Meld. St. 34 (2024–2025)

Datatilsynets og Personvernnemndas årsrapportar for 2024

Til innhaldsliste

2 Merknader frå Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet til Personvernnemndas årsrapport

Personvernnemnda er klageorgan for vedtak fatta av Datatilsynet, og er eit uavhengig forvaltningsorgan, administrativt underlagt Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet. Nemnda fattar vedtak med alminneleg fleirtal. Departementet kan ikkje instruere nemnda om behandlinga av einskildsaker eller om den faglege verksemda elles.1 Personvernnemnda består av sju medlemmer med faste varamedlemmer, alle oppnemnde for fire år om gongen. Den sitjande nemnda er oppnemnd for perioden 2025 til 2028. I rapporteringsåret blei nemnda leidd av sorenskrivar Mari Bø Haugstad. Nemnda blir i inneverande periode leidd av lagdomar Marius Stub. Nemnda er administrativt underlagd Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet, og departementet gjennomfører eitt årleg administrativt møte med nemndas leiar.

Personvernnemnda behandlar klager frå både privatpersonar, bedrifter og offentlege verksemder. Nemnda peiker i årsrapporten på at sakene dekker alle samfunnsområde, noko som er eit teikn på at personvern stadig får aukande aktualitet. Nemnda legg derfor vekt på å skrive fagleg gode vedtak, slik at desse kan gi rettleiing i seinare liknande saker. Departementet deler vurderinga til nemnda av viktigheita av at vedtaka er skrivne slik at dei eignar seg til framtidig rettleiing – for både publikum, behandlingsansvarlege og Datatilsynet.

Personvernnemnda blei i 2024 tildelt eit budsjett på kap. 1551 post 01 på i underkant av 2,78 mill. kroner. Nemnda har i rapporteringsåret brukt knapt 2,67 mill. kroner, noko som gav eit mindreforbruk på om lag 110 000 kroner. Løyvinga er nytta til honorar og reisegodtgjersle til medlemmene i nemnda, løn til sekretariatet og deltaking på kurs. I tillegg blei 51 000 kroner bruk til utvikling og design av ny nettstad, personvernnemnda.no.

Personvernnemndas sekretariat består av ein medarbeidar i 100 prosent stilling. Sekretariatet er administrativt knytt til Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet. Departementet har likevel inga fagleg instruksjonsmyndigheit over sekretariatet.

I 2024 heldt Personvernnemnda tolv møter. I tillegg er det jamleg kontakt mellom nemndas leiar og sekretariatet om utgreiing av saker og administrative høve. Nemnda fekk 49 nye saker frå Datatilsynet i 2024. Til samanlikning fekk nemnda 31 nye saker i 2023, og saksmengda har såleis auka med 58 % frå året før. Denne auken er monaleg større enn året før. I tillegg blei det overført 15 ubehandla saker frå 2023. Totalt har nemnda såleis har 64 saker til behandling i rapporteringsåret. Ved utgangen av 2024 låg framleis 35 saker ubehandla. Dei fleste av de 29 sakene nemnda har avgjort i 2024 er avslutta med eit endeleg vedtak etter behandling i eitt møte i nemnda. Store og krevjande saker kan likevel gå over fleire møte. I 2024 gjaldt dette mellom anna sakene som omhandla Meta og Arbeids- og velferdsetaten sine behandlingar av personopplysningar. Dette var store og krevjande saker for både nemnda og sekretariatet. Saksbehandlingstida i nemnda har auka frå fem og ein halv månad i 2023 til drygt seks og ein halv månad i 2024. Dette skuldast fleire saker, men òg meir komplekse saker som nemnda bruker lengre tid på å behandle. Departementet si vurdering er at saksbehandlingstida, trass auken, er på eit akseptabelt nivå. Alle vedtak fatta av Personvernnemnda blir publiserte i anonymisert form både på nemndas eigen heimeside, personvernnemnda.no, og på Lovdata.

Nemnda gjer i årsrapporten greier for behandling av fleire store saker i 2024. Mellom anna behandla dei klage over Datatilsynet sitt vedtak om lovbrotsgebyr mot Arbeids- og velferdsetaten (PVN-2024-17), der nemnda vurderte at det var feil ved fleire deler av Datatilsynet sitt vedtak som tilsa at det ikkje var grunnlag for lovbrotsgebyr, og sakene om tvangsmulkt mot Meta, der nemnda kom til at det ikkje kunne gis tvangsmulkt etter den norske personopplysningslova § 29 i ein sak som elles blei behandla etter reglane om grenseoverskridande saker i personvernforordninga kapittel VII. Dette er særs store saker som det har teke mykje kapasitet i nemnda og medverka til samla sett lengre saksbehandlingstid for alle saker.

Som i 2023 har nemnda òg i 2024 behandla fleire klager over Datatilsynet sine vedtak om å avslutte saker utan nærare undersøking eller utan å ta stilling til om regelverket er brote. I tillegg har nemnda behandla fleire saker om arbeidsgjevars innsyn i arbeidstakars e-postkasse, om kameraovervaking og om kredittvurdering. Dette er ein type saker som går att i nemnda si saksmengd kvart år.

I tillegg til behandling av klagesaker, ga nemnda i november 2024 innspel til Justis- og beredskapsdepartementet sin etterkontroll av personopplysningslova. Nemnda uttalte seg om nemndas partsstilling og uavhengigheit i saker for domstolane, om Datatilsynet sin heimel til å gi tvangsmulkt i grenseoverskridande saker (tema i sak PVN-2023-31 og PVN-2024-04), omfanget av Datatilsynet sine plikter etter personvernforordninga artikkel 57 nr. 1 bokstav f, Personvernnemndas samansetting og utnemningsperiode og om styrking av nemndas sekretariat. Det siste punktet er ikkje knytt til etterkontrollen av personopplysningslova, men ligg til Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet, som overordna administrativt departement, å vurdere.

I si vurdering av framtidsutsikter, peiker nemnda på at digitaliseringa av samfunnet fører til fleire personvernutfordringar. I tillegg har gjennomføringa av personvernforordninga i norsk rett styrkt rettane til dei registrerte og skjerpa pliktene til dei behandlingsansvarlege. I lys av dette, meiner Personvernnemnda det er sannsynleg at saksmengda vil halde fram med å auke. Nemnda vurderer at sakene òg vil bli meir komplekse med den auka digitaliseringa i samfunnet. For å handtere dette, peiker nemnda på at det er nødvendig å styrke nemndas sekretariat. Departementet deler denne vurderinga, og arbeider for tida med ein løysing som vil innebere at Statens sivilrettsforvaltning overtek ansvaret for drift av sekretariatet til Personvernnemnda. Dette vil styrke og gi eit meir robust sekretariat som er betre i stand til å ivareta nemnda sine behov.

Nemnda peikar òg på at terskelen for å bringe nemndas vedtak inn for domstolane ser ut til å ha blitt noko lågare etter gjennomføringa av personvernforordninga. Dette heng truleg saman med heimelen i forordninga til å gi høge lovbrotsgebyr, og nemnda trur difor tendensen med fleire søksmål om gyldigheita av nemndas vedtak vil halde fram. Det er regjeringsadvokaten som fører slike saker for nemnda, men førebuing av sakene krev òg stor innsats frå både sekretariat og nemnda sjølv.

Departementet er tilfreds med måten Personvernnemnda har gjennomført oppgåvene sine på i 2024, og meiner nemnda har brukt den tildelte løyvinga på ein god måte.

Fotnotar

1

Personopplysningslova § 22.