Kvalfangst

Som ein del av dei norske fangsttradisjonane driv Noreg i dag fangst av vågekval. Etter eit opphald på fem år tok vi opp att fangsten av vågekval i 1993. I Noreg har kvalfangsten alltid vore driven i kombinasjon med fiskeri.

Den norske kvalfangsten byggjer på prinsippet om vern og berekraftig hausting av ressursane i havet.

Forvaltninga er basert på vitskaplege råd, og siktemålet er i større grad å leggje økosystemtilnærming til grunn for forvaltninga.

Kvotane blir fastsette på grunnlag av prosedyrar som er utvikla av vitskapskomiteen i Den internasjonale kvalfangstkommisjonen (IWC).

Vågekvalen er den mest talrike av bardekvalane i norske farvatn, og man regner med at den nordaustatlantiske bestanden er på vel over 100 000 dyr.

Det vart fastsett ei kvote på 917 dyr for norsk fangst i 2022. Det vart tilsaman fangst 581 dyr av 13 fartøy i 2022.

Norsk fangst av vågekval

Vågekvalfangsten blir driven av fartøy i storleiken 40–80 fot med eit mannskap på 4–8 personar. Fangsten føregår i den norske økonomiske sona, i fiskevernsona ved Svalbard, i fiskerisona ved Jan Mayen og i internasjonalt farvatn (Smotthavet). Fangsten startar i april og sluttar i august/september. Alle fartøy har montert eit elektronisk overvakingssystem (ferdskrivar) som registrerer all fangstaktivitet.  Fangarane må og ta eit kurs der avliving og sikkerheit står sentralt.

Tilbakemeldingsskjema

Fant du det du lette etter?

Tusen takk for ditt svar!

Det er ikke deg, det er oss.

Det oppsto en uventet feil med serveren. Prøv igjen senere.