Prop. 68 L (2024–2025)

Endringar i rekonstruksjonslova (forlenging av tida lova skal gjelde)

Til innhaldsliste

3 Forlenging av tida rekonstruksjonslova skal gjelde

På bakgrunn av at det var naudsynt å sende eit fornya forslag på høyring i mars 2024, har arbeidet med dei nye rekonstruksjonsreglane som skal erstatte den mellombelse lova, tatt noko meir tid enn det låg an til da lova vart forlenga i 2023. Sjølv om arbeidet med lovendringane har komme langt, og departementet tek sikte på å fremje ei proposisjon for Stortinget i løpet av 2025, vil det vere vanskeleg å få på plass nye reglar før den mellombelse lova blir oppheva 1. juli 2025. Departementet foreslår derfor at den mellombelse lova blir ført vidare til 1. juli 2026. Den mellombelse lova ville uansett måtte førast vidare i ein periode etter 1. juli 2025 fordi aktørane må få tid til å tilpasse seg dei nye reglane før dei tek til å gjelde.

Alternativet til å føre vidare den mellombelse lova er å la reglane om gjeldsforhandling i konkurslova gjelde i tida frå den mellombelse lova blir oppheva og fram til dei nye reglane om rekonstruksjon i konkurslova tek til å gjelde. Rekonstruksjonslova inneber på fleire punkt endringar samanlikna med reglane om gjeldsforhandling i konkurslova. Mellom anna kan forhandling om rekonstruksjon bli innleia tidlegare, det er lettare å vedta ein rekonstruksjonsplan, og lova opnar for å gjere om gjeld til eigenkapital som ein del av rekonstruksjonsplanen. Den mellombelse lova inneheld også reglar om pantetrygd for lån til finansiering under rekonstruksjonen med prioritet framfor alle andre panthavarar, og lova opnar for å gjere unntak frå fortrinnsretten til det offentlege for krav på skatt og meirverdiavgift gjennom ei mellombels endring i dekningslova. Desse og andre endringar inneber at rekonstruksjonslova gir fleire verkemiddel for å oppnå ei vellykka forhandling med kreditorane samanlikna med reglane om gjeldsforhandling i konkurslova.

Forslaget i proposisjonen her har ikkje vore på høyring. Da lova vart ført vidare i 2021, fekk forslaget støtte frå alle høyringsinstansane som uttalte seg. Departementet fann ikkje grunn til ny høyring da lova ble forlenga i 2023, og har heller ikkje sett grunn til ny høyring no.

I høyringa i 2021 uttalte Advokatforeningen mellom anna at det er «avgjørende at den midlertidige loven gjelder til ny permanent rekonstruksjon trer i kraft». Også Konkursrådet og Oslo tingrett meinte det ville vere ei dårleg løysing å gå tilbake til dei gamle reglane medan ein framleis arbeidde med forslag til nye reglar.

Departementet foreslår i proposisjonen her ikkje andre endringar i reglane i den mellombelse lova eller i endringane i andre lover som følgjer av rekonstruksjonslova § 66.