11 Statsføretaksendringar
11.1 Gjeldande rett
Dagens lov har ingen føresegner om statsføretaksendringar. Derimot har dagens lov ei føresegn om omdanning til statsføretak i § 55 som angir at ei statleg verksemd eller verksemd som eit heileigd statsaksjeselskap eller statsallmennaksjeselskap driv, kan i sin heilskap bli overført til eit statsføretak.
11.2 Framlegget i høyringsnotatet
Departementet foreslo å føre vidare gjeldande lov § 55 om omdanning av statleg verksemd til statsføretak. I tillegg foreslo departementet fleire nye føresegner om statsføretaksendringar og at desse også skulle omfatte omdanning til statsføretak og omdanning frå statsføretak. Departementet foreslo å samle desse føresegnene i kapittel 7 og gjeld desse føretaksendringane:
-
fusjon (samanslåing) med anna statsføretak (§ 7-1)
-
fisjon (deling) av statsføretak (§ 7-2)
-
fusjon (samanslåing) av eit statsføretak med eit aksjeselskap eller allmennaksjeselskap som overtakande selskap (§ 7-3)
-
fusjon (samanslåing) av eit heileigd statsaksjeselskap eller statsallmennaksjeselskap med eit statsføretak som overtakande føretak (§ 7-4)
-
omdanning av statleg verksemd til statsføretak (§ 7-5)
-
omdanning av statsaksjeselskap eller statsallmennaksjeselskap til statsføretak (§ 7-6)
-
omdanning av statsføretak til statsaksjeselskap eller statsallmennaksjeselskap (§ 7-7)
Departementet foreslo at dei nye føresegnene til ein viss grad skulle vere like som i aksjelova og allmennaksjelova, og elles vise til desse lovene dersom dei får lik bruk.
11.3 Synspunkt frå høyringsinstansane
Skattedirektoratet uttaler at departementet burde vurdere nærare om statsføretaksendringar kan bli gjennomførte med skattemessig kontinuitet. Viss ikkje påpeiker dei behovet for ei mogleg endring av skattelova slik at statsføretaksendringar kan skje utan å utløyse eit skattekrav.
Statkraft SF påpeiker at dei ikkje har vore involverte i fusjonar og fisjonar, anna enn at verksemd er lagd ut i dotterselskap. Dei meiner likevel at statsføretakslova i likskap med aksjelovgivinga bør ha føresegner om fusjon, fisjon og omdanning.
11.4 Vurderingar frå departementet
Departementet viser til innspelet frå Skattedirektoratet. Statsføretak har plikt til å betale skatt, jf. skattelova § 2-2 første ledd bokstav f, men har fritak frå å betale skatt på formue, jf. skattelova § 2-36 første ledd bokstav d. Det er derimot ingen unntak frå retten og plikta til skattemessig kontinuitet etter skattelova § 11-7 for statsføretak. Departementet har i denne proposisjonen foreslått fleire typar omdanningar av statsføretak. Finansdepartementet vil vurdere behovet for å endre skattelova for å leggje til rette for at nye former for statsføretaksendringar kan gjennomførast utan å utløyse umiddelbar skattleggjing. Fram til eventuelle endringar av skattereglane er gjennomført, vil det ved ei planlagt omdanning av statsføretak vere mogleg å søke Finansdepartementet om skattefriheit etter skattelova § 11-22. Finansdepartementet kan berre samtykkje til skattefritak dersom vilkåra i skattelova § 11-22 er oppfylt.
Departementet held fram med framlegget til nye føresegner om føretaksendringar, sjå kapittel 7 i lovframlegget.