Prop. 29 L (2024–2025)

Endringar i kontantstøtteloven (retting av endringar med utilsikta konsekvensar)

Til innhaldsliste

4 Departementet si vurdering

4.1 Innleiing og bakgrunn

Føremålet med lovforslaget i Prop. 43 L (2023–2024) Endringer i kontantstøtteloven og folketrygdloven (justering av kontantstøtteperioden og forlenging av foreldrepengeperioden ved 80 prosent dekning), var å vidareføre kontantstøtteperioden dei første sju månadene av støtteperioden og avvikle støtta for dei fire siste månadene, dvs. ei innskrenking av støtteperioden med fire månader.

På denne bakgrunn vart alderskravet for rett til kontantstøtte etter kontantstøtteloven § 2 første ledd, med verknad frå 1. august 2024 endra frå «[k]ontantstøtte ytes for barn mellom 1 og 2 år», til «[k]ontantstøtte ytes for barn mellom 13 og 19 måneder». I samband med denne endringa vart det òg gjort einskilde forenklingar i ordlyden i kontantstøtteloven § 8 første ledd første punktum om når kontantstøtte kjem til utbetaling og når utbetalinga opphøyrer, for å betre samanhengen mellom føresegnene i kontantstøtteloven § 2 og § 8.

I ettertid har det vist seg at endringane i kontantstøtteloven § 8 første ledd første punktum har gitt utilsikta konsekvensar både materielt og økonomisk, sjå punkt 2.1. Lovendringa av 2022 av opphøyrstidspunktet i støtteperioden, som vart innført for at støttemottakarane ikkje skal få kontantstøtte for same månad som barnet byrjar i barnehage, vart reversert, og retten til kontantstøtte knytt til opphøyrsmånaden er blitt utvida. Endringa av tidspunktet for når støtta kjem til utbetaling, har òg gitt ein utilsikta utvida rett til kontantstøtte med éin månad i einskilde tilfelle. Desse konsekvensane av endringane er ikkje i tråd med føremålet i forarbeida, Prop. 43 L (2023–2024), om å redusere støtteperioden i ordninga frå elleve til sju månader.

For å rette opp i dette, er det naudsynt med endringar i verknadstidspunktet for støtteperioden i kontantstøtteloven § 8 første ledd første punktum, og korleis alderskravet er formulert i kontantstøtteloven § 2 første ledd.

4.2 Støtteperioden

Kontantstøtteloven § 8 regulerer støtteperioden, og første ledd første punktum angir verknadstidspunktet for når støtta kjem til utbetaling og opphøyrer.

Etter endringa frå 1. august 2024 blir kontantstøtte ytt frå og med kalendermånaden retten til kontantstøtte inntrer, til og med kalendermånaden retten til kontantstøtte fell bort. Etter tidlegare rett vart kontantstøtte ytt frå og med kalendermånaden etter at rett til kontantstøtte inntrer, til og med kalendermånaden før rett til kontantstøtte fell bort.

Endringa av opphøyrsregelen i kontantstøtteloven § 8 første ledd første punktum andre del, og fjerninga av ordet «før» i føresegna, inneber at støttemottakarane har fått ein utvida rett til kontantstøtte for òg månaden barnet byrjar i barnehage. Vidare har støttemottakarar som flytter til utlandet fått ein utvida rett til kontantstøtte med ein månad, ved at rett til kontantstøtte òg føreligg for same månaden vedkommande flyttar til utlandet. Dette har ikkje vore tilsikta.

For å rette opp i dette, føreslår departementet å reversere endringa av 1. august 2024 slik at utbetalinga av kontantstøtte opphøyrer frå kalendermånaden rett til kontantstøtte fell bort. Endringa inneber at det ikkje lenger vil bli ytt kontantstøtte for same månad som barnet får full barnehageplass med offentleg driftstilskot, jf. òg grunnvilkåret i kontantstøtteloven § 2 jf. § 7, om at barnet ikkje må gjere bruk av barnehageplass som det blir ytt offentleg driftstilskot for. Det vil heller ikkje bli ytt kontantstøtte for same månad ein støttemottakar flyttar til utlandet. Departementet viser til lovforslaget kontantstøtteloven § 8 første ledd første punktum andre del.

I samband med utgreiinga av denne saka, er det òg avdekka at fjerninga av ordet «etter» i kontantstøtteloven § 8 første ledd første punktum første del om når kontantstøtte kjem til utbetaling, har gitt utilsikta konsekvensar. Endringa inneber at einskilde grupper støttemottakarar har fått ein utvida rett til kontantstøtte med éin månad, ved at kontantstøtte no blir utbetalt frå same månad som vilkåra for kontantstøtte er oppfylt, og ikkje som tidlegare frå månaden etter. Dette omfattar tilfelle der barnet flyttar mellom foreldra, ved at begge foreldra no vil få utbetalt kontantstøtte frå same månad som barnet flyttar mellom dei, og ikkje frå månaden etter. Vidare omfattar dette tilfelle der busettvilkåret er oppfylt, ved at kontantstøtte no blir utbetalt frå same månad, og ikkje som tidlegare frå månaden etter at vilkåret var oppfylt.

For å rette opp i dette, føreslår departementet å reversere endringa av 1. august 2024 slik at kontantstøtte blir ytt frå og med kalendermånaden etter at rett til kontantstøtte inntrer. Endringa inneber at det ikkje lenger vil bli ytt kontantstøtte før månaden etter at eit barn flyttar frå den eine av foreldra til den andre, og heller ikkje før månaden etter at busettvilkåret vert oppfylt. Endringa inneber òg at samanhengen med lov 28. februar 1997 nr. 19 om folketrygd (folketrygdloven) § 22-12 om tidspunktet for utbetaling når rett til ei yting oppstår, og òg lov 8. mars 2002 nr. 4 om barnetrygd (barnetrygdloven) § 11 om stønadsperiode, blir retta opp igjen. Etter folketrygdloven § 22-12 første ledd er hovudregelen at ei yting frå folketrygda som gis per månad, blir utbetalt frå månaden etter at stønadsmottakarane fyller vilkåra for rett til ytinga. Departementet viser til lovforslaget kontantstøtteloven § 8 første ledd første punktum første del.

4.3 Alderskravet

Alderskravet for rett til kontantstøtte følgjer av kontantstøtteloven § 2 første ledd. Etter endringa av alderskravet frå 1. august 2024, blir kontantstøtte ytt for barn mellom 13 og 19 månader, mot tidlegare for barn mellom 1 og 2 år. Kontantstøtta er med det redusert frå elleve månader til sju månader, og blir etter gjeldande rett ytt frå og med kalendermånaden barnet fyller 13 månader, til og med kalendermånaden barnet fyller 19 månader, jf. kontantstøtteloven § 8 første ledd.

Som følgje av forslaget til endringar i kontantstøtteloven § 8 første ledd første punktum, må det òg gjerast endringar i korleis alderskravet er formulert. Dette følgjer av at forslaget om ei gjeninnføring av ordet «etter» i kontantstøtteloven § 8 første ledd første punktum første del, betyr ei innskrenking av støtteperioden med ein månad samanlikna med noverande ordlyd. Dette fordi kontantstøtte etter forslaget igjen blir ytt frå månaden etter at rett til kontantstøtte inntrer. Støtta vil då komme til utbetaling frå og med månaden barnet fyller 14 månader, dvs. ei innskrenking av støtteperioden med éin månad.

Tilsvarande gjeld med omsyn til forslaget om å gjeninnføre ordet «før» i opphøyrsregelen i kontantstøtteloven § 8 første ledd første punktum andre del. Støtteperioden vil òg her bli innskrenka med ein månad med ny ordlyd, fordi kontantstøtte etter forslaget blir ytt til og med kalendermånaden før retten til kontantstøtte fell bort. Utbetalinga vil då berre skje til og med månaden barnet fyller 18 månader. Dette inneber ei innskrenking av støtteperioden med éin månad.

Samla betyr dette at slik alderskravet er formulert no, vil forslaget til endring av kontantstøtteloven § 8 første ledd første punktum, innebere at støtteperioden blir redusert med to månader, dvs. frå og med 14 månader, til og med 18 månader. Dette gir ein støtteperiode på fem månader, og ikkje sju, som føresett og lagt til grunn i forarbeida, jf. Prop. 43 L (2023–2024). Måten alderskravet er formulert på no må difor justerast.

Departementet føreslår på denne bakgrunn at alderskravet for rett til kontantstøtte blir formulert om til «barn mellom 12 og 20 måneder». Etter forslaget vil rett til kontantstøtte då føreligge frå og med månaden barnet er 12 månader, men støtta blir utbetalt først frå månaden etter, dvs. utbetaling frå og med månaden barnet fyller 13 månader. Vidare vil utbetalinga opphøyre frå månaden før barnet fyller 20 månader, dvs. utbetaling til og med månaden barnet fyller 19 månader. Denne løysinga er i samsvar med slik løysninga var etter tidlegare rett fram til 31. juli 2024, sjå Ot.prp. nr. 56 (1997–1998) punkt 2.1.2. Lengda på støtteperioden vil med forslaget vere sju månader som føresett og lagt til grunn i forarbeida, jf. Prop. 43 L (2023–2024). Departementet viser til lovforslaget kontantstøtteloven § 2 første ledd.

4.4 Ikraftsetjing

Departementet føreslår i lovutkastet del II i lovforslaget at lova trer i kraft frå den tida Kongen bestemmer, og at Kongen kan setje i kraft dei einskilde føresegnene til forskjellig tid. Endringane i kontantstøtteloven vil gjelde for fødslar eller omsorgsovertakingar i samband med adopsjon 1. januar 2024 eller seinare. Det inneber at barn som fyller 12 månader i januar 2025, vil ha rett til kontantstøtte frå denne månaden, og utbetaling frå fylte 13 månader, dvs. frå februar 2025, jf. lovforslaget kontantstøtteloven § 8 første punktum første del. Departementet føreslår at departementet blir gitt heimel til å gi overgangsreglar.