Meld. St. 12 (2024–2025)

Noregs fiskeriavtalar for 2025 og fisket etter avtalane i 2023 og 2024

Til innhaldsliste

1 Samandrag

Noreg er ein havnasjon med rike fiskeressursar. Dei store mengdene fisk i norske farvatn har gjeve mat, arbeid og inntekt til det norske kystfolket til alle tider. I 2024 eksporterte Noreg villfanga fisk og fiskeprodukt for 44,9 milliardar kroner, som vart ny rekord.

Vi deler rundt 90 prosent av fiskeressursane vi haustar av, med andre land gjennom gjensidige avtalar på ressursforvaltingsområdet. Det er forvaltinga av desse ressursane som er temaet for dei årlege fiskeriavtalane. Avtalane skal sikre at haustinga av fiskebestandane er berekraftig. Dei er difor baserte på uavhengige vitskaplege råd om kvotar og forvaltingstiltak og inneheld forpliktande føresegner om kvotefordeling, forvaltingstiltak og kontrollsamarbeid.

Det er tre overordna mål som ligg til grunn for Noregs medverknad i dei ulike forhandlingsprosessane og dei internasjonale organisasjonane for ressursforvalting:

  • å fremje ei berekraftig forvalting av dei levande marine ressursane, basert på den beste tilgjengelege vitskaplege kunnskapen og ei økosystembasert tilnærming

  • å sikre Noreg ein rettferdig del ved kvotefordeling av felles regulerte bestandar

  • å sikre tilfredsstillande kontroll og handheving innan dei forvaltingsregima der Noreg tek del

Oversikt over fiskeriavtalane

Noreg inngår vanlegvis fire typar internasjonale fiskeriavtalar: tosidige avtalar, trepartsavtalar, kyststatsavtalar og avtalar i regionale fiskeriforvaltingsorganisasjonar (RFMO-ar).

Noreg inngår tosidige avtalar med Russland, EU, Storbritannia, Færøyane, Island og Grønland. Avtalane med Russland og trepartsavtalen med EU og Storbritannia er dei mest omfattande og gjeld felles forvalting av bestandane vi deler i høvesvis Barentshavet og Nordsjøen. I tillegg blir det avtalt gjensidig løyve til å fiske i fiskerisona til den andre parten og byte av kvotar. EU er forhandlingspart på vegner av Sverige og Danmark i avtalane om regulering av fisket i Skagerrak og Kattegat og om svensk fiske i Noregs økonomiske sone. Avtalane med Færøyane, Grønland og Island gjeld først og fremst kvotebyte. Kvotebytet har tradisjonelt vore ei vidareføring av tidlegare fiskemønster hos partane, men nivået avheng òg av variasjonar i storleiken på dei ulike bestandane. Avtalane omfattar dessutan kontrollsamarbeid og i ulik grad forskingssamarbeid.

Dei største bestandane i Norskehavet er makrell, norsk vårgytande sild (NVG-sild) og kolmule. Dette er bestandar som vandrar mellom sonene til fleire statar. Dei blir difor forvalta gjennom fleirsidige avtalar, såkalla kyststatsavtalar, mellom statane som har bestanden i sonene sine. Noreg er òg part i forvaltinga av lodde ved Island, Grønland og Jan Mayen og er som fjernfiskenasjon deltakar i prosessen om fordeling og regulering av uer i Irmingerhavet mellom Færøyane, Grønland og Island.

Figur 1.1 Dei nordaustatlantiske havområda.

Figur 1.1 Dei nordaustatlantiske havområda.

FN-avtalen om fiske på det opne hav pålegg kyststatane og statar som fiskar i internasjonalt farvatn, å ta del i regionalt samarbeid om forvaltinga av vandrande fiskebestandar. RFMO-ane søkjer å kombinere ei langsiktig bevaring og best mogleg utnytting av fiskeressursane i konvensjonsområda sine. Det skjer gjennom regulering av fisket, miljøtiltak og kontrollsamarbeid. RFMO-ane har mellom anna vore viktige arenaer i kampen mot ulovleg, urapportert og uregulert fiske (UUU-fiske). Dei ulike organisasjonane for fiskeriforvalting som Noreg deltek i, er nærmare presenterte i kapittel 3.

I kapittel 2 gjev vi ei kort innføring i tema som er viktige i det internasjonale fiskerisamarbeidet: Det havrettslege rammeverket, den vitskaplege rådgjevinga og dei internasjonale havmiljøprosessane legg viktige premissar for dei årlege fiskeriavtalane. Vi omtaler dessutan det internasjonale samarbeidet mot UUU-fiske og fiskerikriminalitet.

Verdiane vi forhandlar om

Den samla fangstverdien av fiskeriavtalane Noreg inngjekk med andre land i 2024, er rekna ut til å vere om lag 78 milliardar kroner.1 Noreg sin del utgjorde ein tredel av totalen, eller om lag 24 milliardar kroner. I tillegg kjem verdiane som blir skapte av vidareforedling av fangsten. Den realiserte verdien av avtalane er avhengig av i kor stor grad Noreg nyttar kvotane fullt ut.

Figur 1.2 viser korleis den økonomiske verdien vart fordelt mellom dei viktigaste avtalane i 2024. Denne fordelinga vil variere ein del frå år til år som følgje av endringar i storleiken på kvotane og prisane i marknaden for dei ulike artane. Figuren illustrerer like fullt den økonomiske tyngda av dei ulike avtalane i 2024.

Figur 1.2 Fiskeriavtalane sin relative verdi for Noreg i 2024.

Figur 1.2 Fiskeriavtalane sin relative verdi for Noreg i 2024.

Torsken i Barentshavet er den kommersielt viktigaste bestanden i Noreg, og den norske kvoten hadde i 2024 ein verdi på om lag 8,3 milliardar kroner. Det er grunnen til at om lag halvparten av dei samla verdiane av fiskeriavtalane kjem frå Russlandsavtalen. 38 prosent av verdiane frå avtalane totalt skriv seg frå kyststatsavtalane for dei tre pelagiske bestandane. Makrellen er for tida den klart viktigaste med ein verdi på om lag 4,9 milliardar kroner i 2024. Avtalen med EU og Storbritannia om forvaltinga av fellesbestandane i Nordsjøen stod for 11 prosent av verdiane. Skagerrakavtalen med EU stod for om lag 1 prosent av dei samla verdiane i 2024.

1.1 Fiskeriavtalane for 2025

Figur 1.3 viser den avtalte totalkvoten for viktige bestandar for Noreg i perioden 2022–2025. Kapittel 3 presenterer dei fastsette kvotane og fordelinga av desse i alle dei ulike avtalane. Kapittel 4 inneheld ein gjennomgang av status og vitskapleg rådgjeving for dei ulike bestandane. Kapittel 5 gjer greie for hovudtrekka i fisket etter avtalane Noreg hadde med andre land i 2023 og 2024.

Figur 1.3 Totalkvotar i 2022–2025 for viktige bestandar for Noreg (tonn).1

Figur 1.3 Totalkvotar i 2022–2025 for viktige bestandar for Noreg (tonn).1

1 Torsk i Barentshavet er inklusive norsk kysttorsk. Kolmule/NVG-sild/makrell: Det har ikkje vore semje mellom alle partane om fordelinga av totalkvoten i åra 2022–2025, så summen av unilaterale kvotar er høgare enn totalkvoten som er vist i figuren.

Avtalen med Russland

Noreg fordømmer på det sterkaste Russlands fullskala militærangrep på Ukraina og har innført historisk strenge sanksjonar. Det bilaterale samarbeidet vårt med Russland er nedskalert til eit minimum. Samstundes har Noreg eit ansvar for å forvalte fiskeriressursane i Barentshavet på ein måte som sikrar framtidig hausting av ressursane. Samarbeidet innan forsking, regulering og kontroll er berande element for ei forsvarleg og berekraftig forvalting av dei bestandane som blir forvalta av Noreg og Russland. Dette er av stor betyding, også for andre land som får kvotar til fartøya sine basert på avtalar med Noreg. Noreg har difor valt å føre vidare fiskerisamarbeidet med Russland.

Noreg og Russland har avtalt totalkvotar for 2025 på fellesbestandane i Barentshavet og fordelinga mellom Noreg, Russland og avsetjing til tredjeland. Landa har òg avtalt gjensidig rett til å fiske i sonene til kvarandre og har bytt kvotar som gjeld både fellesbestandar og nasjonale bestandar. Det er semje mellom dei to landa om ei fast prosentvis fordeling av fellesbestandane.

Etter at det er fastsett kvote til tredjeland, blir kvotane for nordaustarktisk torsk, nordaustarktisk hyse, blåkveite, snabeluer og lodde fordelte i tråd med den faste prosentvise fordelinga. Torske- og hysekvotane blir delte likt mellom Noreg og Russland. Torskekvoten er redusert med 25 prosent frå 453 427 tonn i 2024 til 340 000 tonn i 2025. Tredjelandskvoten blir bytt mot kvotar på andre artar. Kvotenivået er venta å sikre eit høgt utbyte på lang sikt. Hysekvoten er redusert med om lag 8 prosent frå 141 000 tonn i 2024 til 130 000 tonn i 2025. Noreg og Russland vedtok òg kvotefleksibilitet mellom år i fisket etter torsk og hyse. Vedtaket inneber at partane kan overføre inntil 10 prosent av kvotane til neste år eller fiske inntil 10 prosent av kvoten for neste år på forskot. Det vart vedteke at det ikkje blir opna for loddefiske i 2025. Det vart fastsett ein totalkvote for blåkveite på 19 000 tonn for 2025, ein nedgang på 2 250 tonn frå 2024. For snabeluer er kvoten sett til 67 191 tonn for 2025. Det er ein nedgang på 2 973 tonn frå 2024.

Noreg og Russland er samde om å føre vidare arbeidet i analysegruppa i 2025. Gruppa har vore sentral i kontrollsamarbeidet vårt med Russland i Barentshavet.

I ei tid med kvotenedgang i mange fiskeri og uro for bestandssituasjonen skal forskarane vurdere om vi har gode nok tiltak for å minimere fangst av torsk og hyse under minstemål.

Avtalen med EU og Storbritannia

Etter at Storbritannia gjekk ut av EU, er mange av bestandane som tidlegare vart forvalta i samråd mellom Noreg og EU, delte mellom tre partar. Totalkvotar (TAC) og andre forvaltingstiltak for bestandane nordsjøtorsk, hyse, sei, kviting, raudspette og nordsjøsild blir difor fastsette i samråd mellom EU, Storbritannia og Noreg.

Byte av kvotar og gjensidig tilgang til å fiske i jurisdiksjonsområda til Storbritannia og farvatna til EU skjer etter separate bilaterale avtalar som må forhandlast fram mellom Noreg og kvar av dei to partane.

Trepartsavtalen om mellom anna totalkvotar for fellesbestandane i Nordsjøen for 2025 vart underteikna 29. november 2024.

Av fellesbestandane i Nordsjøen er det silda og seien som har den største kommersielle verdien for Noreg. Noreg har 29 prosent av sildekvoten og 52 prosent av seikvoten.

I tråd med rådgjevinga frå forskarane vart nokre kvotar auka og andre reduserte i 2025. Sjå kapittel 4 om tilstanden til dei ulike bestandane.

Avtalane med EU

I tråd med rammeavtalen om fiskerisamarbeid mellom Noreg og EU frå 1980 forhandlar partane kvart år om byte av fiskekvotar og gjensidig tilgang til å fiske i fiskerisona den andre parten har i Nordsjøen.

I tråd med rammeavtalen med EU er Noreg forplikta til å tilby EU 4,14 prosent av den totale kvoten for torsk i nord. I tillegg byter EU til seg sei, hyse og blåkveite i nord, i tillegg til lysing, breiflabb og andre bestandar i Nordsjøen. EU skal som motyting tilby Noreg tilsvarande fiskemoglegheiter i eigne farvatn. No som Storbritannia ikkje lenger er medlem av EU, har dette bytet minska betydeleg i storleik. Frå EU byter Noreg no til seg kvotar på kolmule og ein del kvotar som kan fiskast i farvatna til Grønland. Desse omfattar mellom anna reker, uer og blåkveite.

Noreg og EU samarbeider òg om kontroll og overvaking av ressursuttaket.

Noreg og EU forhandlar i tillegg avtalar om fisket i Skagerrak/Kattegat og om svensk fiske i den norske delen av Nordsjøen (nabolandsavtalen). Det er særleg silde- og rekefisket i Skagerrak som er av størst interesse for norske fiskarar.

5. desember 2024 vart Noreg og EU samde om avtalar for 2025 om kvotebyte og sonetilgang i Nordsjøen og Skagerrak. EU har mellom anna bytt til seg 10 316 tonn nordaustarktisk torsk, 5 600 tonn hyse og 575 tonn sei i Barentshavet. I motyting har Noreg mellom anna teke imot kvotar av reke, blåkveite og uer ved Grønland. Partane har òg bytt kvotar på botnfisk i Nordsjøen.

Avtalen med Storbritannia

30. september 2020 underteikna Noreg og Storbritannia ein bilateral rammeavtale for fiskerisamarbeid. Avtalen legg til rette for at partane kan bli samde om byte av kvotar og tilgang til å fiske i respektive jurisdiksjonsområde (sonetilgang). 17. desember 2024 underteikna partane ein bilateral avtale om sonetilgang og kvotebyte for 2025. I denne avtalen får Noreg tilgang til å fiske noko av vår eigen nordsjøsildkvote i den økonomiske sona til Storbritannia, mot at Storbritannia får fiske norsk vårgytande sild i norsk farvatn. Partane vart òg samde om å gje kvarandre gjensidig tilgang til å fiske opptil 30 000 tonn botnfisk. Partane utveksla i tillegg kvotar i norsk sone i Barentshavet og i britisk sone utanom Nordsjøen.

Kyststatsavtalane

For tida er det ingen kyststatsavtalar om fordeling av dei store pelagiske bestandane makrell, NVG-sild og kolmule. Kyststatane vart hausten 2024 samde om å halde fram forhandlingar om fordeling for alle desse bestandane tidleg i 2025.

Makrell

Dei seinare åra har makrellen kommersielt sett vore ein av dei viktigaste bestandane for Noreg, nest etter torsken.

Sjølv om makrellbestanden har vore i ganske god forfatning dei seinare åra, er bestanden på veg nedover. Hausten 2024 vart kyststatane samde om ein TAC på 576 958 tonn for 2025. Dette er i samsvar med rådet frå Det internasjonale rådet for havforsking (ICES) og inneber ein reduksjon frå rådet for 2024 på 22 prosent.

I 2023 signerte Noreg og Storbritannia ein tosidig avtale for makrell. Avtalen sikra Noreg tilgang til å fiske 60 prosent av den nasjonale kvoten i britiske farvatn. Denne tilgangen vart nytta fullt ut.

Trass i ei rekkje forhandlingsrundar vart kyststatane til makrell ikkje samde om fordelinga av makrellbestanden i 2024. I mangel av ein fullstendig avtale inngjekk Noreg, Storbritannia og Færøyane ein trepartsavtale om forvaltinga av makrell i juni 2024. Avtalen sikrar mellom anna den norske flåten høve til å fiske 60 prosent av den nasjonale makrellkvoten i britiske farvatn, medan Færøyane har høve til å fiske 40 prosent av sin nasjonale kvote i norske farvatn. Avtalen reduserer det samla fiskepresset på makrellbestanden og er utforma slik at det er mogleg å inkludere dei resterande kyststatane (EU, Grønland og Island) dersom det er ønskjeleg. Avtalen gjeld, inntil vidare, for tre år.

Kyststatane startar nye forhandlingar vinteren 2025, og siktemålet er å oppnå ein ny, heilskapleg kyststatsavtale der alle kyststatane er med. I påvente av ein heilskapleg kyststatsavtale for makrell har Noreg sett seg ein førebels kvote på 130 000 tonn. Denne kvoten vil bli justert når forhandlingane blir avslutta til våren.

Norsk vårgytande sild (NVG-sild)

Norsk vårgytande sild er den største sildebestanden i verda. Storbritannia, Færøyane, Island, Noreg og Russland er kyststatar til NVG-silda. Dei siste åra har Færøyane kravd ein høgare del av den totale kvoten. Det færøyske kravet har ført til at spørsmålet om delinga mellom partane har blitt opna på nytt, og fleire partar, mellom dei Noreg, har auka den prosentsatsen dei nyttar som grunnlag for fastsetjing av nasjonal kvote. Kyststatane har forhandla om delinga i fleire rundar, men har ikkje greidd å bli samde om ein ny fempartsavtale. Nytt i 2024 var at Noreg og Færøyane vart samde om ein bilateral kyststatsavtale som gjev Noreg 64,18 prosent og Færøyane 10 prosent av bestanden. Kyststatsavtalen mellom Noreg og Færøyane bidreg betydeleg til å få ned det totale overfisket på NVG-sild. Alle kyststatane er samde om å halde fram med andelsforhandlingane i 2025, med mål om ein heilskapleg avtale.

For 2025 har kyststatane blitt samde om ein totalkvote på NVG-sild på 401 794 tonn. Sidan det ikkje er semje om fordelinga av andelar til partane, blir kvotane fastsette unilateralt av kvar enkelt stat.

På kyststatsmøtet hausten 2020 vart det lagt fram ein rapport utarbeidd under leiing av forskarar frå Havforskingsinstituttet, men med deltaking av forskarar frå dei andre partane, der sonetilhøyrsla til silda vart oppdatert. I rapporten gjekk forskarane òg gjennom metodikk for å rekne ut sonetilhøyrsle for ein bestand. Denne rapporten har sidan blitt oppdatert kvart år.

Kolmule

Kolmule er den tredje store pelagiske bestanden i Nordaust-Atlanteren. Etter initiativ frå EU utarbeidde partane for ein del år sidan ein felles rapport om sonetilhøyrsle for kolmulebestanden. Med utgangspunkt i rapporten kravde EU ein større del av totalkvoten. Færøyane har følgt opp og krev òg ein større del, og i tillegg har Island nytta ein høgare prosentsats dei seinare åra. I kvotefastsetjinga si dei siste åra har dessutan Storbritannia nytta den same høgare satsen som EU.

Kyststatane har dei seinaste åra forhandla i fleire rundar om ei ny fordeling av bestanden, men førebels har ikkje forhandlingane lykkast. Kyststatane held fram med å forhandle om fordelinga i 2025 med mål om ein heilskapleg avtale. Det er òg semje om at rapporten om sonetilhøyrsle for kolmulebestanden skal oppdaterast kvart år, på same måten som for NVG-sild.

I forhandlingane for 2024 vart partane samde om ein TAC på 1 447 054 tonn i 2025. TAC er basert på rådgjevinga frå ICES og forvaltingsplanen som er evaluert av ICES.

Dei regionale fiskeriforvaltingsorganisasjonane

Noreg er i dag medlem av fire regionale fiskeriforvaltingsorganisasjonar i tillegg til Den internasjonale kvalfangstkommisjonen (IWC) og Den nordatlantiske sjøpattedyrkommisjonen (NAMMCO).

Den nordaustatlantiske fiskerikommisjonen (NEAFC)

Den nordaustatlantiske fiskerikommisjonen har ein viss samordnande funksjon i reguleringa av fisket etter bestandar som vandrar mellom dei økonomiske sonene til partane og internasjonalt farvatn. Dette gjeld kolmule, norsk vårgytande sild, makrell og uer.

Arbeidet i NEAFC er påverka av Russlands angrepskrig mot Ukraina ved at eit fleirtal av partane ikkje har vilja delta på møte med Russland i NEAFC-undergrupper og -komitear i 2024. Dette har ført til at Russland reserverer seg mot vedtak dei ikkje er samde i eller har hatt moglegheit til å vere med og diskutere.

Årsmøtet vedtok ei regulering av fisket etter kolmule basert på kyststatsavtalen om ein totalkvote på 1 447 054 tonn. Vedtaket inneber ei avgrensing på 115 185 tonn for fiske i internasjonalt farvatn, fordelt på Danmark (Grønland) og Russland. NEAFC-reguleringa inneber i tillegg at kyststatane kan fiske dei nasjonale kvotane sine i internasjonalt farvatn. Årsmøtet vedtok ei regulering av fisket etter norsk vårgytande sild basert på kyststatsavtalen om ein totalkvote på 401 794 tonn. Også denne reguleringa inneber at kyststatane kan fiske dei nasjonale kvotane sine i internasjonalt farvatn. I tråd med kyststatsavtalen for makrell for 2025 vedtok årsmøtet òg ein totalkvote på 576 958 tonn. Partane kan fiske dei nasjonale kvotane sine i internasjonalt farvatn. Alle reguleringane er i tråd med tilrådingane frå ICES.

Noreg og Russland er kyststatar til snabelueren i Norskehavet og vart i oktober 2014 samde om ei fordeling av bestanden på bakgrunn av ein sonetilhøyrslerapport utarbeidd av forskarar frå NEAFC-landa. Avtalen inneheld òg ein kvote til internasjonalt farvatn. I tråd med tilrådinga frå forskarane og kvoten som er sett av i avtalen mellom Noreg og Russland, la Noreg fram eit forslag om ei NEAFC-regulering for 2025. Forslaget til regulering med ein kvote på 3 964 tonn for fiske på det opne havet i Norskehavet vart vedteke ved konsensus.

Forbodet mot fiske etter uer i Irmingerhavet vedteke under årsmøtet i 2021 vart revidert under årsmøtet i 2023 og no vidareført under årsmøtet i 2024. Vedtaket inneber ein nullkvote og forbod mot å tilby omlastings-, forsynings- og støttetenester til fartøy i internasjonalt farvatn med fangstar av bestand om bord. NEAFC-forbodet mot direktefiske etter uer i Irmingerhavet er i tråd med tilrådinga frå forskarane. Vedtaket gjeld for perioden 2025–2027. Russland har i etterkant av årsmøtet reservert seg mot vedtaket, og forbodet gjeld difor ikkje for fartøya deira.

Det vart òg vedteke ei rekkje reguleringar på kontroll og handheving. Russland har reservert seg mot fleirparten av dessa vedtaka fordi det ikkje har vore møte i kontroll- og handhevingskomiteen til NEAFC.

Den nordvestatlantiske fiskeriorganisasjonen (NAFO)

Mange av bestandane som blir forvalta av NAFO, er under moratorium. Noreg har rett til å fiske på lodde, torsk og to rekebestandar.

Rekefisket i område 3M er i dag regulert med eit fiskedøgnsregime, og ikkje kvotar som i andre fiskeri. Dette er ikkje lenger ein alminneleg forvaltingsmåte, og NAFO-partane har fleire gonger prøvd å bli samde om eit kvotesystem og fordeling av andelar. Dette har ein ikkje lykkast med. Partane møttest 17. september 2023 for på ny å vurdere ein overgang til eit ordinært kvote-regime, men lykkast ikkje med å bli samde. Rekefisket i 3M er difor framleis underlagt fiskedøgnsregimet. Noreg har saman med EU argumentert for å gje forhandlingane eit nytt forsøk i 2025. På grunn av den dårlege tilstanden i rekebestanden i 3M, og i samsvar med vitskapleg råd om nullfiske, vart det vedteke at rekefisket heller ikkje skulle gjenopnast i 2025.

Loddefisket er framleis stengt i 2025, i tråd med avgjerda til årsmøtet frå 2021.

Også fisket etter uer lengst aust i reguleringsområdet til NAFO er stengt, i tråd med tilrådinga om nullkvote frå ICES. Noreg fiskar ikkje på denne bestanden i NAFO, men stenginga svarer til vedtak i NEAFC om same bestand som Noreg har interesser i.

Det er òg enkelte lyspunkt. Årsmøtet vedtok å auke torskekvoten i område 3M frå 11 708 tonn til 12 613 tonn, i tråd med det vitskaplege kvoterådet.

Fisket etter torsk i område 2J3KL hadde vore stengt sidan 1992, men i juni 2024 vedtok Canada, som er kyststat til bestanden, å gjenopne fisket. Canada fastsette ein TAC på 18 947 tonn, der 18 000 tonn er sette av til Canada i tråd med gjeldande fordelingsnøkkel. Dei resterande 5 prosentane av kvoten, tilsvarande 947 tonn, er sette av til fiske i NAFOs reguleringsområde (internasjonalt farvatn, område 3L) og er fordelte mellom dei andre 12 kontraktspartane. I tråd med semja om ein ny fordelingsnøkkel for denne avsetninga har Noreg ein kvote på 19,14 tonn (0,101 prosent) i perioden september 2024–juni 2025.

NAFO har dei siste åra lagt stor vekt på å regulere fisket med botnreiskapar slik at sårbare marine økosystem blir skåna. I dag er i alt 27 område i NAFO stengde for fiske med botnreiskapar for å verne konsentrasjonar av korallar og svamp som har særleg sårbare økosystem (VME-ar). Stengingane gjeld òg fleire område med undersjøiske fjell. Alle dei 27 områda er stengde ut 2026. NAFO arbeider med ei ny vurdering av særleg sårbare økosystem og korleis botnfiske påverkar desse. Vurderinga skal ferdigstillast i 2027.

Dei siste åra har NAFO arbeidd med å utvikle ein indikator for økosystemoverfiske. I indikatoren, som heiter Total Catch Index (TCI), er det berekna referansepunkt for ulike økosystem som mellom anna seier noko om sannsynet for at totaluttaket er for høgt. Dersom til dømes det totale fangstvolumet av ein bestand overstig nivået 2TCI, indikerer dette stort sannsyn for økosystemoverfiske. I 2023 vart TCI-verktøyet teke inn i bestandsvurderingane frå det vitskaplege rådgjevingsorganet til NAFO. Dette, saman med bestandsråd, skal bidra til å rettleie kontraktspartane i NAFO mellom anna når dei skal ta avgjerder om totalkvotar. Bruken av TCI som indikator er likevel på eit svært tidleg stadium, og det er førebels ikkje bestemt korleis eller i kva grad eit eventuelt økosystemoverfiske bør utløyse tiltak, og heller ikkje kva for tiltak som bør brukast. Per i dag er bestandsuttaka i NAFO-området ikkje på slike nivå at dei utgjer nokon risiko for overskriding av 2TCI.

Den internasjonale kommisjonen for bevaring av atlantisk tunfisk (ICCAT)

Noreg hadde i perioden 2007–2013 forbod mot fiske og landing av makrellstørje på bakgrunn av bestandssituasjonen og fordi totalkvoten vart sett høgare enn tilrådd. Den internasjonale kommisjonen for bevaring av atlantisk tunfisk har sidan fått kontroll på forvaltinga av makrellstørjebestanden. Noreg opna for fangst av den norske kvoten i 2014. I 2022 vedtok ICCAT ein ny forvaltingsplan, og totalkvoten på austleg makrellstørje vart sett til 40 570 tonn for forvaltingsperioden 2023–2025. Den norske kvotedelen har auka dei siste åra, og i 2025 er den norske kvoten på 368 tonn. Noreg har fått løyve til å gjennomføre eit treårig pilotprosjekt på levandelagring av makrellstørje innanfor ein avgrensa del av den norske kvoten. Noreg skal rapportere årleg frå prosjektet fram til 2025.

Kommisjonen for bevaring av dei marine levande ressursane i Antarktis (CCAMLR)

CCAMLR fører vidare kvotane på kril i Antarktis på same nivået som tidlegare. Det finst store krilressursar i konvensjonsområdet, men i dag skjer storparten av fisket i CCAMLR-område 48, det vil seie Antarktishalvøya, Sør-Shetland, Sør-Orknøyane og Sør-Georgia. Det er fastsett ei fangstgrense for heile konvensjonsområdet på 5,6 millionar tonn. Enorme avstandar og utfordrande vêr- og isforhold i fangstsesongen verkar inn på kor god tilgang fartøya har til fangstområda, og dermed òg på kor lenge dei kan fiske, og kor mykje kril dei kan fiske. Dei siste åra har totalfangsten av kril vore mellom 230 000 og 420 000 tonn. I område 48 er fangstgrensa sett til 620 000 tonn. Kvoten er ikkje delt mellom dei enkelte medlemmene. Den norske flåten fiskar om lag 50–70 prosent av den totale krilfangsten i konvensjonsområdet.

Den internasjonale kvalfangstkommisjonen (IWC)

Den norske kvoten på vågekval blir fastsett på bakgrunn av arbeidet som er gjort i vitskapskomiteen til Den internasjonale kvalfangstkommisjonen. 2025-kvoten er sett til 1 406 vågekval. Kvoten kan fangast i heile forvaltingsområdet til IWC, eit område som er noko større enn havområda under norsk jurisdiksjon. Det vil seie at det òg kan drivast fangst i internasjonalt farvatn mellom Noregs økonomiske sone og fiskerisona ved Jan Mayen.

Den nordatlantiske sjøpattedyrkommisjonen (NAMMCO)

NAMMCO har ansvaret for bevaring og fangst av sjøpattedyr i Nord-Atlanteren. Ansvaret til organisasjonen inkluderer heile spekteret av sjøpattedyr, altså storkval, småkval, sel og kvalross. Viktige område for Noreg er NAMMCOs handsaming av forvaltingsmodellen vår for fangst av kystsel, spørsmål om dyrevelferd og fangstsikkerheit i kval- og selfangst og utfordringar knytte til bifangst av sjøpattedyr i norske fiskeri.

1.2 Fisket etter avtalane i 2023 og 2024

Norske fiskarar utnyttar generelt kvotane godt, og for dei kommersielt viktigaste bestandane blir kvotane nytta så godt som fullt ut, jf. tabell 1.1.

Tabell 1.1 Norsk utnytting av dei kommersielt viktigaste kvotane i 2023 og 2024.

Utnyttingsgrad1

2023

2024

Barentshavet, Noreg – Russland

Torsk

109 %

96 %

Hyse

106 %

99 %

Nordsjøen og Skagerrak, Noreg – EU

Sild

97 %

92 %

Sei

103 %

78 %

Fleirpartsavtalar

Norsk vårgytande sild (NVG-sild)

100 %

102 %

Makrell

92 %

118 %

Kolmule

107 %

107 %

1 Oversikta tek ikkje omsyn til overføringar mellom år (kvotefleksibilitet), men tek utgangspunkt i fangst og kvote i det enkelte året. For fiskeslaga i tabellen kan ein normalt overføre inntil 10 prosent av kvotane mellom år. Avvik frå full utnytting inneber altså ikkje nødvendigvis at kvotane ikkje blir fiska opp eller er overfiska.

Tilgangen til å fiske i sonene til andre land blir nytta i ulik grad. Til dømes nyttar Noreg sonetilgangen i russisk sone lite, då vi har god tilgang i vår eiga sone på dei fleste bestandane vi deler med Russland. Både Noreg og Russland nyttar kvoten på torsk i Norskehavet og Barentshavet fullt ut kvart år. Russland fiskar ein betydeleg del av torskekvoten i norsk farvatn.

Noreg nyttar kvotane på torsk, sei og sild i Nordsjøen godt. Bortsett frå raudspette, har både EU og Storbritannia nytta fellesbestandane i Nordsjøen relativt godt dei seinare åra. Det same gjeld kvotane dei har i norsk sone nord for 62 °N.

Før Storbritannia gjekk ut av EU, vart dei norske kvotane på dei pelagiske artane kolmule, augepål og havbrisling godt nytta. Etter at Storbritannia forlét EU, har kolmule vore den arten norske fartøy har fiska mest av i EU-sona. Kvoten har vore godt utnytta. Dei fleste andre artar som Noreg bytte til seg frå EU medan Storbritannia var medlem, vart fiska i britiske farvatn. Noreg har fått tilgang til nokre av desse kvotane i avtalar med Storbritannia. Norske linefartøy har tradisjonelt hatt eit betydeleg fiske av lange og brosme i britisk sone (som var del av EU-sona), men fekk i 2021 ikkje tilgang til å fiske i dette området. For 2022 inngjekk Noreg ein avtale med Storbritannia om at kvar part får fiske opptil 30 000 tonn botnfisk i kvarandre sine soner i Nordsjøen. Det vart òg avtalt byte av kvotar. I norsk økonomisk sone fekk Storbritannia kvotar på torsk i Barentshavet og nokre andre artar i Nordsjøen. Mot dette fekk Noreg kvotar, i hovudsak på lange og brosme, i britisk sone vest for 4 °V. Sidan har Noreg og Storbritannia inngått liknande avtalar.

Alle kyststatane har nytta kvotane sine på dei pelagiske artane kolmule og makrell godt. Det same har dei med kvoten på norsk vårgytande sild, med unntak av Færøyane, som dei siste åra har overført meir enn 10 prosent ubrukt sildekvote til neste år. I loddefisket i Barentshavet var den norske kvoten liten, men godt utnytta. Det har ikkje vore loddefiske ved Grønland, Island og Jan Mayen sidan sesongen 2022–2023.

Kapittel 5 rapporterer om fisket etter dei ulike avtalane, med vekt på norsk utnytting av kvotane.

Fotnotar

1

Rekna med norske prisar for førstehandsomsetning.

Til forsida
Tilbakemeldingsskjema

Fant du det du lette etter?

Tusen takk for ditt svar!

Det er ikke deg, det er oss.

Det oppsto en uventet feil med serveren. Prøv igjen senere.