Prop. 68 L (2024–2025)

Endringar i rekonstruksjonslova (forlenging av tida lova skal gjelde)

Til innhaldsliste

2 Bakgrunnen for lovforslaget

Hovudformålet med den mellombelse rekonstruksjonslova er å redusere risikoen for unødige konkursar i levedyktige verksemder. Effektive rekonstruksjonsreglar kan bidra til at verksemder som under normale omstende er lønnsame, i større grad kan reddast slik at arbeidsplassar og verdiar blir sikra.

Rekonstruksjonslova er ei mellombels lov som, så lenge ho gjeld, erstattar reglane om gjeldsforhandling i den første delen av konkurslova, jf. konkurslova § 1 andre punktum. Det følgjer av § 64 i rekonstruksjonslova at ho blir oppheva 1. juli 2025. I forarbeida som ligg til grunn for lova, er det framheva at ho skal bli avløyst av nye reglar om rekonstruksjon i konkurslova, jf. Prop. 75 L (2019–2020) side 5 og Innst. 244 L (2019–2020) side 3. Da vil desse nye reglane erstatte dei gamle reglane i konkurslova om gjeldsforhandling.

Opphavleg skulle rekonstruksjonslova bli oppheva 1. januar 2022, men ho vart ført vidare ved endringslov 22. desember 2021 nr. 167, jf. Prop. 242 L (2020–2021) og Innst. 48 L (2021–2022) og ved endringslov 26. mai 2023 nr. 14, jf. Prop. 51 L (2022–2023) og Innst. 302 L (2022–2023). Også forarbeida til disse endringslovene føreset at rekonstruksjonslova skal bli avløyst av nye reglar om rekonstruksjon i konkurslova.

Justis- og beredskapsdepartementet sende forslag til slike nye reglar om rekonstruksjon i konkurslova på høyring 13. januar 2023. Fristen for høyringa var 13. april 2023. På bakgrunn av innspel i høyringa sende departementet også enkelte endringsforslag på høyring 20. mars 2024. Forslaga i dette høyringsnotatet gjekk mellom anna ut på at pantesikra kreditorar kan omfattast av ein rekonstruksjonsplan. Fristen for denne høyringa var 27. mai 2024.