Utviklingsminister Åsmund Aukrust til New York

Utviklingsminister Åsmund Aukrust deltek på møte i FN sin befolkningskommisjon i New York 7. og 8. april.

– Noreg har i fleire tiår vore ein pådrivar i arbeidet for kvinners rett til å bestemme over eigen kropp, tilgang til trygg abort, seksualitetsundervisning og prevensjon. Kjønnslikestilling og kvinners rettar er berekraftsmål nr. 5 og må liggje i botnen for  å nå andre utviklingsmål, seier Aukrust.

– Desse temaa er i aukande grad kontroversielle, også i vår eigen del av verda, seier han.

Over heile verda jobbar sterke og velorganiserte krefter systematisk for tradisjonelle familieverdiar som svekkjer kvinners rettar. Rettane til skeive er òg under stort press. Spørsmål om seksuell orientering og kjønnsidentitet blir problematisert i fleire land. 30 år etter den banebrytande likestilling-erklæringa frå Beijing, kan ikkje den semja som blei oppnådd der lenger takast for gitt.

Diskusjonen går òg internt i internasjonale organisasjonar. Motstanden er både velfinansiert og velkoordinert. Det finst krefter som jobbar aktivt i internasjonale forhandlingar med å påverke land og dermed svekkje handlingsrommet for konsensus på viktige internasjonale arenaer.

– Dette er ei utvikling Noreg er bekymra over. For oss er det viktig å understreke at vi saman framleis må jobbe aktivt for å halde søkjelyset på dette viktige temaet, seier Aukrust.

Seksuell og reproduktiv helse (SRHR) ein av seks prioriteringar i utviklingspolitikken. Noreg er ein pådrivar i arbeidet med å forsvare etablerte normer og forsvare kvinners rettar i diskusjonane i internasjonale organ, som FN.

Dette er heilt sentrale spørsmål når utviklingsministeren held Noregs innlegg på befolkninga i FN kommisjon måndag. Tysdag opnar han eit norsk arrangement i FNs hovudkvarter med særleg søkjelys på kjønnsbasert vald.

To representantar frå norsk sivilsamfunn og éin norsk ungdomsdelegat deltek i den norske delegasjonen til kommisjonen. 

Aukrust skal i tillegg ha eigne møte med mellom anna leiar i FNs befolkningsfond (UNFPA), Natalia Kanem, og leiar i FNs utviklingsprogram (UNDP), Achim Steiner. 

Aukrust er tilgjengelig for pressa i samband med besøket.

Pressekontakt: Ane Haavardsdatter Lunde (med på reisa), ane.lunde@mfa.no, 97671250  .

Oppdatert 7. april: Lagt til fleire sitat frå Aukrust. 

Tilbakemeldingsskjema

Fant du det du lette etter?

Tusen takk for ditt svar!

Det er ikke deg, det er oss.

Det oppsto en uventet feil med serveren. Prøv igjen senere.