimert til å ha auka etter 2006 til eit maksimumsnivå på 7,3 millionar tonn i 2015, men har sidan minka årleg til 2,8 millionar tonn i 2024 (figur 4.31). Han har likevel vore over MSY Btrigger sidan 2008. Fiskedødelegheita har minka sidan 2003 og var lågare enn Fmsy frå 2003 til 2020. Fiskedødelegheita auka deretter i åra 2021–2024 og er no langt høgare enn Fmsy. Det har vore ei rekkje sterke årsklassar sidan 2001, og årsklassane frå og med 2011 er estimerte til å vere over gjennomsnittet, med unntak av dei siste åra. Samstundes er rekrutteringsestimata ved alder 0 veldig usikre, og årsklassestyrken blir først tydeleg når fisken kjem inn i det kommersielle fiskeriet ved alder 2 til 3. Rekrutteringsindeksen for makrellbestanden blir no estimert ved alder 2 i ICES. Rådet frå ICES for fisket i 2025 er å følgje ei MSY-tilnærming, tilsvarande ein fangst på 576 958 tonn, jf. tabell 4.8. Fiskedødelegheita var, etter det vi no veit, under Fmsy (0,26) i perioden 2009–2020, medan dødelegheita i 2021–2024 var høgare enn Fmsy, og aukande dei siste åra.

Figur 4.31 Utviklinga i bestand og fangst av nordaustatlantisk makrell.

Figur 4.31 Utviklinga i bestand og fangst av nordaustatlantisk makrell.

Tabell 4.8 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av nordaustatlantisk makrell dei siste fem åra.

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC1

Fangst

Gytebestand

2021

MSY-tilnærming

< 852

1 199

1 082

4 304

2022

MSY-tilnærming

< 795

1 131

1 047

3 769

2023

MSY-tilnærming

< 782

782

1 057

3 184

2024

MSY-tilnærming

< 739

739

2 775

2025

MSY-tilnærming

< 577

577

1 Summen av nasjonale kvotar. Det er inngått avtale om TAC, men ikkje om fordelinga av TAC.

Boks 4.9 Kolmule

Figur 4.32 Kolmule

Figur 4.32 Kolmule

Foto: Jan de Lange, Havforskingsinstituttet.

Artsnamn: kolmule – Micromesistius poutassou

Maksimal storleik: 50 cm og 800 g

Levetid: sjeldan over 10 år, maks 20 år

Bestandsstorleik (2024): om lag 6,8 millionar tonn (gytebestand)

Kvote for 2025: 1 447 054 tonn (TAC)

Norsk fangstverdi (2024): om lag 1,35 milliardar kroner

Fakta om bestanden: Kolmulen et for det meste stort dyreplankton, men store individ et òg fiskeyngel. Han oppheld seg mest i dei midtre vasslaga, på djupner frå 100 til 600 meter. Kolmulen har ei vid utbreiing i Nordaust-Atlanteren frå Kanariøyane og Azorane til eit stykke inn i Barentshavet og nord til Svalbard. Arten gyter vest for Irland på ettervinteren.

Fisket

Den gjennomsnittlege årlege totalfangsten av nordaustatlantisk kolmule i perioden 1981–2023 er 1 046 000 tonn, og uttaket har variert mykje i takt med storleiken på bestanden, jf. figur 4.34. Hovudfisket skjer langs kontinentalskråninga og bankane vest for Dei britiske øyane og ved Færøyane, der kolmulen samlar seg for å gyte om våren. Fisket går føre seg med flytetrål. Noreg har historisk sett dominert dette fisket og tok fram til 2004 om lag 40 prosent av den totale fangsten. Seinare har den norske delen gått tilbake (22 prosent i 2023), og Island, EU, Storbritannia, Færøyane og Russland tek no ein større del av totalfangsten.

Status og råd

Etter ein topp i bestandsstorleiken rundt 2003 minka bestanden kraftig fram til 2009, jf. figur 4.34. Etter dette steig gytebestanden fram til 2017 og var då tilbake på om lag same nivået som tidleg på 2000-talet. Årsklassane frå 2004 til 2009 var svært svake samanlikna med i tiåra før, men frå 2009 vart rekrutteringa betre, og ho var over gjennomsnittsnivå fram til 2016. Den låge rekrutteringa saman med auka fiskepress i perioden etter 2016 førte til ein nedgang i bestanden. Sterke årsklassar i 2020 og 2021 har snudd denne trenden, bestandsstorleiken har auka igjen etter 2021 og er no tilbake på historiske nivå.

Figur 4.33 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaustatlantisk kolmule.

Figur 4.33 Utbreiingsområde og gyteområde for nordaustatlantisk kolmule.

Rådet frå ICES for fisket i 2025 er å følgje den avtalte forvaltingsplanen, som svarer til ein fangst på 1 447 054 tonn, jf. tabell 4.9. Fiskedødelegheita var, etter det vi no veit, rundt 50 prosent under styringsmålet for uttak (Fmgt) i perioden 2009–2013, medan dødelegheita etter 2013 har lege om lag 37 prosent over (for kolmule er Fmgt = Fmsy = 0,32).

Figur 4.34 Utviklinga i bestand og fangst av nordaustatlantisk kolmule.

Figur 4.34 Utviklinga i bestand og fangst av nordaustatlantisk kolmule.

Tabell 4.9 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av nordaustatlantisk kolmule dei siste fem åra.

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangst

Gytebestand

2021

Følg den avtalte forvaltingsplanen.

< 929

1 2101

1 140

3 899

2022

Følg den avtalte forvaltingsplanen.

< 753

9241

1 036

4 503

2023

Følg den avtalte forvaltingsplanen.

< 1 359

1 6691

1 733

6 402

2024

Følg den avtalte forvaltingsplanen.

< 1 529

1 8781

6 828

2025

Følg den avtalte forvaltingsplanen.

< 1 447

1 Summen av nasjonale kvotar. Det er inngått avtale om TAC, men ikkje om fordelinga av TAC.

4.3 Nordsjøen og Skagerrak

I lange periodar har botnfisken vore viktigast i fiskeriet i Nordsjøen og Skagerrak. Dei siste fem åra har totalfangsten av pelagisk fisk og botnfisk i Nordsjøen vore rundt 1,2–2,0 millionar tonn. Av dette har fangstar av artar som sild, makrell, augepål, tobis, brisling og kolmule vore 1,0–1,7 millionar tonn. Fiskedødelegheita har gått nedover dei siste åra for både torsk, hyse, sei, kviting og raudspette og er no på det lågaste nivået i tidsserien for alle desse fem botnfiskbestandane. Både i 1970- og i 1980-åra var rekrutteringa til fleire artar av torskefisk svært god, og det vart hausta rundt 1 million tonn botnfisk berre frå dette området. Det er vanskeleg å peike på éi enkelt årsak til nedgangen ein har sett for fleire artar dei siste tiåra, men både overfiske og utkast har utan tvil hatt mykje av skulda, i tillegg til klimaendringar. I ei årrekkje har dessutan mange av bestandane i Nordsjøen hatt dårleg rekruttering anten gytebestanden var stor eller liten, utan at ein sikkert har kunna peike på årsakene til dette. Men no står det svært bra til med både hyse og kviting, medan seien ligg rundt føre-var-nivået og det står dårleg til med ein av dei tre underbestandane for torsk. Oppgangen for hyse og kviting kjem både av at rekrutteringa har blitt noko betre, og av betre overleving.

Figur 4.35 Nordsjøen og Skagerrak – straumar og djupn.

Figur 4.35 Nordsjøen og Skagerrak – straumar og djupn.

Figur 4.36 Økosystemet i Nordsjøen og Skagerrak.

Figur 4.36 Økosystemet i Nordsjøen og Skagerrak.

Illustrasjon: Havforskingsinstituttet

Figur 4.37 Fisket i Nordsjøen og Skagerrak frå 1963 til 2023.

Figur 4.37 Fisket i Nordsjøen og Skagerrak frå 1963 til 2023.

Om det er djupna som pregar Norskehavet, så er det grunna som pregar Nordsjøen. Det er grunnast i sør, for det meste mindre enn 50 meter, og djupnar gradvis mot nord, men også her er det mindre enn 200 meter. Langs norskekysten går det ei djuprenne – Norskerenna – som følgjer kysten rundt og endar i Skagerrak. Norskerenna har eit maksdjup på 250–700 meter. Det sørlege området er varmare enn områda lenger nord, og atlantisk vatn kjem inn både gjennom Den engelske kanalen og nord for Dei britiske øyane, jf. figur 4.35. Nordsjøen er eit svært produktivt område der det har vore hausta mykje sjømat på eit lite areal. Her finst både pelagisk fisk, botnfisk, reker og kreps.

Boks 4.10 Nordsjøsild

Figur 4.38 Sild

Figur 4.38 Sild

Foto: Jan de Lange, Havforskingsinstituttet.

Artsnamn: sild – Clupea harengus

Maksimal storleik: 35 cm og 400 g

Levetid: maks 15 år

Bestandsstorleik (2023): om lag 1,52 millionar tonn (gytebestand)

Kvote for 2025: 388 542 tonn (TAC)

Norsk fangstverdi (2024): 1,3 milliardar kroner

Fakta om bestanden: Silda er ein planktonetar. Ho er mat for mange artar av fisk og kval. Ho gyter i den vestlege delen av Nordsjøen frå august til januar og beitar over store delar av Nordsjøen, Skagerrak og Kattegat. Silda legg egga sine på botnen.

Fisket

Den gjennomsnittlege årlege totalfangsten av nordsjøsild i perioden 1960–2023 er kring 487 000 tonn, og uttaket har variert i takt med storleiken på bestanden, frå nesten null på slutten av 1970-åra til toppar på 1,2 millionar tonn før og 0,9 og 0,6 millionar tonn etter, jf. figur 4.40. Sildefisket i Nordsjøen går føre seg i eit direkte fiske med ringnotfartøy og trålarar og som bifangst i industritrålfisket. Danmark, Noreg og Nederland tek brorparten av fangstane. Det norske fisket har variert mellom null og 605 000 tonn, og gjennomsnittet ligg på 117 000 tonn.

Status og råd

Bestanden har full reproduksjonsevne og blir hausta berekraftig. ICES vurderer bestanden til å vere i ein fase med låg produktivitet, og rekrutteringa har etter 2001 stort sett vore lågare enn langtidsgjennomsnittet. Men fiskepresset er redusert, og gytebestanden har etter 1995 vore over føre-var-grensa. ICES gav i 2024 råd basert på MSY-tilnærminga om eit maksimalt uttak på 410 707 tonn i 2025, jf. tabell 4.10. Fiskedødelegheita var, etter det vi no veit, heile 74 prosent under Fmsy (0,32) i perioden 2009–2011. I 2013–2019 låg dødelegheita i snitt 34 prosent under, medan ho i 2023 er estimert til å ha vore rundt 28 prosent lågare. Årsaka til at fiskedødelegheita (F) ligg langt under, er ein kombinasjon av at Fmsy vart oppjustert frå 0,26 til 0,31 i 2021 og vidare auka til 0,32 i 2024, at ein god del av fangsten er sild som er eldre enn dei aldersgruppene som er med i utrekninga av F(2–6), og ein tendens til å underestimere storleiken på gytebestanden.

Figur 4.39 Utbreiingsområde og gyteområde for nordsjøsild.

Figur 4.39 Utbreiingsområde og gyteområde for nordsjøsild.

Figur 4.40 Utviklinga i bestand og fangst av nordsjøsild.

Figur 4.40 Utviklinga i bestand og fangst av nordsjøsild.

Tabell 4.10 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av nordsjøsild dei siste fem åra.

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC1

Avtalt TAC2

Fangst

Gytebestand3

2021

MSY-tilnærming

< 366

356

365

1 462

2022

MSY-tilnærming

< 532

428

462

1 675

2023

MSY-tilnærming

< 415

396

420

1 519

2024

MSY-tilnærming

< 532

510

2025

MSY-tilnærming

< 411

389

1 Alle flåtar (A–D).

2 Direktefisket i Nordsjøen (A-flåten).

3 På gytetidspunktet (september).

Boks 4.11 Sei i Nordsjøen, Skagerrak, Rockall og vest for Skottland

Figur 4.41 Sei

Figur 4.41 Sei

Foto: Havforskingsinstituttet.

Artsnamn: sei – Pollachius virens

Maksimal storleik: 115 cm og 20 kg

Levetid: maks 20 år

Bestandsstorleik (2024): om lag 186 000 tonn (gytebestand)

Kvote for 2025: 79 071 tonn (TAC). Nordsjøen og Skagerrak: 71 638 tonn, vest for Skottland: 7 433 tonn

Norsk fangstverdi (2024): om lag 415 millionar kroner

Fakta om bestanden: Sei finst på begge sider av det nordlege Atlanterhavet og er delt inn i mange bestandar. Seien lever hovudsakleg ved botnen, men kan gå opp i sjøen for å beite.

Fisket

Den gjennomsnittlege årlege totalfangsten av nordsjøsei i perioden 1967–2023 er kring 152 000 tonn. Uttaket har variert i takt med storleiken på bestanden, og var langt høgare fram til midten av 1980-åra, jf. figur 4.43. Seien blir hovudsakleg fiska med trål, både av EU og av Noreg. For Noregs del blir om lag 85 prosent av seifangstane tekne med trål og litt over 5 prosent med not på kysten av Vestlandet.

Status og råd

Det er uklare bestandsgrenser, og difor blir seien i Nordsjøen og Skagerrak slått saman med seien vest for Skottland i bestandsvurderinga og kvoterådgjevinga. Storleiken på gytebestanden har variert utan klare trendar. I perioden frå 1997 til 2019 var han over føre-var-grensa, bortsett frå i 2013, medan gytebestanden var under frå 2020 til 2023. I 2024 var estimatet igjen over grensa. Rekrutteringa har sidan 2003 vore under langtidsgjennomsnittet. Tilrådd kvote for 2025 er basert på maksimalt langtidsutbyte og gjev ein totalfangst på 79 071 tonn i Nordsjøen/Skagerrak og vest for Skottland. EU, Noreg og Storbritannia har styrt uttaket etter MSY. Fiskedødelegheita var, etter det vi no veit, omtrent Fpa (0,392) mellom 2000 og 2012. Ho gjekk ned til gjennomsnittleg 10 prosent over Fmsy (0,316) i perioden 2013–2021 og har lege rundt Fmsy sidan 2022.

Figur 4.42 Utbreiingsområde og gyteområde for sei i Nordsjøen, i Skagerrak og vest for Skottland.

Figur 4.42 Utbreiingsområde og gyteområde for sei i Nordsjøen, i Skagerrak og vest for Skottland.

Figur 4.43 Utviklinga i bestand og fangst av sei i Nordsjøen, i Skagerrak og vest for Skottland.

Figur 4.43 Utviklinga i bestand og fangst av sei i Nordsjøen, i Skagerrak og vest for Skottland.

Tabell 4.11 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av sei i Nordsjøen, i Skagerrak og vest for Skottland dei siste fem åra.

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangst

Gytebestand

2021

MSY-tilnærming

< 66

65

51

1641

2022

MSY-tilnærming

< 50

50

54

1501

2023

MSY-tilnærming

< 59

59

61

1611

2024

MSY-tilnærming

<74

74

186

2025

MSY-tilnærming

<79

79

1 Bestandsvurderingsmodellen vart oppdatert i 2024. Tidlegare estimat for gytebestanden er oppdaterte i tråd med den nye modellen.

Boks 4.12 Torsk i Nordsjøen, Skagerrak og den austlege engelske kanalen

Figur 4.44 Torsk

Figur 4.44 Torsk

Foto: Espen Bierud, Havforskingsinstituttet.

Artsnamn: torsk – Gadus morhua

Maksimal storleik: 100 cm og 20 kg

Levetid: maks 15 år

Bestandsstorleik (2024): om lag 80 000 tonn (total gytebestand på alle tre underbestandar: «Southern»: 11 981 tonn, «Northwestern»: 54 257 tonn, «Viking»: 14 031 tonn)

Kvote for 2025: 25 028 tonn (TAC), av desse 19 910 tonn i Nordsjøen, 2 846 tonn i Skagerrak, 1 114 tonn vest for Skottland og 1 158 tonn i den austlege engelske kanalen

Norsk fangstverdi (2024): om lag 165 millionar kroner

Fakta om bestanden: Torsk finst på begge sider av det nordlege Atlanterhavet og er delt inn i mange bestandar. Han lever hovudsakleg ved botnen, men kan gå opp i sjøen for å beite. Medan småtorsk et mest dyreplankton og krepsdyr, et større torsk mest fisk, som augepål, sild, tobis og småtorsk. Etter metoderevisjonen i 2023 vart nordsjøtorsken delt inn i tre underbestandar med eigne gytefelt (sjå figur 4.45). Utanom gytetida blandar desse underbestandane seg. Metoderevisjonen førte òg til at torsken vest for Skottland, som tidlegare vart handsama som ein eigen bestand i rådgjevingssamanheng, vart slått saman med bestanden i Nordsjøen, Skagerrak og den austlege engelske kanalen. Gytinga går føre seg frå januar til april.

Fisket

Den gjennomsnittlege årlege totalfangsten av nordsjøtorsk i perioden 1963–2023 er kring 183 000 tonn, men med ein kraftig reduksjon av fangsten, i takt med reduksjon i bestanden, gjennom perioden, jf. figur 4.47. Fram til slutten av 1980-åra var fangsten på eit nivå rundt 250 000–300 000 tonn, men vart så gradvis redusert til rundt 40 000 tonn og låg på dette nivået fram til 2019. I 2020–2023 var fangstane på mellom 20 000 og 32 000 tonn. Torsk blir for det meste fanga i eit blandingsfiskeri med trål saman med hyse, kviting, sjøkreps, raudspette og tunge.

Figur 4.45 Utbreiingsområde og gyteområde for torsk i Nordsjøen, Skagerrak og den austlege engelske kanalen.

Figur 4.45 Utbreiingsområde og gyteområde for torsk i Nordsjøen, Skagerrak og den austlege engelske kanalen.

Figur 4.46 Områdeinndeling for underbestandar av torsk i Nordsjøen, i Skagerrak, i den austlege engelske kanalen og vest for Skottland.

Figur 4.46 Områdeinndeling for underbestandar av torsk i Nordsjøen, i Skagerrak, i den austlege engelske kanalen og vest for Skottland.

I det norske fisket blir litt over halvparten teken med garn, ein firedel med trål og ein femdel med line. Alle land som grensar til Nordsjøen, fiskar torsk, men Danmark, Storbritannia og Noreg er dei viktigaste aktørane.

Status og råd

ICES vurderer no at gytebestanden i det vestlege området («Northwestern» i figur 4.45) og i «Viking»-området er over føre-var-grensa, medan han er under det kritiske nivået i det sørlege området. ICES har difor tilrådd å bruke ei maksimalt-langtidsutbyte-tilnærming for den sørlege bestanden og å bruke ei føre-var-tilnærming for å gje råd for underbestandane «Northwestern» og «Viking». Tilrådd kvote for 2025 er maksimalt 15 511 tonn, jf. tabell 4.12. Dette talet er summen av kvoteråda for dei tre underbestandane – 9 920 tonn for «Northwestern», 3 343 tonn for «Viking» og 2 248 tonn for den sørlege bestanden. ICES seier òg at kvoteråda for kvar av underbestandane ikkje må takast som områdevise råd. Fiskedødelegheita er for alle underbestandane den lågaste i tidsserien, som går tilbake til 1983, og mellom Fmsy og føre-var-nivået for alle dei tre underbestandane. Kvoten vart fastsett til 25 028 tonn, noko som er ein nedgang på 20 prosent frå 2024-kvoten.

Figur 4.47 Utviklinga i bestand og fangst av torsk i Nordsjøen, i Skagerrak, i den austlege engelske kanalen og vest for Skottland.

Figur 4.47 Utviklinga i bestand og fangst av torsk i Nordsjøen, i Skagerrak, i den austlege engelske kanalen og vest for Skottland.

Tabell 4.12 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av torsk i Nordsjøen, Skagerrak og den austlege engelske kanalen og vest for Skottland dei siste fem åra.

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangst1

Gytebestand1

2021

MSY-tilnærming

< 15

16

20

50

2022

MSY-tilnærming

< 14

16

23

77

2023

MSY-tilnærming

< 26

27

32

84

2024

MSY- og føre-var-tilnærming

< 15

31

80

2025

MSY- og føre-var-tilnærming

< 16

25

Boks 4.13 Hyse i Nordsjøen, Skagerrak og vest for Skottland

Figur 4.48 Hyse

Figur 4.48 Hyse

Foto: Thomas de Lange Wenneck, Havforskingsinstituttet.

Artsnamn: hyse – Melanogrammus aeglefinus

Maksimal storleik: 60 cm og 4 kg

Levetid: maks 15 år

Bestandsstorleik (2024): om lag 681 000 tonn (gytebestand)

Kvote for 2025: 112 435 tonn (TAC), av desse 95 862 tonn i Nordsjøen, 5 892 tonn i Skagerrak og 10 681 tonn vest for Skottland

Norsk fangstverdi (2024): om lag 35 millionar kroner

Fakta om bestanden: Hysa finst på begge sider av det nordlege Atlanterhavet og er delt inn i mange bestandar. Ho lever hovudsakleg ved botnen, og dei viktigaste byttedyra er botndyr som børstemark, muslingar og slangestjerner. Tobis- og sildeegg står òg på menyen. Gytefelta ligg i den sentrale Nordsjøen, og gytinga går føre seg frå mars til mai.

Fisket

Den gjennomsnittlege årlege totalfangsten av hyse i Nordsjøen og Skagerrak og vest for Skottland i perioden 1972–2023 er vel 150 000 tonn. Fangsten har gjennom mesteparten av denne perioden blitt redusert i takt med ein minkande bestand, jf. figur 4.50. Sidan 2008 har fangsten lege mellom 36 000 og 67 000 tonn. Fangsten i 2023 var den høgaste sidan 2007. Hyse blir hovudsakleg fanga med botntrål og i mindre grad med snurrevad. Hyse er målart for delar av flåten, men blir òg fanga i blandingsfiskeri saman med mellom anna torsk, kviting og sjøkreps.

Status og råd

ICES vurderer bestanden til å vere i god stand og berekraftig hausta. Rekrutteringa har sporadisk vore sterk, og 2019- og 2020-årsklassane er vurderte til å vere dei største sidan 2000. Det vart gjennomført ein metoderevisjon i 2022. Det er førebels ikkje utarbeidd nokon forvaltingsplan for heile området. Basert på maksimalt langtidsutbyte meiner ICES at den totale fangsten ikkje bør overstige 112 435 tonn i 2025, jf. tabell 4.13. I 2023 var fiskedødelegheita, etter det vi no veit, på 0,084. Det er under Fmsy (0,194) og den lågaste verdien i tidsserien, som går tilbake til 1972.

Figur 4.49 Utbreiingsområde og gyteområde for hyse i Nordsjøen, i Skagerrak og vest for Skottland.

Figur 4.49 Utbreiingsområde og gyteområde for hyse i Nordsjøen, i Skagerrak og vest for Skottland.

Figur 4.50 Utviklinga i bestand og fangst av hyse i Nordsjøen, i Skagerrak og vest for Skottland.

Figur 4.50 Utviklinga i bestand og fangst av hyse i Nordsjøen, i Skagerrak og vest for Skottland.

Tabell 4.13 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av hyse i Nordsjøen, i Skagerrak og vest for Skottland dei siste fem åra

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangst

Gytebestand

2021

MSY-tilnærming

< 69

50

44

238

2022

MSY-tilnærming

< 129

53

57

437

2023

MSY-tilnærming

< 127

68

67

581

2024

MSY-tilnærming

<149

119

681

2025

MSY-tilnærming

<112

112

Boks 4.14 Kviting i Nordsjøen og den austlege engelske kanalen

Figur 4.51 Kviting

Figur 4.51 Kviting

Foto: Jan de Lange, Havforskingsinstituttet.

Artsnamn: kviting – Merlangius merlangus

Maksimal storleik: 55 cm og 1,5 kg

Levetid: maks 12 år

Bestandsstorleik (2024): om lag 374 000 tonn (gytebestand)

Kvote for 2025: 139 425 tonn (TAC), av desse 111 861 tonn i Nordsjøen og 27 564 tonn i den austlege engelske kanalen

Norsk fangstverdi (2024): om lag 2,1 millionar kroner

Fakta om bestanden: Kvitingen er utbreidd i det austlege Atlanterhavet og er delt inn i mange bestandar. Han lever hovudsakleg ved botnen på 10–200 meters djup, men kan gå opp i sjøen for å beite. Kvitingen et i hovudsak fisk, som sild, augepål og tobis, og yngel av torsk, hyse og kviting. Det er gytefelt i både den sørlege og den nordlege Nordsjøen. Gytinga går føre seg over ein lang periode om våren og sommaren.

Fisket

Den gjennomsnittlege årlege totalfangsten av kviting i Nordsjøen i perioden 1978–2023 er kring 81 000 tonn, men har dei siste ti åra lege mellom 28 000 og 36 000 tonn, jf. figur 4.53. Kviting blir fanga i eit blanda fiskeri der målartane er anten torsk og hyse, flatfisk eller sjøkreps, og som bifangst i industritrålfisket. Bifangsten i industritrålfisket har minka dei seinare åra, ettersom meir selektive reiskapar har blitt tekne i bruk. Storbritannia er den viktigaste aktøren i fisket, og den norske fangsten har dei siste åra vore rundt 1 000 tonn.

Status og råd

Gytebestanden og fisketrykket har vore relativt stabile sidan 2002, og gytebestanden er no over føre-var-nivået og har auka betydeleg dei siste 5 åra. Rekrutteringa har jamt over vore låg sidan 2003, men 2019- og 2020-årsklassane er sterke. Basert på maksimalt langtidsutbyte meiner ICES at totalfangsten ikkje bør overstige 188 148 tonn i 2025. Fiskedødelegheita var, etter det vi no veit, 0,10 i 2022, noko som er den lågaste i tidsserien frå 1978 til i dag og langt under Fmsy (0,393).

Figur 4.52 Utbreiingsområde og gyteområde for kviting i Nordsjøen og den austlege engelske kanalen.

Figur 4.52 Utbreiingsområde og gyteområde for kviting i Nordsjøen og den austlege engelske kanalen.

Figur 4.53 Utviklinga i bestand og fangst av kviting i Nordsjøen og den austlege engelske kanalen.

Figur 4.53 Utviklinga i bestand og fangst av kviting i Nordsjøen og den austlege engelske kanalen.

Tabell 4.14 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av kviting i Nordsjøen og den austlege engelske kanalen dei siste fem åra.

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangst

Gytebestand

2021

MSY-tilnærming

< 27

26

33

290

2022

MSY-tilnærming

< 89

33

28

346

2023

MSY-tilnærming

< 110

43

28

363

2024

MSY-tilnærming

<128

96

374

2025

MSY-tilnærming

<188

139

Boks 4.15 Raudspette i Nordsjøen og Skagerrak

Figur 4.54 Raudspette

Figur 4.54 Raudspette

Foto: Merete Kvalsund, Havforskingsinstituttet.

Artsnamn: raudspette – Pleuronectes platessa

Maksimal storleik: 70 cm og 3,5 kg

Levetid: maks 20 år

Bestandsstorleik (2024): om lag 998 000 tonn (gytebestand)

Kvote for 2025: 175 593 tonn, av desse 155 755 tonn i Nordsjøen og 20 838 tonn i Skagerrak

Norsk fangstverdi (2024): om lag 1,8 millionar kroner. Dei siste åra har Noreg berre utnytta ein liten del av kvoten, og i 2024 var den norske fangsten på 67 tonn. Fangstar nord for 62° N (utanfor rådsområdet for nordsjøbestanden) var til samanlikning 991 tonn, med ein totalverdi på 8 millionar kroner.

Fakta om bestanden: Raudspette finst på begge sider av det nordlege Atlanterhavet – på austsida frå Middelhavet til Barentshavet – og er delt inn i mange bestandar. Bestanden i Nordsjøen er den største. Raudspetta lever på botnen ned til om lag 200 meters djup. Raudspetta et børstemark, skjel, maneter, krepsdyr, pigghudar og små fisk. Gyteområda finst i dei sentrale og sørlege delane av Nordsjøen, men det er ingen klare skiljeliner mellom bestandane. Gytinga går føre seg i januar og februar.

Fisket

Den gjennomsnittlege årlege totalfangsten av raudspette i Nordsjøen i perioden 1960–2023 er kring 159 000 tonn og har variert ein del i takt med utviklinga i bestanden, jf. figur 4.56. Raudspette blir hovudsakleg fiska med bomtrål i sørlege og sentrale delar av Nordsjøen og i eit blandingsfiskeri med botntrål i dei sørlege delane av Nordsjøen. Målarten er tunge, og det går føre seg eit omfattande utkast av undermåls raudspette i blandingsfisket. I Skagerrak blir raudspetta fiska i eit direkte fiskeri med garn og snurrevad, men òg i eit blandingsfiske saman med torsk og sjøkreps. Utkastet er likevel avgrensa sidan reiskapen har stor maskevidd og difor fiskar selektivt. Nederland, Danmark og Storbritannia dominerer fisket. Noreg disponerer 7 prosent av totalkvoten i Nordsjøen og 2 prosent av kvoten i Skagerrak.

Status og råd

ICES vurderer bestanden til å vere i god stand og berekraftig hausta. Bestanden er på eit høgt nivå, som vist i figur 4.56. Rekrutteringa har vore om lag som langtidsgjennomsnittet, men fiskepresset har minka til under nivået for høgt langtidsutbyte. ICES tilrår, basert på maksimalt langtidsutbyte, at fangsten i 2025 ikkje bør overstige 176 593 tonn, jf. tabell 4.15. Fiskedødelegheita har, etter det vi no veit, vore under Fmsy (0,152) heilt sidan 2007 og var i 2023 nede på 0,065. Det er den lågaste verdien i tidsserien, som går tilbake til 1957.

Figur 4.55 Utbreiingsområde og gyteområde for raudspette i Nordsjøen og Skagerrak.

Figur 4.55 Utbreiingsområde og gyteområde for raudspette i Nordsjøen og Skagerrak.

Figur 4.56 Utviklinga i bestand og fangst av raudspette i Nordsjøen og Skagerrak.

Figur 4.56 Utviklinga i bestand og fangst av raudspette i Nordsjøen og Skagerrak.

Tabell 4.15 Tilrådd TAC, avtalt TAC, fangst og gytebestand (tusen tonn) av raudspette i Nordsjøen og Skagerrak dei siste fem åra.

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangst

Gytebestand

2021

MSY-tilnærming

< 168

163

73

771

2022

MSY-tilnærming

< 143

143

65

749

2023

MSY-tilnærming

< 150

151

62

873

2024

MSY-tilnærming

< 155

155

998

2025

MSY-tilnærming

< 176

176

Boks 4.16 Reker

Figur 4.57 Reke

Figur 4.57 Reke

Foto: Øystein Paulsen, Havforskingsinstituttet.

Artsnamn: reke – Pandalus borealis

Maksimal storleik: 16 cm og 20 g

Levetid: 5 år, men i dette området lever dei fleste berre i 3 år

Bestandsstorleik (2024): 8374 tonn (gytebiomasse av ho-reker).

Kvote for kvoteåret 1. juli 2024–30. juni 2025: 4 557 tonn (TAC)

Norsk fangstverdi (2024): 262 millionar kroner

Fakta om bestanden: Reke finst på kontinentalsoklane og i fjordar og kyststrøk på begge sider av det nordlege Atlanterhavet og er delt inn i mange bestandar. Det er den kommersielt viktigaste skaldyrarten i Nord-Atlanteren.

Fisket

Den gjennomsnittlege årlege totalfangsten av reker i Skagerrak i perioden 1971–2023 er kring 11 000 tonn. Uttaket har variert i takt med storleiken på bestanden, jf. figur 4.59. Rekene blir fiska med trål, av både Noreg, Sverige og Danmark. Fisket er kvoteregulert, og Noreg har 59 prosent av totalkvoten.

Status og råd

Denne bestanden blir dekt av eit norsk forskingstokt i januar kvart år. Tidlegare vart kvoterådet for inneverande kalenderår oppdatert rett etter toktet, og det vart gjeve eit førebels råd for første halvdel av neste kalenderår. I 2023 vart EU og Noreg samde om ein ny forvaltingsplan, der kvoteåret går frå 1. juli til 30. juni året etter. Endringa vart gjort for å unngå å gje både førebelse og endelege råd.

Den tilrådde endelege kvoten for perioden 1. juli 2024–30. juni 2025 var på 4 557 tonn. EU og Noreg sette den endelege kvoten lik den tilrådde.

Bestanden gjennomgjekk ein metoderevisjon i 2022, noko som resulterte i ein ny bestandsmodell og nye referansepunkt. Bestandsstorleiken og fiskedødelegheita blir no rekna ut som relative og ikkje absolutte verdiar. Bestanden gjennomgjekk òg ei evaluering av forvaltingsplanar (MSE) i 2023, noko som resulterte i eit endra bestandsvurderings- og kvoteår (1. juli–30. juni) i tillegg til nokre endringar i bestandsmodellen.

Figur 4.58 Utbreiingsområde og gyteområde for reke i Skagerrak og Nordsjøen.

Figur 4.58 Utbreiingsområde og gyteområde for reke i Skagerrak og Nordsjøen.

Figur 4.59 Utviklinga i bestand og fangst av reke i Skagerrak og Norskerenna.1

Figur 4.59 Utviklinga i bestand og fangst av reke i Skagerrak og Norskerenna.1

1 År refererer til bestandsvurderings- og kvoteår (juli–juni), slik at bestandstalet for 2024 refererer til 1. juli 2024.

Tabell 4.16 Tilrådd TAC og avtalt TAC dei siste to kvoteåra, fangst og gytebestand (ho-reker) av reker i Skagerrak og Norskerenna dei siste fem åra.1

År

Råd frå ICES

Tilrådd TAC

Avtalt TAC

Fangst

Gytebestand

2020/2021

8,2

0,33

2021/2022

7,8

0,30

2022/2023

9,8

0,27

2023/2024

Følg den avtalte forvaltingsplanen.

< 5,1

6,1

6,2

0,40

2024/2025

Følg den avtalte forvaltingsplanen.

< 4,6

4,6

0,58

1 Kvoteåret går frå juli til juni neste år. Gytebestanden per 1. juli i starten av kvoteåret er vist relativt til MSY Btrigger.

Boks 4.17 Kysttorsk

Sør for 62° N

Tilstanden for kyst- og fjordtorsk på Vest-, Sør- og Austlandet har dei siste tiåra blitt mykje dårlegare, og fangstane er no berre 10–15 prosent av historisk nivå. Nedgangen har byrja tidlegare og vore sterkare di lenger aust ein kjem, og har vore spesielt sterk frå Telemark til svenskegrensa. Aust for Lindesnes har det difor blitt innført tiltak for å redusere fangstpresset og verne gytetorsken.

Frå 15. juni 2019 vart det forbode med direktefiske etter torsk innanfor grunnlina frå Telemark til svenskegrensa. Det vart òg forbode å fiske med botnsette garn. Yrkesfisket har dispensasjon frå tiltaka, men ikkje frå forbodet mot garnfiske grunnare enn 25 meter i perioden 15. juni–15. mars. I gyteområda til torsken er det fiskeforbod frå 1. januar til 30. april, med unntak av fiske på laks, sjøaure og annan anadrom fisk og undervassjakt. Havforskingsinstituttet vurderte effekten av tiltaka i 2022. Det var ingen teikn til at bestandssituasjonen hadde endra seg i Skagerrak eller i Ytre og Indre Oslofjord sidan tiltaka vart innførte i 2019.

Langs Skagerrakkysten finst to sameksisterande genetiske variantar av torsk. Den eine varianten dominerer inst i fjordane, medan den andre er vanlegare i dei litt meir eksponerte ytre områda og er genetisk svært lik nordsjøtorsken. Desse variantane er genetisk relativt ulike kvarandre, meir enn kva kysttorsk og skrei er i nord, og har mellom anna ulik vekst og ulikt vandringsmønster. Yngel av begge variantar rekrutterer til og veks opp i fjordar og kystnære område.

Både strandnotserien (1919–) og garnserien (1984–1990, 2001–) til Havforskingsinstituttet stadfestar at torskebestandane har blitt ytterlegare reduserte dei siste tiåra, og klart mest i det austlege Skagerrak. Forskinga viser at det er fritidsfisket som står for det største uttaket av kysttorsk i Oslofjorden, og tiltaka som vart innførte i 2019, er retta mot å redusere dette fisket.

Det var ein kraftig nedgang i dei kommersielle torskefangstane i begge områda frå midt i 1990-åra fram til 2006. Torskefangstane i Skagerrak innanfor 12 nautiske mil var rundt 1 500 tonn årleg i 1970- og 1980-åra, gjekk ned til rundt 500 tonn på starten av 2000-talet og er no nede i rundt 100 tonn.

Vest for Lindesnes er kunnskapsgrunnlaget vesentleg dårlegare ettersom ein lenge har mangla standardisert overvaking. Som i Skagerrak har dei kommersielle fangstane gått kraftig ned dei siste tiåra. I perioden 1920–2000 varierte fangstane mellom 1 500 og 2 500 tonn, men etter 2002 har dei berre vore 200–300 tonn.

Tidsserien med fangstratar for garn og ruser frå Havforskingsinstituttet sine tokt på Vestlandet er kort (2015–2023) og viser ingen trend. Ein litt lengre tidsserie for garnfiske frå instituttet sin referanseflåte viser at fangsten per innsatseining har blitt redusert med 50 prosent frå 2006 til i dag.

Nord for 62° N

Denne bestanden blir overvaka med eit årleg tokt (kysttoktet) i oktober–november og har i mange år vore på eit relativt lågt nivå. I og med at kysttorsken blir fiska saman med nordaustarktisk torsk, som er ein mykje større bestand, er det krevjande å finne gode reguleringstiltak for kysttorsk som ikkje skaper problem for fisket etter nordaustarktisk torsk.

Etter råd frå ICES om ein ny gjenoppbyggingsplan for kysttorsk i nord bestilte Nærings- og fiskeridepartementet i 2018 ein rapport frå Havforskingsinstituttet, i samråd med Fiskeridirektoratet, om kunnskapsstatusen, med forslag til forvaltingstiltak og ein ny gjenoppbyggingsplan. Havforskingsinstituttet publiserte i 2020 rapporten Kysttorsk nord for 62-grader nord – Vurdering av status og forslag til forvaltningstiltak og ny gjenoppbyggingsplan. Basert på denne rapporten, gjennomført metoderevisjon for kysttorsk i ICES og fleire innspel frå Havforskingsinstituttet har Fiskeridirektoratet gjennomført ei høyring om ei rekkje moglege forvaltingstiltak. Desse tiltaka handlar både om havdeling og om endringar i tekniske reguleringar. Fleire tiltak er innførte eller vil bli innførte i løpet av 2024–2025. Mellom anna er minstemålet for torsk innanfor 4 nautiske mil frå grunnlina auka frå 44 til 55 cm (frå 1. januar 2024).

Etter ein metoderevisjon i ICES av bestandsvurderinga for nordaustarktisk torsk og kysttorsk vart det i 2021 bestemt å dele opp vurderinga av kysttorskbestanden i to område – nord for 67° N og mellom 62 og 67° N. For kysttorsk nord for 67-graden er det godt nok datagrunnlag for ei aldersstrukturert, analytisk bestandsvurdering, medan bestanden mellom 62 og 67° N blir vurdert med metodikk for datafattige bestandar. Metoden vart i 2024 oppdatert til ein biomassemodell som skildrar utviklinga og statusen for den delen av bestanden som er rekruttert til fiskeria. Basert på den nye metodikken vart det gjeve separate kvoteråd for dei to bestandane for 2025. For bestanden nord for 67° N var 2025-kvoterådet 26 672 tonn basert på den nye forvaltingsplanen som er godkjend av ICES. Fiskedødelegheita har lege over målet i forvaltingsplanen i store delar av tidsserien 1994–2023. For bestanden mellom 62 og 67° N var 2025-rådet på 1 926 tonn. Den kraftige nedgangen frå 2024-rådet (9 136 tonn) kjem av den oppdaterte metodikken, som gjev eit meir representativt bilete av bestandsstatusen. I området mellom 62 og 67° N var botntrålindeksen dei tre siste åra (2021–2023) den lågaste i heile tidsserien frå 2003. Vidare var gjennomsnittet av den kommersielle fangsten i 2019–2023 lågare enn i alle år før denne perioden.

Til forsida