Pågåande saker for Efta- og EU-domstolen

Her følgjer eit oversyn over verserande saker for Efta- og EU-domstolen der Noreg er involvert og representant frå UD oppnemnt som agent.

Saker for Efta-domstolen

E-30/24 EFTA Surveillance Authority v Iceland

Eftas overvakingsorgan (ESA) har stemna Island for Efta-domstolen med påstand om brudd på forordning (EF) nr. 216/2008 (EASA-forordninga) og/eller EØS-avtala artikkel 28. ESA hevdar Island bryter nevnte regelverk ved ikkje å tillate overføring av pensjonsretter frå eit islandsk pensjonsfond til pensjonsordninga for tilsatte i EU-institusjonane.

Norsk skriftleg innlegg: 5. mai 2025

Munnleg høyring: Ikkje fastsett
Kontaktperson i UD: Marie Munthe-Kaas

E-24/24 EFTA Surveillance Authority v The Kingdom of Norway

Eftas overvakingsorgan (ESA) har stemna Noreg for Efta-domstolen med påstand om at norsk lovgjeving og forvaltingspraksis knytta til eigarkontroll for bank og forsikringsforetak strir med direktiv 2013/36/EU, som endra av direktiv (EU) 2019/878 (CRD), og direktiv 2009/138/EF (Solvens II).

Norsk tilsvar: 27. november 2024

Norsk duplikk: 13. februar 2025
Munnleg høyring: 1. april 2025
Kontaktpersonar i UD: Fredrik Bergsjø og Oscar Nordén

Saker for EU-domstolen

C-51/25 Betaal Garant Nederland

Prejudisiell framlegging frå ein domstol i Nederland med spørsmål om tolking av direktiv 2015/2366 (betalingstenestedirektivet 2015) knytta til kva som utgjer ei betalingsteneste.

Norsk skriftleg innlegg: 5. mai 2025
Munnleg høyring: Ikkje fastsett
Kontaktperson i UD: Jo Høvik

C-829/24 European Commission v Hungary

Kommisjonen har stemna Ungarn for EU-domstolen med påstand om at Ungarns «suverenitetslov» strir med ulike reglar i EUs pakt om grunnleggjande retter, e-handelsdirektivet, tenestedirektivet og personvernforordninga i tillegg til fleire indre marknadsreglar i Traktaten om Den europeiske unions verkemåte (TEUV). 

Norsk skriftleg intervensjonsinnlegg: 29. april 2025
Munnleg høyring: 16.-17. september 2025
Kontaktperson i UD: Oscar Nordén

C-798/24 Jautiva

Prejudisiell framlegging frå ein domstol i Latvia med spørsmål om mellom anna tolkinga av direktiv 2017/1132/EU (det generelle selskapsrettsdirektivet) artikkel 14(d) og forholdet til forordning 2016/679/EU (personvernforordninga) artikkel 5(1)(b). Saka reiser spørsmål om artikkel 14(d) krev at medlemsstatane sikrer at opplysingar om alle aksjeeiere skal bli offentliggjort.  

Norsk skriftleg innlegg: 20. mars 2025
Munnleg høyring: Ikkje fastsett
Kontaktperson i UD: Bojana Stankovic

C-770/24 InfraGO et DB RegioNetz Infrastruktur

Prejudisiell framlegging frå ein domstol i Tyskland med spørsmål om tolkinga av einskilde avgiftsreglar i direktiv 2012/34/EU om oppretting av eit felles europeisk jernbaneområde (jernbanedirektivet).

Norsk skriftleg innlegg: 14. mars 2025
Munnleg høyring: Ikkje fastsett
Kontaktpersonar i UD:   Hallvard Schulstad og Linn Edvartsen  

C-340/24 og C-442/24 Artollisi and Others

Prejudisielle framleggingar frå ein italiensk domstol med spørsmål om tolkinga av direktiv 2005/36/EF (yrkeskvalifikasjonsdirektivet). Sakene reiser spørsmål om direktivet er til hinder for at nasjonal lovgiving kan godkjenne dokumentasjon for kvalifikasjonar frå heimstaten, sjølv om dokumenta ikkje er anerkjent i heimstaten og ikkje gir ein rett til å utøve yrket der, og om det ikkje er tilfellet, om direktivet pålegg godkjenningsorganet å alltid vurdere all dokumentasjon som yrkesutøvar har lagt fram opp mot krava til yrkeskvalifikasjonen i vertsstaten og om nødvendig tilby utlikningstiltak.

Norsk skriftleg innlegg: 22. november 2024
Inga munnleg høyring
Kontaktperson i UD: Bojana Stankovic

C-363/24 Finansinspektionen

Prejudisiell framlegging frå Høgsta domstolen i Sverige med spørsmål om tolking av forordning 596/2014 (marknadsmisbruksforordninga). Saka gjeld spørsmål om opplysingar blir rekna for å være presise nok til å utgjere innsideinformasjon etter artikkel 7(2) i marknadsmisbruksforordninga.

Norsk skriftleg innlegg: 13. september 2024
Munnleg høyring (Noreg holdt ikkje innlegg): 21. mai 2025  
Kontaktperson i UD: Bojana Stankovic

C-229/24 Brännelius

Prejudisiell framlegging frå Høgsta domstolen i Sverige med spørsmål om tolking av forordning 596/2014  (marknadsmisbruksforordninga). Saka gjeld spørsmål om når informasjon om utfallet av ei anskaffingsprosess skal bli rekna som offentleggjort («made public») etter marknadsmisbruksforordninga artikkel 7, og dermed ikkje lenger utgjer innsideinformasjon

Norsk skriftleg innlegg: 28. juni 2024
Munnleg høyring med norsk innlegg: 3. april 2025  
Kontaktperson i UD: Fredrik Bergsjø

C-188/24 og C-190/24 WebGroup Czech Republic et NKL Associates and Others

Prejudisielle framleggingar frå ein fransk domstol med spørsmål om tolking av direktiv 2000/31/EF (e-handelsdirektivet). Sak C-190/24 reiser spørsmål om e-handelsdirektivet avgrensar tilgangen til å forby tilbydarar av trafikk- eller navigasjonsstøttetenester basert på geolokalisering å vidareformidle opplysingar om visse former for trafikkontrollar som setjes fram av tenestas brukerar gjennom tjenesta.

Norsk skriftleg innlegg i sak C-190/24: 2. juli 2024
Munnleg høyring med norsk innlegg: 24. mars 2025  
Kontaktperson i UD: Bojana Stankovic og Linn Edvartsen

C-482/23 European Commission v Kingdom of Denmark

Kommisjonen har stemna Danmark for EU-domstolen med påstand om at dansk regelverk og praksis av høvet for ein transportør frå ein EU/EØS-stat til å utføre innanlands persontransport i ein annan EØS-stat strir med europaparlaments- og rådsforordning (EF) 1073/2009 om felles reglar for tilgang til den internasjonale marknaden for transport med turvogn og buss

Norsk skriftleg intervensjonsinnlegg: 14. januar 2024
Munnleg høyring med norsk innlegg: 5. desember
Kontaktperson i UD: Bojana Stankovic

Saker for Underretten

T-15/25 Nvidia v Commission

Ugildssøksmål som Nvidia har reist mot Kommisjonen. Saka gjeld spørsmål om fusjonskontrollen, nasjonale styresmakters kompetanse og moglegheita til å vise saker til Kommisjonen etter forordning 139/2004 (fusjonsforordninga) artikkel 22.

Noreg leverte søknad om å få intervenere 16. april 2025.

Kontaktperson i UD: Hallvard Schulstad og Linn Edvartsen  

T-8/24 Meta Platforms Ireland v EDPB

Ugildssøksmål som Meta Platforms Ireland Limited har reist mot eit vedtak fatta av det europeiske personvernrådet (EDPB). Vedtaket blei gjort etter oppmoding frå det norske Datatilsynet. Saka reiser spørsmål knytte til tolkinga av forordning (EU) 2016/679 (personvernforordninga).

Norsk skriftleg intervensjonsinnlegg: 19. september 2024
Munnleg høyring: Ikkje fastsett
Kontaktpersonar i UD: Bojana Stankovic og Marie Munthe-Kaas