Invitasjon til kick-off for ny nasjonal digitaliseringsstrategi
Artikkel | Sist oppdatert: 16.05.2023 | Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet
Statsminister Jonas Gahr Støre og kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik inviterer til kick-off for arbeidet med ein ny nasjonal digitaliseringsstrategi.
Kick-off for ny nasjonal digitaliseringsstrategi
Sjå sendinga her
Arrangementet blir halde hos NTNU i Trondheim tysdag 6. juni kl. 10.30.
Fleire toppaktuelle aktørar vil innleie om tema som kunstig intelligens, korleis sikre seg mot truslar i det digitale rom og korleis næringsliv og offentleg sektor kan utnytte verdien av data.
Førebels program:
- Anne Borg, rektor ved NTNU ønskjer velkommen
- Statsministeren innleiar om betydninga av ein ny nasjonal digitaliseringsstrategi og kva regjeringa ønskjer å oppnå med arbeidet.
- Inga Strümke, fysikar og forskar ved NTNU, innleiar om kunstig intelligens
- Ieva Martinkenaite, SVP and Head of Research and Innovation i Telenor Group, innleiar om kunstig intelligens
- Maria Bartnes, forskingssjef ved SINTEF, innleiar om digital tryggleik og beredskap
- Elise Knutssøn Lindeberg, avdelingsdirektør for sikkerheitsavdelinga i Nkom og medlem av Totalberedskapskommisjonen, innleiar om digital tryggleik og beredskap
- Johnny Welle, kartverkssjef Kartverket, innleiar om verdien av data
- Elisabet Haugsbø, visepresident i Tekna, innleiar om verdien av data
- KS, ved områdedirektør Kristin Weidemann Wieland, og NHO, ved områdedirektør Idar Kreutzer, fortel om strategiens betydning for kommunane og næringslivet
- Kommunal- og distriktsministeren avsluttar og inviterer til innspel
Ordstyrar er dekan Ingrid Schjølberg frå NTNU.
Kommunal- og distriktsministeren deltek digitalt.
Deltakarane blir inviterte med på lunsj etter arrangementet.
Stad: Auditoriet ved NTNU, Gløshaugen, Elektrobygget, Auditorium El 5, O.S Bragstads plass 2
Tid: kl. 10.30-12.15 (lunsj og mingling etter dette)
Pressa er velkommen og kan melde seg på ved å sende epost til ke@kdd.dep.no
Arrangementet blir strøyma av Tryggings- og serviceorganisasjonen til departementa (DSS) og kan følgjast direkte på denne sida. Her kan også videofila lastast ned i etterkant. DSS distribuerer publiseringspunkt til media som vil sende arrangementet direkte. DSS kan kontaktast på telefon 22 24 88 45 eller e-post dss-videoproduksjon@dss.dep.no.
Presse som ønskjer å bygge inn nett-tv-sendinga på sine nettsider finn embed-kode ved å trykkje «Del video»-knappen i videospelaren på sida.