2 Forslag til endringar
Programkategori 13.00 Administrasjon
Kap. 500 Kommunal- og distriktsdepartementet
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga blir foreslått auka med 5,9 mill. kroner som følgje av anslag på verknaden av lønnsoppgjeret for 2024. Sjå nærare omtale i nysalderingsproposisjonen frå Finansdepartementet.
Programkategori 13.50 Distrikts- og regionalpolitikk
Kap. 553 Regional- og distriktsutvikling
Post 61 Mobiliserande og kvalifiserande næringsutvikling
Løyvinga blir tildelt fylkeskommunane, som gir oppdrag til Innovasjon Noreg og Siva for ein portefølje av verkemiddel retta mot verksemder. Fylkeskommunane har òg moglegheit til å gi oppdrag til Innovasjon Noreg og Siva for mobiliseringsarbeid.
Utviklingstilskot for Finnmark – endra innretning
I samband med revidert nasjonalbudsjett for 2024 vart det oppretta eit nytt verkemiddel forvalta av Innovasjon Noreg: utviklingstilskot for Aust-Finnmark, jf. Prop. 104 S og Innst. 447 S (2023–2024). Verkemiddelet kjem i tillegg til eksisterande verkemiddel under posten, og er atterhalde Finnmark fylkeskommune til bruk i kommunane i Aust-Finnmark (Sør-Varanger, Vardø, Vadsø, Lebesby, Gamvik, Berlevåg, Tana, Nesseby, Båtsfjord). Verkemiddelet forvaltast av Innovasjon Noreg og inneber investeringstilskot til verksemder, med mål om verdiskaping, sysselsetting og utvikling av næringslivet lokalt og regionalt. Prosjekta si betyding for lokalsamfunna skal vektleggast. Det er krav til bedriftsøkonomisk lønnsemd, men ikkje til innovasjonshøgde. Andre føringar og retningslinjer for posten gjeld for verkemiddelet. Føremålet med det nye verkemiddelet var å adressere den vanskelege situasjonen i regionen.
I lys av nedgangen i fiskeria blir det no foreslått å utvide verkemiddelet til å gjelde i heile Finnmark, med føremål om at verkemiddelet skal bidra til omstilling og utvikling i Aust-Finnmark og dei fiskeriavhengige kystkommunane.
Utviklingstilskot for Finnmark skal framleis forvaltast av Innovasjon Noreg og gi finansiering til investeringsprosjekt og bedriftsutviklingsprosjekt i regionen. Prosjekta si betyding for lokalsamfunna skal vektleggast, og det skal framleis vere krav til bedriftsøkonomisk lønsemd, men ikkje til innovasjonshøgde.
Post 67 Utviklingstiltak i Andøy kommune
Målet med tilskotet er å bidra til fleire arbeidsplassar, utvikling og meir aktivitet i Andøy-samfunnet, gjennom til dømes tilrettelegging for næringsutvikling, kapitalverkemiddel til næringslivet, kompetanseutvikling og å bygge attraktive bu- og etableringsstadar for innbyggarar og næringsliv.
Regjeringa varsla i Hurdalsplattforma at det skal opprettast eit fond for Andøy kommune på til saman 250 mill. kroner. Fondet skal ikkje føre til avkorting av andre tilskot til Andøy kommune, eller hindre at kommunen får andre midlar til næringsutvikling. I 2021 vart det løyva 100 mill. kroner i tilskot til utviklingstiltak (Andøy-fondet) til Andøy kommune.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 150 mill. kroner.
Kap. 554 Kompetansesenter for distriktsutvikling
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga blir foreslått auka med 0,7 mill. kroner som følgje av anslag på verknaden av lønnsoppgjeret for 2024. Sjå nærare omtale i nysalderingsproposisjonen frå Finansdepartementet.
Programkategori 13.60 Samiske føremål
Kap. 563 Internasjonalt reindriftssenter
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga blir foreslått auka med 0,1 mill. kroner som følgje av anslag på verknaden av lønnsoppgjeret for 2024. Sjå nærare omtale i nysalderingsproposisjonen frå Finansdepartementet.
Programkategori 13.70 Kommunesektoren mv.
Kap. 571 Rammetilskot til kommunar
Post 60 Innbyggartilskot
Styrking av kommuneøkonomien
Då statsbudsjettet for 2025 vart lagt fram, varsla regjeringa at ein om kort tid ville kome attende til handteringa av den krevjande situasjonen i kommuneøkonomien inneverande år. Det blir no foreslått ei tilleggsløyving i rammetilskotet til kommunane på 4,3 mrd. kroner i 2024. Denne auken vil bli fordelt med eit likt beløp per innbyggar. For nærare omtale, sjå Prop. 1 S Tillegg 1 (2024–2025).
Vaksinasjon mot covid-19
Det blir foreslått å løyve 191,4 mill. kroner til vaksinasjon mot covid-19 i kommunane. Løyvinga skal dekke kommunane sine kostnader til oppfriskingsdose til befolkninga 65 år og eldre og til risikogrupper. Midlane blir foreslått flytta frå kap. 710, post 23 på Helse- og omsorgsdepartementet sitt budsjett. Midlane blir fordelte etter delkostnadsnøkkelen for kommunehelse i inntektssystemet for kommunane.
Samla blir det foreslått å auke løyvinga med 4 491,4 mill. kroner.
Post 64 Skjønstilskot, kan overførast
Naturskade – tilføying av stikkord
Fleire omfattande uvêr sommaren og hausten 2024 førte til skadar i mange kommunar og fylkeskommunar. Dei råka kommunane og fylkeskommunane har hatt, eller vil få, ekstraordinære utgifter til mellom anna krisehandtering, opprydding og reparasjon av kommunal og fylkeskommunal infrastruktur. Kommunar og fylkeskommunar som blir råka av naturskadar kan få skjønstilskot til ein delvis kompensasjon for utgiftene, gjennom kompensasjonsordninga etter naturskadar innanfor kap. 571, post 64 Skjønstilskot.
Kommunal- og distriktsdepartementet si ramme til tilbakehaldne skjønsmidlar (reservepotten) vart i samband med ekstremvêret «Hans» hausten 2023 auka med 1 700 mill. kroner, jf. Prop. 22 S (2023–2024) Endringar i statsbudsjettet 2023 under Kommunal- og distriktsdepartementet og Innst. 126 S (2023–2024). Etter utbetaling av kompensasjon til råka kommunar og fylkeskommunar i 2023 vart resterande midlar frå tilleggsløyvinga på om lag 1 133 mill. kroner overført til 2024. I innstillinga til Prop. 104 S (2023–2024) Tilleggsbevilgninger og omprioriteringer i statsbudsjettet 2024, Innst. 447 S (2023–2024), vart det presisert at overførte midlar frå 2023 kunne nyttast til andre formål innanfor forvaltninga av skjønstilskotet.
Det er framleis uvisse rundt kor store meirkostnader kommunane og fylkeskommunane vil få etter uvêr i år, og når kompensasjon vil kunne utbetalast. Regjeringa foreslår derfor at stikkordet «kan overførast» blir tilføydd kap. 571, post 64 Skjønstilskot òg i 2024, slik at eventuelle ubrukte midlar kan overførast og utbetalast i 2025. Det vil på vanleg måte bli stilt krav om at kommunane og fylkeskommunane må rapportere på bruken av midlane i ettertid, og at eventuelle ubrukte midlar eller midlar som ikkje er brukte til formålet må betalast tilbake. Eventuelle ubrukte midlar ved slutten av budsjettåret 2025 skal tilbakeførast til statskassa.
Kap. 572 Rammetilskot til fylkeskommunar
Post 60 Innbyggartilskot
Då statsbudsjettet for 2025 vart lagt fram, varsla regjeringa at ein om kort tid ville kome attende til handteringa av den krevjande situasjonen i kommuneøkonomien inneverande år. Det blir no foreslått ei tilleggsløyving i rammetilskotet til fylkeskommunane på 700 mill. kroner i 2024. Denne auken vil bli fordelt med eit likt beløp per innbyggar. For nærare omtale, sjå Prop. 1 S Tillegg 1 (2024–2025).
Kap. 575 Ressurskrevjande tenester
Post 60 Toppfinansieringsordning, overslagsløyving
Ordninga skal legge til rette for at kommunane kan gi eit godt tenestetilbod til mottakarar som har krav på omfattande helse- og omsorgstenester. Toppfinansieringsordninga er ei overslagsløyving kor ein del av kommunane sine utgifter i 2023 vart refundert av staten i 2024. Kommunane har fått refundert 13 504,5 mill. kroner, som er 521 mill. kroner høgare enn vedtatt budsjett. Løyvinga blir derfor foreslått auka med 521 mill. kroner.
Kap. 577 Tilskot til dei politiske parti
Post 01 Driftsutgifter
Posten dekker utgifter for det offentlege til administrasjon av partilova, mellom anna utgifter til drift av Partilovnemnda, Partirevisjonsutvalet, Partiportalen, Statsforvaltaren i Vestland, Statsforvaltarens fellestenester og Partiregisteret som Brønnøysundregistrene forvaltar.
Det er venta eit mindreforbruk på om lag 2 mill. kroner i 2024. Årsaka er i hovudsak at utviklinga av ny partiportal er forseinka og først startar i 2025. Løyvinga blir foreslått redusert med 2 mill. kroner.
Kap. 578 Valdirektoratet
Post 01 Driftsutgifter
Posten dekker løn til dei tilsette, husleige og andre faste driftsutgifter for Valdirektoratet.
Direktoratet sin prognose for året viser eit noko større forbruk enn vedtatt løyving. Årsaka er i hovudsak arbeid med tilpassingar til ny vallov og tilhøyrande forskrift, utgifter til å byte leverandør av tenester til nettsida val.no, omval i Moss kommune og folkeavstemming i Søgne og Songdalen. Løyvinga blir derfor foreslått auka med 2 mill. kroner.
Løyvinga blir foreslått auka med 1 mill. kroner som følgje av anslag på verknaden av lønnsoppgjeret for 2024. Sjå nærare omtale i nysalderingsproposisjonen frå Finansdepartementet.
Samla blir det foreslått å auke løyvinga med 3 mill. kroner.
Programkategori 13.80 Bustad, bumiljø og bygg
Kap. 581 Bustad- og bumiljøtiltak
Post 70 Bustøtte, overslagsløyving
Bustøtta skal sikre personar med låge inntekter og høge buutgifter ein høveleg bustad. Det er ein behovsprøvd rett for alle personar over 18 år, med unntak av dei fleste studentar og militære tenestepliktige. Løyvinga i 2024 er 4 329 mill. kroner.
For gjeldande løyving vart det lagt til grunn at i gjennomsnitt 100 000 husstandar vil få bustøtte kvar månad, at dei i snitt vil ta i mot 37 400 kroner i bustøtte i året, og at 25 mill. kroner vil bli utbetalt som følgje av klagar og etterbehandling. Det vart òg lagt til grunn til saman 564 mill. kroner i ekstrautbetalingar som hjelp til å dekke høge energiutgifter i januar til april 2024.
Utviklinga så langt tyder på at talet på bustøttemottakarar vil bli noko høgare enn venta. Det er primært talet på mottakarar med mellombelse trygdeytingar eller svært låge inntekter som aukar. Gjennomsnittleg utbetaling blir derfor noko høgare enn det som er lagt til grunn for gjeldande budsjett.
Det blir no anslått at 100 500 husstandar vil få bustøtte kvar månad i 2024, med ei gjennomsnittleg utbetalt bustøtte per husstand på om lag 37 800 kroner i året. I tillegg vart det utbetalt 570 mill. kroner som hjelp til å dekke høge energiutgifter i januar–april. Anslaget for utbetalingar som følgje av klager og etterbehandlingar, er uendra.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 64,8 mill. kroner.
Kap. 585 Husleietvistutvalet
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga blir foreslått auka med 0,8 mill. kroner som følgje av anslag på verknaden av lønnsoppgjeret for 2024. Sjå nærare omtale i nysalderingsproposisjonen frå Finansdepartementet.
Kap. 587 Direktoratet for byggkvalitet
Post 01 Driftsutgifter
Løyvinga blir foreslått auka med 2,5 mill. kroner som følgje av anslag på verknaden av lønnsoppgjeret for 2024. Sjå nærare omtale i nysalderingsproposisjonen frå Finansdepartementet.
Kap. 2412 Husbanken
Post 01 Driftsutgifter
Posten dekker løn, husleige og andre faste utgifter til drift for Husbanken. Forsøket med overføring av oppgåver frå Husbanken til statsforvaltarane er avslutta frå 1. september 2024. I forsøksperioden september 2021 – september 2024 har statsforvaltarane rettleia kommunane i forsøksområdet på det bustadsosiale området. Midlane som vart tildelt statsforvaltarane for månadene september til desember 2024, blir no ført tilbake til Husbanken. Det blir foreslått å auke løyvinga med 5,6 mill. kroner.
Løyvinga blir foreslått auka med 7 mill. kroner som følgje av anslag på verknaden av lønnsoppgjeret for 2024. Sjå nærare omtale i nysalderingsproposisjonen frå Finansdepartementet.
Samla blir det foreslått å auke løyvinga med 12,6 mill. kroner.
Post 90 Nye lån, overslagsløyving
Løyvinga dekker utbetaling av nye lån, i tillegg til berekna, opptente, ikkje betalte renter på lån frå Husbanken. Låneramma til Husbanken blir fordelt mellom startlån, lån til utleigebustader til vanskelegstilte, lån til bustadkvalitet og lån til studentbustader.
I samband med revidert budsjett for 2024 vart låneramma auka med 3 mrd. kroner, til 32 mrd. kroner. Det vart lagt til grunn at 18,5 mrd. kroner skulle gå til startlån og 13,5 mrd. kroner til andre lån, jf. Innst. 447 S (2023–2024).
Per 31. august har Husbanken gitt tilsegn for om lag 25,7 mrd. kroner, og det leggast til grunn at låneramma vil bli fullt utnytta. Etterspurnaden etter startlån er likevel lågare enn tidlegare lagt til grunn. Det blir no anslått at det vil bli gitt tilsegn om 17,3 mrd. kroner til startlån og 14,7 mrd. kroner til andre lån. Ettersom startlån i hovudsak blir utbetalt i tilsegnsåret medan andre lån har ein seinare utbetalingstakt, blir behovet for løyving redusert.
Det blir foreslått å redusere løyvinga med 1 079 mill. kroner.
Kap. 5312 Husbanken
Post 90 Avdrag
Posten omfattar ordinære og ekstraordinære avdrag og andre innbetalingar, tilbakebetaling av opptente, ikkje betalte renter og tap. Prognosar for dei ordinære og ekstraordinære avdraga viser at desse vil bli lågare enn lagt til grunn i gjeldande budsjett. Løyvinga blir foreslått redusert med 1 158 mill. kroner.
Kap. 5615 Husbanken
Post 80 Renter
Posten omfattar betalte renter på lån, opptente ikkje betalte renter og rentestøtte. Husbanken tilbyr lån med flytande og faste renter. Løyvinga på posten er 7 009 mill. kroner.
Det blir foreslått å auke løyvinga med 109 mill. kroner, hovudsakeleg fordi den gjennomsnittlege renta i låneporteføljen til Husbanken har vore høgare enn renta som vart lagt til grunn i gjeldande budsjett.
Vidare leggast det no til grunn ein netto samla underkurs i 2024 på 100 mill. kroner. Når låntakarar med lågare fastrente enn renta i gjeldande tilbod avsluttar låneavtalen før den løper ut, oppstår underkurs. Underkursen blir gjort om til frådrag på lånebeløpet, slik at restlånet blir redusert. Det vart ikkje tatt omsyn til underkurs ved budsjetteringa av gjeldande budsjett.
Programkategori 13.90 Planlegging, byutvikling og geodata
Kap. 595 Statens kartverk
Post 01 Driftsutgifter, kan nyttast under post 21 og 45
Løyvinga dekker løn og driftsutgifter for Kartverket. Deler av utgiftene på posten blir finansiert av inntekter frå kap. 3595, post 02 Sal og abonnement og post 03 Samfinansiering.
Grunna auka aktivitet blir det foreslått å auke løyvinga med 23,2 mill. kroner. Auken er finansiert av auka inntekter under kap. 3595, postane 02 og 03.
I tillegg blir det foreslått å auke løyvinga med 50 mill. kroner mot ein tilsvarande reduksjon av løyvinga under kap. 595, post 21. Sjå omtale under post 21.
Løyvinga blir foreslått auka med 15,4 mill. kroner som følgje av anslag på verknaden av lønnsoppgjeret for 2024. Sjå nærare omtale i nysalderingsproposisjonen frå Finansdepartementet.
Samla blir det foreslått å auke løyvinga med 88,6 mill. kroner.
Post 21 Særskilde driftsutgifter, kan overførast, kan nyttast under post 01 og 45
Løyvinga skal i hovudsak dekke tidsavgrensa prosjekt og tenester kjøpt frå private leverandørar. Deler av utgiftene på posten blir finansiert av inntekter frå kap. 3595, post 02 Sal og abonnement og post 03 Samfinansiering.
Grunna auka aktivitet blir det foreslått å auke løyvinga med 41,2 mill. kroner. Auken er finansiert av auka inntekter under kap. 3595, postane 02 og 03.
I dei årlege budsjetta leggast det til grunn ein føresetnad om kor mykje av Kartverkets oppgåveløysing, blant anna tiltak som er finansiert med eksterne inntekter, som vil utførast med arbeidsinnsats frå Kartverket og førast som løn (post 01) og kor mykje som bli dekka av kjøp av varer og tenester (post 21). Kartverket har behov for noko fleksibilitet i løpet av budsjettåret. Løyvingane på dei to postane har derfor stikkordet «kan nyttast under». Ved behov for større endringar er det likevel vanleg å endre løyvingane i dei årlege revideringane av budsjetta, for å få ei meir realistisk budsjettering. Kartverket ser no at det i 2024 vil vere ein større del av oppgåveløysinga som vil bli gjennomførd i eigen regi og ført som løn enn det som er lagt til grunn i gjeldande budsjett. Det blir derfor foreslått å flytte 50 mill. kroner frå post 21 til post 01.
Samla blir det foreslått å redusere løyvinga med 8,8 mill. kroner.
Kap. 3595 Statens kartverk
Post 02 Sal og abonnement m.m.
På posten blir det ført inntekter frå ulike sal og abonnement i Kartverket. Inntektene er i hovudsak knytte til sal av posisjonstenester. Som følgje av auka inntekter frå sal og abonnement blir det foreslått å auke løyvinga med 24,5 mill. kroner.
Post 03 Samfinansiering
På posten blir det ført inntekter knytte til tidsavgrensa prosjekt som skal samfinansierast. Auka aktivitet i samfinansierte prosjekt som Kartverket leiar, gir meirinntekter og tilhøyrande utgifter for Kartverket. Det blir derfor forstått å auke løyvinga med 39,8 mill. kroner.
Kap. 5635 Electronic Chart Centre AS
Post 85 Utbytte
I saldert budsjett for 2024 vart det anslått eit utbytte frå Electronic Chart Centre (ECC) på 3 mill. kroner. På generalforsamlinga i juni 2024 vart det vedtatt eit utbytte på 2,4 mill. kroner, tilsvarande 95 pst. av overskotet for 2023. Det blir derfor foreslått å redusere løyvinga med 0,6 mill. kroner.