2 Prinsipper for tallgrunnlag m.m.
Den 3. februar 2025 inngikk Arbeiderpartiet, Senterpartiet, Kristelig folkeparti, Venstre og Pasientfokus en avtale om prinsippene for tallgrunnlag i jordbruksoppgjøret m.m.
Avtalen lyder:
«Partia bak denne avtalen, som utgjer eit fleirtal på Stortinget, meiner det er viktigå sikre forhandlingsinstituttet i jordbruket. Denne avtala sikrar ein modell formåling av inntektsnivå i jordbruket som kan stå seg over tid. Modellen vil i seg sjølv ikkje bidra til at det oppstår eit inntektsgap etter opptrappingsperioden.
-
1. Timetalet per årsverk i jordbruket vert redusert med 50 timar til 1700 timar i to like trinn med verknad for kalenderåra 2026 og 2027.
-
2. Normeringsfaktoren, avsetning til investeringar i avskrivbar eigenkapital og samanlikningsgruppe ligg fast i talgrunnlaget slik det vart nytta ved jordbruksoppgjeret 2024.
-
3. Regjeringa kjem i vår med framlegg til jordbrukskonto, med verknad frå og med inntektsåret 2025.
-
4. Ny målsetting om produksjon av økologisk mat:
«Eit produksjonsmål der 10 % av det totale jordbruksarealet skal vere økologisk innan 2032, kombinert med verkemiddel som stimulerer til auka omsetnad og etterspurnad av økologisk mat i marknaden. Regjeringa skal våren 2025, i «Nasjonal strategi for økologisk jordbruk», kome attende med framlegg til korleis ein kan auke etterspurnaden etter økologisk mat gjennom ulike konkrete tiltak som legg til rette for auka etterspurnad både frå private og det offentlege. Det skal mellom anna vurderast om det er tiltak i Danmark og Sverige som kan nyttast i Noreg. Det skal vera eit særleg fokus på at norsk økologisk produksjon skal kunne møte ein auka etterspurnad.»
-
5. Ei semje om ei kraftig prioritering av Nord-Noreg i neste jordbruksoppgjer.
Desse partia viser til at oppfylging av denne avtala inneber at rapporteringa på vedtak nr. 847, 21. juni 2024 kan avsluttast. Partia forpliktar seg til å gjera naudsynte vedtak i Stortinget for å fylgje opp denne avtala.»
Regjeringen vil følge opp denne avtalen i jordbruksoppgjøret og andre relevante prosesser, og legger til grunn at anmodningsvedtaket med dette er fulgt opp. For saken om jordbrukskonto vises det til omtalen i Prop. 1 LS (2024–2025) Skatter og avgifter 2025 kapittel 15 der det står at en ordning med jordbrukskonto fortsatt er under utredning. Finansministeren vil komme tilbake til Stortinget med en endelig utredning av saken.
Avtalen om redusert timetall per årsverk vil gi økt bevilgningsbehov over jordbruksavtalen, alt annet likt. Også målet for økologisk jordbruk og prioriteringen av Nord-Norge vil innebære økonomiske konsekvenser, som i stor grad vil håndteres innenfor jordbruksavtalens rammer.