Prop. 24 S (2024–2025)

Endringar i statsbudsjettet 2024 under Utanriksdepartementet

Til innhaldsliste

2 Programområde 02 Utanriksforvaltning

Kap. 100 Utanriksdepartementet

Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under kap. 140, post 01

Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga på posten som følgje av eit anslag på verknad av lønnsoppgjeret for 2024. Sjå nærmare omtale i nysalderingsproposisjonen frå Finansdepartementet.

Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga med 21 mill. kroner.

Post 90 Lån til norske borgarar i utlandet

Utanriksdepartementet har i handsaminga av den pågåande krisa i Midtausten gjeve lån til eit større antal norske borgarar i 2023. Ein stor del av desse låna vart belasta 2024-budsjettet. Krisa i Midtausten held fram med å væra svært stor i omfang, og arbeidet med å få norske borgarar ut av krigen og heim til Noreg har hatt og vil, ved ei eventuell ny eskalering, ha høg prioritet.

Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga med 1,9 mill. kroner.

Kap. 3100 Utanriksdepartementet

Post 02 Gebyr for utlendingssakar ved utanriksstasjonane

Endringa skuldast i hovudsak ei auke i EU sitt søknadsgebyr for Schengen-visum. Frå 11. juni 2024 auka gebyret frå 80 til 90 euro for ordinære søknader om Schengen-visum. Samstundes har det berekna talet på søknader om opphaldsløyve for i år auka noko.

Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga med 13 mill. kroner.

Post 90 Tilbakebetaling av naudlån frå utlandet

Utanriksdepartementet har i samband med handsaminga av den pågåande krisa i Midtausten gjeve lån til eit større antal norske borgarar enn i eit normalår, jf. omtale under kap. 100, post 90. Låna vil verte tilbakebetalt over fleire år. Gitt den usikre tryggingssituasjonen i Midtausten er det vanskeleg å føresjå antalet søknader om naudlån.

Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga med 1,8 mill. kroner.

Kap. 104 Kongefamiliens offisielle reiser til utlandet

Post 01 Driftsutgifter

Den offisielle reiseaktiviteten til kongefamilien har vore lågare enn forventa i 2024. Sjølv om det blir gjennomført fleire besøk for kongefamilien i haust, går det mot eit mindreforbruk på posten.

Det blir gjort framlegg om å redusere løyvinga med 3 mill. kroner.

Kap. 116 Internasjonale organisasjonar

Post 70 Pliktige bidrag

Det er eit mindrebehov på posten på 37,4 mill. kroner. Dette skuldast i hovudsak at utbetalingane til FNs fredsbevarande operasjonar blir 26,5 mill. kroner lågare enn tidlegare lagt til grunn, mellom anna fordi FN sin operasjon i Mali er avslutta. I tillegg er pliktige bidrag til EFTA-sekretariatet noko lågare enn budsjettert som følgje av gunstigare valutakurs.

Det blir gjort framlegg om å redusere løyvinga med 37,4 mill. kroner.

Kap. 117 EØS-finansieringsordningane

Post 77 EØS-finansieringsordninga 2014–2021, kan overførast

Post 78 Den norske finansieringsordninga 2014–2021, kan overførast

Det er gjort fleire tiltak dei siste åra for å sikra at mottakarlanda fullfører og avsluttar prosjekta i tråd med dei mål og resultat som er avtalt i programavtalane. Fleire land har hatt stor framgang i program og prosjekt i dei siste to åra etter fleire forseinkingar grunna auka inflasjon og konsekvensar av krigen i Ukraina som mellom anna har ført til auka byggje- og forsyningskostnadar. Auken er innafor den samla avtalte ramma for EØS-finansieringsordningane.

Det blir gjort framlegg om å auke løyvinga med 378 mill. kroner på post 77 EØS-finansieringsordninga 2014–2021 og 505 mill. kroner på post 78 Den norske finansieringsordninga 2014–2021.

Kap. 118 Utanrikspolitiske satsingar

Post 74 Forsking, dialog og menneskerettar m.m.

NORDEM, som utdannar og sekonderer observatørar til val, har eit mindrebehov for 2024. Dette er grunna at det i år ikkje blei noko av valobservasjonane i Tyrkia og Romania som følgje av manglande invitasjon. Det vart heller ikkje sende observatørar til EU-valet eller valet i Bulgaria. Hittil i år har Nordem mellom anna gitt støtte til ti langtidsvalobservatørar til valet i USA.

Det blir gjort framlegg om å omdisponere mindrebehovet på 1,35 mill. kroner til eit frivillig bidrag for å støtte Venezia-kommisjonen. Venezia-kommisjonen er eit organ under Europarådet som gir juridisk assistanse og rådgjeving i utforming av grunnlover, andre sentrale lover, vallover og -system, samt reform av justissektoren i det einskilde medlemsland. Rådgjevinga gjer medlemslanda betre i stand til å ivareta sine forpliktingar relatert til rettsstat og menneskerettar. Totalt 61 land er medlem – dette inkluderer også land utanfor Europarådet.

Til forsida