3 Faktorar som påverkar realinntektsutviklinga og kjøpekrafta til pensjonistar
3.1 Innleiing
Gjennom reguleringa av pensjonane vert den nominelle inntektsutviklinga til pensjonistane bestemt. For å finne realveksten må ein ta omsyn til prisutviklinga. Både den nominelle og den reelle inntektsutviklinga vert også påverka av endringar i pensjonsreglane. Når ein også tek omsyn til skatt, kjem utviklinga i kjøpekrafta til pensjonistane til syne.
Dette punktet gjer greie for realvekst i alderspensjon der ein berre tek omsyn til konsekvensane for realveksten av reguleringa etter dei ordinære reglane, jf. punkt 3.2. Punkt 3.3 gjer greie for endringar i skattereglane for pensjonistane. Punkt 3.4 gjer greie for den samla verknaden på kjøpekrafta til pensjonistane.
3.2 Realvekst i alderspensjon
Etter fleire år med høg reallønnsauke minka veksten i 2014 og 2015, og i 2016 fekk lønnstakarane ein stor reallønnsnedgang, sjå tabell 3.1. Mellom 2017 og 2019 var reallønnsaukinga igjen svakt positiv. Reallønnsaukinga i 2020 var på 1,8 prosent og i 2021 var det nullvekst. I 2022 og 2023 fekk lønnstakarane ein reallønnsnedgang på 1,4 og 0,3 prosent. I revidert nasjonalbudsjett 2025 vert det anslått ein reallønnsauke på 2,4 prosent i 2024 og 1,6 prosent i 2025. Den gjennomsnittlege årlege reallønnsaukinga sett under eitt vert anslått til 0,9 prosent for perioden 2011–2025.
Realveksten i alderspensjonen har fram til 2021 følgt lønnsveksten, men med eit fråtrekk på 0,75 prosent. Anslaget for gjennomsnittleg årslønnsvekst i revidert nasjonalbudsjett vart lagt til grunn, justert for eventuelle avvik mellom forventa og faktisk lønnsvekst dei siste to åra. Samla lønnsvekst som er lagd til grunn i reguleringa, avvik difor frå den faktiske lønnsveksten, og det gjer at det ikkje berre er fråtrekket på 0,75 prosent som påverkar skilnaden i realveksten i lønningar og pensjonar.
Realveksten i pensjonane var positiv i perioden 2011–2014. I perioden 2015–2018 var veksten negativ, då også realveksten i lønningane var svak eller negativ. I perioden 2019–2021 var det svak positiv eller nullvekst. Veksten var negativ i 2022, då realveksten i lønningane også var svak. Vidare var det ein realvekst på 1,3 prosent i 2023 og 1,4 prosent i 2024. Det vert pårekna realvekst på 0,6 prosent i 2025. På bakgrunn av anslaga for 2024 og 2025 er den gjennomsnittlege realveksten i alderspensjon i perioden 2011–2025 anslått til 0,3 prosent.
Tabell 3.1 Utvikling i prisar, lønningar og alderspensjon 2011–2025. Prosent
2011 |
2012 |
2013 |
2014 |
2015 |
2016 |
2017 |
2018 |
2019 |
2020 |
2021 |
2022 |
2023 |
2024 |
2025 |
Gjennomsnitt 2011–2025 |
|
---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Nominell lønnsvekst1 |
4,2 |
4,0 |
3,9 |
3,1 |
2,8 |
1,7 |
2,3 |
2,8 |
3,5 |
3,1 |
3,5 |
4,3 |
5,2 |
5,6 |
4,4 |
3,6 |
Prisvekst2 |
1,2 |
0,8 |
2,1 |
2,0 |
2,1 |
3,6 |
1,8 |
2,7 |
2,2 |
1,3 |
3,5 |
5,8 |
5,5 |
3,1 |
2,8 |
2,7 |
Reallønnsvekst |
3,0 |
3,2 |
1,8 |
1,1 |
0,7 |
-1,8 |
0,5 |
0,1 |
1,3 |
1,8 |
0,0 |
-1,4 |
-0,3 |
2,4 |
1,6 |
0,9 |
Realvekst i alderspensjon3 |
2,7 |
2,4 |
0,9 |
0,9 |
-0,4 |
-1,8 |
-0,9 |
-0,8 |
0,2 |
0,0 |
0,3 |
-1,6 |
1,3 |
1,4 |
0,6 |
0,3 |
1 Historiske tal 2011–2024. Lønnsveksten for 2024 kan verte revidert. Anslag frå Revidert nasjonalbudsjett 2025 for 2025.
2 Historiske tall 2011–2024. Brot i serien mellom 2015 og 2016. Anslag frå Revidert nasjonalbudsjett 2025 for 2025.
3 Realvekst i alderspensjon gjeld alderspensjon utover minstenivået og vert i reguleringa justert for avvik mellom anslått og faktisk vekst i tidlegare år.
Kjelde: Statistisk sentralbyrå og Finansdepartementet.
3.3 Endring av skatt i 2025
I budsjettforliket med SV vart minste pensjonsnivå for einslege auka med 6 000 kroner frå 1. mai. For å framleis sikre at det ikkje vart betalt skatt på dette nivået, vart maksimalt beløp og innslagspunktet for nedtrapping i trinn 1 for det særskilde skattefrådraget for pensjonsinntekt auka. Innslagspunktet for nedtrapping i trinn 2 vart også auka for å målrette skatteletten mot låge og middels høge pensjonar.
Maksimalt beløp for det særskilde skattefrådraget for pensjonsinntekt i 2025 vart 36 000 kroner, mens innslagspunkta for nedtrapping av pensjonsskattefrådraget vart 276 400 kroner i trinn 1 og 422 950 kroner i trinn 2. Nedtrappingssatsane vart førte vidare uendra på høvesvis 16,7 prosent og 6,0 prosent.
I tillegg vart det i statsbudsjettet for 2025 gjort moderate endringar i personskattereglane. Endringane rører også ved alderspensjonistar.
Mellom anna vart personfrådraget auka frå 88 250 kroner i 2024 til 108 550 kroner i 2025. Dette må sjåast i samanheng med at øvre grense i minstefrådraga i løn/trygd vart redusert frå 104 450 kroner i 2024 til 92 000 kroner i 2025. Øvre grense i minstefrådraget i pensjon vart redusert frå 86 250 kroner i 2024 til 73 150 kroner i 2025. Trinnskatten i trinn 3 til 5 vart auka. I formuesskatten vart botnfrådraget i trinn 1 auka frå 1 700 000 kroner i 2024 til 1 760 000 kroner i 2025. Botnfrådraget i trinn 2 vart auka frå 20 mill. kroner til 20,7 mill. kroner.
Slik pensjonistar er definerte som sosioøkonomisk gruppe i Statistisk sentralbyrås skattemodell LOTTE-Skatt, vart det anslått at pensjonistar med låg og middels bruttoinntekt (under om lag 700 000 kroner) fekk ein lette i inntektsskatten på om lag 675 mill. kroner av dei endringane som kan reknast i modellen. Pensjonistar med høg samla bruttoinntekt fekk ein auke i inntektsskatten på om lag 40 mill. kroner.
3.4 Vekst i utbetalt pensjon for ulike hushaldstypar
Tabell 3.2 viser utrekna vekst i utbetalt pensjon og realvekst før og etter skatt for einslege og ektepar med minsteyting og for einskilde utvalde hushaldstypar for 2024 og 2025. Ein føreset at hushalda berre har inntekt i form av pensjon og trygd, berre har standard frådrag og ikkje har skattepliktig formue.
Tabell 3.2 Berekna årleg vekst i pensjon og trygd for utvalde hushaldstypar1. Prosent
2024 |
20252 |
|||||
---|---|---|---|---|---|---|
Pensjon/trygd |
Nominell vekst |
Realvekst før skatt |
Realvekst etter skatt |
Nominell vekst |
Realvekst før skatt |
Realvekst etter skatt |
Einsleg, alderspensjon, minsteyting |
4,6 |
1,4 |
1,4 |
4,9 |
2,1 |
2,1 |
Ektepar, alderspensjon, begge minsteyting |
4,6 |
1,4 |
1,4 |
3,4 |
0,6 |
0,6 |
Einsleg, 300 000 kr |
4,6 |
1,4 |
1,6 |
3,4 |
0,6 |
1,4 |
Einsleg, 600 000 kr |
4,6 |
1,4 |
1,5 |
3,4 |
0,6 |
0,7 |
Ektepar, 400 000 + 250 000 kr |
4,6 |
1,4 |
1,5 |
3,4 |
0,6 |
1,0 |
Ektepar, 550 000 + 300 000 kr |
4,6 |
1,4 |
1,5 |
3,4 |
0,6 |
1,0 |
Einsleg ufør, minsteyting3 |
6,2 |
3,0 |
2,8 |
5,8 |
2,9 |
2,7 |
Ektepar ufør, begge minsteyting3 |
6,3 |
3,1 |
2,9 |
5,9 |
3,0 |
2,8 |
1 Det er føresett at hushalda berre har inntekt i form av pensjon og trygd, berre har standard frådrag og ikkje har skattepliktig formue. Det siste inneber at endringar i formuesskatten ikkje påverkar berekna realvekst etter skatt. For minsteytingane i alderspensjon er minste pensjonsnivå (gammal alderspensjon) lagt til grunn.
2 Utrekningane er baserte på vekstfaktorane i revidert budsjett 2025, jf. Meld. St. 2 (2024–2025).
3 Uføre som mottek minstesats i januar 2023 fekk ei skattefri eingongsutbetaling på 3 000 kroner i 2023. Denne eingongsutbetalinga er ikkje medrekna i tala og kjem i tillegg. I berekna årleg vekst for uføre som får minsteyting er det teke omsyn til at minstesatsen for uføretrygd auka med 0,049 G frå 1. juli 2024.
Kjelde: Finansdepartementet.
Nominell auke i minste pensjonsnivå for 2024 for einslege og ektepar der begge har minsteyting var på 4,6 prosent. For andre alderspensjonar var det også ein nominell vekst på 4,6 prosent.
Berekna realvekst før og etter skatt for einslege og ektepar med minsteyting for 2024 er 1,4 prosent.
Tabell 3.2 inneheld også utrekningar for einslege alderspensjonistar med ein pensjon på høvesvis 300 000 kroner og 600 000 kroner og for pensjonistektepar med ei samla inntekt på høvesvis 650 000 kroner og 850 000 kroner. Berekna realvekst etter skatt i 2024 er 1,6 prosent for einslege med ei inntekt på 300 000 kroner og 1,5 prosent for einslege med ei inntekt på 600 000 kroner. Ektepar med ei samla inntekt på 650 000 har ein berekna realvekst etter skatt i 2024 på 1,5 prosent, og ektepar med ei samla inntekt på 850 000 kroner har ein berekna realvekst etter skatt i 2024 på 1,5 prosent.
I 2025 vert det pårekna ein nominell vekst i minste pensjonsnivå for einslege på 4,9 prosent. For andre alderspensjonar vert det pårekna ein nominell vekst på 3,4 prosent. Anslaget for minsteytingane gjeld minste pensjonsnivå i den gamle oppteningsmodellen. Veksten i uføretrygda vert anslått til 4,82 prosent. Veksten for einsleg ufør med minsteyting vert anslått til 5,8 prosent, mens det for ektepar der begge har minsteyting vert anslått 5,9 prosent.
Realvekst før og etter skatt vert anslått til 2,1 prosent for minste pensjonsnivå for einslege. For andre alderspensjonistar vert det anslått ein realvekst før skatt på 0,6 prosent. Endringane i det særskilde skattefrådraget for pensjonsinntekt aukar realveksten etter skatt for låge og middels høge pensjonar.